torsdag 1. juli 2010

Italiensk bildesign i trøbbel


Det går ikkje an å skriva om Alfa Romeo utan også å komma inn på italiensk design - dei to tinga høyrer saman. Eg har tidlegare skrive om Italias design-hovudstad Torino, der dei kjende bildesignerane held hus. Men dei tidlegare så stolte design-husa Bertone, Pininfarina og Italdesign (Giugiaro) er i "deep shit". Dei slit alle med øknonomiske problem.

Nyleg kom meldinga at VW har kjøpt mesteparten av aksjane i Giorgetto Giugiaros Italdesign Giugiaro. Det er logisk nok for dei som kjenner bilhistoria si. Giorgetto Giugiaro fekk i oppdrag å utforma den nye Passaten (og Scirocco) tidleg på 70-talet, og desse modellane såg dagens lys i 1973. Dei representerte eit stilskifte som vart vidareført og "ikonifisert" gjennom den nye Golfen som kom i 1975. Den framstår i dag som tidlaus og klassisk. Men heldigvis fekk ikkje Giugiaro viljen sin med rektangulære lykter, fy og fy!

ItalDesign ser dermed ut til å vera redda, gjennom å bli innomhus designbyrå for VW. Dei får sikkert nok å hengja fingrane i der. Verre er det med Bertone og Pininfarina. Bertone har vore under konkursbehandling og Pininfarina slit også økonomisk. Problemet deira er at for å veksa, gjekk dei inn på karosseriproduksjon og nærma seg meir og meir ein tradisjonell bilfabrikk. Dei gjekk frå å konstruera prototypar til å bli karosserifabrikkar. Moralen er difor å halda seg til kjernekompetansen og ikkje falla for freistinga å bli størst muleg.


Tilbake til Alfa Romeo: Bertone har vore designhuset for Alfa. Men interessant nok var det Giorgetto Giugiaro som ga form til Alfa Romeo GT Veloce (GTV) medan han var i lære hos Giuseppe "Nuccio"  Bertone.

Giugiaro har også leika seg med traktorar og lastebilar og det er interessant å sjå kva resultat det kan bli når kvalitetsdesing blir overført til andre område der design tradisjonelt ikkje har hatt nokon stor plass. Traktorar hadde sett ut om lag som dei alltid hadde gjort heilt til Fiat kom med 680/780-serien sin på slutten av 1970-talet. Dei nye traktorane hadde hytte designa av Giugiaro og det skilde dei frå den store hopen [eg må leggja til at eg har prøvt å verifisera dette gjennom søk på nettet, utan hell]:

Ingen kommentarer: