tirsdag 21. oktober 2014

Masteroppgåver om Bitcoin

Ill.: Cryptocoinsnews
Bitcoin, både som system og som valuta, byr på heilt spesielle mulegheiter til å studera eit nytt teknologisk og økonomisk fenomen nærmast frå starten av. Så langt har ikkje så mange i akademia nytta seg av mulegheitene. Det er særleg publisering av vitskaplege artiklar som tel, både som sjølvstendige arbeid men også som delar av eit doktorgradsarbeid. Også masteroppgåver kan vera interessante og kasta nytt lys over fenomenet.

Eit søk på 'Bitcoin' i publikasjonsdatabasen duo.uio.no for Universitet i Oslo, gir t.d. tre treff:


Eg har lese den første og den siste og vil omtala dei. Deter to interessante oppgåver der den første oppgåva er innan økonomi (Det samfunnsvitenskapelige fakultet/Økonomisk institutt) og den siste er innan jus ( Det juridiske fakultet). Kortversjonen er at økonomen har skjønt det, medan juristen etter mitt syn er på bærtur..

Why Bitcoins Have Value..

Torbjørn Bull Jenssen har teke på seg oppgåva å forklara kva som gir Bitcoin verdi og kvifor myndigheiter er skeptiske til valutaen. Det siste er nok lettare å forklara enne det første, men det er det første spørsmålet som gjer oppgåva mest interessant.

Eg trur eg ville ha retta tittelen til "Why Bitcoin has Value..." for eg meiner Bitcoin ikkje skal omtalast i fleirtal, i alle fall ikkje når det er snakk om valutaen. Men det er berre pirk..

Oppgåva er bygt opp med desse hovudkapitla:
  1. Introduction
  2. What is money?
  3. What is Bitcoin?
  4. Real world examples of commodity money
  5. Solving real world problems; Bitcoin and current transaction costs
  6. What is a bitcoin worth?
  7. Bitcoin and the government
  8. Concluding remarks
Oppgåva er interessant lesnad. Eg har ikkje føresetnader til å vurdera den faglege standarden innan det øknomifaglege, men eg synest TBJ gir ei overbevisande grunngjeving for kva som gir Bitcoin verdi. Eg likar også måten han går inn i problemstillinga på:
With a comprehensive analytical framework in place, the thesis seeks to answer these questions, providing not only an economic understanding of Bitcoin, but also offering compelling insight into that fascinating and often neglected social construct: money.
Pengar som sosial konstruksjon
Nettopp pengar som ein sosial konstruksjon er ein viktig inngang og bakgrunn for diskusjonen av kva som gir Bitcoin verdi (og om Bitcoin er pengar). Som TBJ er inne på i innleiinga, ser konseptet pengar ut til å vera teke for gitt, og det er rart når me ser på utviklinga frå pengar som eit svært konkret fenomen, til i dag der pengar i stor grad er ein sosial konstruksjon og eit tillitsforhold mellom individ og styresmakter. Det fantastiske er at pengar eigentleg ikkje er noko anna enn eit symbol på tillit. Det fungerer fint så lenge tilliten er der, det kan rakna fullstendig når den manglar.

e-Pengar og digitale pengar
TBJ diskuterer kva pengar er og ulike typar pengar. Elektroniske pengar, eller e-pengar, er eit uklart begrep sidan det meste av vanlege pengar stort sett berre eksisterer digitalt. Men dei digitale pengane er representasjonar av dei fysiske pengane. Reint digitale pengar som Bitcoin er ikkje ein representasjon av anna enn seg sjølv.

Følgjande typar pengar blir diskuterte:

  • Commodity money 
    • pengar som ei fysisk vare, t.d. gull
  • Fiat money 
    • "statsautoriserte" pengar - staten som kan trykkja pengar
  • Credit money 
    • kreditt-pengar; ein kan få pengar mot å gi noko tilbake seinare
  • Electronick money - digitale pengar 
    • som kan vera både digitale representasjonar av dei andre typane pengar, eller 
    • reint digitale - som t.d. Bitcoin

Økonomen Milton Friedman var ganske klarsynt då han i eit intervju i 1999 uttalte:
“…the internet is going to be one of the major forces for reducing the role of government, and the one thing that is missing, but that will soon be developed, is a reliable e-cash. A method where by, on the internet, you can transfer funds from A to B without A knowing B or B knowing A. The way I can take a 20-dollar bill and hand it over to you…”
"Proof of Work" gir Bitcoin verdi
Gull blir brukt som eksempel på ei vare som får verdi av PoW. Det er to måtar du kan skaffa deg gull på: enten grava etter det sjølv, eller arbeida med noko anna og byta verdien av arbeidet ditt mot gull. Også Bitcoin sin verdi er knytt til PoW. Som TBJ seier:
"The value of any monetary unit therefore pivots on the work required to obtain it (not necessarily the cost of production), and in this regard, bitcoins are no different from other monies"
Stort potensial
TBJ avsluttar med å framheva at Bitcoin ikkje er ein flyktig mote-ting, men resultatet av årelang teknologiutvikling. Det reelle potensialet i Bitcoin-teknologien kan ta lang tid å realisera. Som med alle verkelege innovasjonar, følgjer også Bitcoin den gyldne utviklingsregelen:
  • først blir den latterleggjort
  • så blir den kraftig motarbeida
  • til slutt blir den akseptert som sjølvsagt
Det er nok å trekkja fram Internettet sjølv som eksempel..

Kva er digital valuta?

Den andre masteroppgåva er innan jus og tek opp spørsmålet om kva formuesrettsleg produkt digital valuta eigentleg er, om slike finansielle produkt blir omfatta av finansreguleringa og korleis dei eventuelt bør regulerast.

Synet mitt på dei to oppgåvene er nok prega av at er veldig einig i vurderingane til TBJ og ganske ueinig i vurderingane til Vilde Stuvøy Heggen. Men den viktigaste skilnaden på dei to oppgåvene er likevel at TBJ har forstått kva Bitcoin er medan VSH ikkje har gjort det og heller ikkje har gjort noko forsøk på å forstå det.

Inndelinga av oppgåva er slik:
  1. Introduksjon
  2. Metode
  3. Kva er digitale valutaer?
  4. Er digitale valutaer å rekna som eit betalingsmiddel?
  5. Kva slags verksemd driv dei som omset digitale valutaer?
  6. Er digital valuta å rekna som ein type finansielt instrument?
  7. De lege ferenda: Korleis burde digital valuta regulerast?
  8. Konklusjon
Interessant problemstilling, men..
Problemstillingane er interessante nok, men når ein ikkje forstår det nye ein skal sjå på, blir resultatet også noko underleg. Det er muleg at dette er karakteristisk for lovtolkingar og norsk rettsvesen: dersom det ikkje står uttrykkeleg i lova, eksisterer det ikkje. Ei absurd følgje av dette har me sett i straffelova der ytringar framførte på nettet (bloggar, diskusjonsforum osv.) ikkje blir rekna som offentlege fordi Internett ikkje er nemnt i lovteksten (!).

Samanlikna med den første oppgåva eg omtalte, er denne svak på den økonomiske delen. Det er kanskje å forventa sidan dette er ei juridisk oppgåve og ikkje ei økonomisk. Men når oppgåva går ut på reguleringsmekanismar for digitale valutaer, blir den økonomiske delen likevel viktig. Eg saknar mellom anna ein tydelegare diskusjon og definisjon av pengar/valuta. Den tradisjonelle definisjonen av kva pengar er (transaksjonsmedium, verdioppbevaring og måleeiing) er uklar eller ufullstendig gjengitt.

Lova seier ikkje noko om digitale valutaer..
Konklusjonane til VSH på spørsmåla ho stiller, blir på same måten: Nei, det står ikkje noko om digital valuta i dei ulike lovene ho drøftar, dermed kan ikkje digital valuta falla inn under nokon av dei. Det blir som om ein skulle avskriva at bilen er eit køyretøy fordi i den gamle lovteksten står det at eit køyretøy er noko som blir drege av eit dyr.

I kapitlet om kva digitale valutaer er, står det ein del rart og ein del direkte misvisande ting. Ein del av feila har ikkje særleg verknad for diskusjonen av hovudspørsmåla, men viser heller at forfattaren ikkje har sett seg grundig inn i teknologien. Eksempel på slike feil er at det blir påstått at det blir vanskelegare og vanskelegare å "grava" ut Bitcoin og at gjer at tilførselen minkar framover. Det korrekte er at "halveringstida" for Bitcoin-belønning, dvs. den mengda Bitcoin den som løyser den kryptografiske utfordringar får, er gitt på førehand. Kvart fjerde år blir belønninga halvert. Denne upresise omtalen betyr likevel ikkje så mykje for hovudspørsmåla drøfta i oppgåva.

Også i spørsmålet er regulering er eit skilje mellom betalingsmiddelet bitcoin og teknologi-plattforma Bitcoin viktig. Det eine kan ikkje fungera utan det andre, men det er likevel to ulike ting som må omtalast separat. Det blir på same måten som valutaen NOK og den underliggjande finansstrukturen med bankar, transaksjonssystem (t.d. BankAxept) osv.

Er alle digitale valutaer like?
Eit større problem er definisjonen av digital valuta, der det ikkje blir skilt mellom spelvaluta som t.d. Linden Dollar og Bitcoin. Når oppgåva er å sjå på reguleringsmekanismar for digital valuta, blir det etter mitt syn heilt feil å slå saman så ulike valuta. Linden Dollar, og andre tilsvarande spelvaluta, er kontrollerte av eit selskap medan Bitcoin er eit "peer-to-peer"-nettverk og i realiteten kontrollert av brukarane: "It's not clear if Bitcoin is legal, but there is no company in control an no one to arrest", som Joshua Davis formulerte det i ein artikkel i The New Yorker i 2011.

Bitcoin Foundation har sjølvsagt ei viss makt og innflytelse på Bitcoin, men ikkje på dei grunnleggjande elementa i systemet. Dessutan er Bitcoin bygt på open kjeldekode slik at det vil vera enkelt til ei kvar tid å kontrollera kva systemet faktisk gjer, og dermed fanga opp endringar som måtte vera uheldige eller bryta med grunntanken. Det faktum at Bitcoin byggjer på open kjeldekode og er fritt til å studera i alle detaljar, er ein svært viktig del av valutaen som VSH ikkje har fått med seg i tilstrekkeleg grad.

If it looks like a duck..
Hovudkritikken min mot oppgåva går på manglande forståing for dei grunnleggjande sidene ved kryptovaluta. Det mest alvorlege er likevel den rigide tolkinga av lovverket i møte med noko som er grunnleggjande nytt. Det er ikkje ein kritikk av VSH, som berre følgjer standard juridisk metode. Det er ein kritikk av systemet og den norske juridiske praksisen. Oppgåva er på den måten opplysande når det gjeld å forstå kva argument som blir brukte mot at Bitcoin t.d. ikkje kan definerast som eit betalingsmiddel. Ein alternativ måte å vurdera nye digitale valutaer, er å tenkja meir som "if it looks like a duck and it quacks like a duck, then it is a duck".

onsdag 10. september 2014

Kampen for nett-nøytralitet


Er nett-nøytralitet ein illusjon? (Ill.: Wired.com)

Onsdag 10. september, vart kampanjen #InternetSlowdown lansert for å setja søkjelyset på nett-nøytralitet. Ein del av kampanjen er eit "vente-ikonet" som du kanskje ser oppe i høgre hjørne. Vente-ikonet illustrerer kva som kan skjer med eit lagdelt Internett der det går an å betala for å komma først fram.

Det føregår ein intens dragkamp i USA for å hindra ederal Communications Commission (FCC) i å vedta nye reglar som i følgje motstandarane vil gi opp nett-nøytraliteten og bety ein overgang til eit Internett med ulike køyrefelt der farten er avhengig av kor mykje du er villeg til å betala.

Høyringsforslaget frå FCC hadde frist i midten av juli i år, men på slutten av høyringsfristen kom det så mange innspel at serveren braut saman (kanskje bevisst?) og FCC utvida då fristen til 15. september.

"Alle pakkar er fødde like"
I si enklaste form er nett-nøytralitet idéen om at alle pakkar er fødde like og har dei same rettane til å bli sende gjennom Internett. Går vi inn i denne problematikken med mikroskop, ser vi at det ikkje stemmer (sjå m.a. diskusjonen om nett-nøytralitet i samband med presentasjonen av boka "Internet Governance" av Jon Bing og Lee A. Bygrave). Det nærsynte perspektivet er ikkje så interessant i denne diskusjonen. Det store spørsmålet er: Skal all Internett-trafikk ha (om lag) dei same rettane til transport i nettet eller skal det vera muleg å prioritera ein type trafikk på kostnad av ein annan? Skal det vera muleg å betala ekstra for "fast lane"?

Tim Wu og nett-nøytralitet
Begrepet "net neutrality" vart lansert av Tim Wu, professor ved Columbia Law School, i artikkelen "Net Neutrality, Broadband Discrimination" (pdf). Arbeidet til Tim Wu fekk avgjerande verknad på lovgivinga på området. No kan det sjå ut som det er duka for omkamp, og dei føreslåtte endringane frå FCC ser ut til å bryta med prinsippa Wu la til grunn.

(Tim Wu stilte i år som kandidat til "Lieutenant Governor" i New York, men tapte for motkandidaten Kathy Hochul. Han fekk likevel 40 % av stemmene, noko som er ganske imponerande sidan han hadde null politisk erfaring).

Problemet med Comcast
Comcast er eit stort kommunikasjonsselskap i USA og dei har vore i stridens kjerne fleire gonger med omsyn til nett-nøytralitet. I 2008 gjekk FCC til sak mot selskapet fordi dei påstod at Comcast hindra kundane i å utøva peer-to-peer-relatert kommunikasjon og dermed braut lova. FCC tapte delvis saka, men den resulterte i nye reguleringar i 2010 som skulle styrka nett-nøytraliteten og sikra kundane betre.

No har FCC presentert endringar i kommunikasjonslovgivinga som mange ser på som slutten for nett-nøytralitet og at ein skal kunna betala for raskare kommunikasjon. Igjen er Comcast i søkjelyset, denne gangen fordi dei vil slå seg saman med Time Warner. Ei eventuell samanslåing vil skapa ein gigant i kommunikasjons- og innhaldsbransjen og mange er skeptiske. Igjen er FCC ein av dei som skal avgjera samanslåinga.

Er nett-nøytralitet ein illusjon?
Den føreslåtte samanslåinga av Time Warner og Comcast set søkjelyset på koplinga av innhalds- og distribusjonsleverandørar på nettet. Den mentale modellen av Internett dei fleste av oss har i hovudet går ut på at både sluttbrukar (du og eg) og innhaldsleverandørar er kopla til nettet på om lag same måte. Sjølvsagt har Google og Netflix raskare linjer, men i prinsippet er vi "like". Men som illustrasjonen under viser, er dette ein illusjon. Dei store innhaldsleverandørane er trygt plasserte innafor kommunikasjonsselskapa sine datarom og har direkte tilgang til stamnetta, som illustrasjonen frå Wired viser:


Betyr det at kampen for nett-nøytralitet er over? Det gjer nok ikkje det. Framleis er det viktig at det grunnleggjande prinsippet er at all nett-trafikk er likeverdig og at det ikkje skal vera muleg å betala for raskare trafikk. Vi ønskjer ikkje eit Internett med filer for ulik fart.

mandag 8. september 2014

Stoner

Boka er like fengslande som
omslagsbiletet..
Stoner er ein nydeleg roman om kjærleiken til faget; det som oldefaren min kalla "idealet attom yrket". Den er ein hyllest til alle som er fornøyde med å vera på den plassen dei er og som ikkje strevar etter å komma seg til topps. Men likevel tykkjer eg ikkje forfattaren John Edward Williams (1922 - 1994) har lykkast på eit avgjerande punkt; ei truverdig formidling av gleda over faget.

Dette er ikkje ei ny bok, den kom ut i 1965 og vart godt motteken i USA. Den vart likevel ikkje kjend ut over ein relativt liten lesarkrins. Den vart gitt ut på nytt i USA i 2003 og nådde då eit langt større publikum. Det store europeiske gjennombrotet kom med den franske oversetjinga (av Anna Gavalda) og boka har toppa bestseljarlistene både i Frankrike, Storbritannia og Nederland. Den fortener å gjera det i Norge også.

Vise-professor?
Eg vart merksam på boka gjennom ein nett-reklame og klikka for å lesa litt om boka. Det er sjeldan eg kjøper bøker på den måten, men denne fungerte. Annonsen, som var for den norske ut¨gåva av boka, overbeviste meg også om å kjøpa boka på originalspråket. Når "associated professor" blir oversett til "vise-professor", veit alle i akademia at oversetjaren er på bærtur. Det heiter førsteamanuensis i Norge, ikkje vise-professor. Sidan handlinga så å seia utelukkande føregår på eit universitet og i eit universitetsmiljø, er slike ting vikige. Så kjøp boka, men kjøp den på engelsk!

Biografisk stil
Boka er ein slags biografi over William Stoner, fødd i Missouri i 1891. Den er likevel fiksjon. William Stoner har aldri eksistert, likevel finst det svært mange "William Stoners", både mannlege og kvinnelege, og det er dei John Williams skriv om.

"Idealet attom yrket"
Hovudideen i boka er på mange måtar ganske uamerikansk: den er ei hylling av verdiar og kjærleik til faget gjennom ein mann som gir absolutt blaffen i karriere. Stoner har null ambisjonar karrieremessig, men store ambisjonar for studentane han underviser for. Romanen er også ein hyllest til læraren, den som ser som si einaste oppgåve å formidla gleda over innsikt i eit fag. Det er jo også eit aktuelt tema om dagen..

Svakt punkt
Eg skreiv innleiingsvis at forfattaren ikkje er heilt truverdig på det avgjerande punktet å formidla korleis William Stoner utvikla kjærleiken til bøker og litteraturfaget. Stoner starta opprinneleg på ei landbruksutdanning, men hoppa etter eit stund over til litteratur. Akkurat denne overgangen er eit kritisk punkt i boka og eg saknar ei betre formidling av kva som vekte litteraturinteressa hos Stoner. Eg tykkjer ikkje dette er skildra overbevisande.

Det er merkeleg sidan forfattaren John Williams sjølv var professor i engelsk litteratur. Men for all del, la ikkje det stoppa deg frå å lesa boka - den er som sagt veldig bra. Og du treng heller ikkje ha kunnskapar eller erfaringar frå akademia og universitetsmiljø for å nyta den.

fredag 22. august 2014

Dagens Næringslivs venstre og høgre hand

Eg sende dette lesarinnlegget til DN 8. juli (i år) og fekk svar i dag, 22. august! Her er innlegget det tok DN 32 arbeidsdagar å finna ut at dei ikkje ville ha:

DNs venstre og høgre hand
DNs venstre hand ser ikkje ut til å ha særleg kjennskap til kva den høgre handa driv med, og omvendt. I fleire saker har DN sett søkjelyset på urovekkjande tilstandar utan at avisa sine meiningar av den grunn let seg påverka nemneverdig.

Eit eksempel er farlege bakteriar i kylling- og svineproduksjonen og den skremmande utviklinga mot antibiotikaresistens. Desse produksjonane er dei mest industrialiserte i jordbruket. Ein av grunnane til at situasjonen er betre i Norge enn i mange andre land, om enn urovekkjande, er at me framleis har mindre besetningar og mindre grad av industrialisering.

Når landbruks- og matminister Sylvi Listhaug no hevar konsesjonsgrensene for å få endå større bruk, jublar DNs høgrehand på leiarplass. De meiner vel eigentleg det går for sakte og blir for smått, og skulle gjerne sett endå meir frislepp. Det er ikkje lett å forstå korleis DN kan konkludera slik ut frå dei ganske skremmande artiklane de har hatt om problema i dei nemnde produksjonane.

Det er venstrehandsarbeidet som gjer at eg framleis er DN-abonnement, sjølv om eg ofte riv meg i håret over kommentarar og leiarartiklar. Eg er djupt ueinig i DNs grunnsyn, men de har dyktige journalistar som trass alt gjer det verdt å lesa avisa. Eg saknar likevel ein betre samanheng mellom den undersøkjande journalistikken og meiningane til avisa.

søndag 17. august 2014

Avsendarorientert

Eit problem dei aller fleste strir med er at informasjon blir presentert slik den ser ut for den som lagar den, altså avsendaren. I avsendaren sitt hovud gir det opplagt meining og er den naturlege måten å presentera på. For mottakaren derimot, er det ikkje alltid like lett å forstå kva som er meint.

Av mange eksempel har eg valt ei kontoutskrift frå ein av bankane eg brukar; Indre Sogn Sparebank. Dei er vel verken verre eller betre enn mange andre, på dette området er det mange som feilar.

Eg må innrømma at eg sleit med å forstå denne kontoutskrifta. Har eg pengar til gode, eller skuldar eg banken? Kolonneoverskriftene "Innbetalt Utbetalt (-)" og "Innestående Gjeld (-)" gir rett og slett ikkje meining for meg som brukar. Det korrekte er at eg har 23.750,96 til gode på kontoen, men det står då vitterleg gjeld. Så dette må vera sett frå banken si side.

Det er merkeleg at det skal vera så vanskeleg å presentera noko så enkelt som eit bankinnskot på ein forståeleg måte. Banken kunne berre ha spurt ein kunde om å forklara utskrifta og så fått all den dokumentasjon den trengde på at dette ikkje er måten å presentera på. Det er verdas enklaste brukartest!

Heller ikkje renteopplysningane til slutt er særleg opplysande..


søndag 3. august 2014

Notes from a Small Island

Planen var å lesa "Notes from a Small Island" av Bill Bryson før turen til England i sommar, men eg fann den ikkje i Kindle-versjon. Eg ser no at det er fordi eg søkte på Amazon.com og ikkje på Amazon.co.uk. Det er jo ganske utruleg dumt - av Amazon!

Boka vart kjøpt på Waterstone's i Oxford og lesen delvis etter at eg kom tilbake. På ein måte like greitt, for då er det lettare å samanlikna eigne observasjonar med andre sine. Og det er mykje eg kjenner meg igjen i trass i at Bill Bryson skriv om eit England for 20 år sidan.

Frå USA til England i 1973
Bill Bryson er kjent som forfattar av fleire bestseljarar. Den mest kjende boka hans er kanskje "A Short History of Nearly Everything". Han er opprinneleg frå Des Moines i Iowa, USA, men vart nesten tilfeldig buande i England i meir enn 20 år, frå 1973 til 1995. I perioden 1995 til 2003 budde han i USA før han flytta tilbake til England i 2005.

Reiseskildringar, men også eigen person
"Notes from a small island" (1995) var boka som for alvor gjorde han kjend som forfattar. Det er ei reisedagbok spekka med artige og underfundige observasjonar av England; folket og kulturen og i det heile det som har gjort han så forelska i landet. For trass skarpe og kritiske observasjonar er varmen og sympatien for landet og folket gjennomgåande i heile boka. Men det som løftar boka frå å vera endå ei reisedag-/hand-bok, er at han i skildringane også beskriv seg sjølv som person med alle særheiter.

Vittig, men ikkje masete
På "vaskeseddelen" står det mellom anna "Not a book that should be read in public, for fear of emitting loud snorts" (The Times), noko som vanlegvis gjer meg skeptisk. Eg likar ikkje bøker der forfattaren har eit klart mål om å skriva vittig, ein av grunnane til at eg la frå meg m.a. "Hundreåringen som klatret ut av vinduet og forsvant". Men trass i enkelte litt krampaktige forsøk på å vera morsom, er Brysons stil ikkje for sjenerande over-morsom.

Frå Dover i sør til John O'Groat i nord
Han bestemmer seg for å ta eit farvel med England etter meir enn 20 år der, før han returnerer til USA. Han startar der han først kom i land; Dover, og reiser så via London til sør-austkysten, så stader ved Bristol Channel, vidare til Oxford og så nordover i Midlands, til Manchester og Liverpool og nordover til Lake District og så Skotland heilt til nordaust-spissen med John O'Groat.

Enkel ytre handling
Ytre sett er "handlinga" veldig enkel: Bill Bryson reiser med tog eller buss til ein ny stad, leitar opp eit hotell eller B & B og vandrar så rundt i (lands-)byen og gjerne innom meir kjende stader/monumet. Så finn han ein restaurant der han et middag. Så vandrar han tilbake til hotellet, søv til neste morgon og pakkar sakene sine for å dra til neste stad - ofte tilfeldig og etter ein eller annan plutseleg innskytelse. Observasjonane av å reisa med offentleg transport er artige å lesa og stemmer veldig godt med eigne erfaringar, sjølv om det er 20 år mellom hendingane.

Britisk media på 1980-talet
Bryson jobba i The Times frå 1981 til 1986 og det var i dei ganske turbulente tidene då det vart "rydda" kraftig i diverse ukultur. Ryddinga må også sjåast i samanheng med Thatcher, Murdochs overtaking av britisk presse med meir. Bryson gir ei livleg skildring av eit av personalmøta der oppseiingar og omorganisering er på agendaen. Skotten Charlie Wilson, tøff skotsk redaktør og Murdochs mann, steig opp på ein krakk og ga følgjande beskjed:

We're sending ye tae Wapping, ye soft, English nancies, and if ye wairk very, very hard and if ye doonae git on ma tits, then mebbe I'll not cut off yer knackers and put them in ma Christmas pudding. D'ye have any problems with tha'?

fredag 25. juli 2014

The country that ruled the world

Oxford - City of dreaming spires
".. and this is the country that once ruled the world!" sa sidemannen min med dårleg skjult ironi. Me stod og såg på den hjelpelause handteringa av bagasje og passasjerar på buss-stasjonen i Oxford. Makan til klønete opplegg har eg aldri sett.

Bussar som kjem, eller ikkje
Etter ei lita veke i England reisande med kollektiv transport er det ei gåte korleis dette landet kan klara seg. Absolutt alle bussar me reiste med, og det var ikkje få, var forseinka. Enkelte kom aldri! Tog vart me frårådde å reisa med frå fleire, så det prøvde me ikkje. Svaret på kva som held dette landet saman trur eg er fotball, øl (ale), humor og kanskje dronninga.

Classic Car Hire
Målet med reisa var eit kurs i utleige av klassiske bilar. Kurset var i Stratford-upon-Avon, Shakespeares fødestad. Innehavar Tony Merrygold i firmaet The Open Road var kurshaldar. Kurset var like godt heime i stova hans, og eg var einaste deltakar (!). Men det vart ein interessant dag med mange nyttige tips. Tony har halde på sidan 1997, då han tok sluttpakke frå IBM. Han var då den femte bedrifta som starta med utleige av gamle bilar; no er det meir enn 50!

University of Oxford
Etter kurset, der eg vart henta i ein Triumph Stag og køyrt tilbake til hotellet i ein Triumph TR6, gjekk turen til Oxford. Oxford er universitetsbyen framfor nokon og har røter som by heilt tilbake til 800-talet. Byen har ca 150 000 innbyggjarar og er slik sett ganske liten. University of Oxford er det eldste universitetet i den engelsktalande delen av verda. Den eksakte datoen for grunnleggjing veit ein ikkje, men det er kjent at det har vore drive utdanning der sidan i alle fall 1096. Universitetet er paraply for ei rekkje institusjonar, inkludert 38 sjølvstendige ("constituent") college.

Dei mange staselege universitetsbygga og kyrkjene i Oxford er det nærmaste du kjem Harry Potters Galtwort. Mykje av opptaka til Harry Potter-filmane er frå dei mange gamle universitetsbygningane.

MG-parken i Abingdon
MG Car Company
Litt utanfor Oxford (15-20 min. med buss) ligg den vesle landsbyen Abingdon. Her starta Morris-forhandlaren og -verkstaden Morris Garage å spesialtilpassa Morris til kundar. Dette vart så populært at det til slutt vart ein hovudaktivitet og nye fabrikkar måtte byggjast. Morris var ein veldig populær bil i England, i eit visst tidsrom var kvar andre selde bil ein Morris!

British Leyland
Etter rundt 10 års drift vart MG Car Company seld til Morris Motors. I 1952 vart Morris og Austin slegne saman til British Motor Company (BMC). I 1966 vart Jaguar slukt og namnet på konsernet vart etter kvart British Leyland - for bilinteresserte synonymt med katastrofe! 1970-talet var ei einaste glideflukt med streikar, elendig kvalitet og britisk bilindustri vart effektivt øydelagt.

Plakat som viser starten på MG-eventyret
 Det må kjennast rart for engelskmennene at bilindustrien er borte samtidig med at både japanske og tyske produsentar har hatt stor suksess med erke-britiske roadster-bilar (først og fremst Mazda MX-5, men også BMW Z3/Z4 og Mercedes SLK).






"Old Speckled Hen"
Sjølv om MG er borte, lever ein høgst oppegåande MG Car Club og dei har hovudkvarteret i Abingdon. I samband med 50-årsjubileet for flytting av MG frå Cowley i Oxford til Abingdon, vart bryggeriet Morland & Co. bedt om å laga ein spesiell ale. Den vart kalla "The Speckled Hen" - den spraglete høna - etter ein prototype bygd i 1927 og med eit spraglete ytre. Bilen vart brukt som budbil internt av MG og fekk namnet "The Speckled Hen" på folkemunne.

Ølet vart ein stor suksess og er eksportert til 47 land. Dessverre fekk eg ikkje fat i "The Speckled Hen" så det må bli ein annan gang. Øl-etiketten er sjølvsagt oktagonal. Men helst skal ølet nytast som cask ale og ikkje på flaske.

mandag 7. juli 2014

Forbrytelse og straff i VM 2014

Luis Suarez set tennene i Giorgio Chiellini
(Foto: The Telegraph - telegraph.co.uk)
Luis Suarez hestebit er noko av det som vil bli hugsa frå dette VM, saman overfallet på Neymar som resulterte i brot i ryggen. Suarez vart utestengd for resten av VM medan overfallsmannen Juan Camilo Zuniga slapp unna utan kort eller noko.Heller ikkje i ettertid, då dei alvorlege konsekvensane vart klare, har eg sett at FIFA har vurdert straff mot Zuniga.

Lite mandig
Eg vil på ingen måte forsvara biting på fotballbana, like lite som eg vil forsvara overlagt overfall. Poenget mitt er at det første er ganske ufarleg medan det andre i verste fall kan gjera ein spelar fotballinvalid. Viss eg skal drista meg til ei sosiologisk forklaring, trur eg det har med macho-preget i fotballen: biting er sett på som svært lite mannleg. Eg lurer på korleis biting ville blitt handtert i kvinnefotballen? Det ville sikkert vorte straffa, men kanskje ikkje så hardt?

I dette ligg ei forakt for "feige" angrepsmåtar. Fotballbana er til dels ein krig, og du skal slåss som ein mann. Lugging og biting er definitivt ikkje blant dei aksepterte triksa. Om du susar inn i ein motspelar med kneet først, er det meir ein del av det aksepterte harde spelet. Unnataket er vel Harald "Toni" Schumacher sitt kne planta i Patrick Battiston i VM i Spania i 1982.

Og her er det Ivanovic som får smaka Suarez' tenner
(Foto: sports.yahoo.com)
Meir videodømming
Eg har tidlegare teke til orde for meir bruk av videodømming i fotballen. Det gjeld særleg offside- og måldømming. Det siste har FIFA endeleg innført, etter skandalen frå sist VM då Frank Lampart sitt skot mot Tyskland var minst ein halv meter innafor streken utan at det vart dømt mål. Til neste VM (eller EM?) er det kanskje råd å håpa på ei oppgradering av presentasjonen også. I dette VM såg det ut som grafikken var av typen Windows Paint..

Også i dette VM har det vore feilaktige offside-avgjerder, sjølv om linjedommarane samla sett har imponert. Det vil alltid vera situasjonar som er bortimot umuleg å avgjerda for det menneskelege auga. Ei innføring av elektronisk offside-dømming ville truleg ført til fleire mål fordi det oftare blir blåst feilaktig for offside enn motsett.

Videodømming i fotball og tennis
Argumenta mot videodømming er mellom anna at det vil stogga flyten i spelet, og det er eit relevant poeng. Men også ein dommar kan blåsa ein kamp i stykker. For å hindra at videodømming skal stykka opp kampane, kunne ein innført same regel som i amerikansk fotball ("instant replay") eller tennis. I det siste tilfellet er det "Hawk eye"-teknologien som blir brukt, ein triangulerings-metode utvikla av dr. Paul Hawkins i Storbritannia. Det er denne teknologien som blir brukt for måldømming også, i det minste i Premier League, men sannsynlegvis også i dette fotball-VM.




mandag 30. juni 2014

Mazda MX-5 - ein moderne klassikar fyller 25 år!

Mazda MX-5, her ein 2012-modell (ja, den er min! :)
Då britane hadde køyrt bilindustrien sin ettertrykkeleg i grøfta, plukka Mazda opp ein av dei mest særprega tradisjonane frå øya: roadsteren. Mazda såg potensialet i denne spesielle og erkebritiske biltypen og laga ein moderne versjon i 1989. Det vart ein øyeblikkeleg suksess, og til dags dato har dei selt bortimot 1 million eksemplar! Det einaste dei ikkje kopierte av britane, var byggkvalitet. Mazda MX-5 er noko ein britisk roadster aldri var: Påliteleg!

Ein roadster er ein open to-setars bil med vekt på det sportslege, i følgje Wikipedia. Tradisjonelt hadde ein roadster tekstil-tak (soft-top), men etter kvart har stål-tak med el-hydraulisk opning og lukking vorte meir vanleg. den tradisjonelle roadsteren er også låg, og med seta ganske langt bak, nær bakakselen. Og så skal ein ekte roadster ha bakhjulsdrift, så klart! Grunnprinsippa for roadsteren er altså enkle: motoren framme, drift på bakhjulene og mellom der skal det (såvidt) vera plass til to. Og for ein roadster handlar det ikkje om størst muleg motor; det sportslege handlar om andre ting.

Alt handlar om førarmiljø og køyreoppleving

Mazda MX-5 (heiter Miata i USA) er så langt kommen i tre generasjonar:

  1. 1989 - 1997: Serie NA
  2. 1998 - 2005: Serie NB
  3. 2006 - 2014: Serie NC
  4. 2015 - ? : Serie ND
Neste generasjon kjem altså mot slutten av året. Den skal bli 100 kg lettare enn dagens, som heller ikkje er ein tungvektar med sine 1075 kg.

Når du køyrer ein slik bil, merkar du fort at den gler seg til kvar sving. Den er ikkje laga for lange, rette strekningar, men for mest muleg svingar. Styringa er presis, det same er gir girskiftet - som sjølvsagt må vera manuelt. Det er rett og slett ein fryd å køyra ein slik bil. Berre ein liten detalj trekkjer ned heilheitsinntrykket på denne bilen: tankloket. Det som skulle ha vore eit påfyllingslok i metall, modellert etter racing-typen, ser ut som det er kjøpt påEuropris :(

Lekkert!

mandag 23. juni 2014

VM i fotball

VM er det største innan fotball. For eigen del gler eg meg i fire år, og ventetida er i lengste laget. Heldigvis har me EM i mellomperioden.

1978, fargefjernsyn og Argentina
Interessa begynte for alvor med VM i Argentina i 1978. Då hadde me nettopp fått fargefjernsyn, noko som ga eit ekstra løft til den visuelle opplevelsen. Eg hugsar også finalen mellom Vest-Tyskland og Nederland i 1974, men først i 1978 vart eg fullstendig hekta. Og favorittlaget var sjølvsagt vertsnasjonen Argentina, og favorittspelaren var Mario Kempes.

Spenning og intensitet
Eg er elles ikkje typen som hugsar alle resultat, toppskårarar og andre detaljar. Eg må innrømma at eg har problem med å hugsa kven som til slutt vann dei ulike meisterskapa. Det er først og fremst spenninga og dei mange intense oppgjera som fengjer. Og til lenger ut i meisterskapen, til meir dreg det seg til og til meir intenst blir det. Der starten ofte har vore laber, for ikkje å seia kjedeleg, har årets VM markert seg med mange kampar med stor underhaldningsverdi og mange mål. Det er eit av dei beste VM på lange tider fotballmessig. Det er også interessant at amerikanske lag (både Sør og Nord-Amerika) gjer det så godt. Det er bra for fotballen. Afrikanske lag har på si side enno til gode å overbevisa, det same har asiatiske lag trass i at Sør-Korea kom heilt til bronsefinalen i 2002 (der dei tapte 3-2 for Tyrkia).

Mørkt bakteppe
VM i Sør-Afrika var eit stort løft for landet og for kontinentet og alt i alt veldig positivt. VM i Brasil har hatt eit mørkare bakteppe. Det har vore store protestar mot pengebruken, det starta alt for eit år sidan i samband med "prøve-VM", eller Confederation Cup. Brasilianarar flest har god grunn til å stilla spørsmål ved bruken av pengar i eit land som trass store naturressursar har mange som lever i fattigdom. Generelt er det store  skilnader i det brasilianske samfunnet, også etter vellykka sosiale reformer frå tidlegare president Luca.

Som om ikkje Brasil brukar pengar nok p VM, skal dei også arrangera sommar-OL i 2016. Ikkje rart det kokar over for mange av landets innbyggjarar.

FIFA, som IOC, i trøbbel
Også korrupsjonsskandalar i FIFA kastar mørke skyggar over fotballen. Tildelinga av VM 2022 til Quatar lukta alt frå starten, og no er det dokumentert at det slett ikkje gjekk for seg utan kjøp av stemmer. FIFA minner på mange måtar om IOC - udemokratiske organisasjonar som forvaltar store pengesummar og som gir god grobotn for korrupsjon. Om det er muleg å reformera desse organisasjonane er tvilsamt. Det er ikkje lett å sjå korleis denne trenden skal snuast og korleis ein skal få sunnare VM (og olympiske leikar). Men den vanvittige pengebruken må reduserast; det må vera muleg med større grad av gjenbruk. UEFA viser kanskje veg ved å spreia arrangementet på mange land, slik dei gjer med EM i 2020.

mandag 9. juni 2014

Vettisfossen

Vettisfossen er eit imponerande syn
Sogn og Fjordane slit på dei fleste statistikkar, men ein ting er klart: Me har den desidert mest storslåtte og varierte naturen i landet. Ingen stader finn du større variasjon enn å reisa frå det ville alpine landskapet i Hurrungane i aust, langs Sognefjorden og ut til kystlandskapet i Solund i vest.

I går (08.06.14) gjekk turen til Årdal og Vetti/Vettisfossen. Det er nesten litt flaut å seia at det var første gongen min, men på den andre sida er det godt å ha slike godbitar i vente. Turen til Vetti og Vettisfossen startar med Folkevegen, 5-6 kilometer frå sentrum i Øvre Årdal. Folkevegen har fått namnet etter den formidable dugnadsinnsatsen som ligg bak opparbeidinga av vegen. Den 5,5 km lange vegen langs Utladalen og elvi Utla, vart bygt på dugnad i perioden 1973 - 1977. Det er rekna at det vart lagt ned rundt 50 000 timar frå over 1500 innbyggjarar i Årdal. Ikkje mange kan visa til noko slikt, og det seier ein del om Årdals-samfunnet.


Vetti - her har det budd folk i 1000 år!
I enden av vegen ligg garden Vetti. Den er fråflytta i dag, men fram til dei fråflyttinga i 1985 har det budd folk her i lange tider. Dei eldste sikre kjeldene viser at det har budd folk her minst frå 1120. Når ein tenkjer på tilkomsten til området før dugnadsvegen, er det ganske fantastisk. Området var isolert i store delar av året sidan stien langs Utla var ekstremt rasutsett og vanskeleg på vinterstid. Lærdalsprest Ulrik Fredrik Bøyesen besøkte Vetti i 1818 og la ikkje skjul på at det var strabasiøst:
Nu er man da i Gjelen. Gud være med dig Vandringsmand! … Her syntes al videre Fremgang umulig. Men herpaa havde Eivind forberedt sig. Med sin øxe hug han i Isspeilet en Skure, hvori han satte Foden, nok en Skure, hvori han satte den anden Fod; og saaledes vedblev han at hugge og gaae, indtil han var kommen over… Mere end en halv Miil maatte vi gaae paa Randen af lutter Afgrunde, og ofte over saadanne Sneeskrid, som endnu ikke vare optøede, der ligesom uhyre Speile, hængte næsten lodrette fra den høie Fjeldryg lige ned i det ustyrtelige Dyb, og hvor alene øxen kunde bane en høist usikker og farlig Stie… Men saa var hele Veien gjennem Vettiesgjelen, paa en Stie, hvor man stundom ei kunde sætte begge Fødder ved Siden af hinanden…
Avdalsfossen
Før ein kjem til Vetti passerer ein Avdalsfossen, eit imponerande syn også den. Fossen er 173 meter høg, men har ikkje fritt fall heile vegen. Etter passering av Avdalsfossen går det ein sti bratt opp fjellsida til Avdalen, ein annan stad vel verdt å besøka.

Frå Vetti gard går det vandresti vidare innover Utladalen mot Vettisfossen og Vettismorki. Den er krevjande å fleire stader og gir eit inntrykk av korleis det var å gå i dette området i gamle dagar. No er det vanskelegaste plassane sikra med tau. Etter rundt ein halv  time vandring kjem ein til Vettisfossen. Det er det høgste frie fossefallet (273 m) i Norge etter kraftutbyggingane. Fossen vart varig verna i 1924.



fredag 6. juni 2014

Bitcoin Meetup

Stor interesse for det første Bitcoin Meetup i Oslo 05.06.14
Det første Bitcoin Meetup i Norge/Oslo vart arrangert i går (05.06.2014) på Mesh kafé. Justcoin-gründerane Andreas og Klaus var initiativtakarar og leia samlinga, og Anders frå Mesh stilte lokale gratis til disposisjon for arrangementet.

Stor interesse
Opp mot 100 personar møtte fram, og det berre på ei vekes varsel! Det er tydeleg at Bitcoin engasjerer. Claus opna samlinga og Anders fortalde først kort om huset med kafé, utviklarlokale m.m. Utleige av kontorlokale fungerer nærmast etter ein inkubator-modell, med fleksible og korte leigeavtalar, om eg forstod det rett.

Justcoin med betalingsløysing for Bitcoin
Andreas Brekken frå Justcoin fortalde kort om Meetup-initiativet og at det ikkje skulle vera noko sals-framstøyt for bedrifta deira. Storparten av dei frammøtte var truleg Justcoin-kundar frå før. Han fortalde at Justcoin arbeider med ei salsløysing for Bitcoin (Point of Sale). Då vil alle som som sel varer og tenester kunna ta betalt i Bitcoin på ein enkel måte. Justcoin ordnar veksling slik at seljaren ikkje treng å forholda seg til Bitcoin i det heile.

Dette er gode nyheiter og det er bra det kjem norske alternativ til aktørar som BitPay, som for all del gjer ein god jobb. Men det er litt dumt viss Norge som eit av dei mest moderne landa innan betalingsformidling, skal ta i bruk betalingsløysingar frå USA, eit u-land når det gjeld betaling (kontantar over alt, sjekk er framleis viktig, kredittkort utan chip..).

Bitcoin-status 2014
Eg orienterte så om "Bitcoin-status 2014" med utgangspunkt i konferansen Bitcoin 2014 i Amsterdam nyleg. Det viste seg at det var ein deltakar til som hadde vore i Amsterdam, fekk dessverre ikkje med meg kven det var. Hovudpoenget mitt var at Bitcoin no gjennomgår ein modnings- og kommersialiseringsprosess og at Bitcoin for Business no er hovudsporet Bitcoin Foundation jobbar i.



Ein artig kuriositet: Eg oppga Bitcoin-adressa mi på slutten av presentasjonen og jammen kom det ikkje inn 0,0025 BTC rett etterpå. Takk til den anonyme givaren :)

Hardware.no og bruk av Bitcoin
Amund Espelien frå Hardware.no (og amobil.no) fortalde om deira erfaringar med Bitcoin. Dei var ein av dei første, kanskje den første, til å ta i mot Bitcoin i løysinga for tilgang til artiklar på nettstaden (Tek Ekstra). Som Amund sa, viss det var nokon som måtte vera først med å tilby Bitcoin-betaling måtte det vera dei. Dei har den rette kundegruppa (teknologi-interesserte gutar og menn mellom 15 og 40 år) og alt skulle liggja til rette. Dei brukte først BitPay si løysing og det har fungert greitt. No samarbeider dei med Justcoin om innføring av deira nye løysing.

Det vil vera å ta for hardt i å seia at pågangen for å betala med Bitcoin har vore stor. Bitcoin-delen av salet deira ligg på rundt 2 %, resten er ganske likt fordelt på Visa og Mastercard. Implementeringa av Bitcoin-betaling har vore smertefri og enkel, dei tenkjer ikkje særleg over det for pengane kjem inn i form av norske kroner uansett.

Bruk av Bitcoin i BitTorrent
Bedeho Mender fortalde til slutt om eit oppstartsprosjekt han jobbar med der han vil kopla BitTorrent og Bitcoin. Hovudidéen er å innarbeida incentiv i BitTorrent ved hjelp av Bitcoin. I dag er det ingen incentiv for BitTorrent-brukarar å lasta ned og dela filer dei sjølve ikkje er særleg interesserte i. Bedeho meiner at å kopla inn Bitcoin vil kunna gjera BitTorrent-teknologien meir anvendbar og skapa større dynamikk.




tirsdag 3. juni 2014

E-bjøller

Sau med dobbelt sett bjøller (Foto: FindMySheep AS)
Dei teknologiske endringane i jordbruket er mange og det har vore ei veldig utvikling i lang tid. Sauenæringa har så langt hengt litt etter, men no kjem teknologien for fullt også her. I år er det elektroniske bjøller som gjeld, og 2014 blir truleg eit gjennombrotsår for e-bjølla.

Telespor og FindMySheep
Det er to leverandørar av e-bjøller for småfe her til lands; Telespor og FindMySheep.Dei to produsentane nyttar ulike teknologi. Telespor har satsa på mobilkommunikasjon for overføring av GPS-data, medan FindMySheep har satsa på satelittkommunikasjon. Grunnleggjarane av FindMySheep er sauehaldarar og dei har sauene i eit område med dårleg mobildekning. Dei fann ut at Telespor-bjøllene ikkje ville fungera godt og tok saka i eigne hender. Det er ei skikkeleg hacker-innstilling!
E-bjølla frå FindMySheep
(Foto: FindMySheep)

Saman med naboar og kollegaer har eg satsa på den e-bjøller frå FindMySheep. Mobildekninga i beiteområdet er for ujamn til at den løysinga kan satsast på.

Tungt for sauen!
E-bjøllene frå FindMySheep har to komponentar: sjølve bjølla og eit ladebrett. Ladebrettet er lurt å dela saman med andre sauehaldarar sidan det berre blir brukt ved påsetjing og avtaking av bjøllene. Dessverre må sauene ha både vanleg akustisk bjølle og e-bjølle, noko som gjer at samla vekt blir i høgste laget. E-bjølla veg ca. 350 g og ei vanleg bjølle 200 g - til saman rundt 550 g. Det er i grenseland for kva som er komfortabelt for sauen vil eg tru, men det er vanskeleg å få svar på. Om nokre år vil me sikkert sjå tilbake på dei første e-bjøllene omtrent som dei første berbare pc-ane.
5 e-bjøller til lading
E-bjølla i bruk
Før bruk må bjøllene ladast opp og programmerast. Det skjer ved bruk av ladestasjonen. Bjøllene kan setjast opp til å senda fleire meldingar i døgnet, men det vil føra til kortare batteri-levertid og det vil også kosta meir. I prisen for e-bjøllene er det inkludert 150 meldingar. Meldingar ut over det kostar 1,- kr pr. stk. Dersom beitesesongen er frå 15. mai til 30. september, vil det vera 135 dagar og med ei melding i døgnet vil ein ha 15 meldingar til gode. Det er særleg tida rundt sanking det er viktig med hyppigare oppdateringar for å letta arbeidet med å finna sauene.

Dårleg brukargrensesnitt
FindMySheep ser ut til å ha løyst det teknologiske på ein bra måte, sjølv om det er for tidleg å seia (ny rapport kjem til hausten når erfaringar med ein heil sesong er gjorde). Men dessverre er brukargrensesnittet under ein kvar kritikk. Klient-delen er programmert i Java og usability eller brukarvennlegheit er ord som ikkje førekjem i vokabularet. Det er synd, eit betre brukargrensesnitt hadde løfta systemet mykje. Berre brukarnamnet ('sysadm.s_olnes'), som ikkje er muleg å endra, seier ein del om prioriteringane av UX.. Det ville vore interessant å kopla folka bak FindMySheep med topp web-programmerarar, det kunne vorte ei løysing som ville hatt sjansar globalt.

Posisjonen til sauen med e-bjølle. Det er val mellom fleire typar kart,
her Statkart
App?
I klienten får ein opp oversikt over posisjonen til sauene med e-bjøller. I beite-sesongen er det ok å følgja med på pc-en, men i sanketida er det klart at ein bør ha mulegheit for å få GPS-posisjonen også på mobiltelefon. Det er noko FindMySheep jobbar med, men som ikkje ser ut til å vera klart enno.


Opne data?
Eg skulle nok ønskt eit meir ope system og håpar FindMySheep kan frigjera data på ein slik måte at dei kan brukast i andre samanhengar, som opne data. Då ville det til dømes vore relativt enkelt å laga eigne samanstillingar med bakgrunn i Open Street Map eller Google Maps, eller kartgrunnlag frå Kartverket som no er frigitt.

tirsdag 27. mai 2014

Bitcoin 2014 - dag 2

Bitcoin 2014 i Amsterdam, her frå avslutninga av konferansen
Eg delar referata frå Bitcoin 2014 i Amsterdam i to innlegg og det stemmer ikkje nødvendigvis med programmet. 17. mai var også programdag, frå 09.00 - 17.00, så tid til tog i Amsterdam vart det ikkje. Ikkje veit eg om det var 17. mai-tog i byen heller. Det einaste eg la merke til på konferansen, var at Google feira dagen med ein flott Eidsvolls-logo.

Bloggar Nate Murray har skrive stikkordprega referat frå ein del av konferansen. Her er referata hans frå dag 1 og dag 2.

Her er videoar frå konferansen lagt ut på YouTube.

Kva kan me læra av historia om pengar?

"History of Money & Lessons for Digital Currencies Today" var den lovande tittelen på ein av paneldebattane laurdag. Dessverre stod ikkje resultatet av debatten i stil med tittelen. Panelet var dominert av Bitcoin-entusiastar og då blir ikkje debatten særleg spennande.

På spørsmålet om ikkje historia har vist at sentralisering av (penge-)system er nærmast uunngåeleg, svarte Konrad Graf (akademikaren i panelet) at det er handel som eventuelt blir sentralisert, så følgjer pengesystemet etter. Først handel, så pengar, det er det viktig å få med seg! Historisk har nesten alt kunna brukast til pengar. Det er handel og byte av varer og tenester som er det sentrale, og at desse er tilstrekkeleg "likvide" til lett å kunna omsetjast. "There’s no other way for a medium of exchange to arise other than the attribute of liquidity" - den einaste måten eit bytemiddel [pengar] kan oppstå på, er tilstrekkeleg likviditet.

Aktuell litteratur: "The Ethics of Money Making" (bok) og "On the Origins of Money" av Carl Menger.

I paneldebatten sakna eg økonomar som ikkje har tru på Bitcoin eller andre digitale valuta. Diskusjonane blir fort einsidige med berre tilhengjarar av kryptovaluta.

Toni Gallippi, Bitpay: "Driving Merchant Adoption"

Bitpay er eit av dei nye Bitcoin-selskapa i kraftig vekst. Dei vart etablerte i 2011 og er slik ei av dei eldste bedriftene i Bitcoin-sirkuset (!). Hovudbase er Atlanta, men dei har nyleg også etablert eit kontor i Amsterdam der dei for tida har tre tilsette, men vil auka. Totalt er dei rundt 40 tilsette i Bitpay, men har planar om å auka til over 100 i løpet av året. Nederland vart valt av dei same grunnane som er nemnde tidlegare (sjå innleiinga første dag).

Merchant Processing er den einaste forretningsideen; bedrifta skal hjelpa andre bedrifter å ta i bruk Bitcoin som betalingsmiddel. Bitpay gjer det så enkelt som muleg for bedrifter å ta i bruk Bitcoin. Dei har laga integrasjonsmodular til dei fleste populære netthandel-tenester og gjort det enkelt å ta i bruk den nye valutaen. Dei tilbyr også rapporteringstenester til skattemyndigheitene og lettar den delen av jobben også.

Kredittkort ikkje laga for nettbruk
Gallippi viste eit American Express-kort frå 1959 og sa at den einaste innovasjonen som har skjedd med dette og andre kredittkort er at det har fått ei magnetstripe og ein kontrollkode (CVC). I Europa har korta etter kvart også fått chip, og dermed større sikkerheit, men ikkje i USA (USA er eit uland når det gjeld betalingsformidling, kanskje det er difor Bitcoin oppstår der?).

Kvifor skal bedrifter ta i bruk Bitcoin?
- lågare risiko (mindre svindel)
- lågare kostnader
- selja globalt (plutseleg er heile verda marknaden)

Dei har no over 30 000 kundar (merchants) verda over, dei fleste i USA.

BIP 0021: Bitcoin i URL
BIP 0070-73: Payment protocol

Bitcore: Bibliotek utvikla i Javascript
Insight: Block chain explorer
Copay: Multisignatur-plattform

Multisignaturar vil auka sikkerheita mykje, men er framleis lite brukt.
Bitcoin Payroll API: Lønnsutbetalingar i Bitcoin. Tilsette i BitPay kan velja å få lønna utbetalt i Bitcoin, heilt eller delvis (Toni har valt å få alt utbetalt i Bitcoin..)

"All inclusive"-prising: Fast månadleg pris, startar på US $30
Det er ingen transaksjonskostnader for det er ikkje handteringa av Bitcoin dei vil tena pengar på, men tilleggstenester og påbygg.

State of the Bitcoin Mining "Arms Race"

Paneldebatt:
Michael Terpin, SocialRadius (paneldebatt-leiar)
Marco Streng (Genesis Mining)
Benny Gorlick (Cloud Hashing)
Josh Zerlan (Butterfly Labs)
Sam Cole (KnC Miner)
Geroge Kikvadze (Bitfury)
Jez San (CoinTerra)

Debattleiaren opna med at det sannsynlegvis var meir peta-hash samla i dette panelet enn nokon annan stad i verda!
Utfordringa var som tittelen seier "våpenkappløpet" mellom mining-selskapa. Og det er eit formidabelt race - i dag er det 8,8 milliardar ganger vanskelegare å løysa hash-funksjonane i Bitcoin-systemet enn det var i starten. Ikkje å undrast over at dette har vorte eit spesialisert felt, både for utviklarar av "grave"-utstyr og for brukarar av dei. Tida for "heime-graving" er definitivt over [ikkje alle var einige i det, nokre meinte at det vil vera rom for heime-graving, men i litt andre former enn tidlegare].

Mining-prosessen er lineær; til meir ressursar til større utbyte. Men dei som er i bransjen må gradvis førebu seg på ei endring. Belønningsdelen som no er på 25 Bitcoin pr. ny blokk kvart 10. minutt, vil gå ned til 12,50 i 2017 og ei ny halvering kvart fjerde år. Etter kvart som belønninga blir redusert, må transaksjonsprisen gå opp for å finansiering gravinga og dermed sikkerheita i systemet.

51%-angrep er ein mykje diskutert trussel i Bitcoin. Dersom du kontrollerer meir enn halvparten av ressursane til graving, vil du kunna byggja den lengste (blokk-)kjeda og dermed ta kontroll over heile systemet. "Majoriteten har alltid rett" er hardkoda inn i systemet. I panelet meinte dei at denne trusselen er overdriven. For det første må ein i praksis ha meir enn 70 % for å klara det, og for det andre vil ei kompromittering av systemet ikkje gagna den som gjer det. Det måtte einast vera om nokon gjekk beviss inn for å destabilisera det.

Så å seia alle leverandørar av mining-utstyr (ASIC = Application-specific Integrated Circuit) tilbyr graving av fleire typar kryptovaluta. Dei aller fleste krypto-valutaer på marknaden er variantar av Bitcoin-systemet. Det har vore påstått at valutaer som brukar Scrypt er "ASIC-resistente", men det stemmer ikkje. Dei fleste ASIC-leverandørane har også løysingar for Scrypt-protokollen.

Panelet diskuterte alt-coins og var einige om at dei som investerer i graving av alt-coin (alternative krypto-valutaer) gjer det fordi det er ein enklare måte å skaffa seg Bitcoin på.

Skaleringsutfordringane til Bitcoin vart også diskutert. I dag er transaksjonsvolument for Bitcoin lite samanlikna med t.d. Visa eller Mastercard. Visa har t.d. meir enn 150 mill. transaksjonar pr. dag, noko som tilsvarer rundt 2000 trans./sek (TPS). Bitcoin har framleis under 100 000 transaksjonar pr. dag, i gjennomsnitt 1 eller mindre TPS. Fleire løysingar har vore føreslege for å skalera opp Bitcoin-transaksjonane. Som nemnt tidlegare, er maks. blokkstørrelse endra til 1 MB, utan at det har gitt resultat. Blokkstørrelsen er framleis rundt 250 KB i gjennomsnitt.

Forskarane Yonatan Sompolinsky og Aviv Zohar har føreslått endringar i Bitcoin-protokollen for å auka prosesseringa av transaksjonar: "Accelerating Bitcoin's Transaction Processing - Fast Money Grows on Trees, Not Chains".

Kan og bør Bitcoin-teknologien brukast til andre ting enn valuta-transaksjonar? Mastercoin er eit initiativ som byggjer på Bitcoin-teknologien (blokk-kjeda) for å levera andre typar tenester enn valuta-transaksjonar. Panelet såg slike initiativ som positive (sjølvsagt! det skaper jo meir etterspørsel etter maskinvare). Viss det er eit behov og vilje til å betala for det, så er det ingen grunn til å reservera blokk-kjeda utelukkande til valuta-transaksjonar. Men for å unngå at blokk-kjeda blir for stor og vanskeleg å synkronisera i nettet, bør det gjerast på ein smartare måte. Det kan vera ved å introdusera side-kjeder for spesialiserte tenester, og/eller å optimalisera nedlasting av blokk-kjeda (alle treng kanksje ikkje å lasta ned alt).

lørdag 17. mai 2014

Bitcoin 2014 - Amsterdam


Traktoraksjon i Sogndal sentrum ein dag, Bitcoin-konferanse i Amsterdam neste. Det er stor spennvidde i aktivitetar og interesser og det trur eg er noko av kjernen i det me må vera gode på i fylket vårt. Min gode kollega Karl Georg Høyer, som dessverre døydde så altfor tidleg, lanserte begrepet 'mangesysleri' og gjorde eit poeng av at det er ein styrke for oss. Dessverre har ikkje Karl Georg sine tankar fått særleg fotfeste hjå dei som styrer. Eg meiner det er på tide å ta opp att desse tankane.

Første verkeleg internasjonale Bitcoin-konferansen
Bitcoin 2014 er den første verkeleg internasjonale Bitcoin-konferansen. Bitcoin 2013 vart arrangert i San Jose, og i år er det altså Europa og Nederland. Det er ikkje tilfeldig at det er i Amsterdam og Nederland. Nederland har lange tradisjonar som eit liberalt og frilynt land, opne for nye idear og med ei meir avslappa haldning til ting som elles blir tekne veldig alvorleg i andre land.

Kvifor Nederland?
- toleranse
- eksperimentering
- 6. største Bitcoin-land (pr. innbyggjar er dei størst)

Årets konferanse har samla over 1100 deltakarar, så interessa for Bitcoin er stor. Deltakarane representerer eit stort spekter, slik programmet også legg opp til: her er både geeks, jus, finans og akademia representerte. Likevel er nok dei teknologi-interesserte i hovudvekt.

> 1100 reg.
120+ presentasjonar
40+ utstillarar
50+ land

Neste år blir konferansen arr. i Asia.

Patrick Byrne - Overstock.com
"500 Years of Liberalism: From the Netherlands to crypto currency" (opptak på YouTube)

Overstock.com var den første større netthandelen som tok i bruk Bitcoin. Men dei som trudde Patrick Byrne skulle snakka om korleis det var å ta i bruk Bitcoin, og eg var ein av dei, vart skuffa. Presentasjonen hans handla om det tittelen sa; utviklinga av krypto-valuta i lys av 500 års liberal utvikling og med utgangspunkt i Nederland. Det var ei interessant historisk-filosofisk forelesing, heilt fri for sal og marknadsføring, som ein kanskje kunne frykta i utgangspunktet.

Stikkord frå innleiinga:
- toleranse, pluralisme, const. federation, fred
- Erasmus
- Baruch Spinoza
- Borgarskap og handelsmenn (Bourgeoisie & merchants)
- verdas første børs opna i Amsterdam i 1602
- Vindmøller, diker (entreprenørskap)
- Separatistar frå England (som seinare drog til Nord-Amerika -> pilgrimar)
- John Locke budde også i Amsterdam i ein lang periode ("Consent of the Governed")

Univ. of Salamancha viktig for å formidla liberale verdiar.

Korrupt Wall St.
PB fortalde om tida han jobba i Wall Street og med ei stigande erkjenninga av at finansnæringa var gjennomkorrupt. Han hadde bevis, som han sa, og tok det til påtalemyndigheitene, utan å komma nokon veg. Han ga namnet på dei han meinte var sentrale i svindel, men likevel skjedde ikkje noko. Seinare kunne han konstatera at enkelte av dei han hadde oppgitt namna på, vart etterforska. PB ga ikkje mykje håp til dei som trur at systemet kan endrast, og vil endrast, etter finanskrisa. "Wall Street has Washington under its thumb" som han uttrykte det.

Liberalismen som gjekk feil veg
PB var oppteken av utviklinga av liberalismen og meinte eit avgjerande punkt i historia var Rousseau. Med han kom det PB kalla Authoritarian submission inn i liberalismen - eller synda kom inn i historia for å seia det på ein annan måte. PB uttrykte det som "eit virus vart implantert i det liberalistiske operativsystemet". Han meinte det var denne retninga som leia fram mot dei sosialistiske diktatura med si blinde tru på sentralistiske institusjonar, og som øydela mykje for liberalismen som grunnsyn.

Radikal i USA-auge
Patrick Byrne stilte i stilig Mao-dress; berre det ville vel ekskludert han frå det meste i USA. Det er klart at mannen er langt meir til venstre enn den offisielle partiskalaen i USA. Men han leiar ei bedrift med 10 mrd. i omsetning, og det gir respekt også der.

Patrick Byrne meinte to institusjonar har eit sentralt ansvar for finanskrisa:
- Central banking (Federal Reserves)
- Central Counterparty Clearance (som har gitt løyve til alle mulege tvilsame finansaktørar og -produkt

Overstock og Bitcoin
Etter presentasjonen fekk han spørsmål om innføring av Bitcoin hjå Overstock.com, ein prosess som hadde gått overraskande smertefritt. Dei fekk mykje publisitet gjennom å vera den første større netthandelen som aksepterte Bitcoin. Mange Bitcoin-sympatisørar handla hos Overstock berre for å visa støtte. Men omsetninga i Bitcoin er minimal i høve til totalen; den utgjer mindre enn 1 %. Den er likevel aukande.

Byrne skulle gjerne sett at Overstock-aksjar var dei første som vart "lista" på Bitcoin-blokk-kjeda (men sist han uttala seg om Bitcoin, vart han fanga av uttalen og måtte setja i gang utvikling for å kunna ta i mot valutaen på nettsidene..).

Regulering av Bitcoin

Det var fire parallelle sesjonar på konferansen:
1.  Enterprising in the Digital Age: Merchant & Consumer services
2. The Digital Economy
3. Bitcoin Technology: Present and Future
4. Rules of the Game: The Legal Landscape

Det er vanskeleg å velja når det er fleire interessante tema, men eg heldt meg stort sett til sesjon 4 første dag. Sjølv om teknologien er interessant, trur eg det til slutt blir reguleringar som blir avgjerande for Bitcoin si framtid.

"Getting the benefits while controlling the risks" er bodskapen Bitcoin Foundation prøver å få inn hjå myndigheitene. Strategien for å gjera Bitcoin meir mainstream og lettare å svelgja for myndigheitene, synest klar: BF har rekruttert erfarne lobbyister, som Jim Harper, som kjenner Washington ut og inn. Dessutan er han pent kledd, noko som får han til å verka eldre enn han er (hans eigne ord, med eit lite smil).

Det er ikkje sikkert alle Bitcoin-entusiastar jublar over dette, og eg spurde panelet korleis dei handterer det betydelege spriket i Bitcoin-miljøet: frå crypto-anarkistar til venture-kapitalistar. Jim Harper svarte at han er ein krypto-anarkist i dress ;) Elles var svara ganske politiske; dei vil arbeida for alle og bla bla.

Oppgåvene til BF:
- overoppsyn med Bitcoin-protokollen
- advocacy (kamp for)
- opplæring, informasjon (dei to siste overlappar ein del, den første oppg. er strengt skild frå dei andre)

Bitcoin klassifisert som eigedom (asset, commodity) har ein svært negativ effekt på små bedrifter som ønskjer å ta i bruk valutaen (kompliserte rapporteringskrav

Karakteriserer Bitcoin-utviklinga no som god:
- modning
- profesjonalisering

Det som skjer av regulering i New York (stat) vil ha stor betydning for resten av USA fordi NY er finanssenteret.

Kva med reguleringar frå Kina og Russland?
- totalitære system vil aldri lika denne typen desentral teknologi

John Beccia: "A regulatory roadmap for widespread adoption of digital currency"
Me står ved ein skiljeveg no i høve kor mykje regulering som skal innførast for Bitcoin indirekte gjennom regulering av krypto-valuta. John Beccia snakka om reguleringa i dag, kva den betyr for vanlege brukarar og korleis det ser ut til å bli i framtida.

- det er vekslingspunkta som er dei viktige
- kriminalitet (kvitvasking m.m.) og sikkerheit er det myndigheitene er mest opptekne av
- alle som tilbyr finansielle tenester og som oppbevarer andre sine pengar, må oppfylla ein del krav, og i USA er dei spesielt strenge
- Mt.Gox og Silk Road er skrekkeksempla myndigheiter ikkje vil sjå

Framleis mykje opplæring å gjera; store delar av finansverda og myndigheiter forstår ikkje Bitcoin og andre kryptosystem.

Det globale perspektivet er heilt avgjerande for Bitcoin, så reguleringar i ulike land er viktig for utviklinga

Bobby Lee, BTC China:
"The Rise and Regulation of Bitcoin in China"
Dette innslaget var laurag 17. mai, men pga. innhaldet er det naturleg å ta det med her.

BTC China starta i juni 2011, er no den eldste Bitcoin-vekslinga, etter at Mt. Gox gjekk over ende.
Det var i 2013 det verkeleg tok av, også for BTC China. På slutten av 2013 tok yuan over for US dollar som den mest brukte vekslings-valutaen,

China - a nation of savers: Bitcoin som investering
Inflasjon dei siste åra er også ein viktig grunn til kinesisk interesse for Bitcoin.

A nation of engineers - utdanninga prioriterer kunnskapar i realfag

Regulering
- starta i begynnelsen av desember 2013 (05.12.13)
- Bitcoin er ikkje ein valuta, men "a virtual good"
- usikkert kva som var bakgrunnen, men reguleringa hadde ikkje særleg verknad

Ny regulering 16.12.13
- munnleg åtvaring mot handel med Bitcoin-firma (men ikkje noko skriftleg!)
- masse rykter
- "415" event: all Bitcoin-veksling i Kina ville bli stengd [415 er kinesarane sin måte å seia 15. april]
- 24. april vart alle bankar pålagde å ikkje handla med Bitcoin-firma (ikkje lov for kundane å overføra pengar frå konto for å kjøpa Bitcoin)

BTC China opererer som vanleg
- brukar "vouchers":
- den siste mulegheita er kontant-kjøp av Bitcoin (for Bitcoin er framleis lovleg i Kina)

Lover i Kina er bevisst formulert litt vage for å gi rom for endringar i framtida
- følgt opp med munnlege råd
- handheving av lover: ofte er det "one eye open, one eye shut"

Framtida for Bitcoin i Kina:
- reguleringane har hatt ein avkjølande effekt
- potensielle kjøparar er avventande
- Bitcoin is now discouraged
- media har snudd frå Bitcoin-interesse til å presentera negativ informasjon om den

- har likevel tru på Bitcoin i Kina, mest fordi kinesarane er svært opptekne av å spara, t.d. i gull

Hong Kong følgjer i praksis dei same reglane som elles i Kina.

Gavin Andresen: "The State of Bitcoin"
GA er teknologiansvarleg for Bitcoin i Bitcoin Foundation, men Wladimir van der Laan overtek no den rolla slik at GA kan konsentrera seg om dei mange andre oppgåvene han har.

Han blir hylla som Bitcoin-kongen, men motset seg kraftig den type karakteristikkar
Han er prototypen på "nerd", og går også rundt med skiltet "geek" for å fjerna all tvil. Legg til ein StarTrek-sveis og alt fell på plass..

Me må gløyma februar 2014 så fort som muleg (Luna horribilis)
Bitcoin har og har hatt veksesmerter

Bitcoin-kjernen er koden Satoshi Nakamoto etterlet seg (skriven i C++)
- programmet er også kjendt som bitcoind (Bitcoin daemon)
- det er ganske vanskeleg å setja seg inn i koden, og "Satoshi left us a bit of a hairball" med alt stappa saman (konsensus/peer-to-peer/lommebok/GUI)

BF har no 3 utviklarar lønna av stiftinga, Cory Fields er den siste om bord
- slow, steady, safe progress er mottoen
- målet er å prosessera transaksjonar så påliteleg som muleg

"Boring is good" - vil ikkje ha drama, "no news is good news"
- core release prosess by deterministic builds

Ei implementering av koden er litt risikabelt
To er verre!
Tre eller fleire er det beste for å skapa eit robust system

Tal transaksjonar pr. blokk er kritisk
- har opna for større blokker i koden, men ser at gravarane held seg til 256 Kb
- sannsynlegvis for å vinna tid og ikkje risikera orphan block
- over tid må transaksjonar pr. blokk aukast, elles blir transaksjonskostnadene for høge

Å skriva sikker kode er vanskeleg!
- feila dukkar opp når verdien aukar

Identity/reputation is hard, and crypto may not help

Becoming mainstream is really hard
- even if you have spiffy technology (sjå t.d. Segway)

Bitcoin wish list
Panel: Gavin Andresen,

Auka blokkstørrelse (fleire transaksjonar pr. blokk)
Ikkje alle Bitcoin-gravarar er familiære med Bitcoin-teknologien (!)
- fører til prosessar som ikkje nødvendigvis er optimaliserte ut frå eit Bitcoin-synspunkt)

Sidekjeder (side chains) er interessante som avlastning av Blockchain

All eksperimentering er bra
- viss nokon er villige til å betala
- viss det skaper problem, må ein prøva å løysa dei i staden for å prøva å hindra utvikling

Problemet med alt-coins er at dei blir sårbare fordi dei er lite utbreidde
- sikkerheita er avhengig av dei ressursande som skal til for å sikra/prøva å knekkja systemet

I dag er mining og Bitcoin-brukarar to skilde grupper
- GA ser for seg at brukarane må ta større del av ansvaret for sikkerheita og dermed engasjera seg meir i mining
- han trur skiljet mellom mining og bruk blir viska ut etter kvart (han håpar i alle fall det)

Trans.inntekter betyr svært lite for mininga i dag. Til saman rundt 12 BTC pr. dag. Til samanlikning blir det grave ut 25 BTC kvart 10. min.; til saman rundt 144 BTC (12 ganger så mykje)
- det vil gradvis bli etablert ein marknad for gebyr etter kvart som belønninga går ned
- trans.kostn er også nødv for å hindra spam

Usability, usability, usability!
- dette er kanskje det viktigaste området for å få større bruk og for å få fleire Bitcoin-brukarar
- Bitcoin UX er noko som bør satsast på!

Look at user behaviour, don't be obsessed by road maps!

Bør skrivast eit white paper om kva som bør lagrast i blokk-kjeda, og korleis

For få som bidreg i open source-prosjektet!
- GA er ueinig, det er stadig fleire som bidreg, men det trengst eit nykommar-program (newbie) for å senka barriera
- det hjelper også å få rydda opp i Bitcoin-kjernen og skilja ut lommebok (wallet) og GUI

Read before write! And read carefully! Satoshis kode er ikkje lett å trengja gjennom. Finst alternative portingprosjekt (Objective C)
- Oleg Andreev (CoreBitcoin) overset C++-koden linje for linje - like mykje eit pedagogisk prosjekt

torsdag 15. mai 2014

Bønder til kamp!

Jerntriangelet Erna, Siv og Sylvi!
Bøndene er forbanna over tilbodet dei har motteke frå regjeringa. Det var ikkje uventa at dette kom til å bli vanskeleg. Først ei blå-blå regjering, så ein landbruksministar frå Frp og som om ikkje det var nok: Sylvi Listhaug. For bøndene kunne dei knapt funne nokon verre. Dama er totalt upåverkeleg og styrer blindt etter eigen ideologi. Den ideologien er enkel: Billegast muleg mat!

Aksjonar
Bondelaget og Småbrukarlaget braut forhandlingane med regjeringa då det vart klart at gapet mellom krav og tilbod var for stort og at det ikkje var vilje frå regjeringa til å auka ramma. Etter brotet har det vore ulike aksjonar, og fleire vil det bli. I går (onsdag 14.05) var det traktor-paradar i mange byar og tettstader. Sjølv deltok eg i Sogndal. Det er første gangen eg har aksjonert på denne måten, men eg tenkjer at dersom me ikkje står opp for norsk landbruk no, kan me like godt avvikla først som sist.

Kan ikkje eta pengar!
For meg handlar det om å ha eit landbruk over heile landet, å halda kulturlandskapet i hevd og å sikra matforsyning i landet. Og ikkje berre forsyna innbyggjarane med mat, men med tryggast muleg mat. Beredskapssida av dette er kanskje det viktigaste, og symptomatisk nok også fråverande i regjeringa sin argumentasjon. Det hjelper veldig lite med mange tusen milliardar oljekroner på bok den dagen ein global matkatastrofe rammar. Me har alt sett små drypp av dette i situasjonar der store korneksportørar stengjer for eksport på grunn av problem med å sikra eige folk nok mat.



Lang rekkje med traktorar i Sogndal sentrum 14.05

Ulv, ulv!
Bondeorganisasjonane har gjort det vanskeleg for seg sjølve ved å ropa ulv nesten kvart år jordbruksforhandlingane startar. Når ulven Sylvi no er sleppt laus i saueflokken, er folk så vande med å høyra klageropa frå landbruket at eg er redd dei tenkjer at dette er som vanleg. Men denne gangen er det faktisk annleis; no er det "extreme makeover" som står for tur: Vestlandslandbruket slik me kjenner det, vil bli radert bort. Om du lurer på betydninga av landbruket rundt om er det berre å ta ein køyretur, t.d. frå Bergen til Trondheim. Det er bygd på bygd med gardsbruk som dominerer biletet på køyreturen. Svært få av desse bruka har ein sjanse til å møta krava til effektivitet som no blir sette fram. Arrondering og størrelse hindrar også eit storskala-jordbruk.

Modent for endring
Eg skal gi Frp og regjeringa rett i ein ting: Jordbruksregiment med forhandlingar ++ er overmodent for endring. Men det er skilnad på å barbera seg og skjera av seg haka! Jordbruksorganisasjonane og regjeringa har på mange måtar målt seg inn i eit hjørne med dagens forhandlingssystem. Eg trur me må sjå til andre land i Europa og korleis dei har klart å ta vare på småskala-landbruket. Østerrike og Sveits er gode eksempel her. Men då må bøndene vera villige til å akseptera at dei i større grad blir landskapsforvaltarar og i mindre grad produsentar. Det sit langt inne for mange bønder. Men tilskota må i større grad vriast bort frå produksjon og over på forvaltning av landskapet.

Dette kvadet kan passa til slutt (henta frå Dag og Tid 09.05.14)

Bonden trudde på godt om året.
Feit var jorda og landet rikt,
dei sa der var sylv i staten.
Det skulle verta kjøt på fenadlåret.
Bonden pløgde, harva, sådde.
Sola skein, men listige var dei som rådde.
Lite vyrde dei på maten. 
Vondt og skrint og skralt vart året.
Bonden fekk til salt i såret.

søndag 11. mai 2014

Konsert med SKRUK

SKRUK og Per Oddvar Hildre i Hauge kyrkje, Lærdal.
Ja, biletet hadde vorte litt betre om eg hadde reist meg opp..
Laurdag 3. mai var det konsert med koret SKRUK i Hauge kyrkje, Lærdal. Det vart ei stor oppleving for ei nesten fullsett kyrkje, frå eit kor som held ein veldig høg standard til amatørar å vera. Konserten var ein del av lanseringsturnéen "Sangen fra katakombene".

SKRUK, eller Sunnmøre Kristelege Ungdomskor, vart starta i 1973 og feira 40 år i fjor. Enkelte har vore med sidan starten og må seiast å vera komne over den første ungdommen. Per Oddvar "Prots" Hildre har vore leiar i alle åra. Han har kanskje Norges mest imponerande skjegg (han kunne gått rett inn i gruppa ZZ Top..) , men det er nok andre kvalitetar som gjer han til ein god kordirigent. Han er tydeleg som få, og ser ut til å få koret til å yta maksimalt når det gjeld. Koret har alltid leita etter nye utfordringar og nye musikalske samarbeid, og som dei skriv sjølve:
[SKRUK] har gjennom alle desse åra vore plogspiss og grensesprengar innan norsk kormusikk. SKRUK har sidan starten i 1973 funne, og blitt funnen av, spanande musikalske samarbeidspartnarar i inn- og utland.
Det siste samarbeidet har vore med syriakiske musikarar og songarar. Syriakarane lever i grenseområdet Syria, Irak og Tyrkia og har ein heilt spesiell musikalsk kultur. Dei er kristne og tilhøyrer den syriskortodokse kristendommen, og har ein sangtradisjon som går 2000 år tilbake, nesten uendra. Dei syng også på arameisk, Jesus sitt språk, og dei syng i katakomber der dei held gudsteneste.

Koret opna med songar frå katakombene og sette med det ei spesiell stemning. Dei stod også utradisjonelt langs sidene og midtgangen i kyrkja, og kvar stemme kunne difor høyrast svært tydeleg.

Andre avdeling var sett saman av tidlegare musikalsk materiale, både norske korverk (Tord Gustavsen, Knut Nystu og Magnar Åm) og gospelmusikk frå sørstatane i USA. Det er kanskje det siste koret er mest kjende for, men eg tykte dei norske verka var høgdepunkta. Det desiderte høgdepunktet for min del var Magnar Åm sitt arrangement av Matias Orheim si salme "Å, var eg meir deg, Jesus, lik". Her er ei framføring frå ein konsert i Lysekil kyrkje:

Per Oddvar Hildre fortalde om komponisten Magnar Åm, busett i Volda. Han er lite kjend i heimlandet, men har laga mykje spennande musikk. Åm komponerer samtidsmusikk og er kanskje lite tilgjengeleg for folk flest. Hildre åtvara då også om at korarrangementet kunne høyrast litt "merkeleg" ut. Det var det absolutt ingen grunn til å gjera, det var eit arrangement som eg trur gjekk rett inn hjå dei fleste; det var berre utruleg fint, eller "vondt vakkert" som Erik Hillestad i Kirkelig Kulturverksted uttrykte då han høyrde det første gongen.

"Sanger fra katakombene" er tilgjengeleg både på CD og via iTunes, sikkert også som strøyming gjennom Beat.no eller Spotify - det har eg ikkje sjekka.

Som eg var inne på, er SKRUK kanskje mest kjende for gospelmusikken og samarbeidet med Ytre Suløens Jass-Ensemble. For eigen del har eg høyrt veldig mykje på SKRUK sitt samarbeid med Kåre Nymark Collective på plata "Dype stille sterke milde". Med trompetaren Kåre Nymarks band tek SKRUK eit steg fram frå dixie-stilen med Ytre Suløen til eit meir moderne jazz-uttrykk. Det har vore den mest spelte musikken min det siste året!