fredag 18. april 2008

Genialt!

Av og til er det nokon som klarer å snu eit samfunns-problem til samfunnsnytte. Verifiseringssystemet CAPTCHA (Completely Automated Turing Test To Tell Computers and Humans Apart) fungerer på ein slik måte. Det blir brukt til den velkjende verifiseringa med å skriva inn ein tekst som blir presentert grafisk, for å hindra automatisk tilgang til tenester.

reCAPTCHA er eit prosjekt som hentar tekstane som blir fordreid grafisk, frå gamle bøker. Brukarane som blir bedne om verifisering av teksten bidreg dermed direkte til digitalisering av bøker. Enkelt og genialt. Neste gang du har bruk for ei verifiseringsteneste bør du altså bruka CAPTCHA.

fredag 11. april 2008

iTunes endeleg frigjort!

Stor takk til Jon Lech Johansen, a.k.a DVD-Jon, som har snekra saman programmet DoubleTwist for mellom anna å konvertera Apples DRM-baserte AAC filsystem til MP3. Problemet med iTunes, eit elles genialt konsept, har vore låsinga mellom musikkbiblioteket og Apples iPod-format.

Eg ønskjer å lasta musikken frå iTunes, lovleg kjøpt, over på mp3-spelaren min. Det skulle berre mangla, men det har ikkje vore lett. For å få det til, har eg først måtta brenna ein cd med dei låtane eg vil overføra, og så overføra desse til mp3-spelaren.

Men Jon har endra dette; DoubleTwist "frigjer" iTunes-biblioteket mitt slik at eg kan synkroniser mot mp3-spelaren min. DoubleTwist gjer rett og slett mp3-spelaren din like anvendeleg som ein iPod, om du frå før brukar iTunes.

søndag 6. april 2008

What's wrong with Topic Maps?

This might seem like a strange question given the recently succesful conference Topic Maps 2008 and the general embracement of the technology in Norway. The underlying worries are tied to the latter: will TM remain a Norwegian speciality or will it get more recognition international also? This is therefore a follow-up of the panel dicussion closing the conference.

First I have to state my own relation to TM. I am by no means an expert of TM - I will caracterise myself as an advanced user. I first learned about TM in 2001 when I invited Lars Marius Garshol to talk about it at our annual IT conference IT-forum. I was immediately attracted to the idea but first in 2004 I was able to work with TM on a project base. I have found TM to be especially useful as a pedagogical tool for describing and explaining information structures.

TAO and portals
But why hasn't TM caught the same attention outside Norway and what can be done to help that? In Norway the adoption of TM has been particularly in the public sector as a framework for building portals. TM suits the portal metaphor very good and it is intuitively conceived as the "right" foundation for building semantically strong portals.

In his closing note, Steve Pepper seemed to be uncomfortable with the fact that TM is first and foremost used as a portal platform. His reason for doing so is that TM is so much more than portals, which he describes is the TAO (topics, associations and occerences) part of TM. I have also heared this "concern" been raised by other TM people. I think this is the wrong strategy: TM should be pushed as a portal framework with no concerns - portals are the killer application for Topic Maps.

Lightweight, open tools
At the conference I raised the question of lowering the barriers for using TM. Maybe the question was a bit confusing - the answers partly indicated that. So I will try to clear up a few things (around here :-). I think there is a need for easier, more accessable tools both for developers and end users. I will start with the developers.

In order to give TM a real push forward I think the TM community should join efforts to develop open source TM engine(s), modelling tools and CMS's. I know Bouvet has developed an OSS TM engine (and CMS) called ZTM, but they have been very reluctant to market it, at least after my opinion. I don't know the ZTM software so I don't know if it is the right piece of software to build on.

In addition to an OSS engine there is also a need for a simple, visually enhanced modelling tool. This is by no means an easy task but I think it would do very much to boost the interest for TM. A part of this effort could also be to provide ready-made ontologies easy to adopt for others. As a matter of fact we plan to do this with our own ontology (underlying www.vestforsk.no) in a more formal way by handing it over to Abelia, our own employers organisation. It can also be done in a very simple and straight forward method by including a link to an xtm file on the homepage.

Finally there is a need for open source CMS's with TM support. This is probably an easier task, and some initiatives have already been done. I think it would be a very good move to build TM support for the most popular OSS CMS's, like Drupal, Plone, Joomla, DotNetNuke - just to name a few.

Web 2.0 and end users
Steve Pepper mentioned adoption to the web 2.0 movement as an untapped potential for TM. I definitely think he is right, but there is a need for initiatives in order to get going. I think examples like Freebase, as I have mentioned in another blog post, can serve as a good example. This will provide users with a minimal formal ontology as a starting point onto which can be built whatever the users have in mind.

Other use cases can be TM as a blog supporting tool to have richer blogs and support findability.

Marketing
David Weinberger's point that Topic Maps are not maps and as such is vulnerable to misunderstandings is real. I have been met with questions like "how can this GIS system be used?" more than once.

David used a US company specialising in tools for faceted classification as an example. They don't market their product as faceted classification but as guided navigation. He also pointed out that the name of the standard and the marketing name of course doesn't have to be the same.

Merging
Some word on merging as well, as Steve pointed out represents a huge possibility in TM, but as of now is almost unused. It is quite a paradox having all these semantically rich TM-based public portals with none of them speaking to each other. They are indeed semantically rich islands.

The quest for a good, scalable method for distributing and using PSIs is important. Finding a clever method for handling PSIs is crucial, but I think even more important are the organisational aspects of this challenge. I think these aspects have been greatly underestimated. Who is going to be responsible for a PSI? Why should it work in TM/on the web when it doesn't even work in real life? Maybe the solution is the twist Stian Danenbarger gave to David Weinbergers famous quotation small pieces meaningfully joined. That is, the ambitions must be scaled down quite a bit.

Irrespective of the above; better working examples of useful merging of TMs are highly sought after (italian operas merged with country codes just isn't relevant enough).

Finally, to answer my initial question: Nothing's wrong with TM but it does not get the recognition it deserves!

fredag 4. april 2008

Topic Maps 2008 - dag 2






David Weinberger: Everything is Miscellaneous
Tittelen på foredraget er det same som den siste boka hans. Han er nok endå meir kjendt for boka The Cluetrain Manifesto.

Han er litt ueinig i Alex Wright i The Web That Wasn't fordi ein del av dei tinga som ikkje vart ein del av web'en, ville ha føresett sentralisert kontroll. Det ville ha brote med det viktige end-to-end-designet av Internett. Må laga eit Internett som er så enkelt at det faktisk er tomt inni! Det er ein føresetnad for innovasjon og fridom. Det er f.eks. ei dårleg ide å ha typed links, altså lenker med semantisk innhald, fordi det ville ha fjerna det enkle og fleksible ved web'en.

Internett gir oss innovasjon, fridom og overflod! Overfloda gjeld både det dårlege og det gode - det utruleg mykje dårleg på nettet, men det er også utruleg mykje bra. Overfloda av det som er bra, representerer også ei utfordring: information overload. Denne overfloda bryt med gamle måtar å organisera informasjon på - den gamle måten skalerer rett og slett ikkje til nettet sitt volum. Som eksempel på den gamle måten, brukar Weinberger Deweys desimalsystem, det rådande klassifiseringssystemet i bibliotekssektoren.

Eit hovudproblem med Deweys system, og andre liknande, er at all historie viser at me blir aldri einige om korleis verda ser ut! Då må me heller ikkje prøva på det. Karakteristisk for vestleg tenking er at det finst eit organiserande prinsipp, eit hierarkisk system, som gir ting meining. Og den einaste meininga. Det stammar frå den måten vi organiserer livet vårt kvar dag - vi må heile tida ta binære avgjerder: skal denne tingen i denne haugen eller i den andre (eksempel med klesvask!).

Første ordens organisering er å organisera ting etter likskap og ulikskap. Den andre ordens organisering er å trekka ut metadata og organisera desse. Den tredje ordenen skjer på grunn av digitaliseringa. Karakteristisk for utviklinga mot den tredje ordenen er at uorden (messiness) er eit poeng i seg sjølv og gjer informasjonen rikare.

Skiljet mellom data og metadata er i ferd med å forsvinna. Alt innhald er i ferd med å bli metadata.

På nettet er det brukarane som har kontroll med organiseringa og oversikt over orden. Det gjer at det veks fram nye, brukarkontrollerte måtar å organisera informasjon på.

Det som ikkje blir sagt, er også viktig.
olksonomiar er nærare knytte til prototype-teorien enn klassisk kategorisering.

Fire avsluttande setningar:
1. There is no one world order
2. What matters most is what cannot be said (language is the best knowledge represent action)
3. We need every way of seeing and knowing (keep the center simple)
4. We can only do this together

[Dette "referatet" yter på ingen måte David Weinberger rettferd - som den glimrande foredragshaldaren han er]

Stian Danenbarger, Bouvet: Small pieces meaningfully joined
Tittelen er ein vri på David Weinbergers kjende utsagn: Small pieces loosely joined.

Modell med 7 ulike interoperabilitets-begrep:
0 - ingen i.o.
1 - teknisk
2 - syntaktisk
3 - semantisk
4 - pragmatisk
5 - dynamisk
6 - konseptuell

Overgangen frå semantisk til pragmatisk interoperabilitet er viktig: Den semantiske interop.bil. føreset ei meining medan den pragmatiske opnar for fleire ulike meiningar etter kontekst, om det same temaet (blir i TM løyst med m.a. scope).

Frå Porters Value Chain til Value Network (communication, coordination, cooperation, collaboration, channel).

Tags are cheap, og taggar gir heilt klar meirverdi, men samtidig har dei også klare begrensingar pga. at det berre er syntaktisk interoperabilitet. Eit eksempel frå Weinbergers blogg der han skriv om Topic Maps-konferansen og brukar taggen topicmaps frå Technorati. Det finst andre taggar som 'topic maps', 'topicmap' og 'emnekart' på Technorati, men pga. ulik skrivemåte klarer ikkje Technorati å sjå at dei alle handlar om det same.

OASIS Technical Committee:

Published Subjects Identifiers (PSI) Requirements:
1. A Published Subject Identifier must be a URI
2. A PSI must resolve to a human-readable Published Subject Indicator
3. A Published Subject Indicator must explicitly state the unique URI that is to be used as its Published Subject Identifier

Kan kombinera det bloggarar har utvikla (tagging, trackback osv.) med verktøy som PSI'ar og slik løfta interoperabilitetsutfordringane.

Steve Pepper: Everything is a Subject
Steves tittel på foredraget heng nøye saman med tittelen på årets konferanse: Towards the Vision of a Subject-Centric Computing.

Startar med Vannevar Bush og hans banebrytande artikkel frå 1945, As we may think. Arikkelen har inspirert mange og har i grunnen ført fram til web'en som Tim Berners-Lee lanserte. Bush meinte dåtidas teknologi var håplaust gammaldags for å realisera det han meinte var presserande behov. Hans Memex-system var veldig fokusert på dokument.

Her er Steve Pepper ueinig med Bush. Dokument handlar om subjekt. Subjekta eksisterer som konsept i hjernen vår.

Bush hadde rett i at vi tenkjer assosiativt; han hadde rett i at ..., men han tok feil når han tok det dokument-sentrerte konseptet og ikkje det subjekt-sentrerte. Den underliggjande modellen for emnekart er as we may think. Emnekart har helst vorte brukt til portalar, men det er ikkje ein spesifikk portal-teknologi. I det heile er det ikkje ein spesifikk web-relatert teknologi. Emnekart vart funne opp i 1991, før web'en som me kjenner den, var kjendt.

Semantisk og pragmatisk (interop.bil.) er vesensforskjellige. Semantisk interop. er utan kontekst, medan pragmatisk interop. tek omsyn til kontekst. I TM blir pragmatisk interop. ivareteke ved scope.

Fletting (merging) er den kraftigaste funksjonen i TM. Fletting kan skje automatisk. Det er noko som er umuleg med databasar eller XML-dokument. Ein viktig grunn er at namn (tekststrenger) er notorisk upålitelege til slikt. Dette er noko bibliotekarar og lingvistar har visst i hundrevis av år, men som it-sektoren av ein eller annan grunn ser ut til å måtta erfara igjen og igjen. Det finst nokre svært få unnatak frå regelen om at alle subjekt/konsept har fleire namn; det finske sisu er eitt, Xhosa-ordet ubuntu eit anna. Begge to er veldig kulturelt betinga.

Meining er uttrykt i relasjonen mellom representasjonen og referenten (også kalla intensjonalitet).

Published Subject Identifier er ein veldig viktig del av TM og er ein modell for global identitet. For tida er det berre TM som har eit system for å handtera ein global identitet. Men korleis skal nokon få tak i den? Det er eit godt spørsmål og eit spørsmål som det enno ikkje finst noko godt svar på. Men å publisera identifikatorane våre er heilt sentralt, det ligg jo i begrepet PSI. Ein god modell for PSI-forvaltning og -gjenfinning er ei stor utfordring som må løysast.

TAO-modellen (topics, associations og occurrences) står for berre 10 % av potensialet i emnekart. Scope står for nye 20 % og bruk av PSI-ar aukar potensialet til minst 50 %. Resten av potensialet i TM er mellom anna å læra frå web 2.0 (subject-centric tagging, wikis, blogging).

Steve meiner subject-centric computing representerer eit paradigme-skifte. Ordet paradigme-skifte blir dessverre brukt litt for ofte, men kanskje det er på sin plass her? [min kommentar]. Avslutningsvis gjentok Steve sjølvsagt at "forøvrig mener jeg at den nasjonale kunnskapsbasen må bygges på emnekart".

Paneldebatt
Kvifor er ikkje TM meir brukt (internasjonalt)?
Steve meiner at det skuldast mykje W3C og Tim BLs enorme innflyting. Sjølv om TBL hadde ein genial ide (web'en), betyr ikkje det at den neste er like genial (semantisk web).

Kva ville vera "killer application" for TM?
TM-drivne portalar må kunna kallast i alle fall ein delvis KA - i Norge, og særleg i offentleg sektor har det vist seg å bli svært populært.

Peter Brown: Trur ikkje på ein KA, men på ein nettverkseffekt der mange små TM-drivne nett blir kopla saman. Men det må skje med identitetar som ein er einige om og som er kjende.

Er ikkje TM og "everything is miscellaneous" motstridande syn?
David W.: På ingen måte. Sjølv om "alt er ulikt" ser vi det ikkje slik. Sjølv om informasjonen på nettet i grunnen er kaotisk, ser vi den ikkje slik. Vi ser den alltid strukturer på ein eller annan måte, gjennom eit presentasjonslag.
Trur at namnet Topic Maps står i vegen for du må først forklara at det ikkje er eit kart. Subject-centric computing er truleg eit betre namn. Men ein bør gå ut og spørja folk!

Eg etterlyste ein lettvekts-versjon av TM fordi det er for høg barriere å starta opp. Spørsmålet var kanskje litt uklart, men Steve peika på at fleire forslag til ontologiar som ein startpakke, kunne vera ein ide. Stian lurte på om spørsmålet gjaldt utviklarar eller sluttbrukarar (eg meinte det siste) og var til dels einig i at det mangla litt for å gjera det lettare for sluttbrukarar å bruka TM.

Ordstyrar Shazad Rana, Microsoft, tok også opp att utfordringa med å gjera TM enklare i avslutninga av paneldebatten.

Og så var TM 2008 over - alt i alt ein god konferanse som sikkert vil forsterka interessen for TM i alle fall i norsk offentleg sektor.


torsdag 3. april 2008

Topic Maps 2008 - dag 1






Hans Chr. Holte
, sjef for DIFI, opna konferansen Topic Maps 2008 i dag. Han peikte på at semantisk web og interoperabilitet er eit viktig tema for offentleg sektor framover, som middel for å redusera den fragmentariske opplevinga brukarane har. Han nemnde emnekart-initiativ i DIFI/Norge.no med Los (utan å ta namnet i sin munn!) og Høykom-prosjektet Norge.no hadde saman med Husbanken, Vegdirektoratet og Numedalskommunane. Til slutt advarte han mot feller for nye teknologiar som emnekart - at teknologien blir målet og ikkje middelet. Ein fornuftig advarsel.

Alex Wright
Alex Wright snakka om "The Web that wasn't" - om web'en som aldri vart noko av. Foredraget var ein historisk gjennomgang av viktige tenkjarar og tankar om kunnskapsorganisering. Han starta med emnekart 1.o som var Thomas Aquinas og hans tankar om metodar for å hugsa ting, særleg ved hjelp av assosiasjonar.

Vidare brukte han ein del tid på belgiaren Paul Otlet og hans visjonære idear om eit verdsomspennande kunnskapsnettverk kalla Mondaneum. Han klarte faktisk å byggja eit slikt Mondaneum og ei av tenestene var slik at folk kunne telegrafera inn eit spørsmål, personane som jobba i Mondaneumet slo opp svaret og sende det tilbake pr. telegraf. Ein tidleg versjon av Google, med andre ord.

Andre personar Wright nemnde som pionerar for web'en, var (sjølvsagt) Vannevar Bush, Eugene Garfield ("far" til Googles PageRank, i alle fall konseptet bak), Doug Engelbart, Xerox PARK og Ted Nelson. Særleg er Nelson, som er mannen bak hypertekst, undervurdert som visjonær tenkjar og inspirator for web'en. Det skuldast sikkert mykje den eksentriske veremåten hans. Ted Nelson er på ingen måte imponert over web'en, han er tvert om svært skuffa over det han ser. Han seier at web'en er "decorated directories" og manglar vesentlege eigenskapar, mellom anna tovegs-lenker.

Wright avslutta med følgjande oppsummering av web'en som ikkje vart noko av:

- marriage of top-down taxonomies with bottom-up “social practice
- two-way links
- visible pathways
- typed association
- abstraction of concepts from the presentation layer

Petter Thorsud, DSS
Innleiing til eforvaltningssesjonen. Petter orienterte om opprettinga av eit forum for offentlege verksemder innan temaet portalar og publisering. Av deltakarane er utanom DSS/regjeringa.no, DIFI/Norge.no, Stortinget.no, Skatteetaten.no, Nav.no, Forbrukerportalen.no, Bergen.kommune.no og fleire. Mange av desse har portalar baserte på emnekart, men trass felles semantisk standard, er det lite eller inga utveksling av informasjon mellom portalane.

Marit Mellingen, DIFI
Hovudutfordringa er å setja namn på ting (ref. Gary Larsons fantastiske teikning) og bli einige om desse namna. Det er ikkje først og fremst ei teknologisk utfordring. Fare for å bli overambisiøs, å laga ein ontologi for heile universet. Må heller standardisera så lite som muleg (på tvers), men det vi standardiserer, må vera veldig bra! Må velja områda for interoperabilitet med omhu (slik tolka eg presentasjonen i alle fall).

Omtale av Los-initiativet. Utofrdringar å utvida tilpassing/bruk av Los til fleire off. verksemder enn kommunane. Utvida Los-ontologien og kopla den til andre ontologiar. Ei utfordring er at Los er på eit nokså generelt nivå og at det kan bli for mykje informasjon - information overload. Publisera ontologien og invitera andre til å ta den i bruk og eventuelt byggja vidare på den. Det gjeld også andre enn offentleg sektor.

Robert Keil, Creuna
Creuna har vore ansvarleg for mange emnekartportalar, av dei seinare utviklingsarbeida er Stortinget.no og Altinn.no.

Hovudutfordring: Brukaren ser offentleg sektor som ei eining, ikkje som dei mange ulike portalane som finst der. Dette gapet i forventning må reduserast ved at offentleg sektor reduserer fragmenteringa og framstår meir som ein heilheitleg informasjonsleverandør.

Stortinget.no: Målgruppa er "alle". 'Sak' er det sentrale begrepet (subject) og alle vegar skal føra til saka. Emnekart brukt til å binda begrepa saman. Brukar også emnekart til å visa ulike steg i ein saksgang.

Altinn.no: Informasjonsdelen av portalen er basert på emnekart. Teknisk sett er det .NET-teknologi (som Stortinget.no og Regjeringa.no) med EPiServer + TMCore som portal- og publiseringsrammeverk. Ontologien i Altinn.no er utvikla med utgangspunkt i andre ontologiar som Los, SERES, Skatteetaten m.m. Resultatet vart ein ontologi som ein miks av desse utgangspunkta.

Det er eit stort behov for integrasjon mellom portalar og offentleg sektor er meir enn klare for dette, med eller utan emnekart. Leverandørane er også klare til å støtta dette.

Peter Brown, Pensive: Status for interoperabilitet i EU
Starta med å visa bilete av den første brua basert på stål, ei bru i England. Den er modellert etter bruer basert på tre, for det fanst ikkje modellar for stål på tidspunktet. På mange måtar er det sameleis med eforvaltning; modellane er baserte på gamle, analoge former og resultatet er ofte deretter [det som tidlegare skattedirektør Bjarne Hope kalla "å setja straum på skjemaet"].

eGov-standardar er sjeldan obligatoriske, eller følgde opp juridisk,
På EU-nivå treng ein betre oversikt over status og aktuelle initiativ for å unngå for mykje overlapping. Må også innsjå og ta inn over seg at det ikkje finst ein sentral institusjon med ansvar for eGov og interoperabilitet.

"Build a portal!" har vore EU sitt svar på dei fleste interop.bil.utfordringane. Etter kvart har det vorte mange portalar...
"Mistakes are the portals of discovery" (James Joyce) -> "Portals are the mistake of discovery"

Må leggja namneautorisasjon (PSI - Published Subject Identifier) til dei rette autoritetane - dei offentlege verksemdene som har ansvaret innan sitt område. Også tenkja lettvektsløysingar og dela fragment der det er hensiktsfullt (rss-teknologi).

eGovernment Focus Group: Tilråding på standardiseringsområdet for offentleg forvaltning. Fleire eksempel og demonstratorar baserte på emnekart-teknologi i dette arbeidet.

EU sitt tenestedirektiv: Treng eit "single point of contact" for informasjon om tenester tilgjengelege i alle EU-landa ("please, no portals..").

Emnekart markerer eit skifte i måten å sjå og behandla informasjon på.

Marco Aarts, ICTU: Knowledge Models for Government Information
ICTU er eit slags DIFI i Nederland, med ansvar for å hjelpa forvaltninga å oppnå betre resultat av IT-investeringar. Dei sorterer under Ministry of Home and Kingdom Affairs, som vel er parallellen til Fornyings- og adm.dep.

Nederland har:
  • 443 kommunar
  • 12 provinsar
  • 29 waterboards ('vassverk' er kanskje ikkje den rette oversetjinga?)
  • Sentrale myndigheiter
  • Regionale samarbeidsorgan
Totalt rundt 1 600 offentlege verksemder.

225+ off. verksemder publiserer metadata som blir samla i ein sentral indeks og publisert på ein samla portal overheid.nl. Verkar som ein kombinasjon av Norge.no og Los (slik Los er tenkt å bli når/viss det blir teke i bruk for fullt). Målet er at denne portalen skal kunna svara på over 80 % av spørsmåla brukarane har om offentleg sektor (= Government Answers). Utfordringa er å få løysinga over på ein standardisert plattform.





lørdag 29. mars 2008

Ray Kurzweil og evig liv

Etter ei særs trist gravferd for eit altfor ungt menneske er det merkeleg å lesa om Ray Kurzweil og hans opplegg for å sikra seg evig liv. Evig liv for Kurzweil er ikkje det same som kyrkja legg i begrepet, men i forståinga biologisk evig liv.

Viss det ikkje var for at Ray Kurzweil er ein heilt spesiell person i it-historia, kunne dette lett avfeiast som gal manns tankar. Det kan det jo likevel vera, men RK har ein imponerande CV i IT-verda.

Alt som 12-åring var han i gang med programmering og før han hadde gjort ferdig studiane ved MIT var han ein formuande mann (rettare sagt gut!). Han utvikla ei tekst-til-tale-maskin med namnet Kurzweil Reading Machine i 1976 og Stevie Wonder var den første kunden! (sikkert etter forskotet for Songs in the Key of Life...).

Stevie Wonder vart ein god venn og dei innleia eit musikalsk samarbeid der Kurzweil sette seg føre å laga ein ny generasjon synthesizer. Resultatet vart Kurzweil K250 og firmaet Kurzweil Music Systems.

Ray Kurzweil er svært oppteken av kunstig intelligens og har skrive ein god del om temaet. Han er AI-fantast så det held, det er i grunnen ikkje grenser for optimisme.

Men tilbake til evig liv: Kurzweil vart fascinert av begrepet singularitet, som kanskje kan oversetjast med grensesprengjande. I dette tilfellet er det den biologiske grensa for menneska som blir sprengd. Kurzweil meiner at AI vil kunna bli ei tillegg til den menneskelege intelligensen og slik gjera oss i stand til å gjera store vitskaplege framsteg som vil kunna føra til at biologiske grenser for menneska blir oppheva.

Vel, vel - kanskje mannen er gal likevel. Det er ofte ei hårfin grense mellom genialitet og galskap..
Les meir i Wired.

tirsdag 25. mars 2008

Tvilsam booking-etikk

Choice Hotels opererer med "prepaid online rate" som standard-val i bookingløysinga si. Det betyr at kredittkortet ditt blir trekt med det same du har bestilt hotellrom og at bestillinga ikkje kan endrast etter det.

Dette er rett nok opplyst i bookingprosessen, og ein må kryssa av at ein godtek garantivilkåra. Poenget er at det er tvilsamt å gjera denne handlemåten til standard-val. Eg tippar at mange, som meg, overser det faktum at bestillinga ikkje kan endrast og at summen blir trekt frå konto med det same.

fredag 21. mars 2008

Boikott OL i Beijing!

Eg ønskjer i utgangspunktet ikkje å bruka denne bloggen til politiske ytringar, anna enn it-politiske, men gjer enkelte unnatak. Kina sitt overgrep mot Tibet og den tibetanske kulturen er av ein slik karakter at det er viktig å seia klart frå. Alle har ein gyllen sjanse i år sidan Kina satsar hardt på å bruka OL for å marknadsføra andre sider av stormakta.

Men dei bør ikkje få sleppa unna med det som skjer i Tibet, og som har skjedd snart i 50 år. Kina har mange andre svin på skogen også, mellom anna støtte til Burma og støtte til overgrep i Darfur, men akkurat no er det viktig å setja søkjelyset på Tibet.

Det er stor fare for at heile den tibetanske kulturen blir utradert dersom kinesarane får halda fram uforstyrra. Dette er etnisk reinsing på sitt verste. Eg meiner Norge må ta eit klart standpunkt og seia nei til deltaking i OL. Me klarte det i 1980, og eg meiner det er minst like gode grunnar til å gjera det no.

Det blir hevda at ein boikott ikkje har nokon effekt. Det er noko eg ikkje trur på - for kinesarane ville det vorte eit enormt prestisjenederlag om mange boikotta OL. På kort sikt ville det kanskje gå endå hardare ut over minoritetane, men på lenger sikt trur eg det er det einaste som kan redda dei: Hardt press og vilje til å setja makt bak krava.

onsdag 19. mars 2008

Brave New World

Først 1984 og så Brave New World - no har eg fått ein bra dose framtidsdystopi! Men det er viktige bøker, begge to. Brave New World har eg lese før, men hugsa ikkje att så veldig mykje så det var ok å lesa den på nytt.

Dei to bøkene av George Orwell og Aldous Huxley er ikkje så ulike, det er mange fellestrekk i den dystre framtida dei skildrar. Begge framtidssamfunna er prega av at individet er bortimot utsletta, det er menneske som kollektiv gruppe som er det einaste som gjeld. Invididet og individualismen, med eiga tenking som rettesnor, blir halden nede.

I Huxleys framtidsvisjon er også familie og nære slektningar eliminerte - menneska blir produserte i store "ruge"-fabrikkar. Ved hjelp av teknisk kontroll og kjemisk dosering blir menneska klassedelte alt frå starten. Frå dei ypparste alfa pluss dei enklaste epsilon. Alle har sin plass i samfunnet og er skreddarsydde for jobben. Nokre år seinare enn Huxley si bok, prøvde jo nazistane noko som minner om dette (t.d. Lebensborn).

Aldous Huxley skreiv Brave New World i 1932, og handlinga vart lagt til år 2540. Det er eit sekulært samfunn, men med (Henry) Ford som idol ("Our Ford"). Fri sex er normen, men på grunn av streng teknisk overvaking og innretning resulterer det aldri i barn. Ord som "mor" og "far" er tabu og noko av det verste ein kan seia.

Målet for samfunnet er lykke og alle er konstant lykkelege. Alle negative kjensler (smerte, irritasjon osv.) er eliminert ved hjelp av konstant bruk av lykkepillar (soma - eit rusmiddel som blir delt ut til alle). Aldringsprosessane er haldne under kontroll slik at ingen blir gamle og rynkete - alle døyr med eit ungdommeleg ansikt og ein ungdommeleg kropp.

Teknologi er sett i høgsetet, men likevel kjem det fram at ikkje all teknologi blir sett på som bra. Den frie forskinga er ein fare for samfunnet, difor er forsking og teknologiutvikling strengt regulert. Kontrollen med individa skjer på ein annan måte enn i 1984, ikkje så direkte, synleg og brutal. Men verknaden er likevel den same - individet blir eliminert. Dissidentar blir også tekne hand om og forviste til ulike øyar, men likevel tilsynelatande med noko mindre brutalitet enn i 1984.

Brave New World er ei viktig bok og særleg viktig meiner eg den er i desse genteknologiske tider. Den burde vera pensum for alle som studerer genteknologi eller liknande fagområde.

tirsdag 4. mars 2008

Semantisk web isolert frå web-en?

Som ei oppfølging av det forrige innlegget vil eg peika på det viktige i ei stegvis utvikling. Kan semantisk web realiserast utan at ein har ei genuin forståing for korleis web-en fungerer i dag, og byggjer på denne?

Eg vil jo svara nei på eit slikt spørsmål og også hevda at dette er ei stor svakheit i dagens semantisk web-initiativ. Utviklinga og forståinga for problema er etter mitt skjønn i for stor grad lausriven frå web-ens grunnleggjande funksjon og oppbygging.

Eg tolkar også det manglande gjennomslaget for semantisk web (?) og dei mange nye semantiske initiativa som Microformats saman med ulike ikkje-standardiserte, men populære tiltak (type Freebase og andre) som eit uttrykk for at hovudsporet i semantisk web er for langt frå web-utviklinga generelt og ikkje ser ut til å bry seg særleg om web-en som sådan. Eg vil ta dette temaet opp att seinare, frå ein annan vinkel.

onsdag 27. februar 2008

Semantisk web? Lær heller å krabba først!

Verda er full av spennande idear, men røyndommen slår ofte brutalt gjennom. Eg søkjer etter informasjon om konferansen "Semantiske dager 2008" som skal haldast i Stavanger i april ein eller annan gang, eg skulle gjerne visst datoen.

Eit søk på konferansenamnet Google gir meg ingen verdifulle treff, sjølv om både Norstella og Abelia (medarrangørar) dukkar opp. Norstella-treffet verkar relevant, men fører meg berre til ei generell side der konferansen ikkje er nemnd. Abelia viser meg til eit innlegg på Semantiske dager 2007.

Eg prøver OLF - Oljeindustriens Landsforening - som er ein sentral organisasjon i arrangementet. Eit søk på 'semantiske dager' gir meg 114 treff der ingen ser ut til å dreia seg om arrangementet. Søket 'semantiske dager 2008' gir også 114 treff (!) - sannsynlegvis dei same treffa.

Denne konferansen skal altså handla om det store nye området semantic web, men arrangørane er ikkje ein gong på web 1.0-stadiet. Her bør ein først læra seg å krabba før ein prøver å gå.

[eg prøvde for moro skuld søket 'semantisk' og det ga berre 4 treff! Det første treffet hadde tittelen 'Semantic Days 2008' - tenk det! Intelligensen i OLF sin søkemotor overgår min forstand.]

torsdag 21. februar 2008

Nintendo Wii - Jippii!

Det er mykje kjekt med å ha ungar - å kunna få fullt utløp for eigne barnslege lyster er berre ein av dei kjekke tinga. Det resulterte denne veka i eit innkjøp av Nintendo Wii, godt hjelpt av litt dårleg samvit for å måtta jobba heile vinterferieveka.

Nintendo Wii fortener ein eigen omtale. Eg trur utviklinga av denne spelplattforma vil gå inn i historien som eit veldig godt eksempel på innovasjon. I staden for å konkurrera med dei to store, Playstation og XBox, om stadig meir og betre fart og grafikk, gjekk Nintendo ein heilt ny veg og utvikla ein aktiv spelestil der ulike rørsler med kontrollen er det sentrale. Dermed kan du spela bowling eller tennis nesten på verkeleg. Det er innovativt og det er ein kjempesuksess - og den er fullt fortent.

søndag 17. februar 2008

Grafisk presentasjon

Eg var innom Sosial- og helse- direktorat- et for å finna informasjon om IT-planen S@mspill 2007 og støytte på følgjande graf. Eg stussa litt over presentasjonsmåten, det er vanskeleg å oppfatta informasjonen i figuren med det same.

Problemet er dei doble tidsaksane. Her ville det klart vore betre å visa utviklinga over år, som X-akse, og droppa månad. Eventuelt kunne enkelte månader vore plotta på X-aksen mellom årstala.

Edward R. Tufte er den som framfor alt er kjend for analysar av grafisk presentasjon. Det er særleg boka The Visual Display of Quantitative Information som har gjort han kjend. Men også boka Envisioning Information inneheld mange interessante eksempel på grafisk presentasjon. Mellom anna er det ein fantastisk intrikat togtabell frå Indonesia og ein ditto komplisert og omfattande togtabell frå Japan.

Tufte seier at dei aller fleste grafiske presentasjonar har tid som ein variabel. I følgje ei undersøking av 4 000 tilfeldig utvalde grafiske presentasjonar frå 15 aviser i perioden 1974 - 1980, var meir enn 75 % tidsseriar. Det er liten grunn til å tru at dette forholdet har endra seg seinare.

Når tidsseriar er så vanlege, betyr det også at det er konvensjonar knytt til oppfatninga av dei. Den vanlege oppfatninga er sjølvsagt at data varierer tidsmessig frå venstre mot høgre. Det gjer dei forsåvidt også i SHDir-grafen, men der er det dei underordna månadene som dominerer, medan den meir interessante utviklinga over år blir øydelagt visuelt.

Edward R. Tuftes hovudtese er elles: "Above else show the data."
Ironisk nok er ERT si eiga heimeside ikkje heilt vellykka visuelt sett...

fredag 15. februar 2008

Classification and categorization - a difference that makes a difference

(Sporadisk) bloggar i1277 peikte på denne artikkelen av Elin K. Jacob etter innlegget om klassifisering og kategorisering. Artikkelen understrekar og gir gode argument for at det er fundamental skilnad mellom dei to begrepa.

Elin K. Jacob har eg faktisk møtt, og eg diskuterte liknande problemstillingar med ho og kollegaen hennar, Kiduk Yang, på ein konferanse i Algarve for 2-3 år sidan. Diskusjonen den gongen var knytt opp mot arbeidet med Los (tidlegare kalla LivsIT) og måten me valde å organisera begrepa på.

I artikkelen Classification and categorization - a difference that makes a difference tek Elin K. Jacob for seg skilnaden på klassifisering og kategorisering og viser også til at det er mykje samanblanding her, sjølv av framståande forskarar. Her følgjer eit kort (og slik sett absolutt ikkje dekkande) samandrag av artikkelen:

I følgje Jacob er klassifisering ein rigid måte å ordna informasjon på der ein entitet/eit objekt kan vera medlem av ein og berre ein klasse. Klassane er ordna hierarkisk og systemet inneheld mykje informasjon berre som følgje av strukturen. Verken kontekst eller ordninga av klassar varierer, noko som skaper eit stabilt system.

Kategorisering er på den andre sida ei meir fleksibel måte å dela "verda av erfaringar" inn i grupper (kategoriar) der medlemmene har enkelte umiddelbare likskapar i ein gitt kontekst. Denne konteksten kan variera, og med den variasjonen også samansetjinga av kategorien. Det er basisen for både fleksibiliteten og styrken ved kategorisering. Ulempa er at det ikkje er stabile strukturar. Kategorisering tillet i motsetnad til klassifisering overlapping og medlemsskap i meir enn ein kategori.

Jacob påstår at det er seks systematiske eigenskapar som må vurderast for samanlikning av klassifisering og kategorisering:

1. Prosess (process)
2. Grenser (boundaries)
3. Medlemsskap (membership)
4. Kriterium for tilordning (criteria for assignment)
5. Typikalitet (typicality)
6. Struktur (structure)

Av desse meiner ho struktur er den desidert viktigaste for å skilja klassifisering frå kategorisering.

Tilbake til figuren i forrige innlegg kan eg sjå at det me har kalla kategorisering (som er måten Los ordnar informasjonen på) stemmer godt med definisjonane til Jacob. Når det gjeld klassifisering er eg litt usikker, særleg når det viser seg at eit emne kan vera av fleire emnetypar. Emnetypane treng heller ikkje ordnast strengt hierarkisk, så slik sett er vel også dette ei form for kategorisering.

torsdag 7. februar 2008

Klassifisering og kategorisering

Ei sentral problemstilling i fleire av prosjekta våre som omhandlar nettstrukturar er forholdet mellom den interne (generiske) portalstrukturen og tilhøyrande stikkord eller emneord. Ein ting er korleis dette blir representert, t.d. i eit emnekart, ein annan ting er korleis det blir framstilt.

Me har prøvt oss med eit skilje mellom klassifisering på den eine sida og kategorisering på den andre. Normalt blir det ikkje skilt skarpt mellom desse begrepa, men me meiner det kan vera fornuftig å gjera det. Det me prøver å få fram, er at strukturen på informasjonen blir sett på frå to synsvinklar. Ei samanlikning med boka kan få fram desse perspektiva: klassifiseringa blir då innhaldslista i boka (sjølve strukturen), medan kategoriseringa blir stikkordlista bak. Meir om dette på Vestforsk-bloggen (der illustrasjonen også er meir leseleg).

søndag 3. februar 2008

Microsoft + Yahoo!

Så ser det ut som Microsoft får viljen sin og sluker Yahoo!. Bodet dei har lagt inn blir rett nok sett på som "uvennleg" frå Yahoo! si side, men dei får nok til slutt viljen - money talks!

Mange spekulerer i synergiar og kva Microsoft kan få ut av kjøpet. Ein del meiner at Microsoft er ute etter søketeknologi, men det tvilar eg på. Kjernen i Yahoo! var heile tida katalog-delen, søketeneste kjøpte dei lenge eksternt (dei kjøpet søketeneste av Google inntil for eit par år sidan!). Microsoft har dessutan søketeknologi sjølve gjennom MSN/Live Search, sjølv om dei aldri har fått skikkeleg dreis på det.

Annonsering blir trekt fram av mange som ein hovudgrunn, og då er det kampen mot Google som er hovudfokus. Det kan nok henda, Microsoft ønskjer nok i sterkare grad å vera med i kampen om den store potten.

Tim O'Reilly meiner det luraste vil vera å satsa meir på det området der Microsoft og Yahoo! alt har ein fordel, og han trekkjer fram epost som eksempel. Yahoo! Mail har ein sterk posisjon på nettpost og Microsoft eig nesten heile epostmarknaden når det epostserver og klient med Exchange og Outlook. I tillegg har Microsoft også hatt ein sterk posisjon på nettet med Hotmail. Med Pipes har Yahoo! også vist spennande nyutvikling.

Det er nok uansett brukarane av Yahoo! som er interessante for Microsoft. Sjølv om Yahoo! er ein klar nummer to av søkemotorane, har dei stor trafikk, ikkje minst gjennom tenester som My Yahoo! (og kopling mot e-post ++). Problemet for Microsoft er at dei så langt ikkje har fått taket på web 2.0 og utviklinga "the network is the computer". Men Yahoo! er heller ikkje eit ekte web 2.0-selskap, i motsetnad til Google. Yahoo! kan vel kallast web 1.5. Og viss Microsoft er endå dårlegare på web 2.0, kanskje web 1,25 - blir resultatet framleis ikkje heilt 2.0 (hmm, kanskje litt søkt matematikk dette..).

onsdag 30. januar 2008

Altinn - igjen!

Eg har omtalt Altinn tidlegare, og vore kritisk til brukargrensesnittet. Eg er ikkje ofte inne på Altinn, 2-3 gonger i året, men eg tippar det er relativt mange som meg, og då må brukargrensesnittet støtta denne type sjeldne gjester.

Altinn ser ut til å meina at "for mykje av det gode er heilt topp" og tilbyr meg difor 6 ulike måtar å logga inn på. Men for mange val blir berre forvirrande for brukaren. Altinn har heilt klart noko å læra av "kuttisme" og kan starta med å sjå på Google - det enklaste er ofte det beste.

Sjølvsagt vel eg feil og prøver det eg meiner er det enklaste. Altinn har ikkje høyrt om ordet "romsleg" eller "få ein sjanse eller to til". Nei, her er det enten rett første gang eller så er det ein time i skammekroken! Det gir meg i alle fall tid til å skriva denne bloggen og få ut litt frustrasjon!

Ein annan ting eg oppdagar er at Altinn er svært hjelpsam med å fortelja meg om fødselsnr. er rett eller ikkje. Det ser ikkje ut som dei har teke lærdom av skandalen for ei kort tid sidan der ein unggut laga årets mash-up ved å kombinera nettopp ei slik teneste med Tele2 sine manglar og fekk ut store mengder private data.

Eg spør meg: Kor mange hundre millionar kroner skal det til for å laga eit godt brukargrensesnitt? Altinn har brukt mange år og mange hundre millionar og eg forventar meir enn dette.

mandag 28. januar 2008

Handlevogn til besvær

Kommunikasjonen vår er full av metaforar - få har vel beskrive det betre enn George Lakoff i "Metaphores we live by" (skriven saman med Mark Johnson). Også nettet og nettbruken er full av metaforar. Ein vanleg metafor for handling på nettet er handlevogna og simulering av handlinga i ein butikk. Vi legg varene i handlevogna og går mot kassen for å betala når vi er ferdige.

Dessverre er det litt for mange som brukar metaforar som eigentleg ikkje passar. Mange forskingsinstitusjonar brukar handlevogna som metafor for å "kjøpa" rapportar, når det enklaste er å lasta ned eller i tilfelle brukaren insisterer på fysisk medium: eit enkelt bestillingsskjema eller epost.

Sosial- og helsedirektoratet har også handlevogna og "butikkhandel" som metafor for distribusjon av publikasjonar. Eg prøvde å bestilla publikasjonen "Tilgjengelige nettsteder 3:3 - Anskaffelse og kvalitetskriterier" for eg ville gjerne ha det fysiske heftet. Men uansett kva eg prøvde, skjedde det ingen ting med handlevogna. Den verka å vera limt fast og nekta å ta meg til kassen eller på annan måte la meg fullføra bestillinga. I slike tilfelle blir det for dumt å bruka ein slik metafor - det enklaste er ofte det beste: send bestillinga med epost eller via eit enkelt bestillingsskjema.

søndag 27. januar 2008

Overvaking

Det nye datadirektivet frå EU opnar for at informasjon om telefon- og nett-/epostbruk kan lagrast i inntil 2 år. Minstekravet er lagring i 6 mnd. Etter nettopp å ha lese "1984 - Store bror ser deg" av George Orwell er det ikkje fritt for at eg frys på ryggen av denne utviklinga.

Betre blir eg ikkje av å lesa Kripos si haldning til saka. Dei vil lagra data i minst 1 år, helst 2. Rune Fløisbonn i Kripos utviser logikk av høg klasse når han i motsvar til Georg Apenes i Datatilsynet seier at "Personvernet vil bli styrket fordi slike opplysninger brukes stadig oftere og er avgjørende for å bevise både skyld og uskyld". Skrekk og gru! Likevel går politiet inn for 1 års lagring og ikkje 2. Men viss dei skal følgja sin eigen logikk må det bli dobbelt så bra personvern med 2 års lagring som med eitt!

Fløisbonn sin uttale er ganske typisk for ivrige tilhengjarar av meir overvaking: Dei som ikkje har noko å skjula har heller ikkje noko å frykta. Georg Apenes karakteriserer dette med reine ord: "Totalitært svermeri".

Eg ønskjer meg ei styrking av Datatilsynet, minst ei dobling av ressursane, og at dei får ein viktigare rolle i samfunnet. Og eg er veldig spent på kven som blir den neste direktøren for tilsynet; eg har tidlegare sagt at Kristin Clemet ville vera ein bra kandidat og eg kan gjerne gjenta det. Elles reknar eg med at dette innlegget vil bli lagra i minst to år...

torsdag 24. januar 2008

Døgnopen forvaltning?








Norges forskingsråd har aldri skjønt vitsen med døgnopen forvaltning - det er i grunnen litt oppskrytt. Tidlegare har dei hatt innleveringsfrist kl. 18.00 på søknader, no ryddar dei opp i den uheldige utglidinga og annonserer innleveringsfrist kl. 12.00 midt på dagen. Slik skal det vera!

Opne nett-tenester døgnet rundt er i grunnen noko stort tull. No ventar me berre på at nettbankane følgjer etter og innfører opningstider frå 08.00 - 16.00.