onsdag 21. mars 2007

Ikkje spør brukarane (om alt)!

Mona Halland i Netlife har ein interessant artikkel om dette temaet på bloggen IAllEnkelhet. Likar spesielt godt sitatet frå Henry Ford:

If I had asked my customers what they wanted,
they would have asked for a faster horse.
På same måte: Viss det hadde vore ei brukarundersøking om behovet for nettbankar rundt 1995, trur eg resultatet hadde vorte nedslåande. Konklusjonen ville vel vore at nettbankar har ikkje noka framtid...

1 kommentar:

Anonym sa...

Dette er eit viktig poeng men eit vanskeleg tema å debattere i det offentlege rom ettersom det er lett å bli stempla som teknokrat og brukarfiende.

Brukardialog er heilt naudsynt for å kvalitetssikre, utbetre og vidareutvikle teknologiske produkt, tenester og/eller idéar - men det er ikkje alltid lett å få ein slik dialog til å resultere i "ekte innovasjon". Men det er då heller ikkje så lett å få til i isolerte teknologimiljø.

I den grad mine eigne observasjonar kan nyttast som empiri er det mykje som tyder på at det berre finst nokre få, uavhengig av fagleg bakgrunn, som er flinke til å tenkje gjennom og tilnærme seg problemstillingar frå nye vinklar.

Såleis trur eg det er ein viktig lærdom at ein ikkje (utan vidare) skal forkaste ein idé på bakgrunn av kven den kjem ifrå eller kor mange den har i ryggen.