lørdag 29. august 2015

Kva er pengar?

Den etter kvart berømte zimbabwiske 100-billionars dollarsetelen
"Kva er pengar?" Dette tilsynelatande banale spørsmålet var tema for eit seminar i Lom i går, arrangert av Sparebank1 Gruppen og Sparebank1 Lom og Skjåk. Sidan det føregjekk på Lom fjellmuseum, var det eit fjellseminar.

Eg skriv 'tilsynelatande', for til meir ein tenkjer over og går inn i temaet, til vanskelegare blir det. Ikkje minst er det nærmast eit mysterium korleis pengar oppstår.

Professor i bankverksemd (prof. of banking) Richard A. Werner spurde eit utval finansfolk i
Frankfurt kvar pengar oppstår (blir danna). Alternativa var:

  • Styresmaktene
  • Sentralbanken
  • Bankane
  • Kapitalmarknaden
  • Den globale finansinfrastrukturen

Ikkje overraskande svarte 84 % at det var styresmaktene og sentralbanken som stod for
pengedanninga. Men sanninga er at bankane står for 97 % av pengane i omløp og styresmaktene
gjennom sentralbanken berre 3 %! Det er muleg på grunn av det som blir kalla Fractional Reserve
Banking, dvs. at bankane er pålagde å berre ha sikring for ein liten del av utlåna. Pengar blir så skapte gjennom utlån.

Seminaret var tverrfagleg og hadde både historikarar, økonomar, filosofar, språkfolk og
teknologar (eg reknar meg sjølv i den kategorien, under tvil) som foredragshaldarar. Min eigen presentasjon finst her, og var sjølvsagt om Bitcoin, sjølv om den etterkvart dreia seg like mykje om pengar frå eit filosofisk perspektiv og teoriar om pengedanning:




Eg har notert litt ulikt frå presentasjonane og kanskje ikkje gjort alle rett. Her er uansett notatane mine.

Lars Fredrik Øksendal, Norges Bank
(Øksendal er historikar med spesiell vekt på økonomisk historie og særleg 1800-talet som spesialfelt)

Begrepsforståing
Å forstå pengar
- noko fysisk, med ibuande verdi?

Pengar er ein sosial konstruksjon
- noko får verdi fordi vi tillegg det verdi
- erfaring og forventning

Funksjonell forklaring
- "money is what money does"
- i konstant endring

Pengar er omsetningsmiddel
- blir allment akseptert som betalingsmiddel
- verdioppbevaring
- mål for verdi (unit of account)

Den evige utfordringa: TILLIT

Høg inflasjon har ofte samanheng med krigssituasjon (verdskrigane). Ein historisk gjennomgang av
inflasjon frå starten av 1800-talet til no, viser klare toppar i samband med krigsutbrot. Den største toppen finn me under Napoleonskrigen, då inflasjonen vart påverka ikkje berre av krig og ekstra pengebruk på våpen og utstyr, men også blokadar og varemangel.

Kort pengehistorie:
- myntar av edelt metall (myntherre - seignorage)
- myntherren fekk stor makt

Dei første setlane
- sirkulerande innskotskvitteringar
- fractional reserve banking
- setelbankar, finst i mange variantar (ulike bankar laga sine eigne setlar, i England forsvann

den siste resten av setelbank i 1949)
- med setelbankane kom også FRB inn som fenomen
- i Sverige var krava til setelbankar at eigarane skulle vera personleg ansvarlege
- ein setelbank har ei heilt sentral forplikting til alltid å kunna betala ut i mynt
- setelbankane skulle også ha ein armlengdes avstand til kongen

Innskotsbankar
- den store finansielle revolusjonen
- fundert gjennom innskot
- bankane si kredittgiving skapar nye kontopengar
- lærebok vs. røynd (ikkje nødv. innskota som ligg til grunn for kredittgivinga)

Framveksten av banksektoren kan forklarast som eit ønskje om å senka kostnadene.

Monetarisering fase 1: Fram til ca. 1855 (Staten sine pengar utgjorde 100 % av pengemengda - M1)
Monetarisering fase 2: frå 1855 - 1899 (innskot/kontopengar M2 overtek og går langt forbi M1)

Kontantdelen synk kraftig frå 1825 til 1925, så stig den igjen fram mot og under siste verdskrig, for så å gå kraftig ned frå 1960.

Innskot og kredittgiving
- kurvene følgjer kvarande veldig tett fram til første verdskrig, så ein ny fase der kredittgiving skil lag med innskot (frå midten av 1980-talet, liberaliseringa av bankvesenet)

Morten Søberg: Bankar som pengeprodusentar
- ein rapport frå Bank of England

Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i Sparebank 1 Gruppen og den som i hovudsak stod bak initiativet og programmet. Han har tidlegare vore statssekretær i Finansdepartementet.

Innleiing
- Vinje
- Svalbard-pengar
- pengefunksjonar

Hovuddel
- økonomifaget, bankar og sentralbankar
- Bank of England-forsking

Vinje: Pengar er storkna mannasveitte
- pengar har grunnleggjande med arbeid å gjera

Svalbard-pengar
- frå 1906 til 1980 fanst det eigne Svalbard-pengar, utsteda av gruveselskapa
- det vart berre utferda setlar og ikkje myntar

Økonomikken og sentralbankar
- institusjonell evolusjon: sentralbankane som "universitet" med forskingsavd. og forskingsprogram
- "the act of lending creates deposits - the reverse of the sequence is typically described in textboooks"

Bankmekanismar
- auka (privat) sparing fører ikkje utan vidare til større bankinnskot/fleire kontopengar

Diskusjon
- pengeproduksjonen er i stor grad vorten privatisert i moderne økonomiar
- bankkreditt/kontopengar har to hovudeffektar:
1. Inga netto endring i pengemengda (ny gjeld betalar gammal gjeld)
2. Netto auke i pengemengda (priseffekt, inntektseffekt, finansiell stabilitet..

Norsk pengeproduksjon
- bankdominert samfunn, bankane like sentrale som sentralbanken
- men veldig lite diskusjon om det
- faren for sentraliserte avgjerder, viktig med desentraliserte bankar og bankavgjerder for at pengane som blir skapte blir brukte best muleg (lokalt)
- pengeproduksjon og kva pengane blir brukte til er i høg grad politikk, men er i større og større grad privatisert

Samfunnsrolle og sjølvforståing
- arb.plassar, innteksstraumar, skatteinntekter
- arb.program og makt til å gjennomføra slike

Sæbjørn Forberg (magister i filosofi)
Penganes filosofi ("Philosophie des Geldes")
- Georg Simmel (1858-1918) og det moderne

Forberg hadde føreteke ei nylesing av Simmels storverk, godt støtta av ein italiensk forfattar
som har teke for seg boka.

Det moderne liv og individets "kamp" for å bevara sjølvstende
Simmel blir ofte rekna som grunnleggjaren av "by-sosiologi", med bakgrunn frå oppvekst og verke i
Berlin rundt århundreskiftet

Verket "Philosophie des Geldes" er verken ei økonomi- eller filosofibok, men blir rekna som ein
klassikar i sosiologien.

To sosiologiske utg.pkt: Durkheim og Weber
- Durkheim tenkjer at samfunnet er gitt og ein kan gå ut og studera det (arven frå Platon? - min
kommentar)
- Weber tek utg.pkt i enkelthandlingar og tek ikkje samfunnet for gitt, men må studerast gjennom
enkelthendingar (Aristoteles og vekt på empirien?)
- Simmel kan sjåast på som ein sosiologisk impresjonist, men nærmare Weber

Simmel har ikkje nokon grandios teori, i motsetnad til dei to andre) Impresjonistisk: prega av
inntrykk; ikkje den eine lysande og klare tanken (teorien), men meir som eit diffust landskap fylt med ulike inntrykk.

Den impresjonistiske tilnærminga, med lite struktur og litt uryddig (hulter til bulter), har
gjort at Simmel ikkje har fått ein tilsvarande plass i sosiologien som Durkheim og Weber

Pengar og identitet: Minnemyntar osv., ein funksjon som ofte ikkje blir rekna med Simmel meiner at det er sjølve transaksjonane som skaper verdi

Simmel og "åndas fenomenologi" (Hegel: "Philosophie des Geistes")

Pengar som sosial institusjon og uttrykk for objektiv ånd
- "pengar gjer fri", viktig som frigjering av individet i det moderne samfunnet
- pengar er det fremste frigjerande middelet - og uttrykket - til å setja indivitet fri

Simmel stod for den negative forståinga av fridomsomgrepet: Fridom frå og ikkje fridom til

Geld wird Gott - pengar går frå å vera eit middel til å bli eit mål i seg sjølv

Tingleggjering og "opplysingas dialektikk"

Antonio Gramsci: "The challenge of modernity is to live without illusions and without becoming
disillusioned"

Simmel i dag: Bør lesast på nytt, framleis aktuell (men les gjerne tolkingar av verket hans)

Klaus Johan Myrvoll, norrønt språk ved UiO: Dalar, skilling og kroner - om pengar og språk
Typologi
- vekteiningar (pund, mark, lire, peso/peseta, talent, shekel
- tilhøve til annan mynd: denarious (10 asses), cent (hundredel)
- metallet mynten er laga av: gylden, rupi (sølv), zloty (gyllen)
- staden mynten kjem frå: dalar, mynt
- forma på mynten: yuan ("rund ting"), yen (kjem av yuan)
- det som er prega på mynten: krona, lev (løve), sterling

Peng(e)
Ordet 'peng(e)' er utan sikker historisk forklaring (usikker etymologisk)

Gudinna "luni moneta" som opphav til money, monetær osv.

'Dalar' kjem frå tyske 'Thaler', som er av avkorting av 'Joachimsthaler'
- ligg også til grunn for 'dollar'

Spesiedalar - ein dalar in specie (species - art, slag)

Ort - fått namnet etter 'spiss' som refererer til spissen av ein kvart (sektor) som dalaren var

delt i (1 ort = 1/4 dalar)

Skilling - minste mynteining
- i eldste tider vart skilling berre brukt om framande myntar

Krone
- av krune/hovudkrans
- innført av Kristian IV i Danmark i 1618, frå 1875 den vanlege mynteininga i Norge

Øre
- frå vekteining (1/8 mark)

lørdag 8. august 2015

Digital Gold

"Digital Gold - Bitcoin and the inside story of the misfits and millionaires trying to reinvent money" er den fulle tittelen på boka Nathaniel Popper har skrive om Bitcoin-historia. Popper er til dagleg journalist i The New York Times, med området teknologi og næringsliv (business) som spesialfelt.

Bitcoin byggjer på kjende byggjesteinar
Undertittelen er på sett og vis eit samandrag av boka; det er ein historisk gjennomgang av fenomenet kryptovaluta med Bitcoin som den sentrale markøren. Sjølv om boka først og fremst handlar om åra 2009 - 2014 skriv Popper også litt om byggjesteinane for Bitcoin. Som alle store innovasjonar, kjem ikkje Bitcoin og kryptovaluta ut av ingen ting. Det er resulatatet av 30-40 års forsking og utvikling. Det er dei siste avgjerande løysingane som gjer dette til ein stor innovasjon, og dei løysingane handlar først og fremst om "Proof of work" i kombinasjon med tidsstempling.

Hovudsøylene i Bitcoin (heretter brukt som markør for fenomenet kryptovaluta) er offentleg nøkkel-kryptografi og hash-funksjonar. Merk at det ikkje er snakk om ein offentleg nøkkel-infrastruktur (Public-key Infrastructure - PKI)! Denne har tiltrudde tredjepartar med sertifikat-oppgåver som ein sentral del. Bitcoin er eit fullt ut distribuert (ofte kalla desentralt sjølv om desentralt og distribuert ikkje er 100 % det same, sjå Paul Barans viktige illustrasjonar).

Offentleg nøkkel-kryptografi
Offentleg nøkkel-kryptografi, eller asymmetrisk kryptografi, vart først presentert som løysing av Whitfield Diffie og Martin Hellman i ein vitskapleg artikkel i 1976. Men på dette feltet er det usikkert kven som var først, sidan mykje av arbeidet skjedde i militær samanheng. Diffie-Hellman var i alle fall dei som presenterte offentleg nøkkel-kryptografi først offisielt. Dei var sterkt inspirerte av Ralph Merkle sitt arbeid med offentleg nøkkel-distribusjon. Ralph Merkle har elles fått namnet sitt skrive inn i datahistoria gjennom både som sentral person i utvikling av kryptografiske hash-funksjonar og i Merkle tree-distribusjonar (hash-tree), begge delar sentrale komponentar i Bitcoin-teknologien. Slik sett er det kanskje litt rart at Ralph Merkle ikkje er nemnt blant aktuelle kandidatar til pseudonymet Satoshi Nakamoto...

David Chaum og DigiCash
I utviklinga av kryptovaluta er det elles vanskeleg å komma utanom David Chaum. I 1981 publiserte han artikkelen "Untraceable Electronic Mail, Return Addresses, and Digital Pseudonyms" som la grunnlaget for anonym kommunikasjon over eit ope nett (Internett). I 1982 følgde han opp med ein artikkel om blinde signaturar, også ein vesentleg del av anonym kommunikasjon. Han starta bedrifta DigiCash i 1990, i Amsterdam, og den første transaksjonen med systemet vart gjennomført i 1994. Men DigiCash var eit system som var avhengig av ein tiltrudd tredjeperson, i dette tilfellet bankar.

Andre sentrale personar i Bitcoin-utviklinga
Andre sentrale personar i utviklinga av kryptovaluta:
  • Adam Back: HashCash (1997)
  • Nick Szabo: BitGold (opprinneleg presentert som "Bit gold" i ein bloggpost av Nick Szabo i desember 2008, like etter Satoshi Nakamoto sin Bitcoin-artikkel). Nick Szabo er elles den dei fleste meiner er Satoshi Nakamoto). Bit gold må elles ikkje forvekslast med firmaet BitGold, som er det som dukkar opp om du søkjer på Wikipedia..
  • Wei Dai: b-money (opprinneleg presentert som RPOW - Reusable Proof of Works)
David Chaums arbeid på 1980-talet var også ein forløpar for cypherpunk-rørsla som har vore svært sentral i utviklinga av Bitcoin. Det er viktig å hugsa på at det meste av utviklinga innan kryptografi har vore hemmeleg og utført i militær- og etterretningssamanheng. Sivil kryptoutvikling har vakse fram særleg gjennom "undergrunns-"grupper som cypher-punkt og liknande. Cypher-punkmiljøet vaks fram i San Francisco i starten av 1990-åra. Sjølve ordet stammar frå ei blanding av cipher og cyberpunk. John Gilmore var sentral i oppstarten av dette miljøet, som elles har kjende namn som Julian Assange, Jacob Appelbaum, Adam Back, Bruce Schneier og Phil Zimmermann for å nemna nokre få.

Cypherpunk-rørsla
Cypherpunkarane har i hovudsak kommunisert via ei e-postliste. Det var via denne e-postlista Satoshi Nakamoto orienterte om arbeidet sitt og om systemet han/ho/dei sette i drift 3. januar 2009. Hal Finney var ein av deltakarane/mottakarane og ein av dei første som prøvde ut Bitcoin-systemet. Han var sentral i utviklinga av PGP (Pretty Good Privacy) og nr. to etter Phil Zimmermann i PGP Corporation. Han fatta interesse for den nye kryptovalutaen og bestemde seg for å prøva den ut. Han var ein av få som kommuniserte med Satoshi Nakamoto i starten av Bitcoin-utviklinga, og kom med innspel til systemet. Han fekk diagnosen ALS i 2009 og vart gradvis paralysert. Han døydde i august i fjor.

Finnane var også involvert tidleg i Bitcoin-utviklinga, om ikkje så mykje i programmeringa så i alle fall i å gjera Bitcoin kjendt for omverda. Igjen viser Finland at dei heng med i den tekniske utviklinga! Det var den unge studenten Martti Malmi som fatta interesse for Bitcoin tidleg. Han var IT-student, men droppa etter kvart studiane for å jobba heiltid med Bitcoin. Han fekk tillit frå Satoshi og tok over drifta av bitcoin.org.

Nathaniel Popper brukar også mykje tid på Mark Karpeles og Mt. Gox-skandalen, i tillegg til Ross Ulbricht og Silk Road. Andre sentrale personar i Bitcoin-utviklinga er Jed McCaleb (tidleg utviklar av Mt. Gox, ein av grunnleggjarane av Ripple Labs og no Stellar Development Foundation). Gavin Andresen må også nemnast. Han var også tidleg involvert i Bitcoin og har dei siste 3-4 åra vore sjefsutviklar for teknologien, sjå omtale og referat frå presentasjon på Bitcoin 2014 i Amsterdam.

Bitcoin-entreprenørane
Mellom entreprenørane innan Bitcoin er Roger Ver, Erik Vorheer og Charlie Shrem sentrale, saman med argentinskfødde Wences Casares. Roger Ver er kalla "Bitcoin Jesus" pga. misjoneringa han har drive, og driv, for Bitcoin. Han står mellom anna bak Blockchain.info - både ei mykje brukt bitcoin-lommebok og ei interessant informasjonsteneste for Bitcoin (m.a. oversikt over sanntidstransaksjonar). Han har lagt seg ut med det føderale USA i samband med både ein dom i 2002 (sal av eksplosiv på eBay) og seinare i ei skattesak. Han har gjort opp for seg i skattesaka, men blir framleis nekta innreise i USA.

Erik Vorhees var også tidleg involvert i Bitcoin og har også hatt trøbbel med styresmaktene i USA. Han starta spel-selskapet SatoshiDice og i samband med salet av tenesta i 2013 vart han bøtelagt for ikkje å ha oppgitt aksjepostar i selskapet. Han driv no selskapet Coinapult frå Panama.

Charlie Shrem er ein annan entreprenør, og også han har vore i klammeri med styresmaktene. Han var med og starta selskapet BitInstant, for lett tilgang til Bitcoin, og var også "founding member" av Bitcoin Foundation. Han vart dømt for kvitvasking av pengar i samband med Silk Road-skandalen og soner no ei fengselsstraff på to år.

Også Winkelvoss-brødrene, Cameron og Tyler, må nemnast i Bitcoin-samanheng. Dei er mest kjende for rettsaka mot Mark Zuckerberg og Facebook der dei hevda han stal ideen deira ved Harvard. Dei vart tilkjende $ 65 mill. i den saka.

Dei vart trekte inn i teknologien først og fremst gjennom Charlie Shrem og investeringar i BitInstant-selskapet hans. Dei har seinare satsa store summar på Bitcoin og har nyleg etablert Bitcoin-handelen Gemini som dei meiner skal blil "the Nasdaq of Bitcoin".

Argentina og Bitcoin
Wences Casares har såvidt eg veit ikkje noko uteståande med styresmaktene i USA. Han er ein argentinsk fødd "serie-gründer" som har ei rekkje suksessrike oppstartsbedrifter bak seg før han fekk interesse for Bitcoin. Med oppveksten i Argentina visste alt om valutasvingingar, devalueringar og valutarestriksjonar. I Argentina er det kvardagen - framleis er det stor inflasjon og tøffe restriksjonar på handel med utanlandsk valuta. Alle prøver å ha sparepengane sine i US dollar, men styresmaktene legg store hindringar i vegen. Det fører sjølvsagt til ein blomstrande svartebørs.

Casares såg straks potensialet for Bitcoin i Argentina, og sjølv om han hadde lova seg sjølv og kona at han hadde starta det siste selskapet då han utvikla betalingssystemet Lemon, greidde han ikkje halda det og utviklar no selskapet Xapo. Då Casares lærte om Bitcoin jbestemde han seg for å testa sikkerheita i systemet. Han leigde nokre hackarar frå Ukraina og betalte dei i alt $ 200.000 (meir enn NOK 1,5 mill.) for at dei skulle prøva å bryta systemet og finna svakheiter. Bitcoin motstod angrepa og Casares kjende seg sikker på at teknologien heldt mål, og at han difor kunne gå vidare og satsa meir midlar. I tillegg til verksemda i Silicon Valley driv han også aktivt arbeid i Buenos Aires gjennom kontaktar der. I den argentinske delen er det filantropiske også ein viktig del.

God historeforteljing
Alt i alt har Popper skrive ein interessant og underhaldande bok om Bitcoinutviklinga. Den er konsentrert om personane som har vore sentrale i utviklinga, som omtalen over syner. Sjølv om du ikkje veit mykje om Bitcoin frå før, vil boka gi ei god innføring i historia. Den er ikkje teknisk, og seier lite eller ingen ting om teknologien bak. Men det finst mange andre kjelder som kan forklara den.


fredag 31. juli 2015

Clark Terry (1920 - 2015)

Clark Terry på Monterey Jazz Festival i 1981
(Foto: Brian McMillen - CC BY-SA 3.0)
Ein av dei verkeleg store innan jazzen, trompetaren Clark Terry, døydde tidlegare i år. Dei to konsertane i DR Koncerthuset under Copenhagen Jazz Festival, med Justin Kauflin trio og Dianne Reeves eg har skrive om tidlegare, var begge ein hyllest til jazzlegenda. Både Justin Kauflin og Dianne Reeves var elevar av Clark Terry. Forholdet til eleven Justin Kauflin er dokumentert i filmen "Keep on Keepin' On"

Det var også Miles Davis! Clark Terry var frå St. Louis, som Miles, og fødd seks år før Miles. Noko av det Miles lærte av Clark Terry var at han ikkje trong å bruka vibrato ("tremolo"), den ville komma av seg sjølv med alderen! Miles vart då også kjent for den spesielle trompetlyden heilt utan vibrato.

Både swing og bop
Clark Terry fekk med seg  både swing- og bop-æraen og bakgrunnen frå swingmusikken ga CT ein spesiell både melodisk og rytmisk stil som gjorde at han skilde seg frå andre bebop-musikarar. Han minner kanskje ein del om Harry "Sweets" Edison i så måte, sjølv om sistnemnde kanskje var meir heime i swing-stilen. Trompetstilen hans er også lyrisk, litt på same måten som Clifford Brown.

Meister på flygelhorn
Clark Terry spelte både trompet og flygelhorn, men brukte det siste meir og meir og vart etter kvart kjend mest for dette instrumentet. Han gjorde også kombinasjonen av trompet og flygelhorn til eit varemerkje der han spelte ei strofe på trompeten og svarte sjølv på flygelhorn.

Clark Terry spelte både trompet og flygelhorn - og gjerne
samtidig!

Rollemodell
Han spelte med dei store namna innan jazz som Count Basie, Duke Ellington, Quincy Jones og Oscar Peterson, berre for å nemna nokre få. Han var også fast musikar i The Tonight Show frå 1962 - 1972 ; eit tv-show som har betydd mykje for amerikansk jazz!. CT var den første afro-afrikanske musikaren som var fast i eit band på ein av dei store tv-kanalane. Han sa sjølv om dette:
"We had to be models, because I knew we were in a test.... We couldn't have a speck on our trousers. We couldn't have a wrinkle in the clothes. We couldn't have a dirty shirt."
Mentor for mange
I tillegg til å vera ein tidleg læremeistar for Miles Davis var han mentor for m.a. Quincy Jones, Herbie Hancock, Wynton Marsalis, Pat Metheney  og før nemnde Dianne Reeves - igjen berre for å nemna nokre få!

"Ei-Jee-Ee"
Han spelte aktivt til han var godt over 80 år. Sjølv høyrde eg Clark Terry og Al Grey (trombone) på konsert i Gamle Losjen ein gang tidleg på 1990-talet. CT var då over 70 år, men spelte storveges. Mot slutten skranta likevel helsa. Til ein kamerat sa han at han leid av noko som heitte "Ei-Jee-Ee". Kameraten lurte fælt på kva slags sjukdom det var, før Clark Terry forklarte at det var AGE.

Clark Terry var musikk, uansett kva han spelte og kva han spelte på - høyr berre på Trumpet Mouthpiece Blues kva musikk får ut av berre munnstykket.


onsdag 15. juli 2015

Kontantar er personvern

Kronikk i Dagens Næringsliv i dag (15.07):

Mange meiner at bruk av kontantar er gammaldags og at utviklinga mot full kortbruk ikkje kan gå fort nok. Seinast ute i så måte var professor i informatikk ved Høgskolen i Molde, Kai A. Olsen, i eit innlegg i DN 23.05.15. Men kontantar blir nok ikkje borte sjølv om dagens myntar og setlar etter kvart forsvinn – dei blir i staden digitale. Så framtidas betalingsform er faktisk kontantar!

Det professoren i informatikk i lag med styresmakter og finanssektoren hoppar glatt over, er at dersom dagens system for betaling med kort blir einerådande, blir vi som forbrukarar 100 % overvaka på alt vi føretek oss av pengeoverføringar. Det er sikkert nyttig for Økokrim og PST, men for samfunnet som heilskap vil det vera eit tap. Påstanden om at «viss du ikkje har noko å skjula, har du heller ikkje noko å frykta» held ikkje mål. For å sitera tidlegare direktør for Datatilsynet, Georg Apenes: Dei fleste av oss låser døra når vi går på toalettet, sjølv om vi ikkje har noko særleg å skjula. Personvern er ein av dei grunnleggjande menneskerettane, og det gjeld også på det økonomiske området.

Aktivitetane vår blir i aukande grad sporbare, og særleg gjeld dette all digital kommunikasjon. Når vi lastar ned ein ny app eller registrer oss på ei ny nett-teneste, tenkjer vi sjeldan over at vi legg att stadig nye digitale spor. Men ser vi på summen av slike spor, kan vi bli skremde, særleg fordi det har komme fram kva ein kan gjere med store datamengder ved hjelp av «big data»-teknologi.

Edward Snowden har gitt oss eit lite innblikk i kva mulegheiter og omfang som ligg i dagens overvaking, og det er god grunn til å bli uroa over det som er avdekt.  Det er difor svært viktig at vi har eit alternativ til den sporbare teknologien, og her kjem digitale kontantar inn som eit nødvendig tillegg til dagens dominerande betalingsmåtar.

Her etterlyser eg eit meir aktivt Datatilsynet. Datatilsynet forsvarer retten til å vera anonym, også når det gjeld betaling. Men i staden for einsidig å forsvara dagens kontantar, må dei sjå at det er framtidas digitale kontantar det må kjempast for.

I Datatilsynet si undersøking om personvern i 2013/2014 oppgir 40 % av dei spurde at det er viktig eller svært viktig for dei å kunna betala anonymt. Og det er ingen grunn til å mistenkja alle desse for å ha lovbrot eller lyssky aktivitet som grunn for ønsket sitt.


På slutten av 2008 skjedde det eit stort teknologisk gjennombrot for alternative betalingsmåtar over Internett. Systemet Bitcoin vart presentert, først i form av ein kort artikkel og seinare som eit fullt ut fungerande betalingssystem på nettet. Tidspunktet var ikkje tilfeldig; det var rett etter finanskrisa, og systemet må sjåast i lys av den.

Gjennombrotet var i første rekkje at det for første gang vart demonstrert at ei betaling ikkje trengde gå gjennom ein ein tiltrudd tredjepart, som regel ein bank. Akkurat som med fysiske kontantar kan du betala ein person digitale kontantar utan at det går gjennom banken sitt system. Men i tillegg til dei fysiske kontantane sine fordelar, har Bitcoin og liknande system også den fordelen at betaling kan skje mellom personar uavhengig av kor dei er på kloden, så lenge dei involverte har nett-tilgang.

Det er like enkelt å overføra pengar til ein bonde i Nepal som til ein børsrådgjevar i New York.
Ein viktig ting er likevel Kai A. Olsen og eg einige om: styresmaktene gjer ikkje akkurat utviklinga framover enkel. Skatteetaten har i sin visdom komme fram til at Bitcoin ikkje er eit betalingsmiddel, men eit formuesobjekt, og at handel med Bitcoin difor er avgiftspliktig. Effekten for privatpersonar er 50 % mva. – først 25 % mva. viss du kjøper Bitcoin i Norge, og så 25 % mva. når du brukar Bitcoin til betaling for varer og tenester.

På den måten set Norge seg effektivt på sidelinja i utviklinga av ein teknologi som er ein av dei mest spennande sidan Tim Berners-Lee fann opp verdsveven.

tirsdag 14. juli 2015

Copenhagen Jazz Festival 2015

Årets CJF-plakat, med
Herbie Hancock og Chick Corea
som hovudnamn
Årets Copenhagen Jazz Festival var 3. - 12. juli og eg var der for femte gang (på seks år). Festivalen , som har vart starta opp i 1979, er ulik dei fleste andre festivalar på grunn av den desentraliserte strukturen. Det er ikkje eit eige festivalområde, scene eller billettkontor - festivalen er over heile byen, med konsertar og jamsessions på bittesmå caféar til store evenement i dei største konsertsalane. Det er til dømes ikkje muleg å kjøpa festival-pass, alle billettar blir kjøpte på dei ulike spelestadane,  men som regel via nettet.

Over 1000 konsertar
Med det desentraliserte preget, og med konsertar av alle typar på veldig ulike scenar, blir ein også kjent med ulike delar av byen og ulike spelestader (eller venues som danskane seier, dei har veldig lite motstand mot engelske ord i språket sitt..). Det er eit imponerande opplegg med meir enn 1000 konsertar på over 100 ulike stader. Det seier seg sjølv at ein berre får med seg promillar av ein slik festival.

Annleis storband
Det største musikalske høgdepunktet for min del var møtet mellom Palle Mikkelborg, David Liebman og bandet Blood Sweat Drum + Bass under leiing av Christian "Chappe" Jensen. BSD+B er eit storband frå Århus, men ikkje eit tradisjonelt storband. Det var ikkje mindre enn ni stykker i rytmeseksjonen! Musikalsk er det vanskeleg å plassera konserten; her var det både 70-tals funk, elektronika og sjølvsagt storband-jazz. Fleire av komposisjonane var frå Palle Mikkelborgs "Aura", verket han skreiv som hyllest til Miles Davis og som vart framført med Miles som soloist i 1984, i samband med at Miles Davis vart tildelt Sonning-prisen.

Palle Mikkelborg og David Liebman i aksjon med
Blood Sweat Drum + Bass solid i ryggen

Den spesielle instrumenteringa, med eit stort og tungt komp og med ei sax-rekkje der saksofonane ofte var bytte ut med klarinett (bassklarinett og kontrabass-klarinett!), skapte eit spesielt lydbilde som til tider kunne minna om Gil Evans klassiske storband-lyd i det kjende samarbeidet med Miles Davis på 1950-talet (på m.a. "Miles Ahead" og "Sketches of Spain").

Norsk innslag
Litt kjekt for oss nordmenn i salen var det å sjå at den norske trompetaren Frank Brodahl var henta inn som lead trompetar. Han er i ein klasse for seg, også ut over Norges grenser, og den rette mannen når stratosfæriske tonar skal hentast trygt ned. Han spelar til dagleg i Det Norske Blåseensemble (tidlegare kjent som Forsvarets Distriktsmusikkorps Østlandet). Det viser forresten kor utruleg viktig Forsvaret er som musikalsk base og sikkerheitsnett for jazzmusikarar (og andre musikarar).

Unge møter gamle
Dette var også eit møte mellom gamle menn og pur unge musikarar. Palle Mikkelborg er etterkvart 74 år, og David Liebman 68. Dei yngste i bandet såg ut som dei knapt nok var konfirmerte! Men det fungerte strålande. Særleg imponerte David Liebman, men fantastisk spel på sopran-sax. Han spelar også tenorsax, men det var sopranen som imponerte mest. Palle Mikkelborg held også koken, men hadde verka meir begrensa enn Liebman. Trompet er eit veldig utfordrande instrument fysisk, og ikkje lett å spela når alderen blir høg.

Jazzhus Montmartre
Konserten vart arrangert i Den sorte diamant, det nye bygget til det kongelege biblioteket i København. Etter konserten vart det intim jazz på Jazzhus Montmartre, ein av dei legendariske jazzklubbane i Danmark. Montmartre var faktisk sentrum for moderne jazz i Europa på 1960- og 70-talet. Danmark, og særleg København, har alltid hatt eit sterkt samband med amerikanske jazz og amerikanske jazzmusikarar. Fleire av dei store jazzmusikarane hadde lange opphald i byen, mellom dei Stan Getz, Dexter Gordon, Ben Webster, Thad Jones og fleire.

Jazzhus Montmartre - her med ein av dei mange som deltok
på jamsession

DR Big Bandet
Danmarks Radios (DR) har spelt ei viktig rolle for utviklinga av dansk jazz. Deira DR Big Bandet er t.d. eitt av dei beste storbanda internasjonalt og henta tidleg amerikanske gjestedirigentar. Den kjende storband-leiaren Stan Kenton var den første på midten av 1960-talet, og han vart etterfølgt av George Russel som vart engasjert til ulike musikalske oppgåver i DRs regi. Seinare var trompetaren og komponisten Thad Jones ein viktig leiar av bandet.

Dianne Reeves
Laurdag 11. juli var det klart for eit av dei store namna på festivalprogrammet: Dianne Reeves. Ho er kanskje dagens mest kjende kvinnelege jazz-vokalist og den som tydelegast har teke opp arven etter Sarah Vaughan og Ella Fitzgerald, utan likevel å sidestilla ho med desse gigantane.

Den imponerande konsertsalen i DR Konserthuset
Justin Kauflin trio "Tribute to Clark Terry"
Konserten var i DR Konserthuset, ein imponerande konsertsal med sitjeplassar i 360 grader rundt scena. Berre konsertsalen var ein opplevelse. Før Dianne Reeves kom på scena, var det ein liten førehandskonsert med den unge amerikanske pianisten Justin Kauflin og hans trio. Kauflin, som er blind, var elev av den legendariske trompetaren Clark Terry, noko også Dianne Reeves var. Konserten var difor ein hyllest til CT som døydde tidlegare i år, 94 år gammal.

Justin Kauflin trio fekk etter eit par-tre nummer også besøk av danske Henrik Bolberg på flügelhorn, og han gjorde ikkje skam på Clark Terrys minne. I det heile var denne før-konserten veldig bra, der ikkje minst hovudpersonen Justin Kauflin imponerte stort. Det må også seiast at lyden er den beste eg nokon gang har høyrt i ein konsertsal!

Dianne Reeves med band
Divaen Dianne Reeves
Men det var Dianne Reeves som var hovudpersonen denne kvelden. Og ho gjorde som forventa: imponerte stort og tok publikum med storm. Det var på den eine sida typisk amerikansk hyper-profesjonelt og "straumlinjeforma", men samtidig også musikalsk på eit veldig høgt nivå. Ho er ein av formidlar av dei store, og særleg imponerte ho i dei heilt vare og ned-dempa låtane berre med vokal og piano ("Misty" og "Stormy Weather").


mandag 29. juni 2015

Innspel til regjeringa sin gründerplan

Nærings- og fiskeridepartementet ber om innspel til arbeidet med ein gründerplan, og eg har sendt mitt bidrag:

Til Nærings- og fiskeridepartementet.

Forslag til sentral del av ein gründerplan: Radikal forenkling av alle rapporteringskrav kring etablering og drift den første tida.

Eg oppfordrar alle politikarar (og byråkratar) til å etablera eit eige aksjeselskap og stå for alt arbeidet med etablering og rapportering sjølv! Berre på den måten er det muleg å forstå kva byrde som blir lagt på ein stakkar som er så dum at han/ho etablerer si eiga bedrift. 

Dei fleste set nok bort slikt arbeid til rekneskapsførar o.l., men det medfører ekstra utgifter og tilslører eigentleg dei absurde krava i rapporteringsregimet. Det er ikkje ei god løysing på vanskeleg og unødvendig rapportering at me får profesjonelle rapporteringsbedrifter!

Altså: Radikal forenkling! Og hugs: Etabler ei bedrift og prøv dette sjølv!

Eg kjem gjerne med meir detaljarte forslag til løysing om det er er interessant

mvh
Svein Ølnes, Sogndal
Eigar og rapportør for Klassisk Bil AS

tirsdag 23. juni 2015

Ross Ulbricht Breaking Bad

Skjermdump av Silk Road-tenesta (frå Wikipedia.org)
Historia om mannen bak Silk Road, Ross Ulbricht, er som ein kopi av serien "Breaking Bad" (viss du ikkje har sett den må du berre setja i gang og sjå!). Men som vanleg er verkelegheita meir fantastisk enn den oppdikta versjonen! Wired har skrive historia om Ross Ulbricht og Silk Road, det har også delvis Nathaniel Popper gjort i "Digital Gold", og det er som å lesa eit filmmanus (evt. manus til ein tv-serie). Det gir dårleg odds å vedda mot at dette blir film/tv om ikkje lenge.

Svigermors draum
Ross Ulbricht var ein gløgg gut frå Austin, Texas, med speidarbakgrunn og eit pent ytre var han nærmast som ein svigermors draum. Han tok ein master i materials science and engineering. Men han mista interessa for ingeniør-faget og vart tiltrekt av økonomi. Han vart særleg oppteken av økonomen Ludwig von Mises, ein kjend figur for ortodokse liberalistar. Etter eit par mislykka forsøk på å starta bedrifter, enda han opp med å hjelpa ein nabo med nett-tenesta Good Wagon Books, ein markand for brukte bøker.

Ultra-liberalistisk
I 2010 oppdaga Ross Bitcoin og fekk ein idé om å starta ei nett-teneste der folk kunne handla anonymt. Som liberalist meinte Ross at bruk av narkotika var ei personleg sak som styresmaktene ikkje trengde leggja seg opp i. Frie menneske måtte få velja sjølve kva dei ville ha i seg, så lenge dei ikkje skada andre. Idéen materialiserte seg som Silk Road i januar 2011, og eit av dei første produkta som var å få kjøpt, var fleinsopp som Ross sjølv hadde dyrka. Silk Road var modellert etter Amazon og eBay, men hadde eit vareutval som var på den mørke sida av lova.

Baltimore Police tek saka
Rundt eit år seinare hadde post-tilsette i Baltimore merka seg at narkotika sendt via posten (UPS) var eit aukande problem, og dei hadde notert seg at det kunne komma frå noko som heitte Silk Road. Dette orienterte dei om på eit møte med FBI, DEA (narkotikapolitiet) og IRS (skattemyndigheitene). Spesialagent Carl M. Force spissane øyrene då han høyrde dette, og adrenalinet steig; det var noko for han. Han var lei av å storma dører og arrestera småkriminelle med nokre få gram narkotika, han hadde større ambisjonar.

Til slutt vart det sett ned ei spesialgruppe på 40 personar der agent Force var sentral. Han skjønte fort at for å komma nokon veg med denne utfordringa, måtte han/dei bli kundar av Silk Road og prøva å bli venner med hovudpersonen bak tenesta, han som no kalla seg Dread Pirats Robert (DPR) - henta frå The Princess Bride, ein roman av William Goldman (den er også filma).

Force vart kopla saman med ein dyktig IT-agent i FBI, Tarbell, og operasjon "Marco Polo" var snart i gang med Force og Tarbell som anonyme brukarar på Silk Road.

Kombinasjonen TOR og Bitcoin
Ross Ulbricht tok med seg delar av bok-tenesta Good Wagon Books og bygde Silk Road på det. Men det var prøving og feiling heile vegen, for Ross var ikkje IT-utdanna og heile prosjektet var av typen "båten blir til mens vi ror". Kommunikasjonsmessig var Silk Road basert på TOR - The Onion Router - eit system for å maskera IP-adresser. Ironisk nok var TOR utvikla av den amerikanske marinen på starten av 2000-talet. Betalingsmessig var Bitcoin valutaen, sidan den var mykje vanskelegare å spora enn vanleg kortbruk. Silk Road kopla seljarar og kjøparar og tok eit gebyr av kvar handel. Det gjekk ikkje lang tid før pengane strøymde inn. Den politiske bodskapen frå Ross Ulbricht - a.k.a. Dread Pirate Roberts - var også tydeleg:
"Stop funding the state with your tax dollars and direct your productive energies into the black market"
Dette var Silicon Valley teken til det ekstreme: ein disruptiv teknologi pakka inn i politisk retorikk. Etter kvart som Silk Road vart større og større vart også Ross Ulbricht/DPS meir og meir den mytiske leiaren for ein kult - han vart ein slags undergrunnsversjon av Steve Jobs med ganske fanatiske tilhengjarar. Som Jobs hadde han også store humørsvingingar og kunne vera alt frå den elskelege, omsorgsfulle sjefen, til knallhard og følelseslaus.

Eggheads
Spesialgruppa sett saman for å jakta på Silk Road hadde ulik kompetanse. Det var personar som var langt unna den klassiske politimannen som storma dører og elska bruk av våpen, eller før den operasjonen: banka på dører og intervjua mulege vitne osv. IT-ekspertane vart nokså forakteleg kalla "eggheads" av dei klassiske politimennene, og det var sterke spenningar mellom gruppene, i tillegg til eit usannsynleg byråkrati i politiets mange avdelingar, FBI og samarbeidspartar.

På mange måtar var det eit under at det var muleg å få til eit samarbeids-team på tvers av dei ulike aktørane. Dette er jo også tydeleg demonstrert i ulike tv-seriar, ikkje minst "The Wire". Men "the eggheads" brukte først og fremst hovudet, og skjønte at den nye og veksande kriminaliteten på nettet kravde annan kompetanse enn det politiet var bygd opp rundt. Den trengde folk med inngåande kompetanse på datamaskiner generelt, på nettverk og protokollar og på nye teknologi-plattformer som Bitcoin.

Det stod klart for "Marco Polo"-teamet at dei måtte prøva å finna fram til hovud-servaren bak Silk Road. Dei måtte leita etter ei sentral IP-adresse, ikkje etter personar i første omgang.

Force lykkast i å komma i kontakt med DPR via chat-kanalen på Silk Road og vart snart ein av dei med mest kontakt med han. Force ga seg ut for å vera ein "offiser" i eit dominikansk narko-kartell, og kalla seg Eladio Guzman, med kallenamnet Nob.

Første gjennombrotet
Det første gjennombrotet i saka kom då Nob klarte å avsløra Curtis Green, ein av DPSs mest nære samarbeidspartar. Green fekk ansvar for "kunde-behandling" og tok seg av ulike klager og saker frå brukarane av Silk Road. Han var "amatør-farmasøyt" og styrte også eit forum på Silk Road kalla Health and Wellness (!), der han ga råd om korleis ulike stoff burde brukast og ikkje brukast.

Nob sørga for ei bestilling av kokain frå Curtis Green, og då pakken vart levert på døra til Green, var politiet på plass og storma huset. Green var meir enn villig til å samarbeida med politiet og snakka som ein foss. DPR hadde lagt merke til at Green  hadde vore borte nokre dagar og fann i tillegg ut at $ 350.000 i Bitcoin var forsvunne. Det utløyste krisealarmen og DPR/RU gjekk frå Walter White-modus til Heisenberg (for dei som har sett Breaking Bad). Det var på tide å hyra inn leigesoldatar for å ordna opp i Curtis Green-problemet. Nob sat på andre enden av chat-kanalen og skjønte at dette kom til å bli viktig. Han fekk ein pdf av førarkortet til Green frå DPR og Nob spurde korleis DPR ville ha det gjort. Sidan det var DPR/Ross Ulbrichts første steg over linja, var han usikker, og dialogen enda med at han ville ha Green banka opp og tvinga til å levera tilbake Bitcoin som var borte.

Fingert tortur
Nob - a.ka. agent Force - arrangerte ei tortur-scene der Green vart halden under vatn og banka opp, og sende bileta til DPR. Men DPR, saman med andre på forumet, forstod at Green kunne vera ei tikkande bombe, så han sende melding til Nob: "ok, so can you change the order to execute rather than torture?" Han la til: "never killed a man or had one killed before, but it is the right move in this case".

Det arrangerte tortur-opplegget vart så gjort om til eit arrangert mord på Curtis Green. Foto av "liket" vart sendt til DPR. Green påstod likevel hardnakka at Bitcoin var blitt borte medan han sat i arresten. Akkurat den delen av saka var litt "fishy", men det skulle seinare visa seg at han hadde rett.

DPR sende $ 80.000 til Nob (til ein konto kontrollert av politiet) for jobben som var utført. Dette var som sagt,  the "Walter White turning Heisenberg"-moment. Ross Ulbricht hadde kryssa ei grense, og heretter vart det berre verre og verre.

Viktig IP-adresse avslørt
Medan Force/Nob sikra seg bevis og gode kort på handa gjennom Curtis Green-operasjonen, kom det eit gjennombrot hos FBI-gjengen av "Marco Polo"-operasjonen: Etter å ha stanga hovudet i den mørke Tor-veggen i månadsvis, kom det plutseleg opp ei IP-adresse som vekte dei. Typisk nok fann dei den via ein diskusjon på Reddit. Ein brukar av Reddit advarte om at Silk Road "lekka" IP-adresse, men DPR var vorten litt for arrogant og sjølvsikker og fanga ikkje opp, eller brydde seg ikkje med advarselen. IP-adresse 62.75.246.20 vart fanga opp og viste seg å vera adressa til sjølve Silk Road-serveren! Serveren vart lokalisert til Island og til server-parken Thor (!)., nok eit ironisk samantreff. FBI drog til Island og fekk nødvendig løyve til å gå inn i server-parken og ta med ein kopi av den nemnde serveren. Dei drog dermed heim med Silk Road i lomma!

Gjennomgangen av Silk Road-kopien og ikkje minst chat-loggane som var førte, viste at DPR sokk djupare og djupare moralsk sett. Utpressingane heldt fram, og auka, og DPR engasjerte Hell's Angels for å bli kvitt brysomme utpressarar.

Ross Ulbricht knytta til Silk Road
Den neste oppgåva var å finna mannen bak Silk Road, noko som også viste seg ikkje å vera lett. Men igjen låg svaret ope på nettet! Ein brukar som kalla seg Altoid skreiv om "den spennande nye tenesta der du kan kjøpa kva som helst anonymt". Vidare spurde han om korleis ein skulle kopla seg opp mot ei Tor-teneste ved å bruka curl i php. Brukaren hadde e-postadressa rossulbricht@gmail.com. Problemet var at det var IRS som sat med denne informasjonen, og dei visste ikkje kva dei skulle med den. Men ved eit slumpetreff vart IRS' mann sett i kontakt med Tarbell i FBI og dermed var siste brikken på plass i puslespelet. No var jobben å finna Ross Ulbricht og sikra seg bevismateriale før det vart øydelagt.

Aksjon Fang Ross Ulbricht
Ulbricht var i San Francisco og han vart raskt lokalisert. For å fanga han måtte "Marco Polo"-kjernen samarbeida med det lokale/statlege politiet. Dei var av den gamle sorten og sette i gang planlegging av ein klassisk SWAT-operasjon (Special Weapons and Tactics) der dei skulle sprengja døra til leilegheita og kasta seg over den mistenkte. Force, Tarbell og dei andre i "Marco Polo"-gruppa frykta nettopp dette. Dei visste at Ulbricht berre trengde eit par sekundar på å kryptera pc-en og gjera den utilgjengeleg. Det var enormt viktig at han vart overraska medan han var innlogga som admin (= 'Frosty') på Silk Road og ikkje rakk verken å logga ut eller å klappa igjen pc-en.

Improvisasjon av høg klasse
Operasjonen som førte til pågripinga vil garantert bli å sjå på film eller tv. Ross Ulbricht vart sett på veg til den vanlege internett-kaféen han pleide å gå når han jobba med Silk Road. Tarbell & co. sat klare i kaféen, men Ulbricht snudde i døra fordi det var så fullt den dagen. RU gjekk mot det kommunale biblioteket og fann seg ein plass inst i ein krok. MP-teamet måtte improvisera sidan dei hadde førebudd seg på kaféen som åstad. Då dei var sikre på at RU hadde logga inn på Silk Road, sette dei i gang. Ein mann og ei dame nærma seg Ulbricht medan dei krangla høglytt. Mannen greip armen til dama og det såg ut som dei skulle til å slåss. Ross snudde seg eit lite sekund, og i det same sekundet greip ein arm pc-en hans. Det var ei lita dame med asiatisk bakgrunn som hadde sete i nærleiken og følgt opptrinnet. Ho var også FBI-agent.

Livsvarig fengsel
Ross Ulbricht vart sett på handjarn og ført bort. Han vart for sju alvorlege brotsverk, mellom dei kvitvasking av pengar, datamaskin hacking, medverknad til narkotikahandel og seks mordforsøk. Juryen fann han skuldig på alle punkt i saka og dommen 29. mai i år vart på livsvarig fengsel. Det viste seg at ingen av dei seks påståtte morda var utførte, trass i ei utbetaling frå Ross Ulbricht på $ 730.000 til det han trudde var leigemordarar. Påstandane om mordforsøk vart seinare trekte av påtalemakta.

Epilog
For å toppa Breaking Bad, viste det seg at to av etterforskarane, vår venn Carl Force og ein annan, hadde forsynt seg av Bitcoin-krukka i Silk Road. Force og den andre agenten innrømde tjuveri og utpressing og vart dømde. I samanlikninga med Breaking Bad blir det som om Hank til slutt viste seg å vera korrupt. Verkelegheita overgår igjen fiksjonen.





mandag 15. juni 2015

Bitcoin på Stortinget!

I dag heldt eg foredrag om Bitcoin på Stortinget - how about that! Må leggja til at det ikkje var i Stortingssalen, men likevel..

Det heile var ei litt merkeleg blanding av ein 80-årspresang og eit Venstre-arrangement. Det var ikkje Venstre som var 80 år, men Ingar, og han fylte 80 i fjor. Ei av gåvene til han var eit Bitcoin-foredrag, og det enda til slutt opp med å bli halde i Stortinget! Når du ønskjer deg Bitcoin-foredrag som 80-årspresang, har du ikkje mykje teknologiangst! Tvert om har jubilanten alltid vore nysgjerrig på teknologi, web-sosiolog som han er, så det var i grunnen heilt naturleg at han skulle få ei innføring i den nye Bitcoin-teknologien.

I tillegg til Venstre-folk var det venner og kjende av jubilanten. Det var ei høgst oppegåande forsamling og det kom mange gode spørsmål. Her er presentasjonen:

lørdag 30. mai 2015

Kontantar er framtidas betaling!

Innlegg av Kai A. Olsen i DN laurdag 23.05.15
Dette er eit lesarinnlegg sendt til Dagens Næringsliv som svar på professor Kai A. Olsen, Høgskolen i Molde, sitt innlegg "Norge blir kontantfritt" i DN laurdag 23.05.15. Dessverre er det ikkje så lett å få inn lesarinnlegg i DN viss du ikkje har ein fin(yrkes-)tittel eller namn.. Så då må eg leva med at innlegget berre blir posta på bloggen min. [Eg må revudera denne kommentaren, som det vil visa seg. SØ, 21.06.15]

Kort fortalt meiner Kai A. Olsen at det berre er spørsmål om kort tid før Norge er kontantfritt, og at dei einaste som ikkje ser det, er Norges Bank og Finansdepartementet. Olsen har ingen motførestillingar til utviklinga; tvert om helsar han den velkommen. At ein professor i informatikk ikkje viser snev av bekymring for personvernet og anonymitet knytt til betaling, er både overraskande og skuffande. Her er lesarinnlegget eg sende til DN:

Kontantar er framtidas betaling!

Professor i informatikk ved Høgskolen i Molde, Kai A. Olsen, skriv i DN laurdag 23.05.15 at det er opplagt for alle at Norge blir kontantfritt om ikkje lenge. Det er ikkje opplagt for meg; tvert om ser eg ei stor framtid for kontantar – vel å merke digitale kontantar! Det er merkeleg at ein professor i informatikk ikkje har fått med seg dei seinaste åras utvikling innan kryptovaluta, først og fremst representert ved Bitcoin. Bitcoin er digitale kontantar, med kontantane sine fordelar i tillegg til nettet sine.

Den smarte bonden, som Olsen vil utstyra med ein kortlesar til nokre hundrelappar, skaffar seg Bitcoin og sparer hundrelappane. Med Bitcoin kan pengar overførast nesten kostnadsfritt og nesten anonymt. For i motsetning til Kai A. Olsen meiner eg det er svært viktig å ha tilgang til ei betalings¬form som ikkje blir overvaka. Her etterlyser eg at Datatilsynet kjem på bana. Datatilsynet forsvarer retten til å vera anonym, også når det gjeld betaling. Men i staden for einsidig å forsvara dagens kontantar må dei sjå at det er framtidas digitale kontantar det må kjempast for.

Ein viktig ting er likevel Kai A. Olsen og eg einige om: styresmaktene gjer ikkje akkurat utviklinga framover enkel. I Bitcoin sitt tilfelle har Skatteetaten i sin visdom komme fram til at det ikkje er eit betalingsmiddel, men eit formuesobjekt, og at handel med Bitcoin difor er avgiftspliktig. Effekten for privatpersonar er 50 % mva.; først 25 % mva. viss du kjøper Bitcoin i Norge, og så 25 % mva. når du brukar Bitcoin til betaling for varer og tenester. På den måten set Norge seg effektivt på sidelinja i utviklinga av ein teknologi som kanskje er den mest spennande sidan Tim Berners-Lee fann opp verdsveven.

Svein Ølnes, forskar ved Vestlandsforsking, 24.05.2015


lørdag 16. mai 2015

Bugatti Veyron - 10 år med supersportsbil

Bugatti Veyron Grand Sport (Foto: M 93 - CC BY-SA 3.0 de)
Alle tiår har sin supersportsbil (ordet "supersportsbil" kling ikkje like godt som det engelske uttrykket "super sports car" eller "supercar", men..). 1990-åra hadde sin McLaren F1, tiåret før tilhøyrde Ferrari F40, kanskje med litt konkurranse av Porsche 959. Men frå 2005 har bilen over alle bilar heitt Bugatti Veyron.

Det stolte Bugatti-namnet
Bugatti-namnet har ein heilt spesiell klang i bilverda. Bugatti dominerte billøp på 1920- og 30-talet med sine sofistikerte racer-bilar. Bak namnet skjuler det seg eigentleg eit tysk-fransk-italiensk samarbeid. Bugatti-fabrikken vart grunnlagt i 1909 i Molsheim, Alsace, som den gangen var tysk. Grunnleggjaren var iteliensk-fødde Ettore Bugatti. Ettore Bugatti var frå ein kunstnarfamilie og såg på seg sjølv som både kunstnar og ingeniør. Molsheim og Alsace vart fransk etter første verdskrigen.

Bugatti-logo
Då EB døydde i 1947 vart det også begynnelsen på slutten for Bugatti-merket, sidan det einaste barnet, sonen Jean Bugatti, døydde alt i 1939 og ingen andre i familien kunne ta over. Etter ei glideflukt frå 1947 vart merket selt til den spanske bilfabrikanten Hispano-Suiza i 1963. I 1991 presenterte ein italiensk entreprenør modellen EB 110, ein luksus-sportsbil presentert i 139 eksemplar fram til 1995. Namnet 110 kom av at modellen vart lansert 110 år etter at Ettore Bugatti vart fødd. Det vart ein slags forløpar til Volkswagen sitt vidare arbeid då dei kjøpte rettane til Bugatti-namnet før Volkswagen i 1998.

Supersportsbil og superlågt forbruk
Dåverande adm. dir. i VW, Ferdinand Piëch - barnebarnet til grunnleggjaren Ferdinand Porsche, hadde store ambisjonar på fleire område. Han sette seg føre å produsera den ultimate sportsbilen og med det gjenoppliva Bugatti-namnet. I tillegg til ambisjonane i den enden av skalaen, var eit anna prestisjeprosjekt 1-litersbilen, dvs. ein bil som kunne klara seg med 0,1 liter drivstoff pr. mil (tyskarane oppgir alltid forbruk pr. 100 km, derav "1-litersbilen").

Bugatti Veyron 16.4
I 2005 kom så den første Bugatti Veyron 16.4, som den raskaste og råaste serieproduserte bilen ever. Data var spektakulære:

  • 1001 hk 
  • Dreiemoment > 1200 Nm 
  • Toppfart > 400 km/t 
  • Aksellerasjon 0-100 km/t på < 3 s (tilsvarande imponerande 100 km/t - 0)
Talkombinasjonen 16.4 indikerte 16 sylindrar organiserte i grupper på 4, i den velkjende VR-stilen VW har utvikla over lenger tid. Det er ein V-motor med svært liten vinkel, berre 15 grader, og gir store gevinstar plassmessig. den 16-sylindra motoren tek ikkje meir plass enn ein tradisjonell V12-motor ville ha gjort. VR-motorane er modulbaserte og kan komma som 4-, 8- eller 16-sylindra. Det finst også VR5- og VR6-motorar.

Etter introduksjonen av Bugatti Veyron 16.4 kom følgjande modellar i den tiårige historia:
  • Bugatti Veyron Grand Sport
  • Bugatti Veyron Super Sport
  • Bugatti Veyron Grand Sport Vitesse
Den siste modellen var open og hadde 1200 hk. Høgste toppfart registrert for Bugatti Veyron er 431 km/t og vart nådd i ein Super Sport i 2010.

Kva no?
Etter 450 produserte eksemplar, der klassikarstatusen var sikra alt ved første eks., er det store spørsmålet: kva no? Tesla og andre har vist at vegen til høg ytelse ikkje treng vera tradisjonell. Eg trur supersportsbilen for det neste tiåret må baserast på andre ingrediensar enn Bugatti Veyron. Kanskje er det ekstremt lett og sterkt karosseri som er nøkkelen, med desto mindre behov for motoreffekt. Kanskje er det lettkonstruksjon i kombinasjon med el-motor? 

Miljøperspektivet
Uansett meiner eg at denne typen eksperiment er viktige. Mange miljøforkjemparar vil sikkert mislika intenst køyretøy av denne typen, men ekstreme ytelsar, men også ekstremt forbruk. Andre vil meina at ein bil som kostar over 2 mill. euro (og i Norge mykje dyrare) burde forbydast. Det meiner eg blir for snevert. Utsleppa frå dei 450 Bugatti Veyron er ikkje det som øydelegg miljøet vårt, og mennesket sin jakt på stadige rekordforbetringar er vanskeleg å stoppa. Eg trur me treng denne typen eksperiment, og at me på same tida kan tenkja på miljøet. Det er fullt muleg å ha to tankar i hovudet på same tida. 

tirsdag 28. april 2015

Balansekunst


For ei bok! Denne må du lesa om du ikkje alt har gjort det. Sjølv etter 767 sider låg det eit ønskje om at boka var lenger..

"Balansekunst" ("A fine balance" på engelsk) av indiske Rohinton Mistry er ei både vakker og brutal historie frå det fattige India. Mistry vart fødd i Mumbai, men har budd i Canada frå 1975. "Balansekunst" er den andre romanen han har skrive; debutromanen "Så lang en reise" kom ut i 1991. Den vart forresten forbydd i delstaten Maharashtra på grunn av språket, seier min gode venn og kollega Rajendra.

Historia om fire venner
Historia er enkel: Skreddarane Ishvar og nevøen Omprakash reiser til storbyen (Mumbai, utan at det blir sagt at det er den byen) for å finna arbeid. Dei kjem i kontakt med enka Dina Dalal og får arbeid hjå ho. Dina leiger dessutan ut eit rom til studenten Maneck. Me følgjer dei fire gjennom sorg og glede og måten vennskapet utviklar seg på, er rørande. På 767 sider er det klart det også blir mange avstikkarar til familiegreinene til dei fire, og til folk dei kjem i kontakt med.

Eit India i unntakstilstand
Handlinga i boka er lagt til midten av 1970-talet då Indira Gandhi var statsminister og innførte unntakstilstand (State of emergency) etter at ho vart funnen skuldig i valfusk i 1971-valet. Boka gir ein veldig god innsikt konsekvensane av eit slikt styre; i tillegg til overgrep og vilkårlege dommar frå styresmaktene, la det også vegen open for alle slags lokale tyrannar som fekk herja fritt. Taparane var som alltid dei fattigaste. Det er i periodar heilt forferdeleg å lesa kva både våre "heltar" og andre personar må gå gjennom..

Brutalitet og kjærleik tett kopla
Men i den verste brutaliteten får me også sjå ei rørande omsorg dei fattige i mellom. Sjølv om enkelte har veldig lite, delar dei det vesle dei har og prøver å hjelpa kvarandre så godt dei kan. For meg er dette India i eit nøtteskal: botnlaus fattigdom og elendigheit tett kopla med fantastisk rikdom på alle plan; både materielt og sjeleleg.

Skildringa av livet på botnen minner veldig om boka "Shantaram", som også føregår i Mumbai.

Språk med indisk krydring
Språket er veldig bra, særleg fordi forfattaren brukar mange indiske ord som oversetjaren heldigvis ikkje prøver å oversetja, men forklarer i eit lite tillegg bak i boka. Det gir boka eit endå meir autentisk indisk preg.


tirsdag 14. april 2015

Jeg vælger mig april

Når me ser på veret i dag, er det greitt å vita at også Bjørnstjerne Bjørnson var ironisk då han valde tittel på diktet. Han var beden om å skriva eit vers til ein dansk kalender i 1869, men det var berre det at alle andre månadene i året alt var utdelte, så Bjørnson måtte skriva om april. Han snudde det heile elegant ved å kalla diktet "Jeg vælger mig april" ;)


Jeg vælger mig April
Jeg vælger mig April
I den det Gamle falder,
i den det Ny faar Fæste.
Det volder lidt Rabalder;-
dog Fred er ej det Bedste,
men at man Noget vil.

Jeg vælger mig April,
fordi den stormer, fejer,
fordi den smiler, smelter,
fordi den Evner ejer,
fordi den Kræfter vælter,
I den blir Somren til.



Det er Klassekampen (01.04.15) som skriv dette.


Biletet er frå i dag, 14.04.2015 (14. april er første sommardagen!)

søndag 12. april 2015

Revolutionary Road

Boka "Revolutionary Road" av Richard Yates er ein av desse amerikanske klassikarane etter siste verdskrig. Boka kom ut i 1961 og nådde nesten til topps i prisutdelingar. Det var debuten til forfattar Richard Yates. Den vart hylla som eit meisterverk frå den kom ut, og Yates vart ein slags "forfattarane sin forfattar".

Bok blir film
Boka vart filma i 2009, med Leonardo DiCaprio og Kate Winslet i hovudrollane som Frank og April Wheeler. Det førte til fornya interesse for boka, om lag som "Stoner", som har fått ein renessanse dei siste åra.

Det konforme USA
Handlinga i boka er lagt til 1955 og sjølv om Yates har ein veldig realistisk stil, er det først og fremst eit psykologisk drama. Det er kollisjonen mellom den kvelande konformiteten i etterkrigs-USA og den opprørske trangen til det unge ekteparet som er hovudinnhaldet, i alle fall på det ytre planet. Det er tema me også finn i t.d. "Catcher in the rye" og tidlegare nemnde "Stoner", sjølv om William Stoner ikkje akkurat kan karakteriserast som opprørar.

Me og dei andre
The Wheelers ser på seg sjølve som intellektuelle og "betre" enn dei typiske middelklasse-naboane dei omgir seg med. Dei ser til dels ned på dei fleste rundt seg, samtidig som dei ikkje evnar å flykta frå middelmådigheita dei er omgitt av.  Og det er vel fordi dei er mykje meir ein del av dette miljøet enn dei vil innrømma.

Eit annan viktig moment er at om ein prøver å rømma frå ting ein slit med, har nissen ein lei tendens til å bli med på lasset. Dei prøver å flykta frå problem som grunnleggjande sett ligg hjå dei sjølve.

"Boka betre enn filmen"
Eg såg filmen då den kom, men hadde nesten gløymt alt. Det er nok mykje fordi det er vanskeleg å laga ein film som gjer like sterkt inntrykk som boka når handlinga først og fremst utspelar seg på det psykologiske planet, og mykje av spenninga ligg i det som ikkje blir sagt, men berre tenkt.

Eg las den norske oversetjinga, og merkar at enkelte situasjonar og begrep blir litt rare. Eg ville nok prøvd å lesa den engelske om eg hadde valt på nytt.


søndag 5. april 2015

Bauhaus - Bau der Zukunft

Bauhaus-museet i Berlin
På turen til Berlin stod besøk til Bauhaus-Archiv/Museum für Gestaltung på programmet. Museet ligg litt sør for den vestre enden av Tiergarten, nær Leopold-platz. Sjølve bygget er særmerkt, og teikna av grunnleggjaren av Bauhaus(-skulen), Walter Gropius. Det er eit ganske lite museum, men snart skal museet renoverast og utvidast og nyopninga skal skje i 2019, på 100-årsdagen for stiftinga av Bauhaus.

14 intensive år (1919 - 1933)
Bauhaus-perioden varte berre i 14 år, frå 1919 til 1933. Men den har sett djupe spor etter seg og er framleis til inspirasjon for byggjekunsten. Bauhaus-retninga og stilen er avantgarde for det moderne klassiske og ufråvikeleg knytt til det moderne. Sjølve ordet "Bauhaus" var ein vri på det tradisjonelle tyske ordet "Hausbau", og kan oppfattast som eit uttrykk for å snu om på vante førestillingar. Bauhaus var på same tida både eit utviklings- og utdanningsprogram, ei samansmelting av kunst og handtverk og ein skule for ny arkitektur. Funksjonalisme og funkis-stil er andre ord for designstilen Bauhaus innførte.

Bau der Zukunft
Bauhaus vart etablert av arkitekten Walter Gropius i 1919, i form av eit manifest/program: "Programm des Staatlichen Bauhauses in Weimar". Mottoet var "Bau der Zukunft" - framtidas byggverk. Weimar var staden for etableringa, og heile Bauhaus-epoken var sterkt prega av Weimar-republikken etter første verdskrigen.

Kuns og handtverk = Kunsthandtverk
Hovudideen til Walter Gropius var å foreina kunst og handtverk. Bauhaus tilbydde i starten ikkje arkitektutdanning, all undervisning i arkitektur skjedde på Walter Gropius' eige kontor. Interessant nok hadde ikkje WG fullført arkitektutdanning sjølv! "Der Schule soll allmählich in der Werkstatt aufgehen". Han la stor vekt på det praktiske og handtverksmessige. Bauhaus-retninga må også sjåast i etterkrigstidas lys med stor bustadmangel og det luksuriøse måtte vika plass for det funksjonelle. Men samtidig skulle byggjeprosjekta vera meir enn berre å setja opp bygningar: "bauen bedeutet gestalten von lebensvorgängen". Bauhaus var like mykje ein "livsfilosofi" som ein arkitekturretning.
Paviljong teikna av Mies van der Rohe til verdsutstillinga i Barcelona,
1929 (Foto: Vicens (CC BY-SA 2.5))

Tre byar og tre direktørar
Bauhaus hadde tre sentrale byar og tre sentrale leiarar i den 14-årige perioden frå oppstart til avvikling:
- Etablert i Weimar i 1919
- Flytta til Dessau i 1925
- Til slutt flytta til Berlin i 1932 der institusjonen også vart avvikla kort tid etter at nasjonalsosialistane tok makta

Den første leiaren var grunnleggjaren Walter Gropius. Deretter overtok Hannes Meyer før Ludwig Mies van der Rohe som den siste direktøren oppløyste Bauhaus som institusjon. I Hannes Meyers direktørtid vart politiske spenningar og grupperingar stadig meir tydelege, og kommunistiske sympatisørar tok meir og meir styring. Også Meyer førte Bauhaus i ei retning bort frå det estetiske og kunstnerisk motiverte, til det praktiske og politiske der det viktigaste var å løysa bustadkrisa.

Det enda med at Meyer vart avsett i 1930, og Ludwig Mies van der Rohe vart tilsett som ny direktør. Han endra kursen til ei sterkare satsing på handtverksmessig, teknisk og kunstnerisk utdanning. Bauhaus vart ein arkitektskule med Mies van der Rohe ved roret, men ikkje utan harde kampar og utvising av studentar.

Bauhaus-bygning i Dessau teikna av Walter Gropius
(Foto: Mewes (CC BY-SA 2.5))
Framleis moderne
Sjølv om Bauhaus nærmar seg 100 år, framstår mykje framleis moderne. Det måtte verkeleg ha framstått som radikalt på den tida. Sjå berre på Ludwig Mies van der Rohes paviljong til Barcelona-utstillinga i 1929 - den er berre lekker og ser framleis ultramoderne ut! Bygningen frå 1929 vart riven etter utstilling, men ein kopi vart gjenoppbygd i perioden 1983 - 1986 på same staden.

Typografi
Bauhaus-stilen handla om radikal forenkling til eit minimalistisk, men funksjonelt uttrykk. Denne stilen vart også reflektert i ulike skriftlege arbeid, som plakatar, ulike skrift og i utvikling av typografi. Også typografien var radikal, til dømes ofte bruk av små bokstavar også i starten av setningar. I Tyskland og det tyske språket, med mykje bruk av store bokstavar, mellom anna i alle substantiv, var dette spesielt radikalt. Herbert Bayer var ein av dei leiande Bauhaus-personane innan typografi.

Aktuell bok: "bauhaus archiv 1919 - 1933" av Magdalena Droste

torsdag 2. april 2015

Departementet

Eivind Tesaker er sikkert ein skikkeleg irriterande og brysom medarbeider. Ein av dei som kjem med kritikk av det meste og som pirkar i nesten alt leiinga gjer og føreslår. Og bra er det! Om berre litt av det han skriv i boka "Departementet - Opptegnelser fra et byråkratkontor" er tilfelle, er situasjonen ille.

Boka "Departementet" bør delast ut til alle departements- og direktoratstilsette - den bør massedistribuerast i same omfang som Ingebrigt Steen Jensen si "Ona fyr" i si tid.

Kvifor ikkje Difi?
Eit spørsmål som melder seg hos meg når eg les boka, er kvifor denne ikkje er skriven av Difi, eller Riksrevisjonen? Difi er staten sitt eige fagorgan for forvaltningsutvikling, og burde i høgste grad interessera seg for dette. Problemet er vel at dei berre gjer det dei får beskjed om, og i liten grad handlar på eige initiativ.

Kvifor ikkje Riksrevisjonen?
Også Riksrevisjonen burde har teke mål av seg til ein kritikk som Eivind Tesaker har teke på seg: "Riksrevisjonen skal bidra til at fellesskapets midler og verdier blir brukt og forvaltet slik Stortinget har bestemt. Dette gjør vi gjennom revisjon, kontroll og veiledning." Best muleg bruk av fellesskapen sine midlar er også ETs hovudmål.

Kulturdepartementet som arena
Eivind Tesaker er avdelingssjef i Kulturdepartementet og har i lenger tid brukt ytringsfridommen sin til å kritisera utviklinga på departementsnivå, med utgangspunkt i eige departement. Han vart først kjend for eit større publikum etter at rapporten frå Gjørv-kommisjonen vart lagt fram då han i ein kronikk omtalte situasjonen i Kulturdepartementet, ein situasjon som stemde veldig godt med Gjørv-kommisjonen sine funn. Etter den kronikken prøvde leiinga å seia han opp (!), men Tesaker har vore ute ei vinternatt før og "stod han av". Som den varslaren han er, må det likevel vera noko ugreitt på jobben vil eg tru, og særleg i høve til leiargruppa.

Hovudproblema
Tesaker grip særleg tak i følgjande utvikling, som han meiner er heilt feil retning:
  1. Veksten i tal tilsette i departementet generelt og produktivitetsnedgangen (talet på tilsette veks, medan tal saker og meldingar dei handsamar går ned)
  2. Rausheits-diktaturet: Verdi- og endringsbasert leiing med "nyord" som rausheit o.l. som legg eit lok på kritisk tenking og diskusjon. Meir generelt at stadig meir tid går med til internt arbeid som strategi, medarbeiderutvikling m.m.
  3. Risikostyring, risikoanalysar m.m. som er i ferd med å ta overhand og legg seg som klister under saksbehandlinga
Stor, større, ...
Veksten i departementstilsette er urovekkjande av fleire grunnar: Det blir stadig fleire, men departementa "produserer" stadig mindre; me ligg høgt over nabolanda det er naturleg å samanlikna oss med:
Dep.tilsette
Innbyggjarar
Danmark
4 300
5,5 mill.
Sverige
4 600
9,4 mill.
Finland
4 200
5,4 mill.
Norge
5 000
5,0 mill.

Den oljesmurte økonomien har gjort at me har kunna ta oss råd til større vekst i offentleg sektor enn nabolanda. Og departement (og direktorat) har auka meir enn andre sektorar. Tesaker meiner det er god grunn til å spørja om veksten skal halda fram, eller om ein rett og slett skal starta ein slankeprosess. Spørsmålet er absolutt på sin plass når me ser på tala i tabellen over.

Så må det leggjast til at talet på tilsette i departementa ikkje fortel alt om kor topptung staten er; direktorata burde også vore tekne med. Av og til utfører departementa direktoratsoppgåver, og det skjer difor av og til ei avskaling og utskiljing av oppgåver og personar i eigne direktorat. ET burde difor teke med direktorata, både i Norge og nabolanda for å få eit betre samanlikningsgrunnlag. Men oppgåva hadde då vorte meir omfattande, så det er forståeleg at han har avgrensa det til dep.-nivået.

Nye verdiar
ET set også spørsmålsteikn ved arbeidet med nytt verdigrunnlag i Kulturdep. Han peiker på at alle departement har fire grunnverdiar som rettesnor for arbeidet:

  • Demokrati
  • Rettssikkerheit
  • Faglegheit
  • Effektivitet
Etter ein omfattande prosess kom Kulturdep. fram til nye verdiar og visjon:
Ein moderne arbeidsplass - med motiverte og profesjonelle medarbeidarar med høg integritet
Og dei nye verdiane for dep.: rausheit, kvalitet, engasjement og openheit
Tesaker meiner dei nye verdiane er meir egna til å forvirra enn å rettleia, og det er lett å vera einig. Eit viktig moment i verdidiskusjonen er også om alle departement no skal utarbeida sine eigne verdiar, og kva det får å seia for likskapstanken og dei grunnfesta verdiane som er nemnde ovanfor. Det er all grunn til uro over ei slik utvikling!

Risiko for manglande gjennomføring
Ein tredje ting Tesaker tek opp er det store omfanget arbeid knytt til risikovurderingar har fått. Det er dels eit resultat av ein fryktkultur; frykten for å gjera feil, og dels eit resultat av påtrykk frå Riksrevisjonen. Riksrevisjonen har dei siste åra auka ambisjonane og fører no kontroll med langt meir enn før. Særleg har forvaltningsrevisjonen auka kraftig, og ført til at RR "legg seg opp i" svært mykje. Riksrevisjonen gjer eit viktig arbeid, men også dei må tola eit kritisk søkjelys og bør spørja seg sjølve om dei fyrer oppunder den fryktkulturen som rådar heller enn å dempa den.

Den omfattande risikovurderinga som skal liggja til grunn for den minste oppgåva gjer i verste fall departementa handlingslamma. Tida går med til alt anna enn å gjennomføra sjølve oppgåva. ET nemner den manglande stenginga av Grubbegata, som også var eit sentralt tema i Gjørv-kommisjonen sin rapport, som eit godt eksempel på eit tiltak som drog ut i det uendelege, som følgje av uklar ansvarsplassering og eit utal møte som bidrog til ørkenvandringa. Legg til ein kommune-stat-problematikk i tillegg til samordningsproblema departementa i mellom, og farsen er komplett!

Sjølv hugsar eg godt eg var på eit møte i Difi og prosjektleiaren for det nye Norge.no stolt viste fram tre A3-ark som viste prosjektplanen, risikoanalyse m.m. Eg tenkte "dette er galskap, prosjektet kjem til å tryna". Prosjektet vart stoppa eit år etter, utan noko resultat og med nokre millionar bortkasta. Dette var eit lite prosjekt, men problema var dei same: Alle ressursar vart sette inn på planlegging og risikovurdering, ikkje noko på å gjennomføra sjølve arbeidet.

Ting som kunne vore betre
ET tek også opp ein heil del andre ting, og her kunne han kanskje ha stramma inn. Han brukar ein del tid på teknologiutvikling og kvifor slike prosjekt ofte endar galt. Han har ein del poeng, men samtidig tykkjer eg denne delen blir for lettvint. Det kan ha samanheng med at eg kjenner denne delen betre enn andre område.

Ein annan kritikk er noko av talmaterialet. Eg har nemnt at samanlikning av tilsette på dep.nivå i dei nordiske landa kanskje ikkje er heilt reell, og at direktoratsnivået også burde vore trekt inn. Tesaker referer også til ein del spørjeundersøkingar i departementet, og her kunne også talbruken vore betre. Endeleg skulle forlaget ha teke ei siste gjennomlesing og luka bort ein del skrivefeil.

Men dette er småpirk, alt i alt er boka god og vel verdt å lesa. Og som sagt, den bør delast ut til alle departementstilsette!