søndag 25. november 2012

Støtte til Piratpartiet

Piratpartiet på nett. Legg merke til kravet om Flash! Ooops...
Eg har underteikna eit opprop for registrering av Piratpartiet og kjenner eit behov for å forklara støtta i tillegg til at det gir høve til å sjå nærmare på programpunkta deira.

Den viktigaste grunnen til å skriva under er at eg meiner det vil vera bra for norsk politikk å få med eit parti som har IKT som hovudbodskap. Eg ser ingen av dagens parti som verkeleg forstår betydninga av nettet og den revolusjonen det medfører. Ja, alle partia har punkt om den digitale utviklinga, men "they just don't get it!".

Elles må eg seia at eg ikkje likar namnet; ein pirat er ingen heidersmann etter mine begrep. Men namnet er nok gitt av søsterpartia i Sverige og elles i Europa.

Så til dei 11 programpunkta som utgjer kjerneprogrammet for Piratpartiet. Det låg ved underskriftslista som var følgjebrev. (eg merkjer meg elles at ikkje noko av Piratpartiet sin kommunikasjon, på papir eller nett, er på nynorsk..). Eg har sett inn mi eiga vurdering (tommel opp/ned) for kvart punkt:

1. Fildeling styrker norsk språk og kultur
Forslag: ikke-kommersiell fildeling gjøres lovlig.
-
Grunngjevinga startar med "Fleksnes på Youtube må være greit". Det seier ganske mykje om naiviteten når ein argumenterer på denne måten. Eg synest heile punktet ber preg av nettopp naivitet. Her vil partia tena på å nyansera argumentasjonen og setja seg grundig inn i dagens system og lovgiving.

2. Offentlige data må være offentlig tilgjengelige
Forslag: Gratis digitale kart.
+
Ikkje vanskeleg å vera einig på dette punktet.

3. Breddedemokrati: Kvalitetskontroll av politikere
Forslag: Tillat stryking av navn på stemmesedlene
-
Litt rart forslag gitt at Piratpartiet først og fremst er opptekne av digitale saker. Eg trur det heller er det grunnleggjande partisystemet som må reformerast. Dagens lukka prosessar med stadig færre involverte (medlemstala går ned) er ikkje bra for demokratiet.

4. Eierskap til egne data; nei til DLD
Forslag: Datalagringsdirektivet tas ikke inn i norsk lov
+
Dette er eit viktig punkt og eg har same haldning til DLD. Men saka er meir omfattande enn som så, det handlar om overvaking generelt. Sjølv om DLD ikkje blir innført, vil data våre bli registrerte fleire stader (den svenske FRA-overvakinga, USA sine overvakingssystem osv.).

5. Åndsverk og patenter: tilbake til start
Forslag: 14 års opphavsrett og ingen programvarepatenter.
+
Her gir eg full støtte. Opphavsretten har fått ei utvikling styrt av store og mektige interesser som har gjort den svært ubalansert i høve det opprinnelege føremålet. Eg trur absolutt det er nødvendig å starta med blanke ark her. Eg ville lagt til eit forslag om aktiv fornying; opphavsmannen må sjølv aktivera nytt vern etter den første perioden er over, elles vil verket automatisk fall i det fri.

6. Anonyme ytringer må tillates på nettet
Forslag: Det må være greit å ytre seg offentlig uten at ens navn blir publisert.
+
Dette støttar eg også, sjølv om anonymiteten også har sine problematiske sider. Men her må me sjå ut over eigne landegrenser og til statar der det er direkte livsfarleg å ytra seg. Det er ikkje tvil om at anonymitet har vore viktig for den arabiske våren, t.d.

7. Offentlig kulturstøtte forplikter
Forslag: Offentlige støtteordninger krever digitale resultater.
+
Eg er i hovudsak einig i dette punktet, men igjen grip det inn i sentrale delar av opphavsretten som fortener ein breiare diskusjon.

8. Nettnøytralitet lovfestes
Forslag: Avtalen om nettnøytralitet som norske ISPer har undertegnet omskrives til lov.
+
Eg er einig i intensjonen, og at den bør lovfestast på eit eller anna vis. Samtidig er utgangspunktet "alle pakkar er fødde like" også litt problematisk ved nærmare ettersyn. Det som synest heilt opplagt, er likevel ikkje så krystallklart (sjå omtale av boka "Internet Governance" og kommentarar/referat frå seminar der boka vart presentert).

9. Kostnadstak på mobiltelefon
Forslag: EUs kostnadstak på mobiltelefoni innøfres også for andre land; kunder gis rett til varsling om forbruk.
+
Ja, det er ei opplagt god sak. Men ei så spesifikk sak som dette er ikkje politikk, men detaljar. Meir om det til slutt.

10. Innsyn i offentlig sektor
Forslag: Digitale filer må følge med byggesøknader.
+
Igjen isolert sett eit ok forslag, men på eit veldig detaljert nivå.

11. Offentlig sektor må bruke åpne standarder
Forslag: Åpne standarder må brukes i digital kommunikasjon.
+
Dette er vel alt ivareteke. Men realiteten er annleis, det er jo defacto-standardane (ok, dei er også sertifiserte som opne standardar) Word og Excel som framleis dominerer i offentleg sektor. Når denne debatten har stilna, trur eg det kjem av at Microsoft ikkje lenger er den store stygge ulven. Det har komme andre ulvar som framstår langt farlegare..

Ei rask oppsummering gir meg 9 tommel opp og 2 tommel ned, då er det vel full støtte til Piratpartiet? Så enkelt er det ikkje. Det største problemet med punkta over er at mange av dei er kampanjesaker, men ikkje politikk. I rettferdas namn må det leggjast til at Piratpartiet har eit partiprogram basert på fem hovudsøyler (partiprogrammet er sjølvsagt i form av ein wiki):

  1. Individ og personvern (styrking av individ og personvern)
  2. Kunnskap og kultur (reform av opphavsrett og patentar)
  3. Demokrati (demokratisk reform med breiddedemokrati)
  4. Kommunikasjon (lovfesta nettnøytralitet, auka nettutbygging og standardisering)
  5. Teknologi, innovasjon og vitenskap (satsing på teknologi og vitskap, større respekt for vitskaplege metodar og samhandling på nettet)
Piratpartiet er eit nisjeparti og tek ikkje opp store utfordringar som sosiale skilje, utstøyting, trygdesystem m.m. Det er på ein måte greitt, men dei burde i alle fall ha teke med "digitale skilje" som ei hovudsøyle. Slik programmet no framstår, blir det eit parti av og for nerdar.

mandag 19. november 2012

Stao no pao!

Add caption
Årets sesong kan kort oppsummerast slik: Høgt oppe - langt nede - høgt oppe!
Men når enden er god, er alt godt.

Sesongavslutninga på Fosshaugen Campus hadde alt: Nervepirrande nedrykksdrama og det klassiske oppgjeret mot storebror Brann. Det kunne difor ikkje bli betre då me ordna dette sjølve og vann 2 - 0.

Det smått ironiske er at av alle klubbane involverte i nedrykksdramaet, var Sogndal dei som var best førebudde på eit nedrykk. Det ligg djupt i kulturen at eliteseriespel er bonus og at kvardagen ofte er på nest høgste nivå. Økonomien er difor innretta slik at det ikkje er nokon katastrofe om ein rykkjer ned.

Denne slik sunn drift burde vera sjølvsagt i fotballverda, men er faktisk unnataket. Først dei siste par åra har andre klubbar lagt av seg dei verste økonomiske uvanane og stabilsert seg. Sogndal har mykje å takka finanskrisa for. Etter den, vart det plutseleg også fotballmessig lønnsomt å driva økonomisk sunt, og Sogndal kunne igjen ta opp kampen mot dei beste.

Det er naturstridig og eit eventyr som har vart sidan 1976 (eigentleg starta den "moderne" fotballen i Sogndal i 1972). I 36 år har Sogndal vore mellom dei 20 beste klubbane i landet. Det gir inspirasjon til alle oss andre rundt klubben: det er muleg å hevda seg i toppen sjølv om ein er liten.

Same poengsum som i 2011, men på 12. plass (14. plass i fjor)

lørdag 10. november 2012

Kvifor erobra ikkje kinesarane Europa?


I boka ”Guns, germs, and steel – A short history of everybody for the last 13,000 years” tek Jared Diamond for seg dei store utviklingstrekka etter siste istid og korleis miljømessige og geografiske tilhøve har lagt til rette for utvikling av jordbruk, forming av større samfunn og utvikling av skrift-kultur, teknologi og til slutt verdsherredømme for ”den kvite mann”.

Kvifor erobra ikkje kinesarane Europa?
Han skriv overbevisande om forhold som gjorde folka i Europa og Asia (EurAsia) i stand til å profittera på dei nemnde faktorane og leggja under seg land og folk på alle dei andre kontinenta. Men kva så innanfor EurAsia? Kvifor vart t.d. ikkje Europa erobra av kinesarane? I desse dagar med partikongress og val av ny president og nye medlemmer til politbyrået, er det særleg interessant.

2200 års dynasti
Kina delar mange av dei faktorane som låg til grunn for EurAsia sin framvekst. Dei kom litt seinare i gang med plantedyrking og husdyrhald basert på sau, geit og ku, men var først ute med domestisering av gris og kylling. Stabilitetsmessig har Kina vore alle andre land/regionar overlegne. Dei har hatt dynasti samanhengjande sidan 220 f. Kr., og også før den tid var det kinesiske folket relativt samla innan regionen.
Kinesarane har stått for ei rekkje gjennombrot i den teknologiske og kulturelle utviklinga. Dei fann opp skrivekunsten fleire hundre år før Europa, og oppfinningar som skriftspråk, krutt, papir og trykkekunst stammar alle frå Kina.

Utviklinga sett i revers
Diamond si forklaring er at dei faktorane som verkar positivt i eit dynasti som Kina, kan også verka i motsett retning. Det er særleg interessant i lys av dagens utvikling, der mange ser på Kina som eit land som om få år vil vera det dominerande i verda. På same måte som store dynasti kan få utviklinga til å gå fort i ei viss retning, kan dei også få dynastiet til å gå baklengs like fort. Det er eit fåtal personar som styrer utviklinga, i gamle dagar gjerne berre keisaren, og dersom denne, eller dei få (politbyrået?) gjer ”feil” vedtak, har dei same kraft til å gjennomføra dei som andre vedtak.

Diamond nemner eit eksempel på Kina som skipsnasjon. Kinesarane låg langt framfor Europa også på det området, men på 14-1500-talet stoppa utviklinga plutseleg opp. På grunn av fraksjons-verksemd innan leiinga, vart skipsbygging forbode (!), med det resultatet at Kina tapte alt dei hadde vunne i utviklinga som hadde vart i mange hundre år. Eit nyare eksempel er dei mange vanvittige vedtaka under Mao, og særleg Kulturrevolusjonen. Under den siste vart til dømes alle skulane stengde i 5 år! Liknande eksempel gir Diamond frå Japan der våpenteknologi var langt utvikla, men av omsyn til den stolte samuraitradisjonen der sverdet var det sentrale, vart det lagt lok på utvikling av andre våpen.

Fragmentert Europa ein fordel
Europa har aldri vorte samla på same måte som Kina. Det har vore fragmentering, ulike språk og mykje uro (det er vel ein omtale som også kan gjelda i dag). Diamond meiner at fragmenteringa har vore ein fordel for Europa fordi fleire måtar å tenkja på har fått utvikla seg og ein har kunna både konkurrert med kvarandre og lært av kvarandre. Han brukar Columbus som eksempel på fordelen med mange statar. Columbus prøvde å finansiera planane sine både i Italia, Portugal og Spania, og fekk napp først i femte forsøk!

Diamond er ikkje like stor statsvitar som etno-biolog, men både problemstillinga og hypotesen er interessante. Dersom det verkeleg er slik som han antydar, bør Europa skrinleggja dei mest ivrige unionsplanane, og Kina vurdera andre modellar enn den sentralstyrte for vidare utvikling.

onsdag 7. november 2012

Guns, germs, and steel


Tittelen på boka Jared Diamond har skrive, avslører svaret på spørsmålet han stiller i utgangs-punktet: ”Kvifor var det europearane som fekk den dominerande posisjonen i verda og ikkje folk frå andre kontigent?” Formulert og eksemplifisert litt annleis: ”Kvifor var det spanjolane med Cortés og Pizarro i spissen som erobra Sør-Amerika, og ikkje dei innfødde sør-amerikanarane som erobra Spania?”. Kvifor var det Pizarro som knuste Aztekar-kongen Atahuallpa sin store hær og ikkje Atahuallpa som drog til Spania og velta den spanske kongen?”

Yalis spørsmål
Det er eit godt spørsmål, som det heiter, og også eit enkelt eit. Diamond formulerer det retorisk som eit spørsmål frå personen Yali frå New Guinea, ein person han har vorte kjend med som følgje av mange års feltstudie der. Yali spør: ”Why is it that you white people developed so much cargo and brought it to New Guinea, but we black people had little cargo on our own?”. "Cargo" dei innfødde sitt samlenamn på alle vestlege produkt.

Fødd slik, eller blitt slik?
Jared Diamond sitt eigentlege mål med boka er å motbevisa den enkle, ja farleg enkle, forklaringa at kvite (euroasia) er genetisk overlegne andre folkeslag og difor dominerer verda. Det er ein variant av ”fødd slik, eller blitt slik?” og slike enkle påstandar er vanskelege å motbevisa, men gjennom godt 400 sider sit lesaren att med eit inntrykk av at den rasistiske forklaringa er avfeidd og avkledd på ein svært overtydande måte.

Historia om alle dei siste 13 000 åra
Det er ikkje ei lita oppgåve Diamond har gitt seg i kast med, og undertittelen på boka seier det meste om omfang og ambisjonar: ”A short history of everybody for the last 13 000 years”. Ikkje noko mindre! Men Jared Diamond er godt skodd for oppgåva; han har drive vitskapleg arbeid innan både molekylær fysiologi og evolusjonsbiologi. Han kallar seg sjølv både økolog og etno-biolog, og han har forska på områda dei siste 50 åra.

Diamond kokar historia dei siste 13 000 åra ned på 400 sider, og eg kokar igjen forteljinga ned til eit par sider. Det seier seg sjølv at det då blir med overskrifter. Men som eg nemnde innleiingsvis, gir Diamond svaret alt i tittelen: Europearane (inkl. asiatar) utrydda dei innfødde på dei andre kontinenta ved hjelp av smittsame sjukdommar og overlegne våpen samt overlegen organisering. Spørsmålet vidare er kvifor det vart slik.

Busetnad i dei ulike verdsdelane
Han startar med å visa når dei ulike verdsdelane vart busette med menneske. Me veit frå før at Homo sapiens stammar frå Afrika, der forfedrane våre hoppa ned frå trea for rundt 7 millionar år sidan. I Eurasia (Europa frå Irland i vest pluss Asia med Japan heilt i aust) vart folkesett for rundt 1 mill. år sidan (røffe tal). Til Amerika kom ikkje mennesket før ca 12 000 år før Kristus (f. Kr.) og Australia vart busett ca. 40 000 år f. Kr. Eit spørsmål som då raskt melder seg er kvifor ikkje Afrika vart det suverene kontinentet og la under seg alle dei andre? Med eit forsprang på 6 millionar års utvikling skulle alt liggja til rett for det.

Bøndene rular!
Det viser seg at kor lenge mennesket har levd på dei ulike kontinenta, ikkje er den avgjerande faktoren for hegemoni. Den avgjerande  faktoren er plantedyrking og husdyrhald, altså då mennesket begynte å bli bønder [det er jo svært tilfredsstillande for ein bonde å lesa dette :)]. Dei første menneska begynte å dyrka planter rundt 9 500 år f. Kr., og det skjedde i det som blir kalla den grøderike halvmånen (”the fertile crescent”). Denne strekte seg frå dagens Israel + Jordan vidare til Syria og over til Irak og Iran. Det er alts Midt-Austen som er arnestaden for jordbruket.

Den grøderike halvmånen sentral
Husdyrhaldet starta litt seinare og rundt 8 000 f. Kr. vart dei første dyra sau, geit og gris ”domestisert”. Kua kom litt seinare, rundt  6 000 år f. Kr. og hesten 2 000 år deretter. Menneskets   beste venn, hunden, var forresten det første dyret som vart domestisert, men hunden er litt spesiell sidan den i liten grad har vorte brukt som mat. Alle desse dyra vart domestisert i Sør-vest Asia (den grøderike halvmånen) eller Sør-aust Asia (Kina). Av større dyr var det berre eselet (Egypt) og lamaen (Andes) som vart domestisert på andre kontinent.

Rikeleg tilfang av ville artar
Grunnen til at dei viktigaste plante- og dyreslaga vart domestisert i Sør-Vest og Sør-Aust Asia var den rike økologien med dei rette ville planteslaga og dei rette større pattedyra. EurAsia hadde vidare den fordelen at kontinentet strekte seg langt i breidda, og hadde mykje dei same klimatiske forholda frå Portugal i vest til Korea og Japan i aust. Skilnaden langs breiddegradene er mykje mindre enn skilnadene langs lengdegradene. Både Amerika og Afrika har den dominerande utstrekninga i lengda, ikkje breidda, og særleg gjeld det Amerika. Australia på si side var det mest isolerte kontinentet og også kontinentet fattigast på økologi på grunn av vanskeleg klima.

Fatale bakteriar
Med husdyrhald kom også sjukdommar overført frå husdyra til mennesket. Det var sjukdommar som koppar, influensa, meslingar, kik-hoste og mange av dei andre vanlege (barne-)sjukdommane. Gjennom fleire tusen år tilpassa menneska i EurAsia seg desse sjukdommane. Men folkeslag frå andre kontinent fekk eit fatalt møte med dei same bakteriane.

Politisk organisering og skrivekunst
Med fastbuande folk og større folketal kom også organiseringa i landsbyar og byar. Alle trengde ikkje lenger brukar all si tid på å samla mat, enkelte kunne spesialisera seg på andre oppgåver, som soldatar, byråkratar osv. Denne organiseringa var langt meir effektiv enn den lause organiseringa i familieklanar eller stammar som jeger- og samlarfolket gjerne hadde.

Ein annan viktig faktor var utviklinga av skrivekunsten. Den vart nødvendig for å få ei effektiv organisering. Skrivekunsten utvikla seg uavhengig på fleire stader. Noko av den eldste kulturen er den sumeriske (Irak/Iran) som utvikla kunsten ca. 3 000 år f. Kr. Det er truleg at også Egyptarane utvikla skrivekunsten uavhengig av den sumeriske, også dei rundt 3 000 år f. Kr. Kinesarane utvikla kunsten ca 1 300 år f. Kr. og innfødde i Mexico ca. 600 år f. Kr. Men det var i EurAsia skrivekunsten spreidde seg raskast og fekk størst betydning.

Kvifor den kvite mannen?
Denne tabellen (eige oppsett) gir svaret på kvifor den kvite mannen fekk verdshegemoni:

        Lang historie Økol. føresetnader Geografi/diffusjon
EurAsia         x                        xx                      xx
Afrika        xx                         -                       -
Amerika         -                         -                       -
Australia         -                         -                       -

Som vi ser er EurAsia den klare vinnaren og Amerika og Australia dei klare taparane. Afrika har fordelen av den lange historia for mennesket, men ulemper med økologi (få tilgjengelege ville planter og større pattedyr som var muleg å domestisera) og geografi ved at kontinentet strekkjer seg nord-sør og har ein barriere i Sahara.

Blitt slik, ikkje fødd slik
Tilbake til Diamonds hovudoppgåve: tilbakevising av genetikk som forklaring på den kvite mannen sin suverene stilling. Han avsluttar boka slik:
In short, Europe’s colonization of Africa [og dette gjeld også Amerika og Australia, min kommentar] had nothing to do with differences between European and African peoples themselves, as white racists assume. Rather it was due to accidents of geography and biogeography – in particular, to the continents’different areas, axes, and suites of wild plant and animal species. That is, the different historical trajectories of Africa and Europe stem ultimately from differences in real estate."
Boka kan absolutt tilrådast. Den er særleg interessant i diskusjonen om busetnad, utvikling av jordbruket og etno-biologi generelt. Jared Diamond er litt meir på tynn is når han drøftar innovasjon m.m., utan at det eigentleg trekkjer særleg ned. 

søndag 4. november 2012

Jordan, ditt neste ferieland?

"Kamel i solnedgang"

Etter ei veke i Aqaba, Jordan, er det ikkje vanskeleg å tilrå andre å reisa dit. Sjølv hadde eg aldri tenkt på Jordan som aktuelt reisemål, om det ikkje var for ein god venn som tipsa meg om det. Dei fleste tenkjer vel som så om Jordan: Midt-Austen, krig på alle kantar, absolutt ikkje trygt. Men jordanarane er eit fredfylt folk som har balansert mellom krigande land i alle år etter siste verdskrig utan sjølv å bli innblanda. Dei har utvikla gode diplomatiske evner, noko som er avgjerande for å overleva. Med grense til Israel, Libanon, Syria, Irak og Saudi-Arabia veit Jordan alt om kva som skal til for å halda seg på godfot med hissige naboar.

Turisme og fosfat
Aqaba ligg i enden av Aqaba-bukta, som igjen er i enden av Raudehavet. Rett over bukta ligg den israelske byen Eilat, og litt lenger ute på Sinai-halvøya ligg Egypt. Reiselivet er viktig for Jordan og står for 10-12 % av inntektene til landet. Den viktigaste eksportvara er elles fosfat. Jordan er eit relativt fattig land, fattig på naturressursar og dyrkbart land, men rikt på kultur og kulturminne. Den grøderike halvmånen, som var utgangspunktet for starten av plantedyrking og husdyrhald for 11-12 000 år sidan, omfatta mellom anna Jordan (omtale av Jared Diamonds bok ”Guns, germs and steel”, der dette er sentralt, kjem i neste blogginnlegg). Seinare har overbeiting, avskoging og klimatiske endringar gjort mykje av det opprinneleg grøderike området om til ørken.

Varmt både i bassenga og i Raudehavet
360 soldagar i året
Turismen i Jordan er stort sett konsentrert til den smale kyststripa langs Aqaba-bukta. Her er det bygt opp ei omfattande turistnæring, og planar for endå meir omfattande utbyggingar er klare. Men det må store løft til på infrastruktur (flyplass, vegar, vatn ++) dersom dette skal realiserast og bli bra.
Det store fortrinnet til Aqaba er klimaet; det blir sagt at det er opp mot 360 soldagar i året og temperaturen i sjøen er behageleg året rundt. Du skal altså ha uflaks om du støyter på dårleg ver. Turistsesongen er frå september til mars, elles i året er det for varmt.

Petra - eit imponerande syn

Ørkenbyen Petra
Det viktigaste reisemålet, og mest kjende kulturminnet, er ørkenbyen Petra. Den er eitt av verdas 7 underverk og eit ”må” for alle som reiser til Jordan. Det er ein by frå ca 2 000 år f. Kr. og den er hoggen inn i sandsteinsfjella. Det var folkeslaget Nabatearane som bygde byen, og den var i drift fram til om lag 100 år e. Kr. Petra var sentralen for aust-vest-transporten av varer (”Kryddervegen” og ”Silkevegen”) og nabatearane levde godt på tenester for alle gjennomreisande og sikkert også ”beskyttelsesavgift”.
Dessverre er området svært utsett for erosjon, og mykje av byen er øydelagt. Øydeleggingane held fram, og dersom ikkje det blir sett inn tiltak (drenering m.m.), vil mykje av kulturminna bli øydelagde for alltid.

Ørkenområdet Wadi Rum
Det nest viktigaste reisemålet er ørkenområdet Wadi Rum. Også dette området var ein sentral gjennomfartsstad for handelen mellom aust og vest. Beduinane i området levde på same måte som nabatearane av å tilby kost og losji for dei reisande. Det spesielle med området er sandsteins-formasjonane som bryt ørkenlandskapet.
Kamelriding i Wadi Rum

Den arabiske revolusjonen
Wadi Rum er også viktig fordi det var her den arabiske revolusjonen starta i 1917. Jordan var ein del av det ottomanske riket og jordanarane var som mange andre leie av tyrkarane. Under første verds¬krig allierte arabarane seg med England og klarte å gjera slutt på det ottomanske styret. Ein sentral figur i den kampen var Lawrence of Arabia, ein engelskmann som hadde budd lenge i Syria og som kunne arabisk og kjende kulturen. Han vart bindeleddet mellom arabarane og engelskmennene og kjempa side om side med arabarane, noko som er dokumentert i David Leans film ”Lawrence of Arabia”. På arabisk side var Sharif Hussein den sentrale mannen. Han hadde fire søner som fekk ansvaret for å kjempa for kvar sin del av området. Abdullah kjempa i Jordan og vart etter frigjeringa konge der (Abdullah I). Det som ikkje låg i avtalen med England var at dei tok over etter tyrkarane. Jordan vart sjølvstendige i 1946.

Guiden Ali viser fram portrettet av Lawrence of Arabia

I seinare tid har kong Hussein vore den mest kjende og den som har hatt størst påverknad på utviklinga i Jordan i nyare tid. Han vart konge i 1953, berre 18 år gammal, då faren, kong Talal, måtte abdisera. Offisielt heitte det at kong Talal var sjuk, men sanninga var at han var for radikal for dei fleste. Han starta innføringa av parlamentarisme og ivra for større demokratiske rettar for folk. Men det vart for mykje, for fort. Kong Hussein døydde i 1999, berre 63 år gammal. Sonen Abdullah II er no konge i Jordan.

Vatn!
Det største problemet i Midt-Austen, og grunnlag for mykje av konfliktane, er mangel på vatn. Jordan har inntil nyleg hatt Jordan-elva som viktigaste vassforsyning, men sidan den er grenseelv mot Israel er forbruket av vatn eit problem. For ti år sidan fann dei store reservar med grunnvatn i Wadi Rum. Dette vatnet forsyner no Aqaba-området og skal etter planen også forsyna Amman. Det er vidare storstilte planar om vatning og dyrking av ørkenområda rundt Wadi Rum.

Jordan har ikkje funne olje, endå dei har lang grense til Saudi-Arabia. Men funn av store mengder drikkevatn er truleg ei større velsigning for Jordan enn funn av olje.

Aqaba og Tala Bay
Når du reiser til Aqaba (eg seier når, ikkje viss) har du i dag valet mellom å bu i Aqaba eller i turistområdet Tala Bay rundt 15 km lenger sør. Sjølv budde eg i Tala Bay og angra ikkje på det. Det er meir som eit omvendt reservat, avstengt for andre enn turistar, men samtidig er det veldig roleg og avslappande og lett å komma seg til og frå Aqaba by.

Og har du bruk for ein taxi-sjåfør, og det har du om du ikkje satsar på leigebil, er Abdulla den du bør kontakta. Han er ein stødig og god sjåfør som snakkar godt engelsk, men som ikkje er overivrig på nokon måte.

onsdag 31. oktober 2012

Etter Steve Jobs død - kva no, Apple?

Kortversjonen av spørsmålet er: Sel Apple-aksjane dine om du ikkje alt har gjort det. Eg tvilar på om Apple nokon gong i framtida vil få den posisjonen dei har hatt dei siste par åra.

Reinkarnasjonen
Steve Jobs vart kasta ut av Apple i 1985 og forlet selskapet som ein slagen mann. Han returnerte i 1996 som eit stort håp for Apple, og døydde i 2011 som ein triumfator. Returen til Apple var ein bortimot samanhengande suksess. Særleg bidrog dei tre gjennombrotsområda musikk (iPod, iTunes), smarttelefon (iPhone) og nettbrett (iPad) til å løfta Apple til toppen av alle selskap. Det låg slett ikkje i korta då Jobs returnerte.

The devil's in the details
Steve Jobs var svært delaktig i utviklinga av alle dei tre kjerneområda, i tillegg til det gamle området pc-ar og berbare. Det var ikkje den detaljen Jobs let vera å slå ned på, og for utviklarar og designarar var det både stimulerande og demotiverande. Men resultatet talar for seg, sjølv om Jobs ein sjeldan gang vart nedstemt (iTunes for Windows).

Jobs visjonar varer eit par år til
Jobs hadde fingrane bort i mykje og planar for nye Apple-produkt ut over nettbrettet iPad. Noko av det siste han var oppteken av, var ein meir brukarvennleg TV. Det kunne saktens trengjast; alle som sit med 4-5 fjernkontrollar og bannar over innvikla brukargrensesnitt kunne fått god hjelp av Apple og Jobs. Om Apple vil realisera Jobs' siste planar er meir usikkert.

Etter Jobs' død er situasjonen litt som i teikneserie-klisjéen der figuren har gått utfor stupet, men "heng" i lufta uforklarleg lenge før han stuper i avgrunnen. Eg seier ikkje at Apple vil stupa i avgrunnen, men at det blir tøffare tider for selskapet er eg overtydd om. Sjeldan har ein mann betydd så mykje for eit selskap som Steve Jobs. Den fantastiske intuisjonen hans braut med alle "vedtekne" sanningar om produktutvikling med brukarinvolvering. Denne intuisjonen er ikkje lett å vidareføra i eit stort selskap som Apple. Den nye CEO-en Tim Cook er ein god administrator, men heilt ulik Jobs (som kan vera ein fordel på mange måtar). Steve Jobs sa sjølv om Cook "but Tim's not a product person, per se". Det er nesten dei same orda han brukte om John Sculley i si tid..

Apple pressa frå mange hald
Etter mega-suksessen med iPhone og iPad opplever Apple sjølvsagt stort press frå konkurrentar som vil ta sin del av marknaden. Apple har svart med saksøking, særleg av Samsung, for å prøva å demma opp. Men Apple kan ikkje stå i mot den flodbølgja av produkt som strøymer på marknaden. Steve Jobs var heilt krakilsk mot Android, det minna han om kampen mellom Mac OS og Windows. Han var heilt bestemt på å cknusa Android ved hjelp av rettsaker. Eric Schmidt, tidlegare styreformann i Google, var lenge også styremedlem i Apple. Men han måtte trekkja seg frå styret då kampen mellom iOS og Android tilspissa seg. Schmidt sa dette om selskapet: "Apple is a brilliant inventor of closed systems".

Sjølv om mykje av Apple sin suksess skuldast det digitale økosystemet rundt produkta (AppStore), vil dei bli pressa på produktsida. Særleg tydeleg er dette på smarttelfon-området. Her er det også ein kamp mellom det lukka og det opne. Trenden for smarttelefonar er stadig større skjermar, og her heng iPhone etter. Frå å vera innovatoren på området må Apple no finna seg i å prøva å ta att konkurrentane på det tekniske området.

Også på området nettbrett møter Apple hardare konkurranse, etter å ha vore nesten einerådande fram til no. Google sitt Nexus 7 er eit godt eksempel på at konkurrentane tek att og delvis utviklar nye nisjer. Apple har svart med iPad Mini, men interessant nok er den kanskje litt i største laget til å svara heilt på Nexus 7 sin stoe fordel: Eitthands-grepet.

onsdag 17. oktober 2012

Steve Jobs: Ute av Apple og inne igjen

Det er eitt år og vel ei veke sidan Steve Jobs døydde, og inntrykka i serien av blogginnlegg er henta frå den autoriserte biografien om han, skriven av Walter Isaacson.

Katastrofe! - eller velsigning?

Steve Jobs vart til si store overrasking kasta ut av Apple i 1985. Han var vant med å manipulera folk rundt seg og trudde nok at Apple kom til å kasta Sculley og ikkje han sjølv. I ettertid har han sagt at dette var det beste som hende han, og han har sikkert rett. Hadde Jobs halde fram i Apple på den tida, ville det ganske sikkert gått heilt gale. Han var rett og slett umuleg å arbeida saman med.

NeXT 

Jobs starta kort etter NeXT, neste generasjons datamaskin. Han var inspirert av arbeidsstasjonar (Silicon Graphics m.fl.) og meinte at han kunne laga ein folkeleg versjon av slike til ein mykje lågare pris. Han tok med seg nøkkelpersonar frå Mac-utviklinga, til kraftig irritasjon for Apple. Apple ville gå til sak mot han, men det vart ordna i minnelege former.
NeXT-logo, designa av Paul Rand

Steve Jobs hadde berre 7 mill. dollar i startkapital og pengane vart fort oppbrukte. Han fekk deretter med seg Ross Perot (grunnleggjaren av IT-selskapet EDS og presidentkandidat i 1992 og 1996). NeXT vart først lansert i 1990, til den relativt heftige prisen $ 9999. Bill Gates sa om NeXT at "his [Jobs] product comes with an interesting feature called incompatibility". NeXT var ikkje kompatibelt med noko anna og levde i sitt eige univers. Bill Gates var ein av få personar som ikkje let seg påverka av Jobs' "Reality Distortion Field".

Isolert sett var NeXT ein flopp, men i det lange perspektivet var det eit veldig viktig utviklingsarbeid som la grunnlaget for Jobs' retur til Apple. Apple kjøpte NeXT (inkl. Jobs) i 1996 og med det var Jobs for fullt tilbake i sirkusmanesjen. Operativsystem for NeXT, NeXTSTEP, var utvikla med utgangspunkt i Unix og vart etterkvart omarbeidd til Apple OS X

Pixar


Men i tida før Apple-returen involverte Jobs seg også i filmstudioet Pixar. Det var eit lite, høgteknologisk firma som laga animasjonsfilmar med utgangspunkt i kraftige, grafiske arbeidsstasjonar. Jobs kom inn i Pixar via NeXT, som han prøvde å selja til dei. I Pixar var Steve Jobs' forretningsidé i starten den same som i Apple og NeXT: Utvikla rimelege, kraftige arbeidsstasjonar for folk flest. Det viser at Jobs' idéar ikkje alltid har vore geniale, men at han har vore relativt god til å omstilla når ting har butta i mot.

Det geniale i Pixar var sjølvsagt ikkje maskinvare, men hjernekraft. Det var kombinasjonen av kunst, kreativitet og høgteknologi som særmerkte selskapet, og det var den kunstneriske leiaren Jon Lasseter som manifesterte dette. Ser vi på Steve Jobs si karriere er det i dette skjeringspunktet hans genialitet også har vore, og han såg fort Lasseters heilt spesielle evner.

Det var likevel Disney som redda Pixar frå konkurs då dei kjøpte seg inn i selskapet. Og det var Pixar som redda Toy Story frå havari då dei tok tilbake styringa av filmprosjektet. Toy Story vart ein megasuksess. For eigen del vil eg leggja til at Toy Story-trilogien kanksje er den einaste filmserien der oppfølgjarane har vore fullt på høgde med den første versjonen.

Jobs og Disney-sjef Michael Eisner frontkolliderte etter kvart; to store ego med ein uvilje mot kompromiss kunne ikkje gå bra i lengda. Men med Bob Iger som ny Disney-sjef løyste det seg. Disney kjøpte etter kvart heile Pixar med det resultatet at Steve Jobs vart største enkelteigar i Disney-konsernet.

Apple-retur

Steve Jobs klarte å få Apple med Gil Amelio i spissen til å kjøpa NeXT, og han sjølv følgde med på lasset. Dei kunne umuleg vita kva dei gjorde (?), for ikkje lenge etter hadde han klart å fjerna både CEO Gil Amelio og heile styret, og det utan å ha ein formell posisjon i Apple og utan å eiga ein einaste aksje!

I perioden 1996-1998 var Jobs rådgivar og hadde ein dollar ($ 1) i årslønn. I den perioden mottok han $ 2,50 i lønnsutbetaling frå Apple. Men styret med styreleiar Ed Woolard i spissen, godt støtta av Jobs-venn Larry Ellison som også sat i Apple-styret, pressa på for å få Jobs til å ta eit større ansvar og også å ta i mot større bidrag frå Apple.

Steve Jobs sa i starten nei både til høgre lønn og aksjeopsjonar, han ville ikkje at folk skulle tru han returnerte til Apple for pengane si skuld. Men så endra han meining (noko han gjorde ofte) og ville gå inn rollen som CEO. Han ville ha eit privat jetfly, for han hadde ofte lånt Larry Ellison sitt. Styret ga han gladeleg ein privatjet, og tilbaud han $ 14 mill. i aksjeopsjonar. Men då ville Jobs ha $ 20 mill.(!), noko som skapte eit nytt problem. Det vart masse bråk med tilbakedaterte aksjeopsjonar og skattemyndigheitene gjekk inn for å sjå på rotet. Ansvaret for rotet vart plassert på økonomisjefen og ho fekk sparken, men den som hadde rota til det heile var sjølvsagt Jobs sjølv.

Apple blir eit medieselskap


Etter at han vart CEO, starta Steve Jobs oppryddinga i Apple for fullt. Apple var nedkøyrt, både økonomisk og produktmessig. Det ironiske er at Microsoft truleg redda Apple frå konkurs då dei gjekk inn med $ 150 mill. i 1997. Men Bill Gates gjorde ikkje det av sentimentale grunnar, for han var det business. Og det skulle visa seg å vera god business for dei. Office for Apple var eit viktig program og avkastninga på aksjande var heller ikkje dårleg (Microsoft selde seg ut i 2003). Hadde dei venta 7-8 år med å selja aksjane, ville fortenesta vore gigantisk (nesten 5 mrd dollar).

Jobs stopp Newton og ei rekkje andre prosjekt og skar kraftig ned på tal Mac-modellar. Han introduserte iMac som starten på ein ny æra. I 2001 kom iPod og Apple erobra mp3-marknaden. Med iTunes la dei fundamentet for Apples framtidige økosystem. Ein heit diskusjon i Apple var om iTunes skulle vera eksklusivt for Apple-brukarar eller om det også burde tilbydast Windows-brukarar. Steve Jobs kjempa hardt for å halda iTunes innafor Apple-universet, å opna den for Windowsbrukarar stridde mot kjerneverdiane hans. For han var ende-til-ende-kontroll heilt vesentleg, og han avskydde tanken på å ikkje ha full kontroll over alle ledd i kjeda.

Til slutt måtte han gi seg, for det var innlysande for dei fleste at det berre var Apple som kom til å tapa på å halda iTunes unna Windows. Apple måtte vera i musikkbransjen, ikkje berre i Mac-bransjen. Siste ord frå Jobs var: "Screw it! I'm sick of listening to you assholes. Go do whatever the hell you want!". Slik snakkar ein god tapar :-) På vanleg vis tok han ein slags hevn under lanseringa av iTunes for Windows: "iTunes for Windows is probably the best Windows app ever written". For eigen del vil eg som iTunes-brukar på Windows-plattforma leggja til at iTunes (+ QuickTime) med mine erfaringar er eit av dei mest rotne Windows-produkt av alle, med stadige systemproblem.

"Idealet attom yrket"

Dette var livssynet til oldefar min, og det er eit motto/livssyn som kan gjelda for Steve Jobs og Apple også. Jobs' karakteristikk av Microsofts Zune-satsing demonstrerer det til fulle:
"The older I get the more I see how motivation matter. The Zune was crappy because the people at Microsoft don't really love music or art the way we do. We won because we personally love music. We made the iPod for ourselves, and when you're doing something for yourself, or your best friend, or your family, you're not going to cheese out."
At Microsoft ikkje lykkast her, var ikkje så overraskande. Men at Sony ikkje har klart det, er vanskelegare å forstå. Dei hadde alt som skulle til for å lykkast på musikkmarknaden og likevel har dei klart å rota det til. Ei håplaus organisering med masse intern konkurranse er delar av svaret. Sony var også redde for å kannibalisera eigne produkt og tenester. Igjen er Steve Jobs' syn på saka interessant og lærerik:
"Never be afraid of cannibalizing yourself. If you don't do it, someone else will."
Så sant som det er sagt. Apple stoppa ikkje iPhone-utviklinga sjølv om dei såg at den kom til å bli ein iPod-killer, og når iPod står for halve omsetninga i selskapet (2007), er det eit tøft val å ta.

Design

iPod Shuffle, iPod Nano, iPod Classic og iPod Touch

Steve Jobs var manisk oppteken av design. Interessa for Zen-filosofi og det minimalistiske fekk utløp i design  av diverse Apple-produkt. Heilt frå design av den første Mac-en hadde Jobs full kontroll på design av alle sider av eit produkt; både det fysiske og programvara. I design av Apple II tapte han for Woz og resultatet vart ei datamaskin med mange portar og kontaktar - fjernt frå Jobs' ideal. Han tok det att med Mac-en og dreiv medarbeidarane til vannvidd som vanleg. Han insisterte på at rektangela i dialogboksane skulle ha runde hjørne, noko som var svært vanskeleg å få til på den tida. Kanskje patenteringa av rektangel med avrunda hjørna stammar herfrå?

Jonathan Ive har vore sjefsdesigner i Apple i lang tid. Han vart rekruttert alt i 1992 og samarbeidet mellom han og Steve Jobs har vore uvurderleg for Apple. Ive delte designfilosofi med Steve Jobs og var inspirert av dei same folka, ikkje minst Dieter Rams i Braun. Han sverga til "Less is more" og Einsteins berømte utsagn "Simplicity is the ultimate sophistication". Jonathan Ive har vore sentral i all design frå iMac og fram til førebels siste iPhone (iPhone 5).

Rekkja av produkt designa av Jonathan Ive inneheld mange klassikarar, mellom dei den første iPod-en og enkelte MacBook-modellar (MacBook Air). Den originale Mac-en er sjølvsagt også ein klassikar, sjølv om Ive ikkje hadde noko med den å gjera.

Men ikkje all design i Apple har vore vellykka, i alle fall sett med kommersielle auge. Og enkelte produkt har tolt tidas tann relativt dårleg, t.d. iMac og enkelte berbare modellar. PowerMac G4 Cube representerte det ultimate av forenkling og kan stå som eit symbol på den mest reindyrka Ive/Jobs-designen og den som best uttrykte Zen-inspirasjonen. Den enda opp på MOMA (Museum of Modern Art), men var ein kommersiell flopp. Igjen mislykkast Steve Jobs med å bringa kraftige arbeidsstasjonar "til folket". Det er den eine delen av dei livslange visjonane han ikkje har lukkast. Typisk nok fall G4 Cube mellom to stolar: for dyr for folk flest, og utviklarar bryr seg ikkje om design.





fredag 12. oktober 2012

Steve Jobs: Genial drittsekk (del I)

Det kan synast respektlaust å omtala Steve Jobs på denne måten, eitt år og ei veke etter at han døydde. Men eg finn ikkje noko betre oppsummering av biografien om han skriven av Walter Isaacson. Biografien er overraskande open og ærleg, og legg ikkje skjul på dei dårlege sidene til Jobs. Det er her ein begynner å forstå den enorme påverkinga Jobs hadde på folk; han har klart å (detalj-)styra ettermælet sitt også. Hadde desse sidene vorte utelatne, ville andre heilt sikkert sørgja for å få dei fram i lyset.

Tittelen reflekterer også Steve Jobs si eiga inndeling av folk: "heroes" og "assholes"; her var det ikkje noko midt i mellom. Folk var enten geniale eller drittsekkar. Steve Jobs kan vel seiast å ha vore begge delar..

Adopsjon og søking
Steve Jobs vart adoptert bort kort tid etter at han var fødd. Faren var syrisk innvandrar og eit giftarmål var utelukka for mora sin familie. Ho kunne på si side ikkje ta seg av barnet åleine. Men Steve Jobs var heldig, han kom til ein god familie. Dei adopterte seinare også ei dotter. Likevel hadde han heile livet kjensla av å ha vorte forleten ("abandoned") og det forklarer truleg mykje av søkinga mot Zen og austleg filosofi som han var oppteken av.

Dei biologiske foreldra gifta seg likevel i 1957 og fekk ei dotter, forfattaren Mona Simpson, og vart så skilde i 1962.

Orkidé-barn?
I den siste tida har begepet orkidébarn vorte populært. Det er i kjølvatnet av 22. juli-katastrofen og forsøka på å forklara kvifor ABB kunne bli den massemordaren han blei. A-magasinet presenterte nyleg ein artikkel om orkidé-barn i forlenginga av boka En norsk tragedie av Aage Borchgrevink.

Orkidé-teorien går ut på at gener som disponerer for negativ utvikling også kan ha ei positiv side og at det er miljøet som avgjer om det vippar i den eine eller andre retninga. Orkidébarn har generetiske disposisjonar for å vera meir sensitive både for "nærande" og "tærande" miljø, og det eine eller det andre vil då utvikla vedkommande i positiv eller negativ retning.

Når ein les om Steve Jobs er det uunngåeleg å ikkje få assosiasjonar til dette, særleg når det også er klar at Jobs fekk diagnosen narcissistisk personlegheitsforstyrring, den same diagnosen som vart tilkjend ABB.

Reality Distortion Field
Steve Jobs hadde eit "verkelegheitsforstyrrande felt" rundt seg ("Reality Distortion Field" stammar frå Star Trek).
- han skapte si eiga verkelegheit
- han nekta å ta eit faktum for eit faktum, noko som i visse tilfelle også kunne vera stimulerande fordi det "mana" bort grenser
- frå han var liten var han van med å vri sanninga for å få viljen sin
- han såg på seg sjølv som den utvalde (som Jose Mourinho - "The Chosen One")
- lover og reglar gjaldt ikkje for han (han køyrde konsekvent utan kjennemerke på bilane og han parkerte konsekvent på handikapp-plass!)
- det var dette som gjorde at han heller ikkje tok inn over seg kreftsjukdommen i starten
- han nekta for farsskapen til Lisa, den første dottera hans

Apple II
Gjennombrotet kom med Apple II, på mange måtar den første ordentlege pc-en. Den vart introdusert i 1977 og gjorde Apple til ei "skikkeleg" bedrift. Før suksessen var Apple sjølvsagt  berre Steve Jobs og Steve Wozniak. Wozniak var teknologi-guruen; hackeren som kjende seg altfor bunden i arbeidet for HP og som vart med på Steve Jobs sine ville planar. Steve Wozniak konstruerte Apple II meir eller mindre eigenhendig, men han var ikkje interessert i økonomisk suksess. Han meinte dei burde gi bort maskina slik at flest muleg kunne brukan den. Han ville ha ein open arkitektur og ville gi bort teknologien - kort sagt var han den rake motsetninga til Steve Jobs!

Både HP, Atari og Commodore fekk sjansen til å kjøpa Apple (II), men ingen av dei var interesserte. Det kan vel tenkjast at dei angra i ettertid..
Steve Jobs' første datajobb var nettopp hos Atari (og Wozniak hjå HP). Hjå Atari var avtalen at han jobba dei tidene ingen andre var der, for det lukta så fælt av han. Jobs verken vaska eller stelte seg, og han var fast overtydd om at det økologiske kosthaldet, med overvekt av frukt, gjorde at han slapp slike verdslege ting..

Namnet Apple
Mange har spekulert i at Apple-namnet og logoen er inspirert av Alan Turing; geniet som tok sjølvmord ved å eta eit forgifta eple. Men det stemmer nok ikkje. Apple-namnet kom av to ting:
- Jobs var besett på å komma før Atari i telefonkatalogen (!)
- han arbeidde med beskjering av ein frukthage i mange år (Gravenstein-tre!)

Då det første utkastet til logo kom, valde han den varianten der ein bit av eplet var borte.

Design
Steve Jobs var veldig interessert i design. Litt av dette hadde han nok frå sin eigen far, som var ein dyktig ingeniør med sans for skikkeleg arbeid. Ein gong faren sette opp eit gjerde rundt huset, spurde Steve kvifor han brukte så mykje tid på den sida som vende mot deira eige hus; det var jo berre dei som såg den. Då sa faren at alt arbeid måtte gjerast like skikkeleg, enten ein såg det eller ikkje.

Steve Jobs begynte på Reed College. Av mange mulege valde han eit av dei dyraste, som foreldra knapt hadde råd til. Då foreldra køyrde han til Portland i Oregon, nekta han dei å bli med innom porten, og dei måtte berre returnera utan å få sjå skulen i det heile.

Han droppa ut etter berre eit halvt år, og sidan levde han berre på campus meir eller mindre som ein fredlaus. Han tok enkeltfag, men utan å få karakterar eller vitnemål. Det viktigaste kurset han melde seg på, var eit kurs i kalligrafi. Kalligrafi er skrivekunst, direkte oversett, men refererer til fleire tusen års arbeid med handskrift, ikkje minst kinesisk og arabisk.

For Steve Jobs var det estetiske elementet det viktige. Han såg eit klart slektskap mellom kalligrafi og den Zen-buddhistiske filosofien han var så oppteken av. Seinare var det samanhengen mellom denne visuelle kunstarten og industridesign, først og fremst uttrykt av Bauhaus-filosofien, som opptok han. Ein av hans store førebilete på området var det tyske konsernet Braun sin kjende designer Dieter Rams. Jobs tok Bauhaus-filosofien til Apple, der kunst og (industri-)design skulle gå opp i ei høgare eining

Jobs sa sjølv at utan kalligrafi-kurset ville den originale Mac-en i 1984 ha komme utan fleire fontar og utan proporsjonalskrift (den originale MacIntosh-en var basert på bitmap-teknologi i staden for faste teikn).

Zen-filosofien var ei viktig rettesnor for Jobs gjennom heile livet. Han var 7 månader i India saman med vennen Daniel Kottke (som han seinare nekta å gi introduksjonsaksjar då Apple vart lansert på børsen!) og hadde resten av livet tilknyting til Zen-miljø i California. Austleg filosofi, og Zen, legg mykje større vekt på intuisjon enn rasjonalitet, og det levde Jobs etter i alt han gjorde.

Apple MacIntosh
Etter Apple II, som forresten levde i ulike variantar heilt fram til 1993, vart Wozniak meir og meir ute av biletet. Xerox PARC investerte 10 % i Apple mot å opna opp forskingsresultata. Steve Jobs såg med ein gong verdiane i forskingssenteret, noko Xerox ikkje såg ut til å forstå sjølve. Jobs merka seg særleg tre ting:

  • nettverksfunksjonalitet
  • objektorientert programmering (SmallTalk frå Alan Kay)
  • grafiske grensesnitt (bitmapped i motsetnad til teiknorientert)
Apple gjekk offisielt i gang med utviklinga av den første grafiske pc-en, eller arbeidsstasjonen, med (kode-)namnet Lisa. Jobs var ueinig i strategien og etablerte ei eiga gruppe i direkte konkurranse med Lisa. Denne gruppa skulle utvikla Mac-en. Det vart så gale at ved introduksjonen av Apple Lisa ga han den eigentleg "a kiss of death". Han ville ikkje at den skulle lykkast, noko den heller ikkje gjorde. Den var altfor stor og tung og dyr, og vart ein fiasko.

"1984"
Apple MacIntosh vart lansert med brask og bram i 1984. Reklamevideoen som første gang vart vist i pausen under SuperBowl, er legendarisk. Den vart laga av Riddley Scott, men med klare instruksjonar av Steve Jobs, og spelar på George Orwells roman og dystopi. Apple MacIntosh blir redninga frå det dystopiske, maskinmessige (les: vanleg PC) overvakingssamfunnet.


1984-kampanjen var eit paradoks: Den presenterte Mac-en som sub-kultur, revolusjonell og den einaste som stod opp mot "corporate" kontroll og overvaking. Og så var maskina det mest lukka og kontrollerte som fanst på marknaden! Den var totalt motsett det hacker-idealet den prøvde å formidla.Men videoen var eit uttrykk for den rebelske stilen til Jobs; han såg seg sjølv alltid i opposisjon mot makta og autoritetar, heilt til det siste.

Exit Apple
Problema med Steve Jobs' leiarstil vart etter kvart så store at styret såg at noko måtte gjerast. John Sculley vart henta inn som ny CEO i 1983, av Steve Jobs. Jobs såg i Sculley ein slags farsfigur, medan Sculley på si side vart fascinert, og manipulert, av den unge og uortodokse Jobs. Spørsmålet frå Jobs til Sculley er legendarisk: "Do you want to sell sugar water for the rest of your life, or do you want to come with me and change the world?".

Men det vart ikkje heilt som tenkt. Forholdet mellom Sculley og Jobs, som i starten fann kjemien veldig godt, kjølna etter kvart, og særleg var det Steve Jobs som fekk mindre og mindre sans for Sculley. Han såg etter kvart tydelegare at Sculley ikkje passa inn i Apple; han hadde ikkje teknologisk innsikt og styrte berre etter enkle marknadsføringsprinsipp.

Styret måtte til slutt gripa inn og velja mellom dei to. Sculley fekk beskjed om å gjera det han var tilsett for: å leia! Steve Jobs fekk beskjed om å forlata Apple. Det var altså ikkje slik at Sculley pressa ut Jobs, men til slutt måtte styret velja ein av dei to, og då fall valet på Sculley.

Steve Jobs reagerte som han ofte gjorde, med drama og desperasjon. Han var eit veldig følelsesmenneske, samtidig som han kunne vera iskald mot dei han ikkje likte. Han trudde rett og slett ikkje at styret kunne velja Sculley framfor han, og han kjende seg svikta.

I ettertid har han likevel sagt at å få sparken i Apple var det beste som hadde hendt han.






søndag 23. september 2012

"Unboxing" Google Nexus 7

Lekker eske, nesten "Apple-følelse"

Nexus-en vart bestilt it24.no torsdag og laurdag var den her - det kallar eg rask levering! Det er US-modellen som blir selt, men med norsk straumkontakt-adapter.

Det første som slår ein når ein pakkar den opp, er størrelsen. Den er liten, nesten som ein stor mobil-telefon. Og det viser seg at det er også det geniale med den. Den har perfekt passform for å brukast med ei hand. Det kan høyrast ut som ein bagatell, men det er det ikkje. At brettet kan opererast med ei hand gjer det mykje hendigare enn iPad og liknande brett. Ikkje rart Apple har ein liknande størrelse i emning.

Den er liten (og med refleksiv skjerm)


Nettbrettet er laga av Asus, og heiter vel eigentleg Google Asus Nexus 7. Som namnet indikerer er skjermen 7 tommar diagonalt. Det kan høyrast lite ut, men i praksis ser det ut til å vera nok for den bruken brettet er tiltenkt; surfing og app-bruk.

Størrelsen er genial også med tanke på app-bruk. Ein stor svakheit med større Android-brett er mangel på tilpassa app-ar. Med skjermar på 9-10 tommar fungerer mobilappar dårleg, men med 7 tommars skjerm går tradisjonelle appar heilt fint. Dermed er utvalet det same som for smartmobilar.

Etter ein kvelds bruk er eg ikkje i tvil: Dette er ein vinnar!

Eihands-grepet er det geniale med Google Nexus 7

lørdag 15. september 2012

Apple vs. Samsung - ikkje patent!


Kan du få patent på eit design der grunnelementet er avrunda hjørne på eit rektangel? Ja, i USA kan du det, og difor fekk Apple innvilga patent nr. 889 på eit nokså generelt grunnlag. Det høyrest gaske sjukt ut, og er vel også det.

No vart ikkje Samsung dømde for å ha krenka akkurat dette patentet, men ei rekkje andre av Apples patentar. Apple og Samsung har vore i mange rettsalar verda over sidan introduksjonen av iPhone/Galaxy og iPad/Galaxy Tab. Dommen i San Jose var ein klar seier for Apple og eit ditto nederlag for Samsung. Apple vann fram på mange punkt, Samsung vann ikkje fram på ein einaste av sine påstandar om patent-brot frå Apple si side. Bota på 1 milliard dollar er kanskje det som svir minst for Samsung..

Men det er ikkje meir enn vel eit år sidan Apple tapte like stort for Nokia i ei liknande sak. Då måtte Apple ut med fleire milliardar dollar i lisensiering til Nokia. Wikipedia har ei liste over saker dei siste åra, og det ser ganske mørkt ut når ein ser på talet..

Saka
Apple påstod at Samsung hadde krenka  patent relatert til "sprett tilbake"-følelsen ("bounce back"), bruken av fingeren til rulling (scrolling) og bruk av to fingrar for innskrenka eller utvida og å bruka fingeren for å "klikka"/trykkja (tap). Dei vann fram på seks av sju påståtte patent-krenkingar medan Samsung sine fem påståtte krenkingar frå Apple si side alle vart avviste.

Apple og Samsung som viktige samarbeidspartar
Det kanskje største paradokset er at Samsung og Apple har eit nært forretningssamarbeid der Samsung leverer prosessorane til iPhone og også minnebrikkar. Apple vil få store problem viss Samsung skulle bryta denne handelen. Men Samsung er på si side også avhengig av Apple som ein av dei største kundane. Apple står for 9 % av Samsungs inntekter.

Den verkelege fienden er nok ikkje Samsung, men konkurrenten Google litt lenger oppe i vegen for Apple. Det er Googles Android-system som eigentleg er målet her, Samsung er berre middelet for å angripa Googles operativsystem.

Kva er eit patent?
Eit patent er eit tidsavgrensa løyve til å ha monopol på utnytting av ei oppfinning. Det er altså eit innvilga, tidsavgrensa monopol. Monopolet er kapitalisemens fremste mål, og samtidig dens verste fiende, så uproblematisk er ikkje dette.

Patentsystemet er oppretta for å verna større investeringar slik at dei som har brukt mykje tid og ressursar på å utvikla nye ting, skal få tid til å tena det inn att utan at konkurrentar kopierer og utnyttar patentet. Dei som vil bruka eit patent må vanlegvis betala ein lisens.

Eg skreiv om patentar og patentstrid i eit tidlegare innlegg her.

Er patent hemmande eller drivande?
På dette punktet er nok juryen ute framleis. Mange meiner at utan vern av nyskaping i form av patent, vil det ikkje bli investert innovasjon og oppfinningar. Motstandarane hevdar at patent som opphavsrett, i mange samanhengar heller hemmar utvikling og konkurranse enn å fremja den.

Forskinga er heller ikkje eintydig i spørsmålet. Yochai Benchler har ei vurdering av patentering i boka "The Wealth of Networks". Han meiner det ikkje finst studiar som viser at meir/strengare patentering eller opphavsrett resulterer i meir skapande arbeid. Han viser til ei omfattande undersøking av Josh Lerner som fann at det faktisk var ein negativ samanheng mellom auka patentering/opphavsrett og investeringar i forsking og utvikling.

Patent på programvare?
Det er i gråsonene mellom produkt og ikkje-fysiske (intangible) varer som programkode at patent verkeleg blir problematisk. Og det er her mykje av striden mellom Apple og Samsung står. I Norge hadde me BellBoy-saka der eit norsk firma fekk innvilga patent på bestilling av billettar elektronisk. Bellboy tapte heldigvis saka som Filmweb starta mot dei, elles kunne det fått alvorlege konsekvensar for i prinsippet dei aller fleste e-handselstenester.

Partisk rett?
Kunne denne dommen komme ein annan stad enn i USA, til og med midt i Silicon Valley? Det er vanskeleg å fri seg frå tanken om at nasjonalitet og nasjonalistiske haldningar spelar inn her, eller kulturelle om du vil. Parallelt med saka i USA har det vore saker mellom Apple og Samsung m.a. i Sør-Korea og Japan. I Sør-Korea kan utfallet karakteriserast som uavgjort og i Japan kom Samsung vinnande ut. I andre land har det gått litt fram og tilbake; Apple har klart å stoppa salet av Galaxy Tab i enkelte land, for så å sjå at det blir oppheva litt seinare.

Farleg spel for Apple
Apple spelar eit høgt spel. Om ein ser på tal patentar, er Apple ein smågut samanlikna med dei store (IBM, Nokia, Motorola). Google sitt kjøp av Motorola var ikkje minst motivert av å få hand om mange patentar innan mobilindustrien. Google har ikkje vore så ivrige på patentering sjølve, det ligg litt i deira natur med å omfamna fri programvare.

Apple har vorte stadig meir aggressiv i handhevinga av patentane. Dei har rundt 1300 patentar knytt til iPhone, og dei har vore involvert i 479 rettsaker! I løpet av første halvår 2012 har dei gått til sak fleire gonger enn i 2010 og 2011 til saman. Det er tydeleg at dei kjenner seg pressa.

Den nylege lanseringa av iPhone 5 viser ein grunn til at Apple  kjenner seg trua av konkurransen og må bruka alle middel til å stoppa den. Etter at konkurrentane lenge har prøvt å ta att Apples forsprang, er dei no på mange måtar forbi. Teknisk sett er ikkje iPhone 5 imponerande, i alle fall ikkje om ein held den opp mot t.d. Samsung Galaxy SIII. Apples lukka innovasjonsverden og det faktum at dei er heilt åleine om å utvikla operativsystemet sitt, legg eit kraftig press på dei. Det skal eigentleg ikkje vera muleg å stå i mot ein så stor masse som Android-verda etter kvart representerer utviklingsmessig.

På den andre sida har Apple bygt opp eit imponerande økosystem slik at dei kan seia at sjølve mobilen ikkje lenger er så viktig, det er app-tilgangen som bestemmer. Men eg er ikkje sikker på om alle kjøper den..

Patentering på ville vegar
Det er vanskeleg å sjå andre vinnarar enn advokatar i den patentpolitikken som blir ført no. Mange patentar er til dels latterlege (jf. innleiinga), men i staden for å le bør me heller bli kraftig uroa. Til sjuande og sist går dette ut over skaparevne, innovasjon og konkurranse og som sluttbrukarar får me rekninga.

Patentar har vorte eit viktig forretningsområde i seg sjølv; mange ser på patentar og påfølgjande lisensiering som den viktigaste inntektskjelda til eit selskap. New York Times har ein bra artikkel som beskriv den dysfunksjonelle patentverda.

Er det så håp om at det kan bli betre? Det går rykter om at Apple og Google snakkar saman på høgt nivå. Dei innser vel begge at dei har meir å tapa enn å vinna på å halda fram desse kampane. Eg trur det gjeld særleg Apple.

For eigen del er eg ikkje så optimistisk på vegne av framtida: Det skal helst bli verre før det blir betre.



søndag 2. september 2012

Tid å hausta inn

Desse milde soldagane i september.
Tid å hausta inn. Enno er det tuvor
med tytebær i skogen, njupone rodnar
langs steingardane, netene losnar, 
og svarte klasar av bjønnbær skin i kjerri,
trasti leitar etter dei siste vinbæri,
og kvefsen syg ut dei søte plomone.
...
(Frå "Tid å hausta inn" av Olav H. Hauge )

Årets første eplesaft, av sorten 'Idunn'

'Idunn'-eple før plukking

Klar til pressing med den geniale vassdrivne pressa (til høgre, kverna til venstre)

fredag 31. august 2012

IKT i politiet

Foto: Jakob Christensen CC-BY-NC-SA 2.0)
22. juli-kommisjonen er hard i kritikken mot politiet, også på IKT-området. På overordna nivå slår rapporten fast at "Potensialet i informasjons- og kommunikaskjonsteknologien har ikke vært godt nok utnyttet", og dette blir halde fram som ei av dei viktigaste årsakene til svikten 22. juli (ei av fem hovudforklaringar).

I oppsummeringa kjem kommisjonen med følgjande konkrete tilrådingar på IKT-området:

13. Politidirektoratet må raskt utarbeide en klar, helhetlig IKT-strategi for politiet for å muliggjøre samhandling på operativt og taktisk nivå, og for å kunne analysere, styre, og utvikle etaten strategisk. Det må settes av midler til en rask og effektiv implementering.
15. Den enkelte patrulje må få tilgang til teknologi for skriftlig og visuell informasjonsdeling og opplæring i systemer som gir dem større evne til å løse sine oppgaver, opptre koordinert og utveksle informasjon mellom alle nivåer i politiet.
26. PST må raskt få på plass en IKT-strategi som kan sikre effektiv informasjonsbearbeidelse og informasjonsdeling internt i organisasjonen.


Ressursar tel, bruken avgjer
Dette er overskrifta kommisjonen sjølv brukar for å understreka at det først og fremst handlar om å bruka dei ressursane som faktisk er i politiet:

Et naturlig første spørsmål i vurderingen av 22/7 er om svak håndtering først og fremst er et resultat av manglende ressurser og økonomi. Det enkle svaret er at i den akutte håndteringen vil ressurser nesten alltid oppleves som en mangelvare. 
... På den annen side er det flere eksempler på at knappe ressurser ikke spilte en avgjørende rolle. Det årelange arbeidet med sikring av regjeringskvartalet var aldri begrenset av budsjettmessige årsaker. Helsevesenet greide, til tross for at det var fullt på akuttmottakene da eksplosjonen fant sted, å skape kapasitet. 
Vi ser det som for enkelt bare å peke på behovet for mer ressurser og økt bemanning i seg selv.

Kommisjonen beviser sjølv at det meste av informasjonen var tilgjengeleg, men at dårleg koordinering og mangel på informasjonsflyt øydelagde:
For kommisjonen er det et stort tankekors at politiet på den ene siden hevder at de ikke har tilgang til data eller informasjon til å kunne forstå eller måle virksomheten. Samtidig er all den informasjon vi har benyttet i dette kapittelet om hendelser, med både tids- og stedsangivelser, kompetanse og arbeidstid, basert på data kommisjonen har fått fra politiets egne informasjonssystemer.
Manglande heilskapleg IKT-strategi
Det manglar ein overordna IKT-strategi for politiet, og herunder ein heilskapleg IKT-arkitektur som sikrar informasjonsflyten. Dette har Riksrevisjonen peika på i fleire år, men som ofte med åtvaringar frå den kanten blir det oppfatta som å ropa "ulv!".

Den altkommenterande professoren Petter Gottschalk har for ein gongs skuld eit godt poeng når han seier at det ikkje var IT-systema som feila 22. juli, men mangel på brukarkompetanse (Computerwold 17.08.12). Han seier vidare til CW at "Det er typisk at ledelsen i Politiet ønsker at dette er et it-problem. Men det er det ikke. Selv om it-systemene er dårlige og gamle, kommer det veldig tydelig frem i rapporten at det ikke er årsaken..."

Som sitata frå rapporten over viser, har Gottschalk heilt rett her. Han brukar manglande oppdatert adresseliste for utsending av riksalarm som eksempel. Riksalarm vart sendt til alle politimeistrane, men berre eit fåtal tok i mot meldinga, og fleire meir enn eit døgn etter utsending!

Det er nok pengar
Gottschalk avsluttar med at "det er nok penger", og har truleg rett også i det. Kommisjonen viser at Politiet har hatt ein vekst i budsjetta på 80 % sidan 2002, og trass i denne kraftige veksten er ikkje talet på politifagleg personell vorte vesentleg høgre. Pengane har med andre ord gått stort sett til administrasjon og administrative stillingar. Då skulle ein tru at IKT var tilgodesett med ein del av desse midlane, men tydelegvis ikkje. Stort sett alt har gått til lønn.

Det skal leiar Arne Johannessen i Politiforbundet ha mykje av æra (eller skulda?) for. Han har i tillegg frekkheitens nådegåver til å be om endå meir, både til IKT-opprusting og meir personell. Det er ganske utruleg kva han slepp unna med; det er få som torer å utfordra han.

Faren er stor for at politikarane følgjer stortingsrepresentant Laila Gustavsen (Ap) som seier i eit lesarinnlegg i VG 19.08.12 at "Heller ikke jeg har kjempet for penger til IKT til politiet, etter at jeg ble valgt inn på Stortinget". I rettferdas namn må det leggjast til at Gustavsen si dotter kom til skade på Utøya.

Kva med K-en i IKT?
Trass i ein overtydande og konkret rapport saknar eg ein diskusjon om kva som faktisk ligg i begrepet IKT. Me veit jo at det står for Informasjons- og kommunikasjonsteknologi, men verken kommisjonen eller andre ser ut til å ha teke det heilt inn over seg.

Det er kommunikasjonssvikt som er det gjennomgåande i politiet sin fallitt 22. juli. Når kommisjonen etterlyser ein heilskapleg IKT-strategi, reknar eg med at kommunikasjon i full breidde må inngå. Men så ser eg at t.d. nødnett blir behandla som ei eiga sak, uavhengig av IKT. Det same gjeld annan kommunikasjon. Og IKT-strategien i PST (Politiets Sikkerheitsteneste) blir også ei eiga sak, sjå tilrådingspunkt 26.

Eg meiner dette blir feil, og at ein her er i ferd med å komma skeivt ut alt frå starten av. Eg trur det er veldig viktig at kommunikasjonen i all sin breidde må innlemmast i den totale IKT-strategien; frå nødnett til mobilkommunikasjon. Det er ikkje for ingen ting me har slagordet "Alt over IP, IP over alt", og det må dei styrande ta konsekvensen av.

lørdag 25. august 2012

22. juli og innsyn

Themis - gudinne for lov og orden
Foto: ChvhLR10, Wikipedia.org
I går kom dommen som redda mykje av rettsaka etter 22. juli-katastrofen. Tingrettsdommar Wenche Arntzen viste seg oppgåva vaksen og innfridde der andre i maktapparatet har feila. Alt frå starten av markerte Oslo tingrett seg som det uavhengige organet dei skal vera. Trass i motstand frå makta ba dei om ein ny sakkunnig-rapport etter at den første hadde konkludert med at Breivik var utilrekneleg. Dommen er ein seier for fornuften.

Dei viktige lekkasjane
Men dommen kunne fort vorte ein annan hadde ikkje den første rapporten vorte lekka og publisert i VG. Då kunne folk sjølve vurdera observasjonane av Breivik og konklusjonane til dei to første psykiatrane. Og dei fleste såg fort at her var det mykje som umuleg kunne stemma. Med hjelp frå bistandsadvokatane vart det ein mediestorm mot rapporten og det var nok viktig for å få ei ny vurdering.

Det er i høgste grad grunn til ettertanke at denne dommen i stor grad  er eit resultat av ein lekkasje som ikkje skulle skje. Rapporten skulle ikkje lesast av andre enn dei innvidde.

Innsyn og openheit
Er det noko me må ta med av lærdom etter 22. juli, er det at innsyn og openheit er livsviktig for eit godt fungerande samfunn. Men dei som styrer er ikkje alltid interesserte i full openheit, og særleg media har difor eit stort ansvar i å trengja gjennom uheldig hemmeleghald. Pressa har fått ein god del kritikk etter 22. juli, og mange har spurt kvifor dei ikkje klart å avdekka meir når me såg kva 22. juli-kommisjonen la på bordet i sin rapport. Anders Waage Nilsen er ein av dei som har sett eit kritisk søkjelys på media; i blogginnlegget sitt, som også vart gjenngitt i Bergens Tidende, skriv han at "Pressen må gå ... i seg selv". Men for balansen sin skuld må me også ta med at media gjorde jobben i psykiatri-delen av saka.

Kvinner som stod fram
Der ei rekkje leiarar i staten har svikta, har særleg to kvinner stått fram: Kommisjonsleiar Alexandra Bech Gjørv og Tingrettsdommar Wenche Elisabeth Arntzen. Dei har sjølvsagt ikkje vore åleine om arbeidet, men hatt med seg dyktige medarbeidarar. Likevel er det dei som har leia arbeidet på kvar sin kant. Det har dei gjort på ein framifrå måte og på mange måtar gjenvunne tilliten til styresmaktene, ein tillit som var i ferd med å  smuldra bort.

Det er fleire likskapar i arbeidet til dei to: 22. juli-kommisjonen slo politiet på deira eiga heimebana og viste korleis god etterforsking skal drivast. Tingretten sette psykiatrien på plass, på deira eiga heimebane. Når ein les korleis dommen punkterer den første psykiatri-rapporten, er det uråd å ikkje tenkja tilbake på dei ansvarlege (påtalemakta særleg) som la ut om kor grundig og omfattande rapporten var. Som eg sjølv skreiv i eit anna blogginnlegg, inspirert av Johnny English: "Den er omfattande, den er grundig - - - den er heilt på jordet!".

For aktoratet og påtalemakta må det vera litt spesielt å sjå korleis dommarane har dissekert den første psykiatrirapporten medan dei sjølve har gått god for den. Dei kunne, og burde, gjort ein like grundig gjennomgang av rapporten som dommarane, men dei var truleg for hemma av den første tilnærminga si til rapporten der dei godtok den utan motførestillingar. Forsvarar Geir Lippestad var i grunnen den som best karakteriserte bristen i den første psykiatrirapporten med det retoriske spørsmålet til Husby og Sørheim i retten: "Det har ikke slått dere at dette kan være en terrorhandling?".

Såg ikkje verkelegheita for berre diagnosar
Dei to første sakkunnige såg ikkje verkelegheita for berre diagnosar. Dei vurderte Breivik heilt lausrive frå omgivnadane, såg berre på det som var inne i hovudet hans og kom ut av munnen. Det er positivisme i beste stil! Som psykiater Finn Skårderud framheva i NRK: Psykiatri handlar ikkje berre om det som er inne i hovudet, det handlar også om relasjonar og omgivnaden.

Trass all sin gru har 22. juli-hendinga også vore med å avsløra store svakheiter i samfunnet vårt. Desse har komme fram både ved lekkasjar og ved eit svært grundig kommisjonsarbeid. I begge tilfelle blir det vist at lukka kulturar skaper usunne forhold. Trollet sprekk i sollys..

lørdag 18. august 2012

Avkledd!

Politiet på veg til Utøya 22. juli i fjor
(Foto: Steinar Frøyshov)
Bilete av politiet i ein synkeferdig gummibåt har vorte sjølve symbolet på alt som gjekk galt for politiet 22. juli i fjor. Politiet sjølve har meint at det er eit misvisande bilete og deira eiga evaluering konkluderte med at lite kunne vore gjort annleis. Rapporten frå 22. juli-kommisjonen knuser dette sjølvbiletet og avkler politiet fullstendig.

Den første som måtte gå
Eit av resultata så langt er at politidirektøren har måtta gå av. Men heller ikkje dette klarte myndigheitene å ordna på skikkeleg vis. Justisminister Grete Faremo tok ein "Pontius Pilatus" og sørgde for å gjera seg sjølv inhabil i saka, i staden for å "manna" seg opp og seia klart frå til Øystein Mæland at han dessverre ikkje kunne halda fram. Det kan synast urettferdig å ofra Mæland, som berre hadde vore i jobben i 14 dagar før katastrofen kom. Men det er det politidirektøren har gjort etter 22. juli i fjor, og det han ikkje har gjort, som har felt han.

22. juli-kommisjonen
Statsminister Jens Stoltenberg handterte katastrofen i fjor som ein statsmann. Han oppnemnde kommisjonen som skulle granska hendinga og sa at kommisjonen skulle ""få fakta på bordet, usminket og ærlig". Det har kommisjonen gjort, og det på ein så tydeleg og usminka måte at Stoltenberg sjølv må vera rysta. For mykje av kritikken i rapporten har adresse til han som øvste sjef for beredskapen i landet. Det er ganske enkelt strykkarakter til politiet sin beredskap og måten å handtera 22. juli-katastrofen på, og også strykkarakter til arbeidet for sikring av Regjeringskvartalet.

Djevelen i detaljane
Kommisjonen har drive gransking på ein måte som politiet berre kan drøyma om. På punkt etter punkt slår dei hol på politiet sine eigne forklaringar og evalueringar, og det er i detaljane den brutale sanninga kjem fram. Som i denne drepande fotnoten:

"Kommisjonens tidspunkt for utrykningen er forskjellig fra det politiet har lagt til grunn i sine evalueringer. Vi har benyttet politiets egne GPS-data som fastslår tidspunktet med stor nøyaktighet."

Nesten frå start til slutt er det feil hjå politiet. Som kommisjonen lakonisk kommenterer på slutten av kapitlet om Utøya-hendinga:

"Det er ikke til å undres over at det ble vanskelig å formidle kritisk informasjon når politiet ikke var i stand til å snakke sammen på tvers av politidistriktene."

Frivillige risikerte livet sitt då dei reiste ut i privatbåtar og plukka opp overlevande, medan "Tjenestemennene søkte tilflukt ved en container på brygga og konkluderte med at de ikke fikk gjort noe."

Eigenevaluering og ekstern evaluering
Rapporten frå politiet si interne gransking, Sønderland-rapporte, står i grell kontrast til rapporten som vart presentert av Alexandra Bech Gjørv måndag 13.08.12:

"Utvalget vurderer det slik at polititjenestepersonene i aksjon ved Utøya hadde en klar
oppfatning av situasjonens alvor og planla for øyeblikkelig aksjon. Politiet foretok etter
utvalgets vurdering gode taktiske vurderinger ut fra den informasjonen som var tilgjengelig i
sanntid, og tok hensyn til den kritiske tidsfaktoren. Overlessing av båten var beklagelig og
bidro til at overfarten til Utøya ble forsinket."

Ukultur i politiet
Den verste og vanskelegaste kritikken i kommisjonsrapporten er den ukulturen som blir dokumentert i politiet. Det er svikt på leiarnivå, men det er også svikt på bakkenivå. Ei leiing oppteken av å laga planar, men ikkje oppteken av gjennomføringa, og eit fotfolk som er mest opptekne av eigne rettar (les: lønnsvekst) og lite av korleis dei kan gjera ein betre jobb. Det siste må Politiets Fellesforbund med Arne Johannessen i spissen, ta ansvaret for. Dei har vore til dels utidige i krav og markeringar og skapt ein kultur der det først skal forhandlast om pengar før det blir gjort innsats. Toppen vart nådd då Johannessen kravde overtidsbetaling for politifolk som vart kalla inn etter 22. juli-hendinga.

Nye katastrofar - nye avsløringar av dysfunksjonalitet
Det er skremmande at kvar ny katastrofe ser ut til å bli følgt opp av ei evaluering som viser at det er store manglar i etaten som har ansvaret for å hindra desse. Vi har mange eksempel etter kvart:
  • NOKAS-ranet (2004)
  • Togulykka ved Åsta (2000)
  • Brannen om bord på Scandinavian Star (1990)
  • Rasulykka i Vassdalen (1986)
  • Plattforma Alexander Kielland (1980)
Felles for alle desse er at det vart avdekka store manglar hjå dei ansvarlege. 

15-85
NHO-president og konserndirektør Kristin Skogen Lund har 15-85 som ei rettesnor for prosjekt: 15 % strategi og planlegging og 85 % gjennomføring. Sjølv om 22. juli-kommisjonen ikkje brukar desse tala, er det lett å kjenna att same haldninga. Det er gjennomføringa det skortar på, ikkje planar.

Kva no?
Oppryddinga har alt starta, men det er ingen enkel jobb som ventar. Det er eit stort spørsmål om Politidirektoratet overlever. I dei 10 åra direktoratet har eksistert, er det ikkje noko som tyder på at den organisatoriske endringa har vore til det betre. Med detaljstyring frå Justisdepartementet er det like greitt å gå tilbake til ei politiavdeling slik situasjonen var før.

Tidlegare politidirektør Ingelin Killengren har site musestille i veka som har gått. Og det har ho gjort av god grunn. Ikkje berre var ho ansvarleg for oppbygginga av Politidirektoratet, men har også vore departementsråd i FAD sidan februar 2011. Eit departement som har vorte hardt kritisert for den delen av katastrofen som ramma Regjeringskvartalet. Killengren må nok svara for seg etter at bølgjene frå Mæland har lagt seg.

Den absolutt vanskelegaste delen av oppryddinga er ukulturen i etaten. Den kan ikkje endrast over natta. Det er eit arbeid som må ha ein lang horisont. Når det no blir ny leiing av politiet ville det kanskje ikkje vore så dumt med ei ny leiing i Politiets Fellesforbund også, slik at leiinga og dei tilsette saman kan starta arbeidet med å innføra ein ny kultur. Den kulturen kan godt ha mottoet/visjonen "idealet attom yrket" (det var mottoet til oldefaren min..).