tirsdag 23. juni 2015

Ross Ulbricht Breaking Bad

Skjermdump av Silk Road-tenesta (frå Wikipedia.org)
Historia om mannen bak Silk Road, Ross Ulbricht, er som ein kopi av serien "Breaking Bad" (viss du ikkje har sett den må du berre setja i gang og sjå!). Men som vanleg er verkelegheita meir fantastisk enn den oppdikta versjonen! Wired har skrive historia om Ross Ulbricht og Silk Road, det har også delvis Nathaniel Popper gjort i "Digital Gold", og det er som å lesa eit filmmanus (evt. manus til ein tv-serie). Det gir dårleg odds å vedda mot at dette blir film/tv om ikkje lenge.

Svigermors draum
Ross Ulbricht var ein gløgg gut frå Austin, Texas, med speidarbakgrunn og eit pent ytre var han nærmast som ein svigermors draum. Han tok ein master i materials science and engineering. Men han mista interessa for ingeniør-faget og vart tiltrekt av økonomi. Han vart særleg oppteken av økonomen Ludwig von Mises, ein kjend figur for ortodokse liberalistar. Etter eit par mislykka forsøk på å starta bedrifter, enda han opp med å hjelpa ein nabo med nett-tenesta Good Wagon Books, ein markand for brukte bøker.

Ultra-liberalistisk
I 2010 oppdaga Ross Bitcoin og fekk ein idé om å starta ei nett-teneste der folk kunne handla anonymt. Som liberalist meinte Ross at bruk av narkotika var ei personleg sak som styresmaktene ikkje trengde leggja seg opp i. Frie menneske måtte få velja sjølve kva dei ville ha i seg, så lenge dei ikkje skada andre. Idéen materialiserte seg som Silk Road i januar 2011, og eit av dei første produkta som var å få kjøpt, var fleinsopp som Ross sjølv hadde dyrka. Silk Road var modellert etter Amazon og eBay, men hadde eit vareutval som var på den mørke sida av lova.

Baltimore Police tek saka
Rundt eit år seinare hadde post-tilsette i Baltimore merka seg at narkotika sendt via posten (UPS) var eit aukande problem, og dei hadde notert seg at det kunne komma frå noko som heitte Silk Road. Dette orienterte dei om på eit møte med FBI, DEA (narkotikapolitiet) og IRS (skattemyndigheitene). Spesialagent Carl M. Force spissane øyrene då han høyrde dette, og adrenalinet steig; det var noko for han. Han var lei av å storma dører og arrestera småkriminelle med nokre få gram narkotika, han hadde større ambisjonar.

Til slutt vart det sett ned ei spesialgruppe på 40 personar der agent Force var sentral. Han skjønte fort at for å komma nokon veg med denne utfordringa, måtte han/dei bli kundar av Silk Road og prøva å bli venner med hovudpersonen bak tenesta, han som no kalla seg Dread Pirats Robert (DPR) - henta frå The Princess Bride, ein roman av William Goldman (den er også filma).

Force vart kopla saman med ein dyktig IT-agent i FBI, Tarbell, og operasjon "Marco Polo" var snart i gang med Force og Tarbell som anonyme brukarar på Silk Road.

Kombinasjonen TOR og Bitcoin
Ross Ulbricht tok med seg delar av bok-tenesta Good Wagon Books og bygde Silk Road på det. Men det var prøving og feiling heile vegen, for Ross var ikkje IT-utdanna og heile prosjektet var av typen "båten blir til mens vi ror". Kommunikasjonsmessig var Silk Road basert på TOR - The Onion Router - eit system for å maskera IP-adresser. Ironisk nok var TOR utvikla av den amerikanske marinen på starten av 2000-talet. Betalingsmessig var Bitcoin valutaen, sidan den var mykje vanskelegare å spora enn vanleg kortbruk. Silk Road kopla seljarar og kjøparar og tok eit gebyr av kvar handel. Det gjekk ikkje lang tid før pengane strøymde inn. Den politiske bodskapen frå Ross Ulbricht - a.k.a. Dread Pirate Roberts - var også tydeleg:
"Stop funding the state with your tax dollars and direct your productive energies into the black market"
Dette var Silicon Valley teken til det ekstreme: ein disruptiv teknologi pakka inn i politisk retorikk. Etter kvart som Silk Road vart større og større vart også Ross Ulbricht/DPS meir og meir den mytiske leiaren for ein kult - han vart ein slags undergrunnsversjon av Steve Jobs med ganske fanatiske tilhengjarar. Som Jobs hadde han også store humørsvingingar og kunne vera alt frå den elskelege, omsorgsfulle sjefen, til knallhard og følelseslaus.

Eggheads
Spesialgruppa sett saman for å jakta på Silk Road hadde ulik kompetanse. Det var personar som var langt unna den klassiske politimannen som storma dører og elska bruk av våpen, eller før den operasjonen: banka på dører og intervjua mulege vitne osv. IT-ekspertane vart nokså forakteleg kalla "eggheads" av dei klassiske politimennene, og det var sterke spenningar mellom gruppene, i tillegg til eit usannsynleg byråkrati i politiets mange avdelingar, FBI og samarbeidspartar.

På mange måtar var det eit under at det var muleg å få til eit samarbeids-team på tvers av dei ulike aktørane. Dette er jo også tydeleg demonstrert i ulike tv-seriar, ikkje minst "The Wire". Men "the eggheads" brukte først og fremst hovudet, og skjønte at den nye og veksande kriminaliteten på nettet kravde annan kompetanse enn det politiet var bygd opp rundt. Den trengde folk med inngåande kompetanse på datamaskiner generelt, på nettverk og protokollar og på nye teknologi-plattformer som Bitcoin.

Det stod klart for "Marco Polo"-teamet at dei måtte prøva å finna fram til hovud-servaren bak Silk Road. Dei måtte leita etter ei sentral IP-adresse, ikkje etter personar i første omgang.

Force lykkast i å komma i kontakt med DPR via chat-kanalen på Silk Road og vart snart ein av dei med mest kontakt med han. Force ga seg ut for å vera ein "offiser" i eit dominikansk narko-kartell, og kalla seg Eladio Guzman, med kallenamnet Nob.

Første gjennombrotet
Det første gjennombrotet i saka kom då Nob klarte å avsløra Curtis Green, ein av DPSs mest nære samarbeidspartar. Green fekk ansvar for "kunde-behandling" og tok seg av ulike klager og saker frå brukarane av Silk Road. Han var "amatør-farmasøyt" og styrte også eit forum på Silk Road kalla Health and Wellness (!), der han ga råd om korleis ulike stoff burde brukast og ikkje brukast.

Nob sørga for ei bestilling av kokain frå Curtis Green, og då pakken vart levert på døra til Green, var politiet på plass og storma huset. Green var meir enn villig til å samarbeida med politiet og snakka som ein foss. DPR hadde lagt merke til at Green  hadde vore borte nokre dagar og fann i tillegg ut at $ 350.000 i Bitcoin var forsvunne. Det utløyste krisealarmen og DPR/RU gjekk frå Walter White-modus til Heisenberg (for dei som har sett Breaking Bad). Det var på tide å hyra inn leigesoldatar for å ordna opp i Curtis Green-problemet. Nob sat på andre enden av chat-kanalen og skjønte at dette kom til å bli viktig. Han fekk ein pdf av førarkortet til Green frå DPR og Nob spurde korleis DPR ville ha det gjort. Sidan det var DPR/Ross Ulbrichts første steg over linja, var han usikker, og dialogen enda med at han ville ha Green banka opp og tvinga til å levera tilbake Bitcoin som var borte.

Fingert tortur
Nob - a.ka. agent Force - arrangerte ei tortur-scene der Green vart halden under vatn og banka opp, og sende bileta til DPR. Men DPR, saman med andre på forumet, forstod at Green kunne vera ei tikkande bombe, så han sende melding til Nob: "ok, so can you change the order to execute rather than torture?" Han la til: "never killed a man or had one killed before, but it is the right move in this case".

Det arrangerte tortur-opplegget vart så gjort om til eit arrangert mord på Curtis Green. Foto av "liket" vart sendt til DPR. Green påstod likevel hardnakka at Bitcoin var blitt borte medan han sat i arresten. Akkurat den delen av saka var litt "fishy", men det skulle seinare visa seg at han hadde rett.

DPR sende $ 80.000 til Nob (til ein konto kontrollert av politiet) for jobben som var utført. Dette var som sagt,  the "Walter White turning Heisenberg"-moment. Ross Ulbricht hadde kryssa ei grense, og heretter vart det berre verre og verre.

Viktig IP-adresse avslørt
Medan Force/Nob sikra seg bevis og gode kort på handa gjennom Curtis Green-operasjonen, kom det eit gjennombrot hos FBI-gjengen av "Marco Polo"-operasjonen: Etter å ha stanga hovudet i den mørke Tor-veggen i månadsvis, kom det plutseleg opp ei IP-adresse som vekte dei. Typisk nok fann dei den via ein diskusjon på Reddit. Ein brukar av Reddit advarte om at Silk Road "lekka" IP-adresse, men DPR var vorten litt for arrogant og sjølvsikker og fanga ikkje opp, eller brydde seg ikkje med advarselen. IP-adresse 62.75.246.20 vart fanga opp og viste seg å vera adressa til sjølve Silk Road-serveren! Serveren vart lokalisert til Island og til server-parken Thor (!)., nok eit ironisk samantreff. FBI drog til Island og fekk nødvendig løyve til å gå inn i server-parken og ta med ein kopi av den nemnde serveren. Dei drog dermed heim med Silk Road i lomma!

Gjennomgangen av Silk Road-kopien og ikkje minst chat-loggane som var førte, viste at DPR sokk djupare og djupare moralsk sett. Utpressingane heldt fram, og auka, og DPR engasjerte Hell's Angels for å bli kvitt brysomme utpressarar.

Ross Ulbricht knytta til Silk Road
Den neste oppgåva var å finna mannen bak Silk Road, noko som også viste seg ikkje å vera lett. Men igjen låg svaret ope på nettet! Ein brukar som kalla seg Altoid skreiv om "den spennande nye tenesta der du kan kjøpa kva som helst anonymt". Vidare spurde han om korleis ein skulle kopla seg opp mot ei Tor-teneste ved å bruka curl i php. Brukaren hadde e-postadressa rossulbricht@gmail.com. Problemet var at det var IRS som sat med denne informasjonen, og dei visste ikkje kva dei skulle med den. Men ved eit slumpetreff vart IRS' mann sett i kontakt med Tarbell i FBI og dermed var siste brikken på plass i puslespelet. No var jobben å finna Ross Ulbricht og sikra seg bevismateriale før det vart øydelagt.

Aksjon Fang Ross Ulbricht
Ulbricht var i San Francisco og han vart raskt lokalisert. For å fanga han måtte "Marco Polo"-kjernen samarbeida med det lokale/statlege politiet. Dei var av den gamle sorten og sette i gang planlegging av ein klassisk SWAT-operasjon (Special Weapons and Tactics) der dei skulle sprengja døra til leilegheita og kasta seg over den mistenkte. Force, Tarbell og dei andre i "Marco Polo"-gruppa frykta nettopp dette. Dei visste at Ulbricht berre trengde eit par sekundar på å kryptera pc-en og gjera den utilgjengeleg. Det var enormt viktig at han vart overraska medan han var innlogga som admin (= 'Frosty') på Silk Road og ikkje rakk verken å logga ut eller å klappa igjen pc-en.

Improvisasjon av høg klasse
Operasjonen som førte til pågripinga vil garantert bli å sjå på film eller tv. Ross Ulbricht vart sett på veg til den vanlege internett-kaféen han pleide å gå når han jobba med Silk Road. Tarbell & co. sat klare i kaféen, men Ulbricht snudde i døra fordi det var så fullt den dagen. RU gjekk mot det kommunale biblioteket og fann seg ein plass inst i ein krok. MP-teamet måtte improvisera sidan dei hadde førebudd seg på kaféen som åstad. Då dei var sikre på at RU hadde logga inn på Silk Road, sette dei i gang. Ein mann og ei dame nærma seg Ulbricht medan dei krangla høglytt. Mannen greip armen til dama og det såg ut som dei skulle til å slåss. Ross snudde seg eit lite sekund, og i det same sekundet greip ein arm pc-en hans. Det var ei lita dame med asiatisk bakgrunn som hadde sete i nærleiken og følgt opptrinnet. Ho var også FBI-agent.

Livsvarig fengsel
Ross Ulbricht vart sett på handjarn og ført bort. Han vart for sju alvorlege brotsverk, mellom dei kvitvasking av pengar, datamaskin hacking, medverknad til narkotikahandel og seks mordforsøk. Juryen fann han skuldig på alle punkt i saka og dommen 29. mai i år vart på livsvarig fengsel. Det viste seg at ingen av dei seks påståtte morda var utførte, trass i ei utbetaling frå Ross Ulbricht på $ 730.000 til det han trudde var leigemordarar. Påstandane om mordforsøk vart seinare trekte av påtalemakta.

Epilog
For å toppa Breaking Bad, viste det seg at to av etterforskarane, vår venn Carl Force og ein annan, hadde forsynt seg av Bitcoin-krukka i Silk Road. Force og den andre agenten innrømde tjuveri og utpressing og vart dømde. I samanlikninga med Breaking Bad blir det som om Hank til slutt viste seg å vera korrupt. Verkelegheita overgår igjen fiksjonen.





mandag 15. juni 2015

Bitcoin på Stortinget!

I dag heldt eg foredrag om Bitcoin på Stortinget - how about that! Må leggja til at det ikkje var i Stortingssalen, men likevel..

Det heile var ei litt merkeleg blanding av ein 80-årspresang og eit Venstre-arrangement. Det var ikkje Venstre som var 80 år, men Ingar, og han fylte 80 i fjor. Ei av gåvene til han var eit Bitcoin-foredrag, og det enda til slutt opp med å bli halde i Stortinget! Når du ønskjer deg Bitcoin-foredrag som 80-årspresang, har du ikkje mykje teknologiangst! Tvert om har jubilanten alltid vore nysgjerrig på teknologi, web-sosiolog som han er, så det var i grunnen heilt naturleg at han skulle få ei innføring i den nye Bitcoin-teknologien.

I tillegg til Venstre-folk var det venner og kjende av jubilanten. Det var ei høgst oppegåande forsamling og det kom mange gode spørsmål. Her er presentasjonen:

lørdag 30. mai 2015

Kontantar er framtidas betaling!

Innlegg av Kai A. Olsen i DN laurdag 23.05.15
Dette er eit lesarinnlegg sendt til Dagens Næringsliv som svar på professor Kai A. Olsen, Høgskolen i Molde, sitt innlegg "Norge blir kontantfritt" i DN laurdag 23.05.15. Dessverre er det ikkje så lett å få inn lesarinnlegg i DN viss du ikkje har ein fin(yrkes-)tittel eller namn.. Så då må eg leva med at innlegget berre blir posta på bloggen min. [Eg må revudera denne kommentaren, som det vil visa seg. SØ, 21.06.15]

Kort fortalt meiner Kai A. Olsen at det berre er spørsmål om kort tid før Norge er kontantfritt, og at dei einaste som ikkje ser det, er Norges Bank og Finansdepartementet. Olsen har ingen motførestillingar til utviklinga; tvert om helsar han den velkommen. At ein professor i informatikk ikkje viser snev av bekymring for personvernet og anonymitet knytt til betaling, er både overraskande og skuffande. Her er lesarinnlegget eg sende til DN:

Kontantar er framtidas betaling!

Professor i informatikk ved Høgskolen i Molde, Kai A. Olsen, skriv i DN laurdag 23.05.15 at det er opplagt for alle at Norge blir kontantfritt om ikkje lenge. Det er ikkje opplagt for meg; tvert om ser eg ei stor framtid for kontantar – vel å merke digitale kontantar! Det er merkeleg at ein professor i informatikk ikkje har fått med seg dei seinaste åras utvikling innan kryptovaluta, først og fremst representert ved Bitcoin. Bitcoin er digitale kontantar, med kontantane sine fordelar i tillegg til nettet sine.

Den smarte bonden, som Olsen vil utstyra med ein kortlesar til nokre hundrelappar, skaffar seg Bitcoin og sparer hundrelappane. Med Bitcoin kan pengar overførast nesten kostnadsfritt og nesten anonymt. For i motsetning til Kai A. Olsen meiner eg det er svært viktig å ha tilgang til ei betalings¬form som ikkje blir overvaka. Her etterlyser eg at Datatilsynet kjem på bana. Datatilsynet forsvarer retten til å vera anonym, også når det gjeld betaling. Men i staden for einsidig å forsvara dagens kontantar må dei sjå at det er framtidas digitale kontantar det må kjempast for.

Ein viktig ting er likevel Kai A. Olsen og eg einige om: styresmaktene gjer ikkje akkurat utviklinga framover enkel. I Bitcoin sitt tilfelle har Skatteetaten i sin visdom komme fram til at det ikkje er eit betalingsmiddel, men eit formuesobjekt, og at handel med Bitcoin difor er avgiftspliktig. Effekten for privatpersonar er 50 % mva.; først 25 % mva. viss du kjøper Bitcoin i Norge, og så 25 % mva. når du brukar Bitcoin til betaling for varer og tenester. På den måten set Norge seg effektivt på sidelinja i utviklinga av ein teknologi som kanskje er den mest spennande sidan Tim Berners-Lee fann opp verdsveven.

Svein Ølnes, forskar ved Vestlandsforsking, 24.05.2015


lørdag 16. mai 2015

Bugatti Veyron - 10 år med supersportsbil

Bugatti Veyron Grand Sport (Foto: M 93 - CC BY-SA 3.0 de)
Alle tiår har sin supersportsbil (ordet "supersportsbil" kling ikkje like godt som det engelske uttrykket "super sports car" eller "supercar", men..). 1990-åra hadde sin McLaren F1, tiåret før tilhøyrde Ferrari F40, kanskje med litt konkurranse av Porsche 959. Men frå 2005 har bilen over alle bilar heitt Bugatti Veyron.

Det stolte Bugatti-namnet
Bugatti-namnet har ein heilt spesiell klang i bilverda. Bugatti dominerte billøp på 1920- og 30-talet med sine sofistikerte racer-bilar. Bak namnet skjuler det seg eigentleg eit tysk-fransk-italiensk samarbeid. Bugatti-fabrikken vart grunnlagt i 1909 i Molsheim, Alsace, som den gangen var tysk. Grunnleggjaren var iteliensk-fødde Ettore Bugatti. Ettore Bugatti var frå ein kunstnarfamilie og såg på seg sjølv som både kunstnar og ingeniør. Molsheim og Alsace vart fransk etter første verdskrigen.

Bugatti-logo
Då EB døydde i 1947 vart det også begynnelsen på slutten for Bugatti-merket, sidan det einaste barnet, sonen Jean Bugatti, døydde alt i 1939 og ingen andre i familien kunne ta over. Etter ei glideflukt frå 1947 vart merket selt til den spanske bilfabrikanten Hispano-Suiza i 1963. I 1991 presenterte ein italiensk entreprenør modellen EB 110, ein luksus-sportsbil presentert i 139 eksemplar fram til 1995. Namnet 110 kom av at modellen vart lansert 110 år etter at Ettore Bugatti vart fødd. Det vart ein slags forløpar til Volkswagen sitt vidare arbeid då dei kjøpte rettane til Bugatti-namnet før Volkswagen i 1998.

Supersportsbil og superlågt forbruk
Dåverande adm. dir. i VW, Ferdinand Piëch - barnebarnet til grunnleggjaren Ferdinand Porsche, hadde store ambisjonar på fleire område. Han sette seg føre å produsera den ultimate sportsbilen og med det gjenoppliva Bugatti-namnet. I tillegg til ambisjonane i den enden av skalaen, var eit anna prestisjeprosjekt 1-litersbilen, dvs. ein bil som kunne klara seg med 0,1 liter drivstoff pr. mil (tyskarane oppgir alltid forbruk pr. 100 km, derav "1-litersbilen").

Bugatti Veyron 16.4
I 2005 kom så den første Bugatti Veyron 16.4, som den raskaste og råaste serieproduserte bilen ever. Data var spektakulære:

  • 1001 hk 
  • Dreiemoment > 1200 Nm 
  • Toppfart > 400 km/t 
  • Aksellerasjon 0-100 km/t på < 3 s (tilsvarande imponerande 100 km/t - 0)
Talkombinasjonen 16.4 indikerte 16 sylindrar organiserte i grupper på 4, i den velkjende VR-stilen VW har utvikla over lenger tid. Det er ein V-motor med svært liten vinkel, berre 15 grader, og gir store gevinstar plassmessig. den 16-sylindra motoren tek ikkje meir plass enn ein tradisjonell V12-motor ville ha gjort. VR-motorane er modulbaserte og kan komma som 4-, 8- eller 16-sylindra. Det finst også VR5- og VR6-motorar.

Etter introduksjonen av Bugatti Veyron 16.4 kom følgjande modellar i den tiårige historia:
  • Bugatti Veyron Grand Sport
  • Bugatti Veyron Super Sport
  • Bugatti Veyron Grand Sport Vitesse
Den siste modellen var open og hadde 1200 hk. Høgste toppfart registrert for Bugatti Veyron er 431 km/t og vart nådd i ein Super Sport i 2010.

Kva no?
Etter 450 produserte eksemplar, der klassikarstatusen var sikra alt ved første eks., er det store spørsmålet: kva no? Tesla og andre har vist at vegen til høg ytelse ikkje treng vera tradisjonell. Eg trur supersportsbilen for det neste tiåret må baserast på andre ingrediensar enn Bugatti Veyron. Kanskje er det ekstremt lett og sterkt karosseri som er nøkkelen, med desto mindre behov for motoreffekt. Kanskje er det lettkonstruksjon i kombinasjon med el-motor? 

Miljøperspektivet
Uansett meiner eg at denne typen eksperiment er viktige. Mange miljøforkjemparar vil sikkert mislika intenst køyretøy av denne typen, men ekstreme ytelsar, men også ekstremt forbruk. Andre vil meina at ein bil som kostar over 2 mill. euro (og i Norge mykje dyrare) burde forbydast. Det meiner eg blir for snevert. Utsleppa frå dei 450 Bugatti Veyron er ikkje det som øydelegg miljøet vårt, og mennesket sin jakt på stadige rekordforbetringar er vanskeleg å stoppa. Eg trur me treng denne typen eksperiment, og at me på same tida kan tenkja på miljøet. Det er fullt muleg å ha to tankar i hovudet på same tida. 

tirsdag 28. april 2015

Balansekunst


For ei bok! Denne må du lesa om du ikkje alt har gjort det. Sjølv etter 767 sider låg det eit ønskje om at boka var lenger..

"Balansekunst" ("A fine balance" på engelsk) av indiske Rohinton Mistry er ei både vakker og brutal historie frå det fattige India. Mistry vart fødd i Mumbai, men har budd i Canada frå 1975. "Balansekunst" er den andre romanen han har skrive; debutromanen "Så lang en reise" kom ut i 1991. Den vart forresten forbydd i delstaten Maharashtra på grunn av språket, seier min gode venn og kollega Rajendra.

Historia om fire venner
Historia er enkel: Skreddarane Ishvar og nevøen Omprakash reiser til storbyen (Mumbai, utan at det blir sagt at det er den byen) for å finna arbeid. Dei kjem i kontakt med enka Dina Dalal og får arbeid hjå ho. Dina leiger dessutan ut eit rom til studenten Maneck. Me følgjer dei fire gjennom sorg og glede og måten vennskapet utviklar seg på, er rørande. På 767 sider er det klart det også blir mange avstikkarar til familiegreinene til dei fire, og til folk dei kjem i kontakt med.

Eit India i unntakstilstand
Handlinga i boka er lagt til midten av 1970-talet då Indira Gandhi var statsminister og innførte unntakstilstand (State of emergency) etter at ho vart funnen skuldig i valfusk i 1971-valet. Boka gir ein veldig god innsikt konsekvensane av eit slikt styre; i tillegg til overgrep og vilkårlege dommar frå styresmaktene, la det også vegen open for alle slags lokale tyrannar som fekk herja fritt. Taparane var som alltid dei fattigaste. Det er i periodar heilt forferdeleg å lesa kva både våre "heltar" og andre personar må gå gjennom..

Brutalitet og kjærleik tett kopla
Men i den verste brutaliteten får me også sjå ei rørande omsorg dei fattige i mellom. Sjølv om enkelte har veldig lite, delar dei det vesle dei har og prøver å hjelpa kvarandre så godt dei kan. For meg er dette India i eit nøtteskal: botnlaus fattigdom og elendigheit tett kopla med fantastisk rikdom på alle plan; både materielt og sjeleleg.

Skildringa av livet på botnen minner veldig om boka "Shantaram", som også føregår i Mumbai.

Språk med indisk krydring
Språket er veldig bra, særleg fordi forfattaren brukar mange indiske ord som oversetjaren heldigvis ikkje prøver å oversetja, men forklarer i eit lite tillegg bak i boka. Det gir boka eit endå meir autentisk indisk preg.


tirsdag 14. april 2015

Jeg vælger mig april

Når me ser på veret i dag, er det greitt å vita at også Bjørnstjerne Bjørnson var ironisk då han valde tittel på diktet. Han var beden om å skriva eit vers til ein dansk kalender i 1869, men det var berre det at alle andre månadene i året alt var utdelte, så Bjørnson måtte skriva om april. Han snudde det heile elegant ved å kalla diktet "Jeg vælger mig april" ;)


Jeg vælger mig April
Jeg vælger mig April
I den det Gamle falder,
i den det Ny faar Fæste.
Det volder lidt Rabalder;-
dog Fred er ej det Bedste,
men at man Noget vil.

Jeg vælger mig April,
fordi den stormer, fejer,
fordi den smiler, smelter,
fordi den Evner ejer,
fordi den Kræfter vælter,
I den blir Somren til.



Det er Klassekampen (01.04.15) som skriv dette.


Biletet er frå i dag, 14.04.2015 (14. april er første sommardagen!)

søndag 12. april 2015

Revolutionary Road

Boka "Revolutionary Road" av Richard Yates er ein av desse amerikanske klassikarane etter siste verdskrig. Boka kom ut i 1961 og nådde nesten til topps i prisutdelingar. Det var debuten til forfattar Richard Yates. Den vart hylla som eit meisterverk frå den kom ut, og Yates vart ein slags "forfattarane sin forfattar".

Bok blir film
Boka vart filma i 2009, med Leonardo DiCaprio og Kate Winslet i hovudrollane som Frank og April Wheeler. Det førte til fornya interesse for boka, om lag som "Stoner", som har fått ein renessanse dei siste åra.

Det konforme USA
Handlinga i boka er lagt til 1955 og sjølv om Yates har ein veldig realistisk stil, er det først og fremst eit psykologisk drama. Det er kollisjonen mellom den kvelande konformiteten i etterkrigs-USA og den opprørske trangen til det unge ekteparet som er hovudinnhaldet, i alle fall på det ytre planet. Det er tema me også finn i t.d. "Catcher in the rye" og tidlegare nemnde "Stoner", sjølv om William Stoner ikkje akkurat kan karakteriserast som opprørar.

Me og dei andre
The Wheelers ser på seg sjølve som intellektuelle og "betre" enn dei typiske middelklasse-naboane dei omgir seg med. Dei ser til dels ned på dei fleste rundt seg, samtidig som dei ikkje evnar å flykta frå middelmådigheita dei er omgitt av.  Og det er vel fordi dei er mykje meir ein del av dette miljøet enn dei vil innrømma.

Eit annan viktig moment er at om ein prøver å rømma frå ting ein slit med, har nissen ein lei tendens til å bli med på lasset. Dei prøver å flykta frå problem som grunnleggjande sett ligg hjå dei sjølve.

"Boka betre enn filmen"
Eg såg filmen då den kom, men hadde nesten gløymt alt. Det er nok mykje fordi det er vanskeleg å laga ein film som gjer like sterkt inntrykk som boka når handlinga først og fremst utspelar seg på det psykologiske planet, og mykje av spenninga ligg i det som ikkje blir sagt, men berre tenkt.

Eg las den norske oversetjinga, og merkar at enkelte situasjonar og begrep blir litt rare. Eg ville nok prøvd å lesa den engelske om eg hadde valt på nytt.


søndag 5. april 2015

Bauhaus - Bau der Zukunft

Bauhaus-museet i Berlin
På turen til Berlin stod besøk til Bauhaus-Archiv/Museum für Gestaltung på programmet. Museet ligg litt sør for den vestre enden av Tiergarten, nær Leopold-platz. Sjølve bygget er særmerkt, og teikna av grunnleggjaren av Bauhaus(-skulen), Walter Gropius. Det er eit ganske lite museum, men snart skal museet renoverast og utvidast og nyopninga skal skje i 2019, på 100-årsdagen for stiftinga av Bauhaus.

14 intensive år (1919 - 1933)
Bauhaus-perioden varte berre i 14 år, frå 1919 til 1933. Men den har sett djupe spor etter seg og er framleis til inspirasjon for byggjekunsten. Bauhaus-retninga og stilen er avantgarde for det moderne klassiske og ufråvikeleg knytt til det moderne. Sjølve ordet "Bauhaus" var ein vri på det tradisjonelle tyske ordet "Hausbau", og kan oppfattast som eit uttrykk for å snu om på vante førestillingar. Bauhaus var på same tida både eit utviklings- og utdanningsprogram, ei samansmelting av kunst og handtverk og ein skule for ny arkitektur. Funksjonalisme og funkis-stil er andre ord for designstilen Bauhaus innførte.

Bau der Zukunft
Bauhaus vart etablert av arkitekten Walter Gropius i 1919, i form av eit manifest/program: "Programm des Staatlichen Bauhauses in Weimar". Mottoet var "Bau der Zukunft" - framtidas byggverk. Weimar var staden for etableringa, og heile Bauhaus-epoken var sterkt prega av Weimar-republikken etter første verdskrigen.

Kuns og handtverk = Kunsthandtverk
Hovudideen til Walter Gropius var å foreina kunst og handtverk. Bauhaus tilbydde i starten ikkje arkitektutdanning, all undervisning i arkitektur skjedde på Walter Gropius' eige kontor. Interessant nok hadde ikkje WG fullført arkitektutdanning sjølv! "Der Schule soll allmählich in der Werkstatt aufgehen". Han la stor vekt på det praktiske og handtverksmessige. Bauhaus-retninga må også sjåast i etterkrigstidas lys med stor bustadmangel og det luksuriøse måtte vika plass for det funksjonelle. Men samtidig skulle byggjeprosjekta vera meir enn berre å setja opp bygningar: "bauen bedeutet gestalten von lebensvorgängen". Bauhaus var like mykje ein "livsfilosofi" som ein arkitekturretning.
Paviljong teikna av Mies van der Rohe til verdsutstillinga i Barcelona,
1929 (Foto: Vicens (CC BY-SA 2.5))

Tre byar og tre direktørar
Bauhaus hadde tre sentrale byar og tre sentrale leiarar i den 14-årige perioden frå oppstart til avvikling:
- Etablert i Weimar i 1919
- Flytta til Dessau i 1925
- Til slutt flytta til Berlin i 1932 der institusjonen også vart avvikla kort tid etter at nasjonalsosialistane tok makta

Den første leiaren var grunnleggjaren Walter Gropius. Deretter overtok Hannes Meyer før Ludwig Mies van der Rohe som den siste direktøren oppløyste Bauhaus som institusjon. I Hannes Meyers direktørtid vart politiske spenningar og grupperingar stadig meir tydelege, og kommunistiske sympatisørar tok meir og meir styring. Også Meyer førte Bauhaus i ei retning bort frå det estetiske og kunstnerisk motiverte, til det praktiske og politiske der det viktigaste var å løysa bustadkrisa.

Det enda med at Meyer vart avsett i 1930, og Ludwig Mies van der Rohe vart tilsett som ny direktør. Han endra kursen til ei sterkare satsing på handtverksmessig, teknisk og kunstnerisk utdanning. Bauhaus vart ein arkitektskule med Mies van der Rohe ved roret, men ikkje utan harde kampar og utvising av studentar.

Bauhaus-bygning i Dessau teikna av Walter Gropius
(Foto: Mewes (CC BY-SA 2.5))
Framleis moderne
Sjølv om Bauhaus nærmar seg 100 år, framstår mykje framleis moderne. Det måtte verkeleg ha framstått som radikalt på den tida. Sjå berre på Ludwig Mies van der Rohes paviljong til Barcelona-utstillinga i 1929 - den er berre lekker og ser framleis ultramoderne ut! Bygningen frå 1929 vart riven etter utstilling, men ein kopi vart gjenoppbygd i perioden 1983 - 1986 på same staden.

Typografi
Bauhaus-stilen handla om radikal forenkling til eit minimalistisk, men funksjonelt uttrykk. Denne stilen vart også reflektert i ulike skriftlege arbeid, som plakatar, ulike skrift og i utvikling av typografi. Også typografien var radikal, til dømes ofte bruk av små bokstavar også i starten av setningar. I Tyskland og det tyske språket, med mykje bruk av store bokstavar, mellom anna i alle substantiv, var dette spesielt radikalt. Herbert Bayer var ein av dei leiande Bauhaus-personane innan typografi.

Aktuell bok: "bauhaus archiv 1919 - 1933" av Magdalena Droste

torsdag 2. april 2015

Departementet

Eivind Tesaker er sikkert ein skikkeleg irriterande og brysom medarbeider. Ein av dei som kjem med kritikk av det meste og som pirkar i nesten alt leiinga gjer og føreslår. Og bra er det! Om berre litt av det han skriv i boka "Departementet - Opptegnelser fra et byråkratkontor" er tilfelle, er situasjonen ille.

Boka "Departementet" bør delast ut til alle departements- og direktoratstilsette - den bør massedistribuerast i same omfang som Ingebrigt Steen Jensen si "Ona fyr" i si tid.

Kvifor ikkje Difi?
Eit spørsmål som melder seg hos meg når eg les boka, er kvifor denne ikkje er skriven av Difi, eller Riksrevisjonen? Difi er staten sitt eige fagorgan for forvaltningsutvikling, og burde i høgste grad interessera seg for dette. Problemet er vel at dei berre gjer det dei får beskjed om, og i liten grad handlar på eige initiativ.

Kvifor ikkje Riksrevisjonen?
Også Riksrevisjonen burde har teke mål av seg til ein kritikk som Eivind Tesaker har teke på seg: "Riksrevisjonen skal bidra til at fellesskapets midler og verdier blir brukt og forvaltet slik Stortinget har bestemt. Dette gjør vi gjennom revisjon, kontroll og veiledning." Best muleg bruk av fellesskapen sine midlar er også ETs hovudmål.

Kulturdepartementet som arena
Eivind Tesaker er avdelingssjef i Kulturdepartementet og har i lenger tid brukt ytringsfridommen sin til å kritisera utviklinga på departementsnivå, med utgangspunkt i eige departement. Han vart først kjend for eit større publikum etter at rapporten frå Gjørv-kommisjonen vart lagt fram då han i ein kronikk omtalte situasjonen i Kulturdepartementet, ein situasjon som stemde veldig godt med Gjørv-kommisjonen sine funn. Etter den kronikken prøvde leiinga å seia han opp (!), men Tesaker har vore ute ei vinternatt før og "stod han av". Som den varslaren han er, må det likevel vera noko ugreitt på jobben vil eg tru, og særleg i høve til leiargruppa.

Hovudproblema
Tesaker grip særleg tak i følgjande utvikling, som han meiner er heilt feil retning:
  1. Veksten i tal tilsette i departementet generelt og produktivitetsnedgangen (talet på tilsette veks, medan tal saker og meldingar dei handsamar går ned)
  2. Rausheits-diktaturet: Verdi- og endringsbasert leiing med "nyord" som rausheit o.l. som legg eit lok på kritisk tenking og diskusjon. Meir generelt at stadig meir tid går med til internt arbeid som strategi, medarbeiderutvikling m.m.
  3. Risikostyring, risikoanalysar m.m. som er i ferd med å ta overhand og legg seg som klister under saksbehandlinga
Stor, større, ...
Veksten i departementstilsette er urovekkjande av fleire grunnar: Det blir stadig fleire, men departementa "produserer" stadig mindre; me ligg høgt over nabolanda det er naturleg å samanlikna oss med:
Dep.tilsette
Innbyggjarar
Danmark
4 300
5,5 mill.
Sverige
4 600
9,4 mill.
Finland
4 200
5,4 mill.
Norge
5 000
5,0 mill.

Den oljesmurte økonomien har gjort at me har kunna ta oss råd til større vekst i offentleg sektor enn nabolanda. Og departement (og direktorat) har auka meir enn andre sektorar. Tesaker meiner det er god grunn til å spørja om veksten skal halda fram, eller om ein rett og slett skal starta ein slankeprosess. Spørsmålet er absolutt på sin plass når me ser på tala i tabellen over.

Så må det leggjast til at talet på tilsette i departementa ikkje fortel alt om kor topptung staten er; direktorata burde også vore tekne med. Av og til utfører departementa direktoratsoppgåver, og det skjer difor av og til ei avskaling og utskiljing av oppgåver og personar i eigne direktorat. ET burde difor teke med direktorata, både i Norge og nabolanda for å få eit betre samanlikningsgrunnlag. Men oppgåva hadde då vorte meir omfattande, så det er forståeleg at han har avgrensa det til dep.-nivået.

Nye verdiar
ET set også spørsmålsteikn ved arbeidet med nytt verdigrunnlag i Kulturdep. Han peiker på at alle departement har fire grunnverdiar som rettesnor for arbeidet:

  • Demokrati
  • Rettssikkerheit
  • Faglegheit
  • Effektivitet
Etter ein omfattande prosess kom Kulturdep. fram til nye verdiar og visjon:
Ein moderne arbeidsplass - med motiverte og profesjonelle medarbeidarar med høg integritet
Og dei nye verdiane for dep.: rausheit, kvalitet, engasjement og openheit
Tesaker meiner dei nye verdiane er meir egna til å forvirra enn å rettleia, og det er lett å vera einig. Eit viktig moment i verdidiskusjonen er også om alle departement no skal utarbeida sine eigne verdiar, og kva det får å seia for likskapstanken og dei grunnfesta verdiane som er nemnde ovanfor. Det er all grunn til uro over ei slik utvikling!

Risiko for manglande gjennomføring
Ein tredje ting Tesaker tek opp er det store omfanget arbeid knytt til risikovurderingar har fått. Det er dels eit resultat av ein fryktkultur; frykten for å gjera feil, og dels eit resultat av påtrykk frå Riksrevisjonen. Riksrevisjonen har dei siste åra auka ambisjonane og fører no kontroll med langt meir enn før. Særleg har forvaltningsrevisjonen auka kraftig, og ført til at RR "legg seg opp i" svært mykje. Riksrevisjonen gjer eit viktig arbeid, men også dei må tola eit kritisk søkjelys og bør spørja seg sjølve om dei fyrer oppunder den fryktkulturen som rådar heller enn å dempa den.

Den omfattande risikovurderinga som skal liggja til grunn for den minste oppgåva gjer i verste fall departementa handlingslamma. Tida går med til alt anna enn å gjennomføra sjølve oppgåva. ET nemner den manglande stenginga av Grubbegata, som også var eit sentralt tema i Gjørv-kommisjonen sin rapport, som eit godt eksempel på eit tiltak som drog ut i det uendelege, som følgje av uklar ansvarsplassering og eit utal møte som bidrog til ørkenvandringa. Legg til ein kommune-stat-problematikk i tillegg til samordningsproblema departementa i mellom, og farsen er komplett!

Sjølv hugsar eg godt eg var på eit møte i Difi og prosjektleiaren for det nye Norge.no stolt viste fram tre A3-ark som viste prosjektplanen, risikoanalyse m.m. Eg tenkte "dette er galskap, prosjektet kjem til å tryna". Prosjektet vart stoppa eit år etter, utan noko resultat og med nokre millionar bortkasta. Dette var eit lite prosjekt, men problema var dei same: Alle ressursar vart sette inn på planlegging og risikovurdering, ikkje noko på å gjennomføra sjølve arbeidet.

Ting som kunne vore betre
ET tek også opp ein heil del andre ting, og her kunne han kanskje ha stramma inn. Han brukar ein del tid på teknologiutvikling og kvifor slike prosjekt ofte endar galt. Han har ein del poeng, men samtidig tykkjer eg denne delen blir for lettvint. Det kan ha samanheng med at eg kjenner denne delen betre enn andre område.

Ein annan kritikk er noko av talmaterialet. Eg har nemnt at samanlikning av tilsette på dep.nivå i dei nordiske landa kanskje ikkje er heilt reell, og at direktoratsnivået også burde vore trekt inn. Tesaker referer også til ein del spørjeundersøkingar i departementet, og her kunne også talbruken vore betre. Endeleg skulle forlaget ha teke ei siste gjennomlesing og luka bort ein del skrivefeil.

Men dette er småpirk, alt i alt er boka god og vel verdt å lesa. Og som sagt, den bør delast ut til alle departementstilsette!

mandag 30. mars 2015

Vossa Jazz 2015

Live Maria Roggen og medmusikantar framfører tingingsverket "Apokaluptein" på Vossa Jazz 2015
Vossa Jazz (ja, det skrivst i to ord..) har etter 42 år vorte ein institusjon i festival-Norge, trass i at det er ein av dei minste festivalane. Frå starten i 1974 har Vossa Jazz markert seg med ein særeigen profil, både musikalsk og sjølvsagt på grunn av plasseringa. Også den tydelege nynorskprofilen er med på å gjera Vossa Jazz annleis enn mange andre. Festivalen er som sagt etter måten liten, og økonomisk har det ikkje alltid vore enkelt. Som det står om starten:

Den første Vossa Jazz blei ein suksess både musikalsk og publikumsmessig. Økonomisk blei det ein skikkeleg smell. Hadde det ikkje vore for at eit par av eldsjelene blei verande på Voss og tok fatt i elendet i staden for å dra i militæret, hadde det blitt med den eine festivalen. 
Men det var ikkje berre første året som skulle bli tungt økonomisk. Etter å ha slite i fleire år, kollapsa det heilt i 2006. Festivalen vart likevel berga, men med ny dagleg leiar og elles utskiftingar. Etter 2006 har Vossa Jazz sett "tæring etter næring" og klart å balansera økonomien. Den tydelege nynorsk-profilen er også ein av faktorane som understrekar at Vossa Jazz er  ulik dei mange andre festivalane.

Apokaluptein
Tingingsverk har vore ein viktig del av festivalen dei siste 34 åra, og er også med på å identifisera Vossa Jazz. Lista over tingingsverk-komponistar  er som ein antologi over norsk jazz. Årets festival-komponist og -artist var Live Maria Roggen, mest kjend som vokalist i bandet Come Shine. Ho framførte verket "Apokaluptein - The uncovering" saman med musikarane Audun Kleive (trommer), Sondre Meisfjord (b), Hilmar Jensson (g), Eivind Lønning (trompet), Lene Grenager (cello) og Asle Karstad (lyddesign).

Som tittelen tyda på, var apokalypse og undergang tema, med ganske dystre parti. Musikken var like mykje samtidsmusikk som jazz (kva er no eigentleg jazz?), men med meir melodiske parti som spente frå tung heavy-inspirert rock til spretne rytmiske saker som kunne minna om gladjazz (!). Stor spennvidde med andre ord. Eit fullsett publikum i Parksalen sette i alle fall pris på verket.

Mangel på gode lokale
Vossa Jazz har hatt ein del utfordringar med mangel på gode lokale. Fram til Park Hotel utvida med eigen konsertsal, vart tingingsverk og større konsertar oftast arrangert i Idrettshallen; ikkje ein optimal stad for jazzkonsertar. Fraktgodsen, ein arv etter NSB, var lenge eit sentralt lokale for dei meir intime konsertane. Det var eit langt og smalt lokale som også baud på lydmessige utfordringar. Litt rart er det at det nye Kulturhuset på Voss nesten ikkje blir brukt i samband med Vossa Jazz. Eg veit ikkje om det er lokala, prisen eller andre ting som gjer det.

Den andre mannen i meg
Ein annan konsert stod på programmet mitt dette året: "Den andre mannen i meg" med Henrik Mestad (opplesing) og Trygve Seim (saksofon). Dessverre vart dette arrangementet avlyst pga. sjukdom. Det var veldig synd, men eg håpar å få høyra det ein annan gang. Elles er framføringa av Henrik Mestad tilgjengeleg på nettsidene til NRK. 

søndag 22. mars 2015

Berlin im Winter

Det offisielle flagget for
byen og delstaten Berlin
Følgjande tre stader bør stå på lista di over ting du bør sjå i Berlin:
1. Riksdagsbygningen
2. Topographie des Terrors
3. Bauhaus-museet

Dei to første stadene omtalar eg under, den tredje kjem i eit eige blogginnlegg om bauhaus.

Berlin im Winter
Når ein reiser til Berlin i midten av mars, er det med eit lite håp om at våren kanskje såvidt har komme dit. Men nei, det var surt og kald, særleg på grunn av vinden. Berlin ligg ope til, og vinden får godt tak enten den kjem frå nord eller aust, eller vest også for den del.

Berlin som historisk by
Berlin er ein by full av historie, og knapt nokon annan by kan visa til så mykje dramatikk som denne byen. Det som særleg har sett spor dei siste 100 åra, er siste verdskrig og delinga mellom aust og vest. Over alt i byen er det minner om muren som delte byen frå august 1961 til november 1989. Det er ikkje så rart, for det er ikkje så mange år sidan, og det er enno vanskeleg å fatta både at den vart reist, men også omfanget og dramatikken.
Den aust-tyske"Ampelmann" har
vorte eit symbol på tidl. Aust-Berlin

Potsdamer-konferansen
Berlin var byen der russarane møtte dei allierte i april/mai 1945. Sovjetstyrkane rykte fram langt raskare frå aust enn dei allierte frå vest, og Berlin vart difor liggjande i den aust-tyske delen. Delinga av Tyskland, og Berlin, vart avgjort på Potsdamer-konferansen i september 1945 og var ein avtale mellom dei fire allierte maktene USA, Sovjet, Storbritannia og Frankrike. Berlin vart delt i fire sektorar med kvar av dei allierte som ansvarleg for sin del. Spenninga mellom Sovjet og dei andre allierte hadde bygt seg opp alt under krigen, og var tydeleg under fredsforhandlingane.

Die Luftbrücke 
Den kalde krigen etter 1945 utvikla seg fort, og alt i 1948 prøvde Sovjet å blokkera tilgangen til Vest-Berlin for dei andre. Det resulterte i den kjende luftbrua, Luftbrücke, der dei allierte på vestsida sette i gang ein storstilt flyoperasjon for å sikra forsyningar til Vest-Berlin. Flyplassen Tempelhof vart det sentrale punktet for forsyningar; den ligg så å seia inne i byen. Flyplassen var i bruk heilt fram til 2008, men er i dag eit stort friluftsområde og minnesmerke over den kalde krigen og særleg den dramatiske situasjonen i 1948/49.

Flughafen Berlin Brandenburg "Willy Brandt"
Berlin og flyplass har i det heile mykje kaos og drama knytt til seg. I dag er det Schønefeld og Tegel som er hovudflyplassane; den siste ganske nær bysentrum den også. Etter planen skulle den nye Flughafen Berlin Brandenburg "Willy Brandt" ha opna for lengst, men etter ein serie problem og kaos (er dette Tyskland??) har dei opprinnelege planane vorte skrinlagde og ein har vedteke å starta på nytt.

Dei mange skandalane kring flyplassutbygginga har gjort at dette prosjektet er kalla Tysklands største utbyggingsskandale ("Deutschlands grösste Skandal-Baustellen"). Som Die Welt ironisk skriv i omtalen av omtalen: "Bisher flogen nur die Chefs" - hittil er det berre sjefane som har flydd..

Det har gått frå gale til verre og det har altså enda med ein Ctrl-Alt-Delete! Det blir ikkje lenger snakka om opningsdato, og totalkostnadene kan i følgje Die Welt bli over 8 mrd. euro (tilsvarer i skrivande stund ca. 70 milliardar NOK!). Opprinneleg skulle flyplassen ha opna i 2012, etter at planlegginga starta i 2006. No vil ingen seia noko om opningstidspunkt, sjølv om 2017 uoffisiselt blir nemnt.

17. juni 1953
I juni 1953 vart dei ein stor oppstand i den austlege delen av Berlin, mot dei sovjet-dominerte styresmaktene. Det starta med ein streik blant bygningsarbeidarar og utvikla seg til store demonstrasjonar. Oppstanden spreidde seg også til andre byar i Aust-Tyskland. Styresmaktene måtte setja inn sovjetiske stridsvogner for å knusa opprøret, og 55 personar mista livet i aksjonen den 17. juni. Denne datoen har seinare vorte minnedag i Tyskland, og hovudgata gjennom Tiergarten heiter 17. mai-gata (Straβe des 17. Juni).

Die Mauer
Mellom 12. og 13. august 1961 sperra DDR alle grenseovergangar mellom aust- og vest-Berlin. Frå delinga i 1945 og fram til då hadde over 3 millionar aust-tyskarar flykta til vest. Sjølv om 1 million hadde reist andre vegen, var nettotapet stort og kunne ikkje halda fram. I tida etter 13. august vart muren reist mellom det austlege og vestlege Berlin, og ordren til grensevaktene i aust var å skyta for å drepa. Mange vart då også skotne og drepne i fluktforsøk i perioden 1961 - 1989. Den overraskande sperringa ga mange bisarre utslag. Mellom anna var 1300 barn på besøk hjå familiar i Aust-Berlin. Dei kom ikkje tilbake til Vest-Berlin før tre månader seinare!
Illustrasjon til museet Topographie
des Terrors

Topograpie des Terrors
Både minne frå siste verdskrige og den kalde krigen kan studerast ved Topograpie des Terrors, eit nytt museum like ved Checkpoint Charlie. Bak restar av muren ligg museet med utstilling av bilete og dokument frå siste verdskrigen. Det er ganske rystande å sjå dette, sjølv om mykje er kjent. Mennesket er i sanning ei krigersk ape!

Reichstagsgebäude
Riksdagsbygningen var saman med Brandenburger Tor målet for dei sovjetiske styrkane i april-dagane i 1945. Stalin hadde gitt klar ordre om at Riksdagsbygningen skulle vera teken før første mai, for på den dagen skulle det sovjetiske flagget vaia på bygningen. Det heldt berre såvidt, men 1. mai 1945 hadde dei sovjetiske styrkane til general Zjukov teke bygningen. Dagen før hadde Adolf Hitler teke sitt eige liv i Førar-bunkersen.
Reichstagsgebäude - Riksdagsbygningen
Påskrifta "Dem Deutscher Volke" kom i 1916 og var omstridd:
keisar Wilhelm II likte ikkje den demokratiske tonen..

Riksdagsbygningen vart opna i 1894 og husa parlamentsforsamlinga, Diet, fram til 1933 då store delar av bygningen vart øydelagt i brann. Ein brann som Hitler utnytta grovt for å forfølgja uskuldige, særleg kommunistar og jødar. Etter krigen var bygningen nærmast totaløydelagt, og restane av det gamle tårnet vart sprengt bort. Restaureringa starta etter samlinga av Tyskland i 1990 og vart leia av den kjende britiske arkitekten Sir Norman Foster. Den nye glaskuppelen på toppen av bygningen har vorte ein stor turistattraksjon og er genial. Rundt 40 millionar menneske har besøkt riksdagsbygningen etter opninga!

Tanken bak minner litt om vårt eige Operahus; eit bygg som alle kan ta i bruk. For å sleppa å stå i kø, bør du søkja om tilgang via nettet og skriva ut nødvendige papir. Både bygningen, kuppelen og utsikten frå den, er spektakulær.

Gangbrua som går i spiralform til toppen av glaskuppelen -
eit "must" for alle som reiser til Berlin!
Andre attraksjonar som Brandenburger Tor og Checkpoint Charlie er unødvendig å nemna, der vil du hamna uansett om du er i Berlin.

Bauhaus
Eit museum du kanskje ikkje har på lista, men som kan tilrådast, er Bauhaus-museet, eller som det fulle namnet er: "Bauhaus Archiv - Museum für Gestaltung". Det ligg nær den sørvestlege delen av Tiergarten. Det kjem ein eigen bloggpost om Bauhaus.








onsdag 4. mars 2015

Bitcoin og norsk regulering

Offisiell Bitcoin-logo
Styresmakter verda over vrir seg når spørsmålet om regulering av kryptovaluta kjem opp. Internett-pengar er nytt og bryt med mykje (det meste?) av det etablerte i finanssektoren. Bitcoin og slektningar er merkelege dyr som ikkje fell greitt inn under vanlege klassifiseringsreglar. Kva slags skapning er eigentleg Bitcoin?

"Bitcoin Heatmap"
Ulike nasjonar si regulering av Bitcoin varierer frå forbod (m.a. Russland, Island, Bangladesh, Indonesia, Thailand), via tunge restriksjonar (Kina, India, Estland, Taiwan) til å behandla Bitcoin som lovleg å bruka (dei fleste land). Det er jo interessant at Island har forbydd bruken av Bitcoin på same tida som dei er vertskap for store Bitcoin "gruveselskap" (Bitcoin mining er stort på Island). Island sitt forbod må likevel sjåast i samanheng med finanskollapsen landet var gjennom for få år sidan. Kanskje ikkje så rart at dei har eit anstrengt og aggressivt forhold til enkelte kallar "finansielle masseøydeleggingsvåpen".

Føreslått symbol
for valutaen

Bitcoin er formuesobjekt
At Bitcoin er lovleg å bruka betyr likevel ikkje at det blir klassifisert som betalingsmiddel i mange land. I Norge har Skattedirektoratet gjort det klart i ei prinsippfråsegn at Bitcoin skal sjåast på som eit formuesobjekt:
"Skattedirektoratet legger til grunn at bitcoins (sic!) er et formuesobjekt, og skatteloven bestemmer at gevinst ved salg av formuesobjekter er skattepliktig inntekt.  Dette betyr at gevinster som oppstår ved at verdien av bitcoins er lavere ved kjøp enn ved salg  vil være skattepliktig inntekt, og at tap som følge av at verdien av bitcoins er høyere ved kjøp enn salg vil være en fradragsberettiget kostnad."
...
Skattedirektoratet legger derfor til grunn at gevinster/tap fra bitcoins fullt ut er skattepliktige/fradragsberettigede. 
Korleis dette skal gjennomførast i praksis, er eit anna spørsmål. I realiteten skal all inn- og utveksling av Bitcoin registrerast og differansen i kurs mellom kjøp av Bitcoin og bruk av dei, eller veksling frå Bitcoin til annan valuta, skal summerast opp til ein gevinst eller eit tap. Det må også forståast slik at bruk av Bitcoin til kjøp av varer og tenester (eller donering) skal dokumenterast ved kursen på det aktuelle kjøpstidspunktet.

For dei fleste som ikkje er skattejuristar, framstår dette som ganske på jordet! Og det blir verre:

Bitcoin og meirverdiavgift
Slik uttalar Skattedirektoratet seg om Bitcoin og avgiftplikt:
Omsetning av Bitcoin er ordinær avgiftspliktig omsetning av elektroniske tjenester. Skattedirektoratets vurdering er at bitcoins ikke kan anses som «gyldige betalingsmidler» (merverdiavgiftsloven § 3-6 d) og derfor heller ikke kan anses som en unntatt «finansiell tjeneste». Bitcoins klassifiseres som «tjeneste» (§ 1-3 bokstav c), nærmere bestemt «elektronisk tjeneste» (§ 1-3 bokstav j). Dermed skal næringsdrivende legge 25 prosent merverdiavgift på sin omsetning av bitcoins. 
Her blir det for alvor trøblete. Tenk deg at du skal driva vekslingsteneste med Bitcoin. Skal du då leggja på 25 % på Bitcoin du vekslar frå deg? Det vil i så fall bety at Bitcoin for NOK 100,- vil kosta 125,- i Norge. Og når du så brukar Bitcoin til betaling for varer og tenester i Norge får du effektivt 50 % mva på forbruket ditt! Ikkje ein gang skattejuristar vil påstå at noko slikt heng på greip, eller?

Ei enkel samanlikning her er gåvekort. Når du kjøper eit gåvekort i ein butikk, betalar du sjølvsagt ikkje moms. Moms betalar du av forbruk, når du løyser inn gåvekortet, og slik må det vera når du kjøper (eller handlar med) Bitcoin også. Dersom eg går inn i ein bank og kjøper utanlandsk valuta, betalar eg ikkje moms på handelen (men eit saftig gebyr!).

Naturleg nok er Norge åleine om å forstå handel med Bitcoin på denne måten. Dersom dette skal takast bokstavleg, er det uråd å driva Bitcoin-handel i Norge.

Sturles kamp mot skattevindmøller
Sturle Sunde i Florø driv Sunde Bitmynthandel som ei vekslingsteneste for Bitcoin. Han har sidan 2011 prøvt å få svar frå Skatteetaten på spørsmål om korleis han skal handtera handelen skatte- og avgiftsmessig. Han har vorte møtt med vekselvis tausheit og "mumle-mumle", og er i dag like klok. For å vera på den sikre sida, har han lagt ved ei utførleg forklaring på verksemda si saman med sjølvmeldinga.

På Bitcoin Meetup i Oslo 20. februar i år var Sturle "keynote speaker" og "star of the evening". Han gjorde greie for den absurde kampen mot skatte-vindmøllene og den manglande avklaringa. På møtet var også skattejuristar frå KPMG og dei var ganske klare på at Sturle har ei god sak og at Skatteetaten er på bærtur når det gjeld reguleringa av Bitcoin. Her kan du lesa meir om Sturle sin kamp mot skattebyråkratane.

Lighthouse-prosjekt for oppklaring
Sturle har på si side teke opp spørmålet med Deloitte, og dei skal ha ca. NOK 30.000,- + mva = kr 37.500,- for å utarbeida ein uttale til Skattedirektoratet der dei imøtegår påstandane og gjeldande reguleringar. I god Bitcoin-ånd lanserte Sturle eit Lighthouse-prosjekt for å samla inn nok pengar til å engasjera Deloitte. Sturle ville sjølv donera halvparten slik at nødvendig ekstern finansiering vart NOK 18.750,-. Lighthouse er eit system for dugnadsfinansiering (crowdfunding), drive av Bitcoin. Få dagar etter Meetup-en var finansieringa på plass og Deloitte er i gang med arbeidet. Det blir spennande å sjå resultatet..

lørdag 21. februar 2015

Elektroniske val

Her kan ein dra steminingsfiguren i positiv eller negativ retning,
og evt. også leggja inn kommentarar
(Oppdatert 25.02.15: Tillegg på slutten)
Elektroniske val har vore snakka om lenge, på politisk nivå. Men etter stygge blemmer som i kommunevalet i Oslo i 200?, vart all utvikling lagt død. Men elektroniske val vil komma, og er alt teke i bruk av mange land.

Val til styret i Bitcoin Foundation
Bitcoin Foundation har to ledige plassar som skal fyllast og første runde av valet vart gjort unna denne veka. Ingen kandidatar fekk over 50 % av stemmene og dermed må det ein runde til, med kandidatane Olivier Janssens, Jim Harper, Bruce Fenton og Michael Perklin. Valet er sjølvsagt elektronisk, noko anna ville vore umuleg, og verktøyet consider.it er interessant av fleire grunnar.


På bitcoin.consider.it kan ein studera kandidatane og kommentera det ein likar og ikkje likar i programma deira og dra "spaken" i positiv eller negativ retning.

Strategi for Bitcoin-stiftelsen
Når det gjeld Bitcoin-stiftelsen er det litt verre. 2014 har vore eit vanskeleg år, også for stiftelsen, og det har vore mykje uro. Stiftelsen har vorte kritisert for å vera for passiv i dei mange uheldige sakene som skjedde i fjor, og som starta med Mt. Gox. Sjefen for Mt. Gox, Mark Karpeles, sat i Bitcoin-stiftelsen og det kasta skuggar over den. Det har vorte spekulert om stiftelsen prøvde å beskytta Karpeles i staden for å gå aktivt ut mot uryddig forretningsdrift og direkte svindel.

"Stemningsbilete" for kandidatane

Teknologi eller politikk?
Dagleg leiar Jon Matonis måtte slutta og Patrick Murk har teke over. Han har annonsert at kreftene til Bitcoin Foundation skal konsentrerast om teknisk utvikling og ikkje politikk. Det er det mange som er ueinige i, sjølv om det også er mange som støttar det. Ein av dei som var ueinig i denne strategien, var Jim Harper. Han vart tilsett av stiftelsen for å driva lobbying mot politikarar i Washington og for å hindra at Bitcoin skal bli kvalt av strenge reguleringar.

Men Harper måtte forlata jobben og han stiller no som kandidat til styret. Det er dermed duka for omkamp, og siste ord er ikkje sagt når det gjeld kva retning Bitcoin Foundation skal ta framover.

Stemmegiving og blokk-kjede
I andre runde av valet på nye kandidatar til Bitcoin Foundation er Bitcoin-teknologien (sjølvsagt) teken i bruk. Gjennom swarm.fund får registrerte BF-medlemmer lasta ned eit Bitcoin-lommebok som er nødvendig for å stemma. Det kan høyrast rart ut at du treng ei lommebok for å stemma - uttrykket "stemma med lommeboka" får eit nytt innhald! - men då må ein forstå at ei Bitcoin-lommebok ikkje er noko anna enn eit par digitale nøklar; ein privat og ein motsvarande offentleg nøkkel.

Stemmegivinga skjer ved ein digital signatur av ein Bitcoin-transaksjon (som eg går ut frå har null i verdi, kanskje med unnatak av eit lite transaksjonsgebyr). Transaksjonen blir lagra på blokk-kjeda og dermed er stemmegivinga di arkivert for alltid. Du kan truleg endra stemmegivinga heilt fram til sluttfristen (har ikkje prøvt det) og då er det sikkert slik at den siste transaksjonen i blokk-kjeda er den gyldige stemmegivinga.

Fail!
Og så var det visst ikkje så enkelt likevel. Ein ny e-post tikka nettopp inn:

ATTENTION

  • We are rebooting the runoff election and members will receive an email from Helios to vote. Ballots cast on Swarm are not valid. Members who cast a vote via Swarm already will need to recast their votes using Helios.


  • Members will receive Helios emails by end of day today (Wednesday, February 25, 2015 at 11:59pm EST).


  • The runoff election will be extended by an extra day. The new deadline for voting is Saturday, February 28 at 11:59pm EST.


  • Election Results will be posted on Sunday, February 29, 2015.

lørdag 7. februar 2015

Mastering Bitcoin

Litteraturen om kryptovaluta og Bitcoin er i kraftig vekst og boka "Mastering Bitcoin - Unlocking Digital Cryptocurrencies" av Andreas Antonopolous er førebels eit høgdepunkt. Boka er gitt ut av O'Reilly Media og Tim O'Reilly har vist tidlegare å ha god teft og han har sett at Bitcoin-teknologien representerer eit viktig gjennombrot. Her er hans innleiing til O'Reilly sitt Bitcoin-seminar nyleg.

Andreas Antonopolous er truleg den utanom kjerneutviklarane i Bitcoin-systemet som har best innsikt i teknologien. Antonopolous seier sjølv om bakgrunnen for å skriva boka at det var den beste måten å læra seg Bitcoin på ("the best way to learn something is to teach it!"). Andreas A. veit kva han snakkar om for han underviser også, mellom anna på kurset Digital Currency ved universitetet i Nicosia. Her kan du faktisk ta ein mastergrad i emnet ved å følgja undervisinga via nettet.

Andreas er fødd og oppvaksen i Hellas, men tok IT-utdanninga i London før han flytta vidare til USA. Spesialområdet hans er sikkerheit og cloud computing, men etter at han - ganske seint - oppdaga Bitcoin, har det meste dreia seg om den teknologien. Han er eit mykje brukt foredragshaldar.

Boka "Mastering Bitcoin" er akkurat så teknisk som du forventar av ein person som AA, men boka passar også for dei som ikkje driv utvikling. Du skal likevel ha ei viss interesse for dei tekniske sidene ved Bitcoin for å få fullt utbyte.

Boka har desse kapitla:

Chapter 1: Introduction
   What Is Bitcoin?
   History of Bitcoin
   Bitcoin Uses, Users, and Their Stories
   Getting Started

Chapter 2: How Bitcoin Works
   Transactions, Blocks, Mining, and the Blockchain
   Bitcoin Transactions
   Constructing a Transaction
   Bitcoin Mining
   Mining Transactions in Blocks
   Spending the Transaction

Chapter 3: The Bitcoin Client
   Bitcoin Core: The Reference Implementation
   Using Bitcoin Core’s JSON-RPC API from the Command Line
   Alternative Clients, Libraries, and Toolkits

Chapter 4: Keys, Addresses, Wallets
   Introduction
   Bitcoin Addresses
   Implementing Keys and Addresses in Python
   Wallets
   Advanced Keys and Addresses

Chapter 5: Transactions
   Introduction
   Transaction Lifecycle
   Transaction Structure
   Transaction Outputs and Inputs
   Transaction Chaining and Orphan Transactions
   Transaction Scripts and Script Language
   Standard Transactions

Chapter 6: The Bitcoin Network
   Peer-to-Peer Network Architecture
   Nodes Types and Roles
   The Extended Bitcoin Network
   Network Discovery
   Full Nodes
   Exchanging “Inventory”
   Simplified Payment Verification (SPV) Nodes
   Bloom Filters
   Bloom Filters and Inventory Updates
   Transaction Pools
   Alert Messages

Chapter 7: The Blockchain
   Introduction
   Structure of a Block
   Block Header
   Block Identifiers: Block Header Hash and Block Height
   The Genesis Block
   Linking Blocks in the Blockchain
   Merkle Trees
   Merkle Trees and Simplified Payment Verification (SPV)

Chapter 8: Mining and Consensus
   Introduction
   Decentralized Consensus
   Independent Verification of Transactions
   Mining Nodes
   Aggregating Transactions into Blocks
   Constructing the Block Header
   Mining the Block
   Successfully Mining the Block
   Validating a New Block
   Assembling and Selecting Chains of Blocks
   Mining and the Hashing Race
   Consensus Attacks

Chapter 9: Alternative Chains, Currencies, and Applications
   A Taxonomy of Alternative Currencies and Chains
   Meta Coin Platforms
   Alt Coins
   Noncurrency Alt Chains
   Future of Currencies

Chapter 10: Bitcoin Security
   Security Principles
   User Security Best Practices
   Conclusion

Appendix: Transaction Script Language Operators, Constants, and Symbols
Appendix: Bitcoin Improvement Proposals
Appendix: pycoin, ku, and tx
Appendix: Available Commands with sx Tools

søndag 25. januar 2015

Bitcoin: Årsmelding for 2014

Bitcoin i 2014 kan karakteriserast ved to motsetningsfylte overskrifter:

1. Annus horribilis
2. Bitcoin going mainstream

Annus horribilis
På denne tida i fjor var Bitcoin-hysteriet på veg mot den høgste toppen, sjølv om kursen hadde gått noko ned frå toppnoteringa i november/desember 2013. Der Bitcoin var årets investering i 2013, har den vore blant dei dårlegaste i 2014. Men så var det spørsmålet om Bitcoin først og fremst skal vera ei investering?

Det har gått unnabakke med kursutviklinga i 2014
(Ill: Bitcoincharts.org, CC-BY-SA 3.0)

Bitcoin-kurs frå starten av i 2009 (Bitcoincharts.org)
Ser ein Bitcoin-kursen i eit langt perspektiv, frå starten i januar 2009, er det året 2014 som "øydelegg". Utan den enorme stigninga på slutten av 2013, og ditto fall i 2014, ville kursen hatt ei nokolunde jamn utvikling fram til i dag. På ei anna side minner jo grafen unekteleg om ei mega-boble, så kanskje økonomen Robert Schiller har rett likevel ("It is a bubble, there is no question about it. ... It's just an amazing example of a bubble.").

Negative nyheiter stod nærmast i kø etter toppnoteringa i valutakurs. Det starta med Mt. Gox som gjekk over ende i februar. Etter mykje tåkelegging vart det til slutt klart at pengane var tapte for dei fleste med innskot i Bitcoin-banken. Det styrka ikkje akkurat trua på at Bitcoin er framtida..

I mars vart Newsweek relansert på papir og brukte det første nummer på ei storstilt "avsløring" av Nakamoto Satoshi, pseudonymet Bitcoin-grunnleggjaren har gøymt seg bak. Og avsløringa var, hald deg fast!, Dorian Nakamoto Satoshi. Det viste seg å vera oppspinn, etter all sannsynlegheit. Grunnleggjaren av Bitcoin er framleis ukjend.

I slutten av oktober var det den norske Bitcoin-vekslaren Justcoin sin tur til å avvikla. Heldigvis kom Andreas og Klaus betre ut av det enn andre vekslingstenester og alle som hadde Bitcoin plassert hjå dei, fekk tilbake alt dei hadde krav på. Det var banken deira, DnB, som sa opp kundeforholdet og tvinga dei til å ta med teknologien utanlands. Dei har no starta opp att som ein del av den Hong Kong-baserte bitcoin-banken ANX. Slik tek me vare på skikkelege innovasjonar i Norge!

Og innan året var omme, var vekslingskursen for Bitcoin i høve US dollar nede på under $ 300/BTC. Vidare i 2015 har kursen gått endå meir ned og var ei lita stund under US $ 200/BTC. I skrivande stund er kursen $ 250/BTC.

Bitcoin going mainstream
Den andre delen av årsrapporten er langt meir positiv. Den bryr seg ikkje om kursutviklinga, som i grunnen er ein distraksjon frå kjernen i saka. Ikkje det at ustabil kurs ikkje betyr noko, det er ikkje bra for Bitcoin-utviklinga. Men kursen er samtidig ein distraksjon i eit langt perspektiv. Bitcoin er enno ung som teknologi. Til samanlikning er me i året 1995 for web-en, og kven kunne med handa på hjarte seia at dette var det nye revolusjonerande mediet?

Den viktigare delen av Bitcoin-utviklinga skjedde slik i 2014:


  • Samla Bitcoin-investeringar (frå VC) passerte US $ 400 mill., eit tal som er større enn t.d. ivesteringane i WWW etter like mange år (auke på nesten 350 % i investeringar i høve 2013)
  • Totalt sett positivt med tanke på reguleringar, særleg i USA, der den viktige NYC-lisensen fekk ein del kritiske og posivite endringar på slutten av året
  • Ei dobling i talet på Bitcoin-lommebøker og meir enn ei dobling av talet på handelsstadar (merchants)
  • Ei femdobling i talet på Github-repositories
  • Store aktørar som Expedia, PayPal og Microsoft tok i bruk Bitcoin i løpet av året
  • Bitcoin begynner å bli teken i bruk i stort omfang for doneringar; Wikipedia opna for Bitcoin i løpet av året
It's the techology, stupid!
Fokus på valuta og kursutvikling skyggar for det verkeleg geniale med Bitcoin: Blokk-kjeda! Men samtidig kan ikkje blokk-kjeda fungera utan insentiva Bitcoin som valuta medførar; her er det eit skjebnefellesskap.

Blokk-kjedeteknologien er kommen for å bli. Det store spørsmålet er korleis sikring av transaksjonar, enten det er valuta-transaksjonar eller smarte kontraktar (eller noko heilt anna) skal finansierast. Det er her Bitcoin som valuta er viktig.

2014 såg også framveksten av det som blir kalla Crypto 2.0 og som mellom anna består av alternative blokk-kjeder.

søndag 18. januar 2015

Hagebruksundersøking

Frå SSB sitt rapporteringsskjema
SSB er ein av dei få som med lova i hand kan be om rapportar av ulike slag. Ein av dei mest meiningslause rapportane er den såkalla Hagebruksundersøkinga som blir gjennomført kvart år. Rapporteringa gjeld alle som har meir enn:

  • 300 m2 grønsaker/bær i veksthus
  • 2,0 daa grønsaker på friland
  • 1,0 daa frukttre (!)
  • 1,0 daa bær på friland
Det er nesten som ein må gni seg i augene. Faren er at det er mange idiotiske rapporteringar som dette.

Som om det ikkje var gale nok, finst opplysningane frå før. Det er berre å kontakta Landbruksdirektoratet og få overført statistikk frå søknad om produksjonstillegg.

Her har du eit bra eksempel på ein tidstjuv som lett kan eliminerast Jan Tore Sanner!

onsdag 14. januar 2015

Lenge leve Charlie Hebdo!

"Alt er tilgitt" - Muhammed feller ei tåre og erklærer
"Eg er Charlie"
Så enkelt - så overraskande - så genialt!

Spenninga var stor framfor det nye nummeret av Charlie Hebdo. Den gjenverande redaksjonen har svart på utfordringa på ein framifrå måte, og heidra kollegaene på den beste måten. Dei har teikna profeten Muhammed, men på ein måte som totalt avvæpnar - vel, i alle fall dei fleste.

Det er interessant å sjå reaksjonane etter Paris-overfallet, særleg i media. Mange aviser har gått i seg sjølve om sett at den vikande haldninga dei hadde for 10 år sidan, var feil. Trusselen frå ekstremistane må faktisk møtast, uansett. Det mest gledelege er at muslimar står tydeleg fram og seier det, det har større verknade. Men framleis manglar den store mobiliseringa, særleg blant muslimar. Dei må rett og slett stå opp og seia at dei finn seg ikkje i ekstremistane sin misbruk av religionen og profeten. Thomas Friedman skriv om dette i si spalte i New York Times, under tittelen "We Need Another Giant Protest".

Det er mykje å seia om oppfordringa av muslimar om å ta avstand frå terroren. Vart kristne avkrevd noko liknande etter Utøya-tragedien? Men når det gjeld militante islamistar, meiner eg situasjonen er annleis, og at muslimane sjølve sit med den viktigaste nøkkelen. Les t.d. Kamil Azhars innsiktsfulle kommentar på Minervanett.

lørdag 10. januar 2015

Je suis Charlie

Framsida på neste nr. av Charlie Hebdo
Nei, trass i tittelen er eg ikkje Charlie, men eg gjer det vesle eg kan for å heidra dei som vart drepne og for å vera med i den store ringen som må lagast rundt dei som blir utpeikte som neste offer av terroristane.

Me må ikkje gjera same feilen som i 2006, då ullen relativisering med Jonas Gahr Støre i spissen, gjorde det uklart kven som eigentleg var å klandra. Jyllandsposten og teiknaren Kurt Westergaard vart ståande sørgjeleg åleine då truslane frå ekstreme islamistar kom.

Ultimatumet frå ekstremistane er klart: "Den som teiknar profeten Muhammed blir drepen!". Kva gjer me då? Då teiknar me profeten Muhammed alle; både store og små, aviser, sosiale media - kort sagt alle. På den måten lagar me ein stor ring rundt dei som hittil har stått altfor åleine; Charlie Hebdo, Kurt Westergaard og andre.
Nokre av dei klokaste uttalelsane etter Paris-tragedien har komme nettopp frå muslimar; som generalsekretær i LIM, Sylo Taraku (kronikk i VG 09.01) og Aftenpostens Mohammad Usman Rana (intervju på TV2 Nyhetskanalen 10.01). Det er gledeleg at dei tek eit så klart standpunkt, og sjølv om satire av profeten Muhammed også er sårande for dei, ser dei at dette reelt sett handlar om dei mest funamentale verdiane i samfunnet vårt.

Ein annan viktig grunn til å redistribuera karikaturteikningar er å hindra at ekstreme høgrekrefter får rå denne grunnen åleine.