onsdag 29. mai 2013

Digitaliseringskonferansen 2013

Difis årlege digitaliseringskonferanse føregår 29. og 30. mai. I år er det rekorddeltaking med over 600 deltakarar, meir enn dobbelt så mange som i fjor. Om det er det nye digitaliseringsinitiativet til regjeringa som har løfta interessa, skal vera usagt - imponerande er det uansett.

Eg har blogga direkte frå arrangementet på Vestforsk-bloggen både frå dag 1 og dag 2.

tirsdag 21. mai 2013

Telenor tok til fornuft

Breiband-ruteren, framside
Ei sak om angring av mobilt breiband gjekk til Forbrukartvisteutvalet då Telenor tok til fornuft og stoppa saka. Eg seier "tok til fornuft" fordi det var ei fillesak og eg er overraska over at Telenor valde å køyra den så langt.

Etter å ha slite med minimums-ADSL i lange tider, måtte noko gjerast. Eg valde å prøva mobilt breiband frå Telenor. Hastigheit var overraskande bra, rundt 7 Mbit/s, men det viste seg fort at nedlastingsgrensa vart eit umuleg hinder. Sjølv maksgrensa på 30 GB i månaden vart altfor lite. Mykje av poenget med breiare band er nedlasting av video (Netflix, HBO, NRK-program ++) og då går taksameteret fort. Ein annan negativ ting var maks 5 samtidige brukarar. Med smartmobilar, nettbrett og pc-ar i ein familie blir det altfor lite.

Eg brukte difor angreretten og sa opp mobilabonnementet og leverte tilbake mobilruteren. Men Telenor v/Kjedehuset ville ikkje ta den tilbake då dei meinte det var "bruksriper" på ruteren. Eg vil påstå at for å sjå riper måtte ein ha sterk forstørring. Eg kontakta Forbrukarrådet og fekk hjelp av dei til å prøva ein gang til. Men på nytt avslo Kjedehuset å ta i mot ruteren. Saka gjekk så til Forbrukartvisteutvalet.
Baksida på den omstridde ruteren

Det er eit offentleg organ som avgjer forbrukartvistesaker og avgjerdene kan ikkje ankast. Men sakene kan sjølvsagt bringast vidare til rettsapparatet.

Etter å ha kontakta Telenor for ørtende gang for å få dei til å stoppa innkrevjing av faktura så lenge saka var under behandling, var det endeleg ein kar på brukarstøtte hos Telenor som skar gjennom. Gøran på brukar-støtte sa at "dette er for dumt, dette avsluttar vi her og no". Godt å sjå at det finst fornuftige folk i systemet, og at dei i tillegg er handlekraftige.

Ei slik sak kan berre gi Telenor dårleg reklame. Denne gangen enda det bra, men lærdommen må vera at om du tenkjer på å bruka angreretten, må du vera ekstremt forsiktig med utpakking av ustyret. Bruk kvite hanskar og plasser det på fløyelsunderlag!

tirsdag 14. mai 2013

Feigt Fotballforbund

Heftige diskusjonar etter feildømt straffe. Foto: Scanpix
(frå vg.no)
I kampen mellom Lillestrøm og Sogndal på Åråsen 9. mai filma LSKs Fredrik Gulbrandsen seg til straffespark. I ettertid har det vore heilt stille frå Fotballforbundet, som ikkje vil meina noko om dette. Kva skal dei då med Fair Play-kampanje?

Kva står eigentleg Fair Play for?
Saka handlar ikkje først og fremst om Sogndal, to tapte poeng og ei indirekte utvising pga. protest mot straffesparket. Det handlar om korleis Fotballforbundet stilltiande aksepterer juks. Gulbrandsen "la seg flat" på TV2 i ettertid, for tv-bileta viste klart at han aldri vart felt. TV2 gjer generelt ein god jobb med norsk fotball, så også her, og stilte Gulbrandsen til veggs. Det er bra, men det er Fotballforbundet sin jobb å gå inn og ta affære i slike saker.

Yngve Hallén inhabil?
Fotballpresident Yngve Hallén kom frå Sogndal Fotball til NFF og han torer vel av den grunn ikkje ta i denne saka. Det blir feil, han kan ikkje la namnet på laga avgjera kva saker han skal ta opp og ikkje. Dette handlar som sagt ikkje om Sogndal, men om ei utvikling som skadar fotballen og som Fotballforbundet har eit ansvar for å rydda opp i. I slike saker må NFF gå inn i ettertid og straffa juksemakarane.

NFF: Juks er OK
Tilbake står ein Fair Play-kampanje som ei innhaldslaus ramme der det er viktig at laga helsar på kvarandre før og etter kamp, men der toppfotballen eigentleg er unnateken det reelle innhaldet i FP. Fotballforbundet har med denne unnfallenheita sagt at filming og juksing er OK på fotballbana, det får i alle fall ikkje konsekvensar i ettertid.

fredag 26. april 2013

Forslag til ny organisering av vidaregåande skular i Sogn og Fj.

Den nye vid.g. skulen i Sogndal
(foto: Birthe Johanne Finstad/SFj fylkeskomm.
CC-BY-NC-SA 2.0)
Ikkje ofte eg skriv om slike ting, men planane for den vidaregåande opplæringa i Sogn og Fjordane som fylkeskommunen har presentert og sendt på høyring, opprører meg ganske sterkt. Så difor har eg sendt inn denne høyringsuttalen i dag:


Innspel til skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013-2024
Sjølv om borna mine ikkje blir omfatta av dei planlagde endringane for vidaregåande opplæring (vgo) i fylket, ser eg dette som ei så viktig sak for utviklinga av Sogn og Fjordane at eg må seia frå.

Skulebruksplan med skylappar
Den framlagde dokumentasjonen og forslaga til endringar i skulebruksplan for vgo manglar heilt tankar om at vidaregåande opplæring, som anna opplæring, er ein viktig del av utviklinga av samfunnet. Det er eit skremmande døme på snever sektortenking og ei administrativ innstilling til ei av dei viktigaste sakene for utviklinga av fylket vårt. To og ei halv side er brukt på ”Konsekvensar for samfunnet”, utan at ein blir så mykje klokare etter å ha lese det.

Det store spørsmålet, korleis me vil utvikla fylket vårt, er fråverande i fylket som yndar å kalla seg framtidsfylket.

Fråkopla andre satsingar
Den snevre innstillinga til arbeidet får underlege utslag der utviklinga i vgo synest isolert frå andre viktige satsingar i fylket. Kva verknad organisering av vgo har for næringsutvikling, ser ut til å vera uinteressant. Difor presterer ein forslag som at idrettsfag og mediefag blir flytta frå Sogndal og Fosshaugane Campus og til Nordfjord. Er ikkje Fosshaugane Campus nettopp eksempelet som viser at ei heilskapleg tenking og satsing kan gi store effektar? Sogndal har landets nest største og beste idrettsfaglege miljø på utdanningssida, og så føreslår ein å flytta idrettsfag frå ein slik utviklingsarena!

Mykje av det same kan seiast om mediefag, der særleg samspelet med fotballsatsinga har gitt elevane unike mulegheiter for praksis i profesjonelle mediemiljø og der det gryr av næringsetableringar. Mediefag samarbeider også godt med både Høgskulen og Vestlandsforsking, til gjensidig nytte. Fosshaugane Campus har vorte meir enn dei fleste kunne tenkja seg, og så vil fylkeskommunen plukka ut att bitar av byggverket. Det er ikkje råd å forstå.

Eksempla er henta frå heimkommunen Sogndal, men ein del av det same kan sikkert seiast om andre stader i fylket. I Nordfjord har det til dømes vore ei imponerande utvikling på kultursida på Nordfjordeid og i Måløy skjer det interessante ting innan teknologi og maritim sektor. Florø treng styrking av oljerelaterte aktivitetar og Førde er leiande på tenesteytande næringar. Den framtidige vidaregåande opplæringa må sjåast i eit slikt perspektiv.

Kva med dei det gjeld?
Eit anna perspektiv som manglar i dei framlagde planane er elevane sjølve. Kvar elevane sjølve ønskjer å gå, ser ikkje ut til å vera viktig for fylkeskommunen. Sjølv om slike ønskje ikkje kan styra utviklinga åleine, blir det feil å sjå bort frå elevønskja slik ein har gjort i altfor lang tid. Utviklinga ser ut til å gå i ei retning der elevane sine ønskje får større betydning og det burde også vore teke omsyn til i desse planane.
Andre sider som synest fråverande er mellom anna kva fullføringsprosent dei ulike vidaregåande skulane har. Det må vera interessant å sjå på gjennomføringsgrad fordi det seier ein god del om kvaliteten på opplæringa og ikkje minst leiinga av skulane. Også skulane sitt samarbeid med samfunnet elles, særleg næringslivet, burde vore meir vektlagt.

Manglande politisk vilje og visjon
Det framlagde materialet er nærmast fritt for politiske visjonar for fylket vårt. Arbeidet er prega av ei bokhaldar-innstilling, med møysommeleg teljing av elevar og bygningar. Det er eit reknemeister-verk som er lagt fram, ikkje eit politisk dokument med vyar for Sogn og Fjordane.

Elevtalet går ned i den neste 10-årsperioden, det er klart. Fylkeskommunen svarer på utfordringa med ei deterministisk haldning og reknar seg med bind for auga fram til ein plan der det blir visst mange kroner pr. elev. Kva om politikarane tenkte som så: Elevtalet går ned og økonomiske ressursar frå staten blir reduserte som følgje av det, men for å styrka utviklinga i fylket vil me satsa meir av eigne midlar på vidaregåande opplæring fordi me trur det samla sett gir det beste resultatet. Det betyr ikkje at alt skal vera som det er. Dei skulane der elevgrunnlaget blir for lite, må det endringar til. Men i det store og heile vil ein styrka den vidaregåande opplæringa, ikkje svekkja den.

Det neste spørsmålet blir då fort: Kvar skal me ta pengane frå? Ja, ikkje forstår eg at det skal vera ei viktigare oppgåve for Sogn og Fjordane fylkeskommune å driva ferjedrift rundt om i landet enn å utdanna ungdommen i fylket.

Til slutt vil eg be om at alle høyringsuttalar blir lagde ut på nettet slik at alle kan få tilgang til dei.

Med helsing
Svein Ølnes, Sogndal, 26.04.2013

torsdag 25. april 2013

Ny strategi for Altinn

Artig sak frå MinID: Sikker innlogging til "Ukjent tjenesteeier" (!)
Norstella og Semicolon II-prosjektet inviterte til diskusjonsmøte om ny Altinn-strategi forrige torsdag. Vestlandsforsking tok ansvar for videostrøyming, og referat i form av Twitter-meldingar, kan lesast på Vestforsk-bloggen. På Norstella sine sider kan du få tilgang til presentasjonane frå møtet.

Her vil eg ta opp nokre punkt som eg har ei kjensle av ligg under diskusjonen, men som det av ulike grunnar er vanskelege å ta opp i slike samanhengar.

Først ei nyttig påminning om kva Altinn faktisk står for: Alternativ innrapportering. I dag er Altinn nesten synonymt med "alt skal inn her", men det starta altså som ei alternativ innrapportering. Alternativ må her forståast som alternativ til papir-basert pluss den Edifact-løysinga som representerte det første digitale forsøket på innrapportering.

Så til dei vanskelege punkta:

1. Brønnøysundreg.: Elefanten i rommet
Eg har ei klar kjensle av at Brønnøysundregistra er elefanten i rommet når Altinn blir diskutert. Eg trur det er, og har vore, stor skepsis til om Brreg er i stand til å utføra den forvaltar-rolla dei har på ein god nok måte. Dette har vore murra om kvar gong Altinn har vore ute for problem. Eit utslag av dette er at konsulentane (særleg Accenture) har fått stor makt. Eg trur særleg Skattedirektoratet, med sin tunge IT-kompetanse historisk sett, er skeptiske til Brreg.

Men dette har også vore temmeleg klart i evalueringsrapportar om Altinn, t.d. er ei av hovudtilrådingane frå DNV i deira evaluering av Altinn II i 2011:
Organisatorisk, styrke forvalter og systemeier av Altinn. Organisasjonen må styrkes kompetansemessig for å ta et sterkere lederskap både på visjon, strategi, operativt og teknisk nivå.
Også CapGemini peiker på organisatoriske utfordringar og svakheiter i sin gjennomgang av Altinn.

2. Kvar er NAV?
Tradisjonelt har det vore to "IT-kjemper" i offentleg sektor: Skattedirektoratet og NAV (tidlegare Aetat og Rikstrygdeverket). Dei har hatt store IT-avdelingar på størrelse med store konsulentselskap, og har ein tradisjon med å vera sjølvforsynte og ordna opp sjølve. Når Skatteetaten har fått så dominerande plass i Altinn, som den sentrale pådrivaren, har eg ein mistanke om at NAV vegrar seg for å gå "all in" og heller satsar på eigne løysingar.

3. Kva med kommunane?
Dette er ikkje noko hemmeleg; kommunane er eit problem for Altinn. Først har visa vore at Altinn ikkje kan forhalda seg til 430 kommunar (red. til 429 i 2012 og 428 i 2013!). Med KommIT på plass og ei samordning på trappene, er melodien i den nye Altinn-strategien at ein ikkje kan ta inn nye aktørar dei første par åra fordi stabilitet må prioriterast. Kommunane får ordna seg på eiga hand, eller sitja og venta. Dette samsvarer dårleg med det nyleg framlagde Digitaliseringsprogrammet. På den andre sida er dette programmet statleg orientert og lite oppteken av kommunane. Men kommunane er nøkkelen til ei vellykka digitalisering av offentleg sektor.

søndag 7. april 2013

Bitcoin - igjen

Talande illustrasjon frå BusinessWeek (ill.: Steph Davidson)
Bitcoin, den heildigitale og anarkistisk innretta valutaen, har fått fornya interesse og kursen har gått til himmels. Det er særleg bankproblema på Kypros som har skapt den veldige interessa i det siste, men meir generelt er det nok finanskrisa og manglande tillit til dagens finanssystem som gjer Bitcoin interessant og freistande for stadig fleire.

NRK Ytring fanga opp det tidlegare blogginnlegget mitt om Bitcoin og spurde om eg kunne tenkja meg å skriva ein kronikk for dei. Det kunne eg sjølvsagt, og den er publisert på sidene deira i dag.

onsdag 3. april 2013

Gary Larson - The Complete Far Side

The Complete Far Side, vol. I og II
Årets, eller rettare sagt fjorårets, andre julepresang til meg sjølv er i hus: "The Complete Far Side 1980-1994" av Gary Larson. Det er eit gedigent verk: vol. I (1980-86) og vol. II (1987-94) med ei samla vekt på rundt 9 kg! Den første julepresangen var vol III av Churchill-biografien "The Last Lion". Stabelen med bøker (ein del andre ligg på bordet også) fekk Åsa (dotter) til å utbryta: "ser ut som du har planlagt resten av livet ditt". Ho har eit poeng der..

Første gang eg såg ein Larson-teikning var i 1981, trur eg, i musikkbladet "Beat". Det var den klassiske Larson-teikninga med ei gruppe kyr som står og snakkar saman og ei av dei plutseleg ropar "Bil!" og i neste øyeblikk står dei og et gras medan bilen passerer, før dei igjen reiser seg på to og snakkar vidare. Etter det var eg hekta.

Gary Larson slo gjennom i 1979/80 då han overraskande nok fekk ein avtale med San Francisco Chronicle som både ville bruka stripene sjølve, men også syndikera (vidareformidla) dei. Den første Larson-stripa i SF Chronicle stod 1. januar 1980. Derifrå til avslutninga i desember 1994 gjekk det i grunnen berre ein veg, med stadig større suksess og anerkjenning.

The Far Side 1980-1994 i stive permar
Den aktive karrieren frå 1980 til 1994 minner om ein annan stor teikneserie-forfattar, Bill Watterson. Hans karriere varte frå 1985 til 1995, men ulikt Watterson som slutta i protest mot kommersialieringa av Calvin and Hobbes, slutta Gary Larson medan han var på topp. Han var redd for synkande kvalitet om han heldt fram. Slikt står det respekt av!

Det er vanskeleg å trekkja fram ei Larson-teikning, men den eg har brukt desidert mest i jobb-samanheng, nær sagt i alle presentasjonar eg har hatt, er denne:


Den er rett og slett genial og er eit godt eksempel på at eit bilete seier meir enn tusen ord; her når det gjeld semantisk teknologi.



mandag 1. april 2013

Påska 2013

På veg frå Fjærlandssete mot Øvstedalen, med fjellet Bleia i bakgrunnen
Årets påske har vore den beste på lange tider når det gjeld ver og føreforhold. Det langvarige høgtrykket kombinert med ein relativt tidleg påske har gjort at snøforholda har vore optimale, i alle fall der det er oppkøyrde løyper. Her er bilete frå eit par av turane i Sogndals- og Lusterfjella.

To godt nøgde skijenter på tur i Luster 

torsdag 28. mars 2013

Aston Martin i 100!

Aston Martin er snart den einaste forsvararen av britisk ære innan bilproduksjon. Frå å ha vore leiande på mange område (tenk berre på den erke-britiske roadsteren), køyrde britisk bilindustri i grøfta på 1970-talet og utover.

Alt anna enn engelsk
Mini er eigd av BMW, til liks med Rolls Royce, Bentley er eigd av VW og Jaguar er eigd av indiske Tata (oh, irony!). Heller ikkje Aston Martin er 100  % britisk, eigd som den er av amerikanske, kuwaitiske og nyleg italienske interesser. I tillegg er toppsjefen dr. Ulrich Bez tysk. Men styreformannen David Richards er engelsk og han har leia den finansielle omstruktureringa av selskapet. Ei omstrukturering som har nesten 100 års historie, for økonomisk har Aston Martin balansert på kanten av stupet heile tida.
Aston Martin DB5 (Foto: Olli1800 CC-BY-SA)

Bamford Martin?
Aston Martin er likevel britisk tvers gjennom og har halde koken sidan 1913. Bilfabrikken vart starta av Robert Bamford og Lionel Martin og skulle slik sett heitt Bamford Martin. Grunnen til Aston Martin-namnet er Lionel Martin og favorittløpet hans som racer-sjåfør i Aston Hill.

James Bond-bilen
Det britiske er ikkje minst understreka gjennom sterke band til James Bond-filmane. I Ian Flemmings originale bøker køyrde James Bond Bentley, men i filmane er det først og fremst Aston Martin som gjeld. Den første filmen med Aston Martin i "hovudrolla" var Goldfinger, med ein DB5, og den bilen dukka også opp att i den siste filmen, Skyfall.

David Brown: traktor og sportsbil
DB-serien av Aston Martin fekk namnet frå eigaren på den tida, David Brown. Han var mest kjendt for produksjon av traktorar og hadde skapt seg ei formue på det. Han eigde Aston Martin frå 1947 til 1972. I den tida vart det laga mange legendariske DB-modellar, framfor alt DB4 og DB5.

Ein annan sentral person dei siste 20 åra er Ian Cullum. Han har vore ansvarleg for design av alle nye modellar frå og med DB7, som representerte ei stor fornying av Aston Martin.

Spesialhefte om Aston Martin i siste C & SC
Jubileumsutgåve av C&SC
I samband med 100-årsjubiléet har tidsskriftet Classic & Sports Car eit eige innstikk om Aston Martin i det siste nummeret. Dette nummeret er forresten å få kjøpt på Narvesen til spesialpris (59,- mot over 100,- til  vanleg), så av stad og kjøp!

mandag 11. mars 2013

Heil ved

Vedarbeid i låg vintersol
Heil ved
Heilt sidan menneske lærte seg å kontrollera elden, har ved vore avgjerande for å overleva. Ikkje minst har veden vore viktig for oss i dette kalde landet. Sett mot ei lang historisk linje, er det berre ein liten brøkdel av tida me har vorte bortskjemde med å kunna skru på ein brytar og regulera varmen i huset.

"Hel ved"
Det er difor ikkje å undrast at Lars Mytting si bok "Hel ved" vart ein bestseljar. Det har i tillegg noko med romansen for det enkle, naturlege og opphavlege som ligg i dei fleste. Å hogga sin eigen ved er både noko ur-maskulint og eit uttrykk for ein grunnleggjande del av sjølvberging, samtidig som det id dag er ein syssel like kjekk for kvinner som for menn.

Men universitetslektor Jonas Engman ved Nordiska museet i Stockholm meiner at Myttings bok kan ha rasistiske undertonar (!). Boka er ein trussel mot likestilling og integrasjon av innvandrar, må vita. Eg veit ikkje om eg skal le eller gråta...

TV-program: Eit bål brenn ned!
Då er det kanskje ikkje så merkeleg at eit 12 timar langt program om ved og vedfyring også kan bli populært. Heile 8 av timane var via nærbilete av eit bål, som med jamne mellomrom vart halde brennande ved å leggja på meir ved (det var den einaste "action" i dei 8 timane!). Igjen vart det internasjonale oppslag over kva dette forundarlege folket driv med, mellom anna i ein lang artikkel i The New York Times. Men det er flott! Me bør heller dyrka det sære ved oss enn å prøva å bli lik alle andre, eit forsøk der me berre kan bli ein dårlegare kopi.

Perfekt vinter for ved!
Her er bilete frå eiga vedhogging i vinter; ein vinter som har gitt dei beste føresetnadene for denne aktiviteten, kald og stabil som den har vore.
Finare arbeid finst knapt!

Ferdig resultat: Ikkje "vedala" som før, men i netting på palle

lørdag 2. mars 2013

Thinking, fast and slow

Daniel Kahneman var på Skavlan i går og snakka om boka si "Thinking, fast and slow" og dei to grunnleggjande ulike tenkjemåtane me alle har og som han kallar system 1 og 2. Boka byggjer på mange tiårs forsking saman med kollegaen Amos Tversky, som no er død.

  • System 1: Rask, intuitiv, følelsesmessig
    System 1 opererer automatisk og fort, med lite tenkekraft og liten eller ingen kontroll. System 1 har også ein sterk tendens til å sjå årsakssamanhengar (kausalitet) der det ikkje finst og berre er reine statistiske fenomen.
  • System 2: Sein, grundig logisk
    System 2 blir mobilisert når det er behov for grundigare tenking og resonnering. Men system 2 krev ein god del tankekraft, og fordi me er grunnleggjande late, let me ofte vera å bruka det.

Müller-Lyer illusjon
Kven av linjene over er lengst? System 1 seier umiddelbart den nedste linja, men faktum er at dei er like lange. Dette er kalla Müller-Lyer-illusjonen.

Kahneman er utdanna psykolog og har saman med kollegaen Amos Tversky  (døydde i 1996) etablert ein kognitiv basis for vanlege menneskelege feil som stammar frå system 1-tenking (heuristikkar og fordommar/førehandsoppfatningar). Han fekk Nobel-prisen i økonomi i 2002 for arbeid innan behavioristisk økonomi (finst det eit godt norsk namn på dette feltet?) og grunnlaget som vart lagt med prospect theory. Grunnleggjande sett handlar det om korleis menneske tek avgjerder og om usikkerheit (decision-making and uncertainty).

Priming
Priming er når ubevisst påverknad fører til endra åtferd. Psykologen John Bargh gjennomførte eit berømt ekseperiment ved universitetet i New York der han ba grupper av studentar å setja saman setningar frå eit sett med fem ord. Gruppene fekk ulike ord. Ei av gruppene fekk orda "Florida", "forgetful", "bald", "grey" og "wrinkle", altså ord som kan assosierast med eldre og alderdom utan at sjølve orda "eldre" og "alderdom" var med.

I del to av forsøket skulle studentane gå til ein annan stad i bygningen og tilbake til klasserommet. Det viste seg då at gruppa som hadde fått orda assosiert med alderdom, gjennomgåande gjekk saktare enn dei andre studentane. Dette fenomenet er også demonstrert av andre forskarar i liknande forsøk.

Forankring ("Anchoring")
Kahneman og Tversky gjennomførte eit forsøk ved universitetet i Oregon der dei rigga opp eit lykkehjul som på førehand var stilt inn slik at det stoppa enten på 10 eller 65 (tala har ingen betydning). Studentane vart så bedne om å snurra på hjulet og etterpå svara på spørsmåla
"Er prosentdelen afrikanske land av alle FN-landa høgare eller lågare enn talet du akkurat fekk?" og "Kor mange prosent trur du afrikanske land utgjer av FN-landa totalt?"
Det er opplagt ingen samanheng mellom lykkehjulet og prosentdelen afrikanske land i FN! Men dei to tinga blir kopla saman likevel, ubevisst, av system 1. Gruppene som trekte respektive 10 og 65 på lykkehjulet, svarte 25 % og 45 % på spørsmål 2. Dette fenomenet er også grundig dokumentert av andre forskarar.

I eit forsøk med taksering av ein bustad fekk ei gruppe studentar, utan noko kjennskap til eigedommar og taksering, og ei gruppe eigedomsmeklarar begge oppgitt eit tal før dei skulle vurdera verdien på bustaden. Begge gruppene vart (sjølvsagt) påverka av det initielle talet (= forankringseffekt); den einaste skilnaden var at studentane innrømte at dei vart påverka medan eigedomsmeklarane nekta for ein slik påverknad!

WYSIATI - What You See Is All There Is
Me er kjende med begrepet WYSIWYG og Kahneman har utvikla det parallelle begrepet WYSIATI. System 1 konstruerer den beste historia/forklaringa ut frå tilgjengeleg informasjon, enten den er relevant eller ikkje. Det er ei assosiasjonsmaskin som set saman tilgjengelege bitar på sparket. Men den kan ikkje bruka informasjon som ikkje er tilgjengeleg, eller som vil krevja meir innsats å skaffa fram (= system 2), derav WYSIATI.

System 1 er ein meister i å hoppa til raske slutningar, ofte kort-slutningar, fordi det berre brukar tilgjengeleg informasjon og ikkje gjer seg bry med å prøva å finna fram vanskelegare tilgjengeleg informasjon. Som komikaren Danny Kaye sa om ei kvinne: "Her favorite position is beside herself, and her favorite sport is jumping to conclusions".

Aksjemekling = bingo
Kahneman stiller det litt ubehagelege, for aktørane i finansverda, spørsmålet om kvifor finansverda held fast på trua om kunnskap og evner som styrande for aksjehandel når både økonomisk teori og empiri viser at det ikkje er slik? Det beste ein aksjemeklar kan gjera er å ikkje gjera noko! Eit heilt system er bygt på ei livsløgn. Viss du tvilar på påstanden, sjekk aksjefonda på børsen og kor mange av dei som slår referanseindeksen (= å ikkje gjera noko).

Vår gode evne til å forklara det som har skjedd, gjer at me får urealistiske førestillingar om evnene til å føresjå kva som vil henda. Men det er stort sett ingen samanheng!

Ekspertkommentatorar
Eit anna godt eksempel på overdriven tru på å føreseia hendingar og utvikling, er dei mange ekspertkommentatorane i media. Dei dominerer media og er over alt med sine skråsikre, men ofte dårleg funderte, påstandar om kva som vil skje.

Philip Tetlock skreiv artikkelen "Expert Political Judgement: How Good Is It? how Can We Know?" og konkluderte med at ekspertkommentatorar er "unrealistically overconfident". Han intervjua 284 ekspertar og ba dei vurdera hendingar i nær framtid. I alt analyserte han over 80 000 påstandar. Resultatet vart ein katastrofe for ekspertane: Dei gjorde det dårlegare enn om dei hadde slått kron og mynt!

Kahneman kan her synast svært deterministisk, men forsøka let seg likevel ikkje bortforklara.

Det enkle er ofte det beste
I same retning peiker han når han refererer til forsøk som viser at statistiske metodar i dei fleste tilfella slår kliniske metodar for prediksjon av utvikling. Han refererer til boka "Clinical vs. Statistical Prediction: A Theoretical Analysis and a Review of the Evidence" av Paul Meehl der han evaluerer resultata av 20 studiar der klinisk prediksjon utført av erfarne psykologar vart samanlikna med statistisk prediksjon basert på eit fåtal kriterium. Meehl fann at den statistiske metoden i dei fleste tilfella trefte betre enn prediksjonane frå ekspertane. Boka til Meehl vart ikkje godt motteken blant psykologar flest, det var som å banna i kyrkja å påstå at eit program stort sett kunne gjera ein betre jobb enn ein psykolog.

Kahneman brukar dette eksempelet som inngang til eigne erfaringar som psykolog i den israelske hæren (Kahneman er fødd og oppvaksen i Israel og flytte seinare til USA). Arbeidet i hæren var å sortera soldatane til ulike greiner. I starten brukte han berre kliniske metodar (intervju med soldatane og konklusjonar frå desse) og det viste seg at han trefte ganske dårleg. Så las han Meehl sine observasjonar og bestemde seg for å prøva ut statistisk metode for predisjon basert på nokre enkle kriterium/indikatorar. Det viste seg at den statistiske metoden var langt overlegen den kliniske, og Kahneman sine erfaringar forsterka påstandane frå Meehl.

Overført til tilsetjingar
Kahneman overfører dette til jobbintervju og tilsetjingar. Han meiner at innsikt frå forskinga kan brukast i slike tilfelle. I staden for eit laust basert intervju (= klinisk metode), bør ein på førehand setja opp ei handfull indikatorar som ein evaluerer kandidatane etter og basert på sluttsummen, bør ein velja den som skårar høgst , uavhengig av magefølelsen! Det siste er nok det vanskelegaste..

Boka kan absolutt tilrådast, den er full av gode eksempel og interessante forsøk. Dersom du har lite tid, kan du få tak i essensen ved å lesa dei to artiklane av Kahneman og Tversky gjengitt som vedlegg til boka:
"Judgement Under Uncertainty: Heuristics and Biases" (publisert i Science, 1974)
"Choices, Values, and Frames" (publisert i American Psychologist, 1984)
Men viss du berre skal lesa desse, treng du eigentleg ikkje boka, for artiklane finn du på nettet.
 

søndag 24. februar 2013

McLaren F1

McLaren F1, her i LM-versjon. Normalutgåva har ikkje spoiler
Foto: Robin Corps (CC-BY-SA)
Kvart tiår har sin super-sportsbil. 1990-åra hadde McLaren F1 som den store sensasjonen; tiåret før hadde Ferrari F40 og tiåret etter Bugatti Veyron.

Gordon Murray
McLaren F1 var ein engelsk sportsbil konstruert av Gordon Murray og produsert av McLaren Automotive. Den vart første gang vist fram i 1992 og produsert fram til 1998. Då hadde i alt 64 bilar vorte produserte av standard-versjonen, i den grad 'standard' er eit ord som kan brukast. Det vart også laga racing-versjonar slik at produksjonen totalt sett talde 106 eksemplar.

"Standard-versjonen" kom med ein 6,1 liters 12-sylindra motor frå BMW, som utan pustehjelp av noko slag ga 627 hk. Desse hadde berre 1100 kg å flytta på; det seier seg sjølv at det gjekk fort unna. Toppfarten varierte frå vel 370 km/t med turtallssperre til over 390 km/t utan sperre. Den låge vekta vart oppnådd ved å bruka ein monocoque-konstruksjon av karbonfiber, den første produksjonsbilen med ein slik konstruksjon. Monocoque betyr at "skalet" er det berande elementet og at det ikkje er ein berande struktur med plater utanpå.

LeMans-sensasjon
Fem McLaren F1 GTR vart bygde for konkurranse (racing) og dei gjorde nesten reint bord i 24-timarsløpet  LeMans i 1995 (første, tredje, fjerde og femteplass!). Til minne om dette sensasjonelle resultatet, laga McLaren ein LM-versjon (LeMans-versjon), som var GTR for gatebruk.

Føraren i sentrum
Det mest spesielle med McLaren F1 var kanskje seteplasseringa: Førarsetet var plassert midt i, med to passasjersete på sidene, litt bak førarsetet. Føraren kan med rette seiast å vera plassert i sentrum.

Best ever?
Det engelske bilbladet Autocar skreiv dette etter å ha testa bilen i 1994:
"The McLaren F1 is the finest driving machine yet built for the public road." and that "The F1 will be remembered as one of the great events in the history of the car, and it may possibly be the fastest production road car the world will ever see."
Bugatti Veyron kom som kjendt seinare og flytta rekordane på nytt. Men der BV er brutalitet sett i system, er McLaren F1 konstruert med ein ganske ulik filosofi. Kanskje raffinement kontra brutalitet er det mest dekkande uttrykket?

Mr. Bean på biltur
Ein av dei mest kjende McLaren-eigarane er Rowan Atkinson (Mr. Bean ++). Han er lidenskapleg oppteken av bilar, men ikkje som samlar, men som aktiv brukar. Ein augustdag i 2011 var han ute i McLaren-bilen og det gjekk ikkje betre enn at bilen snurra rundt og på vegen ut i grøfta trefte eit tre. Bilen vart totalvrak etter normale takseringsreglar, men Atkinson var fullt bestemt på at bilen skulle reparerast. Etter 16 månader og £ 910 000 var bilen igjen på vegen. Reparasjonskostnadene tilsvarte 150 % av nybilpris.

Bugatti Veyron, her fotografert på ei VW-utstilling i Berlin

tirsdag 19. februar 2013

Blogg-statistikk 2012

Litt meir statistikk frå bloggen i fjor. Besøksoversikten viser tre tydelege toppar:
Nesten 80 % er nye besøk
Lista over mest brukte nettlesarar, ser slik ut:
1. Chrome (28,6 %)
2. IE (22,8 %)
3. Firefox (21,7 %)
4. Safari (15,1 %)
5. Opera (8,0 %)

Det er berre 9 % av dei besøkande som kjem via mobil eller nettbrett. Av desse dominerer iPad stort. Mobilbruken er difor nesten ikkje-eksisterande.

Vel 52 % av dei besøkande kjem frå søk, og dette er dei mest brukte søkeuttrykka:
  1. "hytt og pine" - innlegget "Språkleg forfall" der eg m.a. tok for meg blandinga av uttrykka "død og pine" og "hytt og ver"
  2. "svein ølnes" - seier seg vel sjølv at bloggen vil komma høgt opp
  3. "iPad4" - innlegget "Etter Steve Jobs død - kva no, Apple?"
  4. "bitcoin" - innlegget "Bitcoin - digitale pengar"
  5. "bekymringsverdig" - igjen innlegget "Språkleg forfall"
Dei tenestene som sende flest lesarar til bloggen, var:
1. Twitter (t.co)
2. Reddit.com
3. Blogger.com

Bibliotek 2.0

Foto: Tito Perez, CC-BY-NC-SA
Få sektorar kan dra nytte av nettet som bibliotek-sektoren, særleg utviklinga av den semantiske web-en. Likevel heng dei att i sine introverte klassifiseringssystem og -utvekslingsstandardar og ser ikkje ut til å få med seg det som skjer på utsida.

Heldigvis ser det ut til at store endringar er i ferd med å komma. Library of Congress har lansert rammeverket BIBFRAME, "Bibliographic Framework", basert på lenka, opne data. Det skal erstatta den over 40 år gamle MARC-standarden som verktøy for datautveksling av bibliografisk informasjon.

Les meir på Vestforsk-bloggen..

mandag 18. februar 2013

Bloggåret 2012

Det er tid for årsoppgjer, også for bloggaktiviteten. Eg skreiv i fjor at eg hadde stor tru på bloggen som form, sjølv om den blir pressa både av Facebook (ikkje for min del) og Twitter m.fl. Bloggen gir rom også for dei lange tankane og resonnementa, ulikt "øyeblikkets tyranni" som mange andre sosiale tenester representerer. Eg trur det blir stadig viktigare å halda på dei lange tankane.

Eg diskuterte dette med den svært aktiv bloggaren Paul Chaffey, på eit arrangement om innovasjon i offentleg sektor i fjor haust. Han hadde også tru på bloggen som form, sjølv om han såg at den var trua på fleire hald. Men han såg også positive endringar, særleg i næringslivet, med fleire leiarar som stod fram med eigen blogg. Paul har ein oppdateringsfrekvens som kan ta pusten frå dei fleste; og det er heller ikkje lettvinte innlegg han skriv. Eg spurde han om han får tid til noko anna. Men dei mange arrangementa han deltek på, viser at det gjer han. Samtidig er dette ofte grunnlaget for blogginnlegga.

Min eigen blogg har eit anna tempo. Ambisjonane er høgre enn som så, men resultata lyg ikkje - det blir ikkje meir enn eitt blogginnlegg i veka (52 innlegg i 2012). Det er ned frå 62 i 2011 og 72 i 2010. Men eg må leggja til at eg har skrive brorparten av blogginnlegga på Vestforsk-bloggen, i alt 19 av dei 21 innlegga som vart publiserte i fjor. Medrekna desse blir det i alt 71 blogginnlegg i løpet av  fjoråret. Statistikken for bloggen syner at dei fleste kjem til bloggen via søk:


Talet på besøk (visitors) er vanskeleg å samanlikna då det var ein lang perioden utan logging i 2011. Totalt har bloggen hatt 4 162 besøk. Sjølv om det ikkje høyrest mykje ut, er det vanskeleg å seia kva som er mykje og lite her. Ei samanlikning kan vera vestfors.no-sidene, som hadde 21 500 besøk i 2012. Sett i høve til det, er det ikkje så verst.

Eit klart mål for 2013 er at det skal vera minst eitt blogginnlegg i veka på min eigen blogg. Likevel er innhaldet viktigare enn talet på innlegg.


søndag 10. februar 2013

Trua på det risikofrie livet

For kort tid sidan la eit utval av helseekspertar fram ei liste på 40 tiltak for å betra folkehelsa her i landet. Av tiltaka var forbod mot snus, 20 års aldersgrense for sigarettar, vin på maks 1,5 l-kartongar (utvalet sa ikkje noko om det var lov å kjøpa to i slengen!) osv. Det skremmande er ikkje forslaga i seg sjølv, men at dette blir framført av personar høgt oppe i systemet og med presumptivt stor innflytelse.

Vegen til helvete..
Men kvifor stoppa ved desse tiltaka? Kvifor ikkje påby kle med innsydde kollisjonsputer for alle, obligatorisk bruk av hjelm over alt og ferdigmiksa næringsinntak garantert frittt for farlege stoff, alternativt intravenøs tilførsel? Vegen til helvete er som kjent brulagt med gode forsett.

Intervju med filosofen Jon Hellesnes
Dag og Tid har eit interessant intervju med filosofen og filosofi-formidlaren Jon Hellesnes. Han var professor i filosofi ved Universitetet i Tromsø frå 1985 til 2007 og er kanskje den som i størst grad har teke på alvor formidling av filosofi til folk flest. Som medlem av den nasjonale forskingsetiske komitéen for medisin og helsefag sa han for nokre år sidan:
"Altfor mange strevar med å få stadig meir under stadig sterkare kontroll. Det paradoksale resultatet er at viktige faktorar dermed kjem fullstendig ut av kontroll"
Det passar godt til dei nyleg framlagde forslaga til helsetiltak, forslag som føyer seg fint inn i rekkja med altfor mange og altfor gode forslag til korleis me skal leva liva våre - gjerne i lovs form.

Total kontroll, totalitær kontroll
Hellesnes seier vidare at det dessverre ligg stor ideologisk kraft i idéen om at (nesten) alt i prinsippet ligg innanfor menneskeleg makt og at alle problem bør kunna løysast, særleg av styresmaktene. Ekstremvarianten av dette er at uhell, ulykker, sjukdom og død nærmast er administrative tabbar. Det kan fort gi opphav til ein teknokratisk og totalitær ideiologi om totalkontroll og total tryggleik.

Nullvisjonar
At me er inne i ei slik tenking, ser me stadig eksempel på. Eit godt eksempel er nullvisjonen frå vegstyresmaktene, med ein visjon om ingen dødsfall i trafikken. På landsbasis er det eit umuleg mål med dagens trafikk. Men nullvisjonar blir også haldne fram på andre område, ikkje minst i helsesektoren. Det er ein farleg tanke, som Hellesnes.

Dag og Tid er ei god avis
Til slutt må eg igjen reklamera for Dag og Tid. Etter mitt syn er avisa fullt på høgde med det meir prestisjetunge Morgenbladet. At den i tillegg er på nynorsk, er berre med på å gjera språket endå betre (hadde dei berre lagt vekk dei arkaiske formene i rettskrivinga si!).

tirsdag 5. februar 2013

Sogndal på toppen av tabellen

Dagens Næringsliv hadde eit stort oppslag 04.02.13 om samanhengen mellom pengebruk og poengfangst i Eliteserien. Ein tabell organisert etter mill. kr pr. poeng, gir denne hyggelege tabellen:

Penge-/poengtabellen 2012

DN skriv at det er "nesten ingen sammenheng mellom pengebruk og poengfangst". Men forskingsmessig blir det for upresist. Eg fekk difor kollega Morten til å sjå på tabellen og rekna ut den faktiske samanhengen:

Svaret er at 36 % av variasjonen i poengfangst kan tilskrivast pengebruken. Figuren under viser også klart at til meir pengar som blir sette inn, til mindre poeng blir det. Sagt på ein annan måte får Rosenborg svært lite att for dei siste 100 mill. kr dei brukar.

Samanhengen mellom pengebruk og poeng (klikk for å forstørra)

Morten seier det på ein annan måte: "Det blir som å kjøre bil. Kjøper du en Huyndai Matrix får du mer bil for penga....men du får ikke mer bil."

fredag 25. januar 2013

Tilfellet Aaron Swartz

Kampaje på Aarons eigen nettstad Demand Progress
Det tragiske dødsfallet til nettaktivist Aaron Swartz har sett sinna i kok blant nett-entusiastar. Var den urimeleg strenge tiltalen for ulovleg nedlasting av akademiske artiklar frå JSTOR, MIT, den utløysande faktoren for sjølvmordet? Eg har skrive om saka på Vestforsk-bloggen.

Viss du vil støtta kampanjen med namnet ditt, og evt. eit økonomisk bidrag, kan du gjera det her.

søndag 6. januar 2013

Lamboghini og Ferrari

Oksen er varemerket til Lamborghini
Lamborghini fyller 50 år i år - hurra! Ferruccio Lamborghini gjekk frå å vera ein krevjande kunde av Enzo Ferrari til å bli hans argaste konkurrent. Fram til 1963 produserte Lamborghini stort sett traktorar (som dei framleis produserer) og Ferruccio hadde arbeida opp ei stor formue på det. Den brukte han til sin største lidenskap: utvikling av bilar.

Kunden har alltid feil!
Ferruccio Lamborghini var kunde av Ferrari og ein gong han kom og klaga på ein bil han hadde kjøpt, fekk han klar beskjed av sjefen sjølv, Enzo Ferrari: "Hald deg til det du har greie på; traktorar. Bil har du ikkje greie på". Enzo Ferrari var ganske arrogant og hjå Ferrari var det lenge den omvendte regelen som gjaldt: Kunden har alltid feil! Det må vera vanskeleg for dei som arbeider med marknadsføring o.l. å forklara kvifor ei slik haldning likevel førte til suksess.

Den første: 350 GT
Kanskje var det fornærminga som motiverte Ferruccio Lamborghini. Han sette i alle fall i gang med utvikling av bilar og i 1963 kom det første skremmeskotet for Ferrari: Lamborghini 350 GT. Bilen hadde ein 12-sylindra motor utvikla av tidlegare Ferrari-ingeniør Giotto Bizzarrini, som kom på kant med Enzo Ferrari. Sjølv om 350 GT ikkje vart nokon storseljar, var den eit varsel om det som skulle komma. Ferrari kontra med den legendariske 275 GTB.

Lamborghini Miura. Foto: Petr Kadlec

Lamborghini Miura
I 1966-67 kom den sensasjonelle Lamborghini Miura, med midtstilt 12-sylindra motor. Marcel Gandini, som arbeida for Bertone, stod for design og bilen har vorte eit stil-ikon. Enzo Ferrari var ganske konservativ og formelen hans var 12-sylindra motorar som var plassert framme. Det sat langt inne å snu på denne formelen, men Miura tvinga han til å tenkja nytt. Ferrari sitt svar var 365 GTB4 ("Daytona"). Motoren var framleis plassert framme, men så langt bak som muleg for optimal vektfordeling på fram- og bakaksel.

Design: Gandini
Marcel Gandini heldt fram med historiske bildesign og i 1971 kom Lamborghini Countach (utt. "kuntatsj"). Designet kan trygt kallast futuristisk; etter meir enn 40 år ser den framleis sensasjonell ut.

Lamborghini Countach, 1971 (!). Foto: Nrbelex

Audi overtek til slutt
I 1972 selde Ferruccio Lamborghini halvparten av selskapet, og året etter selde han resten. Etter eit eigarskap på ulike hender, med mellom anna Chrysler som eigar, kjøpte Audi selskapet i 1998 og er framleis eigar. Men det er framleis Fiat-eigde Ferrari som er storebror. Dei selde rundt 7000 bilar i 2011, mot Lamborghini sine 1300 (2010).

Sjå også artikkel om Lamborghini på e24.no

tirsdag 1. januar 2013

Stora guiden om Ferrari

Teknikens Värld: "Stora guiden om Ferrari"
"Print is dead is dead" skreiv eg i forrige bloggpost og Teknikens Värld sitt spesialnummer om Ferrari kunne ikkje vore ein betre illustrasjon. Det finst ikkje noko digitalt medium som kan ta over akkurat denne nisjen, det er min påstand. Då må skjermstørrelsen opp, men det er heller ikkje nok, også følelsen må forbetrast kraftig frå dagens digitale brukaroppleving. Det er særleg den manglande tredimensjonaliteten som er problemet med digitale magasin.

Kvalitetsmagasin
Stora guiden om Ferrari er magasin på sitt beste. Formatet er stort (23 x 29,7 cm), papirkvaliteten er topp og biletkvaliteten er også veldig bra. Når så teksten er interessant blir dette eit praktverk. Spring til Narvesen og kjøp med ein gang, om du er bitte lite interessert i bilar.

Scuderia Ferrari
Det er like mykje historia om Enzo Ferrari, grunnleggjaren, som blir fortalt. Han var ikkje spesielt interessert i teknologi og drøymde om å bli operasangar (!), sportsjournalist eller racerførar. Dei to siste draumane fekk han oppfylt, men det var som teamleiar i racing han verkeleg blomstra.

Ferrari 125 S - foto Aiace90

Det første oppdraget for Scuderia Ferrari (= "Stall Ferrari") var å administrera racingdelen for Alfa Romeo. Men frå 1947 var han sjef for eiga racingsatsing og eigne bilar. Den første bilen - 125 S - hadde 12 sylindrar, varemerket til Ferrari, men berre 1,5 liters motor. Om det ikkje vart suksess heilt frå starten, tok det ikkje lang tid før Ferrari dominerte Grand Prix og seinare Formel 1.

Først racing, deretter gatebil
Det var racing som var interessant for Enzo Ferrari; gatebilar bygde han berre fordi han måtte få inntekter til å driva konkurransekøyringa. Det påverka også utviklinga av modellar. Motoren var alltid det viktigaste, men med Pininfarina som designhus kan ein ikkje seia at design vart annanrangs. Berre ein gang sleppte Bertone til med formgiving, på den omstridde Ferrari (Dino) 308 GT4. Det vart ingen stor suksess.

Enzo Ferrari var skeptisk til bruk av 8-sylindra motorar og også at motoren skulle plasserast i midten. Men midtmontert V8-ar vart etter kvart varemerke for "innstegs"-modellen for Ferrari, og dei bilane som sytte for volum salsmessig.

Dino Ferrari
Ferrari Dino 246 GT - foto pyntofmyld
Til og med V6 vart brukt, men då stod det ikkje Ferrari nokon stad på bilen. Ironisk nok vart Ferrari Dino 246 GT ein kjempesuksess og er i dag nærmast ei ikon. Det var Dino Ferrari, son til Enzo, som brann for utviklinga av V6-motoren. Han var fødd med ein muskelsjukdom som gjorde at han døydde berre 24 år gammal, i 1956. Ferrari Dino 246 GT fekk namnet etter han.





Ferrari Enzo - foto Karrmann

Ferrari Enzo
Også faren vart oppattkalla med modellen Ferrari Enzo som kom i 2002. Det var ein Formel 1-bil i sivile kle. Den var ein oppfølgjar til F50 (1995) som igjen var oppfølgjaren til supersportsbilen F40 (1987). F40 er kanskje den mest reindyrka sportsbilen Ferrari nokon gang har laga.

Formel 1 = Ferrari
Ferrari har takka vera racinghistorien ein unik posisjon og eit unikt merkenamn; Ferrari = Formel 1 og omvendt. På vel 700 startar i Formel 1 har dei teke over 200 seierar, noko som seier sitt. Også på gateplan er Ferrari synonymt med det ypparste av bilteknologi og ein garantist for racingfølelsen. Det er ofte kort veg frå Formel 1-teknologi til gatebil.

Ferrari F40 er legendarisk, og mange sin favoritt blant Ferrariar
(foto Will Ainsworth)