fredag 16. juli 2010

Ny mobil: Samsung Galaxy S


Kort oppsummert
+ Fantastisk skjerm!
+ Android (2.1)
+ Super Google-støtte (Gmail, Google Maps, Gtalk osv.)
+ Trass stor fysisk størrelse er den tynn og lett
+ Trass imponerande spesifikasjonar og ytelse, relativt god batterikapasitet
+ God på multimedia (suveren film-opplevelse)
+ Standard mikro-USB lading og 3,5 mm lydutgang

- Som dei fleste smarttlf. er den klønete på ein del basisting pga. manglande fysiske tastar
- kamera har ikkje fysisk utløysar, ikkje blits
- Talekvalitet berre såvidt ok
- Enkelte ting ikkje tilgjengeleg på norsk ("Swype", vegvisar til kartdelen)
- Saknar piltastar for å flytta markøren, tungvint og unøyaktig med fingrane

Samsung??
Endeleg har eg klart å bestemma meg for ny mobil, og det vart ein Samsung Galaxy S (GT-I9000 for å vera heilt presis). Det var gode omtalar på GSM Arena og Amobil som gjorde utslaget. Eg har aldri tenkt på Samsung som eit alternativ for mobiltlf., har i grunnen ikkje hatt den store trua på dei på dette området. Og kollega Guttorm sine erfaringar med sin Samsung bekrefta mistanken for min del. Men no sit eg altså med ein Samsung i hendene.

Vanskeleg val
Eg har hatt både iPhone 3GS ("iPhone for ein dag") og Sony Ericsson Xperia 10 Mini på prøve, men returnerte begge. Samsung-telefonen er eigentleg ein iPhone-klon, så nokre av grunnane til returen av den held ikkje sidan Samsung-en har akkurat dei same svakheitene (ikkje fysisk  tastatur, vanskeleg å bruka med ei hand..). I forhold til iPhone står eg att med Apple vs. Android og det er for meg eit viktig val. Eg vel heller ein litt dårlegare Android-tlf. enn Apples iPhone fordi eg ikkje ønskjer å støtta den lukka epleverda. Men eg er ikkje sikker på om den er særleg dårlegare enn iPhone, det er ei anna sak.

Suveren skjerm
Som iPhone er det skjermen som bokstaveleg talt lyser opp. Det er ein såkalla Super AMOLED skjerm som både er lyssterk og gjerrig på straum. Oppløysinga på 800 x 400 på 4 tommars skjerm gjer skrift og bilde sylskarpt. Det er rett og slett ein fornøyelse å sjå på denne skjermen, sjølv i fullt dagslys med sol.

Google-telefon
Med Googles Android i botnen er sjølvsagt Galaxy S tett integrert med Google-program. E-post via Gmail går som ein draum utan konfigurering av noko slag. Som grensesnitt over Android har Samsung laga TouchWiz, noko som etter mitt syn er eit vellykka arbeid. Også integrasjonen med pc gjennom programmet Kies fungerer veldig bra [men her må det leggjast til at det er veldig delte meiningar rundt om på ulike forum. Ser ut som mange har problem med å få det til å fungera, og sjølv opplever eg også at programmet/mobilen ikkje alltid klarer å kopla seg saman. Har også problem med tilgang til Samsung Apps der Kies påstår at "this mobile phone is not supported by Samsung Apps"].

Kven passar den for?
Dersom du kunne tenkt deg ein iPhone, men slit med Apples innlåsings- og sensurpolitikk, er dette telefonen for deg. Den gjer alt ein iPhone gjer, og den er attpåtil open.

2 kommentarer:

Odd Frantzen sa...

Takk for dette. Eg går sjølv å vurderer ny mobiltelefon. Kjekt å lese anbefalingar frå folk som har peiling.

Svein Ø sa...

Takk for det. Det med peiling veit eg ikkje, men eg har i alle fall studert marknaden nøye dei siste par åra og også prøvt nokre modellar. Akkurat d siste kan eg ikkje understreka nok. Ein ny mobil bør prøvast ei stund før ein bestemmer seg. Dessverre er det ikkje alltid like lett å få til. Sjølv handlar eg/vi hos Mobildata i Sogndal og dei har vore veldig greie slik.