onsdag 21. juli 2010

Smart innovasjon


Få ord er så misbrukte som innovasjon i våre dagar, men om Nicolas Hayek, som nyleg døydde, kan ordet trygt brukast. Han redda så å seia eigenhendig sveitsisk klokkeindustri med Swatch-klokka. Sveitsarane laga klokker som dei hadde gjort i over hundre år og vart tekne på senga av japanarane som masseproduserte kvarts-drivne ur. Hayeks svar var billege ur som i tillegg kunne personaliserast slik at dei passa dei fleste. Design og marknadsføring var dei viktigaste elementa i tillegg til forenkling og billeg produksjon.

Hayek tok Swatch-idéen over til bilindustrien, men møtte sjølvsagt motbør. Ideen om ein tosetars bil ca. 2,5 m lang og med hybrid-drift og kanskje også full-elektrisk etter kvart, var for radikal for bilindustrien midt på 1990-talet. Han gjekk mange rundar med fleire produsentar før han fekk til eit samarbeid med Mercedes og saman etablerte dei Micro Compact Car AG som resulterte i bilen Smart. Men Hayek vart pressa ut av mektige Mercedes og selde til slutt sin del av selskapet til Daimler-Chrysler i 1998.


Mercedes-ingeniørane var mildt sagt lite entusiastiske over å bli fortalt av ein klokkemakar korleis dei skulle laga bilar! Men Hayeks idé har vist seg å vera rett, han var berre litt for tidleg ute. Og sjølv om Mercedes så langt har tapt mykje pengar på Smart, må den likevel seiast å vera ein suksess. Og den er ein viktig plattform for vidare satsing på små bybilar, særleg med tanke på elektrifisering.

Denne innovasjonshistoria har alle dei kjende trekka: ein radikal idé introdusert av ein person utanfor den tradisjonelle sektoren, innovatøren blir til slutt pressa ut og etter nærmare 20 år ser ein teikna til suksess for den opprinnelege idéen.

[bileta er henta frå Wikipedia, Smart-bilen er fotografert av Elijah van der Giessen]

Ingen kommentarer: