onsdag 14. juli 2010

VM over for denne gang

Så var VM over for denne gang og det er fire års venting til neste. Det hjelper godt at det er EM om to år. Årets VM har jo vist at dei europeiske laga hevdar seg godt sidan dei tok dei tre første plassane. Det som såg ut til å bli Sør-Amerikas VM, vart til slutt Europas triumf.

Verdig vinnar
VM-finalen såg eg på danskebåten (!) på veg frå København. Teknisk og overføringsmessig var det ein nedtur; grovkorna bilde via videokanon, og med dansk TV2 som ikkje utmerka seg i positiv retning. Her har danskane ein del å læra av vårt eige TV2 som eg synest har hatt veldig bra sendingar under VM.

Heldigvis fekk Spania den forløysande skåringa og vart verdsmeistar på eit spelemål. Nederland skuffa stort og fekk ikkje mange nye tilhengjarar etter denne finalen. Eller kanskje dei ikkje skuffa, eg tykte ikkje Nederland imponerte i dette VM og var heldige som kom heilt til finalen. Under normale omstende hadde Brasil slått dei ut, men sidan dei kollapsa i andre omgang, gjekk det ikkje slik. Nederland vart avslørte på manglande fart og ferdigheiter, som Tyskland. Men i motsetnad til Tyskland svarte Nederland med grove taklingar og stygt spel. Både van Bommel og de Jong skulle vore utviste.

Tida overmoden for endringar
Under VM i 2006 skreiv eg at elektronisk dømming måtte innførast fordi det vart gjort for mange feil offside-avgjerder. Det har gått fire år og ikkje noko har skjedd. Også under dette VM vart det ein god del feil offside-dømming, og det fekk avgjerdande utfall for fleire kampar. Men grovast var sjølvsagt Frank Lampard sitt mål som aldri vart godkjent. Her vil det nok komma endringar, men eg håpar det ikkje blir fleire dommarar, men at fjerdedommar får i oppdrag å avgjera tvilstilfelle på bakgrunn av video. Når eit heilt stadion pluss hundrevis av millionar tv-sjåarar ser at ballen er inne, er det sjølvsagt spinnvilt at dei fire dommarane skal dømma motsett. Det går ikkje i lengda.

Badeball
Jabulani må seiast å vera ein stor skuffelse og må få skulda for langt færre spektakulære skåringar på langskot og frispark enn i tidlegare VM. Nei, finn fram att ballen frå 2006, den er sikkert meir enn god nok. Lag heller nye fargar slik at den kan seljast på nytt.

Pluss for Sør-Afrika
I tillegg til Spania står også Sør-Afrika att som vinnarar. Dei mange problem dei slit med, har dei framleis, men dei har fått vist heile verda ei anna og meir positiv side. Smil, glede, fest (og vuvuzela-bråk..) er det som sit att på netthinna etter denne månaden. Det vil truleg ha stor verdi for landet både som turistland, men også generelt ved at folk flest knyter meir positive ting til landet. Dei vil no bli hugsa som noko meir enn landet med apartheid og mykje aids.

Ingen kommentarer: