søndag 23. september 2012

"Unboxing" Google Nexus 7

Lekker eske, nesten "Apple-følelse"

Nexus-en vart bestilt it24.no torsdag og laurdag var den her - det kallar eg rask levering! Det er US-modellen som blir selt, men med norsk straumkontakt-adapter.

Det første som slår ein når ein pakkar den opp, er størrelsen. Den er liten, nesten som ein stor mobil-telefon. Og det viser seg at det er også det geniale med den. Den har perfekt passform for å brukast med ei hand. Det kan høyrast ut som ein bagatell, men det er det ikkje. At brettet kan opererast med ei hand gjer det mykje hendigare enn iPad og liknande brett. Ikkje rart Apple har ein liknande størrelse i emning.

Den er liten (og med refleksiv skjerm)


Nettbrettet er laga av Asus, og heiter vel eigentleg Google Asus Nexus 7. Som namnet indikerer er skjermen 7 tommar diagonalt. Det kan høyrast lite ut, men i praksis ser det ut til å vera nok for den bruken brettet er tiltenkt; surfing og app-bruk.

Størrelsen er genial også med tanke på app-bruk. Ein stor svakheit med større Android-brett er mangel på tilpassa app-ar. Med skjermar på 9-10 tommar fungerer mobilappar dårleg, men med 7 tommars skjerm går tradisjonelle appar heilt fint. Dermed er utvalet det same som for smartmobilar.

Etter ein kvelds bruk er eg ikkje i tvil: Dette er ein vinnar!

Eihands-grepet er det geniale med Google Nexus 7

lørdag 15. september 2012

Apple vs. Samsung - ikkje patent!


Kan du få patent på eit design der grunnelementet er avrunda hjørne på eit rektangel? Ja, i USA kan du det, og difor fekk Apple innvilga patent nr. 889 på eit nokså generelt grunnlag. Det høyrest gaske sjukt ut, og er vel også det.

No vart ikkje Samsung dømde for å ha krenka akkurat dette patentet, men ei rekkje andre av Apples patentar. Apple og Samsung har vore i mange rettsalar verda over sidan introduksjonen av iPhone/Galaxy og iPad/Galaxy Tab. Dommen i San Jose var ein klar seier for Apple og eit ditto nederlag for Samsung. Apple vann fram på mange punkt, Samsung vann ikkje fram på ein einaste av sine påstandar om patent-brot frå Apple si side. Bota på 1 milliard dollar er kanskje det som svir minst for Samsung..

Men det er ikkje meir enn vel eit år sidan Apple tapte like stort for Nokia i ei liknande sak. Då måtte Apple ut med fleire milliardar dollar i lisensiering til Nokia. Wikipedia har ei liste over saker dei siste åra, og det ser ganske mørkt ut når ein ser på talet..

Saka
Apple påstod at Samsung hadde krenka  patent relatert til "sprett tilbake"-følelsen ("bounce back"), bruken av fingeren til rulling (scrolling) og bruk av to fingrar for innskrenka eller utvida og å bruka fingeren for å "klikka"/trykkja (tap). Dei vann fram på seks av sju påståtte patent-krenkingar medan Samsung sine fem påståtte krenkingar frå Apple si side alle vart avviste.

Apple og Samsung som viktige samarbeidspartar
Det kanskje største paradokset er at Samsung og Apple har eit nært forretningssamarbeid der Samsung leverer prosessorane til iPhone og også minnebrikkar. Apple vil få store problem viss Samsung skulle bryta denne handelen. Men Samsung er på si side også avhengig av Apple som ein av dei største kundane. Apple står for 9 % av Samsungs inntekter.

Den verkelege fienden er nok ikkje Samsung, men konkurrenten Google litt lenger oppe i vegen for Apple. Det er Googles Android-system som eigentleg er målet her, Samsung er berre middelet for å angripa Googles operativsystem.

Kva er eit patent?
Eit patent er eit tidsavgrensa løyve til å ha monopol på utnytting av ei oppfinning. Det er altså eit innvilga, tidsavgrensa monopol. Monopolet er kapitalisemens fremste mål, og samtidig dens verste fiende, så uproblematisk er ikkje dette.

Patentsystemet er oppretta for å verna større investeringar slik at dei som har brukt mykje tid og ressursar på å utvikla nye ting, skal få tid til å tena det inn att utan at konkurrentar kopierer og utnyttar patentet. Dei som vil bruka eit patent må vanlegvis betala ein lisens.

Eg skreiv om patentar og patentstrid i eit tidlegare innlegg her.

Er patent hemmande eller drivande?
På dette punktet er nok juryen ute framleis. Mange meiner at utan vern av nyskaping i form av patent, vil det ikkje bli investert innovasjon og oppfinningar. Motstandarane hevdar at patent som opphavsrett, i mange samanhengar heller hemmar utvikling og konkurranse enn å fremja den.

Forskinga er heller ikkje eintydig i spørsmålet. Yochai Benchler har ei vurdering av patentering i boka "The Wealth of Networks". Han meiner det ikkje finst studiar som viser at meir/strengare patentering eller opphavsrett resulterer i meir skapande arbeid. Han viser til ei omfattande undersøking av Josh Lerner som fann at det faktisk var ein negativ samanheng mellom auka patentering/opphavsrett og investeringar i forsking og utvikling.

Patent på programvare?
Det er i gråsonene mellom produkt og ikkje-fysiske (intangible) varer som programkode at patent verkeleg blir problematisk. Og det er her mykje av striden mellom Apple og Samsung står. I Norge hadde me BellBoy-saka der eit norsk firma fekk innvilga patent på bestilling av billettar elektronisk. Bellboy tapte heldigvis saka som Filmweb starta mot dei, elles kunne det fått alvorlege konsekvensar for i prinsippet dei aller fleste e-handselstenester.

Partisk rett?
Kunne denne dommen komme ein annan stad enn i USA, til og med midt i Silicon Valley? Det er vanskeleg å fri seg frå tanken om at nasjonalitet og nasjonalistiske haldningar spelar inn her, eller kulturelle om du vil. Parallelt med saka i USA har det vore saker mellom Apple og Samsung m.a. i Sør-Korea og Japan. I Sør-Korea kan utfallet karakteriserast som uavgjort og i Japan kom Samsung vinnande ut. I andre land har det gått litt fram og tilbake; Apple har klart å stoppa salet av Galaxy Tab i enkelte land, for så å sjå at det blir oppheva litt seinare.

Farleg spel for Apple
Apple spelar eit høgt spel. Om ein ser på tal patentar, er Apple ein smågut samanlikna med dei store (IBM, Nokia, Motorola). Google sitt kjøp av Motorola var ikkje minst motivert av å få hand om mange patentar innan mobilindustrien. Google har ikkje vore så ivrige på patentering sjølve, det ligg litt i deira natur med å omfamna fri programvare.

Apple har vorte stadig meir aggressiv i handhevinga av patentane. Dei har rundt 1300 patentar knytt til iPhone, og dei har vore involvert i 479 rettsaker! I løpet av første halvår 2012 har dei gått til sak fleire gonger enn i 2010 og 2011 til saman. Det er tydeleg at dei kjenner seg pressa.

Den nylege lanseringa av iPhone 5 viser ein grunn til at Apple  kjenner seg trua av konkurransen og må bruka alle middel til å stoppa den. Etter at konkurrentane lenge har prøvt å ta att Apples forsprang, er dei no på mange måtar forbi. Teknisk sett er ikkje iPhone 5 imponerande, i alle fall ikkje om ein held den opp mot t.d. Samsung Galaxy SIII. Apples lukka innovasjonsverden og det faktum at dei er heilt åleine om å utvikla operativsystemet sitt, legg eit kraftig press på dei. Det skal eigentleg ikkje vera muleg å stå i mot ein så stor masse som Android-verda etter kvart representerer utviklingsmessig.

På den andre sida har Apple bygt opp eit imponerande økosystem slik at dei kan seia at sjølve mobilen ikkje lenger er så viktig, det er app-tilgangen som bestemmer. Men eg er ikkje sikker på om alle kjøper den..

Patentering på ville vegar
Det er vanskeleg å sjå andre vinnarar enn advokatar i den patentpolitikken som blir ført no. Mange patentar er til dels latterlege (jf. innleiinga), men i staden for å le bør me heller bli kraftig uroa. Til sjuande og sist går dette ut over skaparevne, innovasjon og konkurranse og som sluttbrukarar får me rekninga.

Patentar har vorte eit viktig forretningsområde i seg sjølv; mange ser på patentar og påfølgjande lisensiering som den viktigaste inntektskjelda til eit selskap. New York Times har ein bra artikkel som beskriv den dysfunksjonelle patentverda.

Er det så håp om at det kan bli betre? Det går rykter om at Apple og Google snakkar saman på høgt nivå. Dei innser vel begge at dei har meir å tapa enn å vinna på å halda fram desse kampane. Eg trur det gjeld særleg Apple.

For eigen del er eg ikkje så optimistisk på vegne av framtida: Det skal helst bli verre før det blir betre.



søndag 2. september 2012

Tid å hausta inn

Desse milde soldagane i september.
Tid å hausta inn. Enno er det tuvor
med tytebær i skogen, njupone rodnar
langs steingardane, netene losnar, 
og svarte klasar av bjønnbær skin i kjerri,
trasti leitar etter dei siste vinbæri,
og kvefsen syg ut dei søte plomone.
...
(Frå "Tid å hausta inn" av Olav H. Hauge )

Årets første eplesaft, av sorten 'Idunn'

'Idunn'-eple før plukking

Klar til pressing med den geniale vassdrivne pressa (til høgre, kverna til venstre)

fredag 31. august 2012

IKT i politiet

Foto: Jakob Christensen CC-BY-NC-SA 2.0)
22. juli-kommisjonen er hard i kritikken mot politiet, også på IKT-området. På overordna nivå slår rapporten fast at "Potensialet i informasjons- og kommunikaskjonsteknologien har ikke vært godt nok utnyttet", og dette blir halde fram som ei av dei viktigaste årsakene til svikten 22. juli (ei av fem hovudforklaringar).

I oppsummeringa kjem kommisjonen med følgjande konkrete tilrådingar på IKT-området:

13. Politidirektoratet må raskt utarbeide en klar, helhetlig IKT-strategi for politiet for å muliggjøre samhandling på operativt og taktisk nivå, og for å kunne analysere, styre, og utvikle etaten strategisk. Det må settes av midler til en rask og effektiv implementering.
15. Den enkelte patrulje må få tilgang til teknologi for skriftlig og visuell informasjonsdeling og opplæring i systemer som gir dem større evne til å løse sine oppgaver, opptre koordinert og utveksle informasjon mellom alle nivåer i politiet.
26. PST må raskt få på plass en IKT-strategi som kan sikre effektiv informasjonsbearbeidelse og informasjonsdeling internt i organisasjonen.


Ressursar tel, bruken avgjer
Dette er overskrifta kommisjonen sjølv brukar for å understreka at det først og fremst handlar om å bruka dei ressursane som faktisk er i politiet:

Et naturlig første spørsmål i vurderingen av 22/7 er om svak håndtering først og fremst er et resultat av manglende ressurser og økonomi. Det enkle svaret er at i den akutte håndteringen vil ressurser nesten alltid oppleves som en mangelvare. 
... På den annen side er det flere eksempler på at knappe ressurser ikke spilte en avgjørende rolle. Det årelange arbeidet med sikring av regjeringskvartalet var aldri begrenset av budsjettmessige årsaker. Helsevesenet greide, til tross for at det var fullt på akuttmottakene da eksplosjonen fant sted, å skape kapasitet. 
Vi ser det som for enkelt bare å peke på behovet for mer ressurser og økt bemanning i seg selv.

Kommisjonen beviser sjølv at det meste av informasjonen var tilgjengeleg, men at dårleg koordinering og mangel på informasjonsflyt øydelagde:
For kommisjonen er det et stort tankekors at politiet på den ene siden hevder at de ikke har tilgang til data eller informasjon til å kunne forstå eller måle virksomheten. Samtidig er all den informasjon vi har benyttet i dette kapittelet om hendelser, med både tids- og stedsangivelser, kompetanse og arbeidstid, basert på data kommisjonen har fått fra politiets egne informasjonssystemer.
Manglande heilskapleg IKT-strategi
Det manglar ein overordna IKT-strategi for politiet, og herunder ein heilskapleg IKT-arkitektur som sikrar informasjonsflyten. Dette har Riksrevisjonen peika på i fleire år, men som ofte med åtvaringar frå den kanten blir det oppfatta som å ropa "ulv!".

Den altkommenterande professoren Petter Gottschalk har for ein gongs skuld eit godt poeng når han seier at det ikkje var IT-systema som feila 22. juli, men mangel på brukarkompetanse (Computerwold 17.08.12). Han seier vidare til CW at "Det er typisk at ledelsen i Politiet ønsker at dette er et it-problem. Men det er det ikke. Selv om it-systemene er dårlige og gamle, kommer det veldig tydelig frem i rapporten at det ikke er årsaken..."

Som sitata frå rapporten over viser, har Gottschalk heilt rett her. Han brukar manglande oppdatert adresseliste for utsending av riksalarm som eksempel. Riksalarm vart sendt til alle politimeistrane, men berre eit fåtal tok i mot meldinga, og fleire meir enn eit døgn etter utsending!

Det er nok pengar
Gottschalk avsluttar med at "det er nok penger", og har truleg rett også i det. Kommisjonen viser at Politiet har hatt ein vekst i budsjetta på 80 % sidan 2002, og trass i denne kraftige veksten er ikkje talet på politifagleg personell vorte vesentleg høgre. Pengane har med andre ord gått stort sett til administrasjon og administrative stillingar. Då skulle ein tru at IKT var tilgodesett med ein del av desse midlane, men tydelegvis ikkje. Stort sett alt har gått til lønn.

Det skal leiar Arne Johannessen i Politiforbundet ha mykje av æra (eller skulda?) for. Han har i tillegg frekkheitens nådegåver til å be om endå meir, både til IKT-opprusting og meir personell. Det er ganske utruleg kva han slepp unna med; det er få som torer å utfordra han.

Faren er stor for at politikarane følgjer stortingsrepresentant Laila Gustavsen (Ap) som seier i eit lesarinnlegg i VG 19.08.12 at "Heller ikke jeg har kjempet for penger til IKT til politiet, etter at jeg ble valgt inn på Stortinget". I rettferdas namn må det leggjast til at Gustavsen si dotter kom til skade på Utøya.

Kva med K-en i IKT?
Trass i ein overtydande og konkret rapport saknar eg ein diskusjon om kva som faktisk ligg i begrepet IKT. Me veit jo at det står for Informasjons- og kommunikasjonsteknologi, men verken kommisjonen eller andre ser ut til å ha teke det heilt inn over seg.

Det er kommunikasjonssvikt som er det gjennomgåande i politiet sin fallitt 22. juli. Når kommisjonen etterlyser ein heilskapleg IKT-strategi, reknar eg med at kommunikasjon i full breidde må inngå. Men så ser eg at t.d. nødnett blir behandla som ei eiga sak, uavhengig av IKT. Det same gjeld annan kommunikasjon. Og IKT-strategien i PST (Politiets Sikkerheitsteneste) blir også ei eiga sak, sjå tilrådingspunkt 26.

Eg meiner dette blir feil, og at ein her er i ferd med å komma skeivt ut alt frå starten av. Eg trur det er veldig viktig at kommunikasjonen i all sin breidde må innlemmast i den totale IKT-strategien; frå nødnett til mobilkommunikasjon. Det er ikkje for ingen ting me har slagordet "Alt over IP, IP over alt", og det må dei styrande ta konsekvensen av.

lørdag 25. august 2012

22. juli og innsyn

Themis - gudinne for lov og orden
Foto: ChvhLR10, Wikipedia.org
I går kom dommen som redda mykje av rettsaka etter 22. juli-katastrofen. Tingrettsdommar Wenche Arntzen viste seg oppgåva vaksen og innfridde der andre i maktapparatet har feila. Alt frå starten av markerte Oslo tingrett seg som det uavhengige organet dei skal vera. Trass i motstand frå makta ba dei om ein ny sakkunnig-rapport etter at den første hadde konkludert med at Breivik var utilrekneleg. Dommen er ein seier for fornuften.

Dei viktige lekkasjane
Men dommen kunne fort vorte ein annan hadde ikkje den første rapporten vorte lekka og publisert i VG. Då kunne folk sjølve vurdera observasjonane av Breivik og konklusjonane til dei to første psykiatrane. Og dei fleste såg fort at her var det mykje som umuleg kunne stemma. Med hjelp frå bistandsadvokatane vart det ein mediestorm mot rapporten og det var nok viktig for å få ei ny vurdering.

Det er i høgste grad grunn til ettertanke at denne dommen i stor grad  er eit resultat av ein lekkasje som ikkje skulle skje. Rapporten skulle ikkje lesast av andre enn dei innvidde.

Innsyn og openheit
Er det noko me må ta med av lærdom etter 22. juli, er det at innsyn og openheit er livsviktig for eit godt fungerande samfunn. Men dei som styrer er ikkje alltid interesserte i full openheit, og særleg media har difor eit stort ansvar i å trengja gjennom uheldig hemmeleghald. Pressa har fått ein god del kritikk etter 22. juli, og mange har spurt kvifor dei ikkje klart å avdekka meir når me såg kva 22. juli-kommisjonen la på bordet i sin rapport. Anders Waage Nilsen er ein av dei som har sett eit kritisk søkjelys på media; i blogginnlegget sitt, som også vart gjenngitt i Bergens Tidende, skriv han at "Pressen må gå ... i seg selv". Men for balansen sin skuld må me også ta med at media gjorde jobben i psykiatri-delen av saka.

Kvinner som stod fram
Der ei rekkje leiarar i staten har svikta, har særleg to kvinner stått fram: Kommisjonsleiar Alexandra Bech Gjørv og Tingrettsdommar Wenche Elisabeth Arntzen. Dei har sjølvsagt ikkje vore åleine om arbeidet, men hatt med seg dyktige medarbeidarar. Likevel er det dei som har leia arbeidet på kvar sin kant. Det har dei gjort på ein framifrå måte og på mange måtar gjenvunne tilliten til styresmaktene, ein tillit som var i ferd med å  smuldra bort.

Det er fleire likskapar i arbeidet til dei to: 22. juli-kommisjonen slo politiet på deira eiga heimebana og viste korleis god etterforsking skal drivast. Tingretten sette psykiatrien på plass, på deira eiga heimebane. Når ein les korleis dommen punkterer den første psykiatri-rapporten, er det uråd å ikkje tenkja tilbake på dei ansvarlege (påtalemakta særleg) som la ut om kor grundig og omfattande rapporten var. Som eg sjølv skreiv i eit anna blogginnlegg, inspirert av Johnny English: "Den er omfattande, den er grundig - - - den er heilt på jordet!".

For aktoratet og påtalemakta må det vera litt spesielt å sjå korleis dommarane har dissekert den første psykiatrirapporten medan dei sjølve har gått god for den. Dei kunne, og burde, gjort ein like grundig gjennomgang av rapporten som dommarane, men dei var truleg for hemma av den første tilnærminga si til rapporten der dei godtok den utan motførestillingar. Forsvarar Geir Lippestad var i grunnen den som best karakteriserte bristen i den første psykiatrirapporten med det retoriske spørsmålet til Husby og Sørheim i retten: "Det har ikke slått dere at dette kan være en terrorhandling?".

Såg ikkje verkelegheita for berre diagnosar
Dei to første sakkunnige såg ikkje verkelegheita for berre diagnosar. Dei vurderte Breivik heilt lausrive frå omgivnadane, såg berre på det som var inne i hovudet hans og kom ut av munnen. Det er positivisme i beste stil! Som psykiater Finn Skårderud framheva i NRK: Psykiatri handlar ikkje berre om det som er inne i hovudet, det handlar også om relasjonar og omgivnaden.

Trass all sin gru har 22. juli-hendinga også vore med å avsløra store svakheiter i samfunnet vårt. Desse har komme fram både ved lekkasjar og ved eit svært grundig kommisjonsarbeid. I begge tilfelle blir det vist at lukka kulturar skaper usunne forhold. Trollet sprekk i sollys..

lørdag 18. august 2012

Avkledd!

Politiet på veg til Utøya 22. juli i fjor
(Foto: Steinar Frøyshov)
Bilete av politiet i ein synkeferdig gummibåt har vorte sjølve symbolet på alt som gjekk galt for politiet 22. juli i fjor. Politiet sjølve har meint at det er eit misvisande bilete og deira eiga evaluering konkluderte med at lite kunne vore gjort annleis. Rapporten frå 22. juli-kommisjonen knuser dette sjølvbiletet og avkler politiet fullstendig.

Den første som måtte gå
Eit av resultata så langt er at politidirektøren har måtta gå av. Men heller ikkje dette klarte myndigheitene å ordna på skikkeleg vis. Justisminister Grete Faremo tok ein "Pontius Pilatus" og sørgde for å gjera seg sjølv inhabil i saka, i staden for å "manna" seg opp og seia klart frå til Øystein Mæland at han dessverre ikkje kunne halda fram. Det kan synast urettferdig å ofra Mæland, som berre hadde vore i jobben i 14 dagar før katastrofen kom. Men det er det politidirektøren har gjort etter 22. juli i fjor, og det han ikkje har gjort, som har felt han.

22. juli-kommisjonen
Statsminister Jens Stoltenberg handterte katastrofen i fjor som ein statsmann. Han oppnemnde kommisjonen som skulle granska hendinga og sa at kommisjonen skulle ""få fakta på bordet, usminket og ærlig". Det har kommisjonen gjort, og det på ein så tydeleg og usminka måte at Stoltenberg sjølv må vera rysta. For mykje av kritikken i rapporten har adresse til han som øvste sjef for beredskapen i landet. Det er ganske enkelt strykkarakter til politiet sin beredskap og måten å handtera 22. juli-katastrofen på, og også strykkarakter til arbeidet for sikring av Regjeringskvartalet.

Djevelen i detaljane
Kommisjonen har drive gransking på ein måte som politiet berre kan drøyma om. På punkt etter punkt slår dei hol på politiet sine eigne forklaringar og evalueringar, og det er i detaljane den brutale sanninga kjem fram. Som i denne drepande fotnoten:

"Kommisjonens tidspunkt for utrykningen er forskjellig fra det politiet har lagt til grunn i sine evalueringer. Vi har benyttet politiets egne GPS-data som fastslår tidspunktet med stor nøyaktighet."

Nesten frå start til slutt er det feil hjå politiet. Som kommisjonen lakonisk kommenterer på slutten av kapitlet om Utøya-hendinga:

"Det er ikke til å undres over at det ble vanskelig å formidle kritisk informasjon når politiet ikke var i stand til å snakke sammen på tvers av politidistriktene."

Frivillige risikerte livet sitt då dei reiste ut i privatbåtar og plukka opp overlevande, medan "Tjenestemennene søkte tilflukt ved en container på brygga og konkluderte med at de ikke fikk gjort noe."

Eigenevaluering og ekstern evaluering
Rapporten frå politiet si interne gransking, Sønderland-rapporte, står i grell kontrast til rapporten som vart presentert av Alexandra Bech Gjørv måndag 13.08.12:

"Utvalget vurderer det slik at polititjenestepersonene i aksjon ved Utøya hadde en klar
oppfatning av situasjonens alvor og planla for øyeblikkelig aksjon. Politiet foretok etter
utvalgets vurdering gode taktiske vurderinger ut fra den informasjonen som var tilgjengelig i
sanntid, og tok hensyn til den kritiske tidsfaktoren. Overlessing av båten var beklagelig og
bidro til at overfarten til Utøya ble forsinket."

Ukultur i politiet
Den verste og vanskelegaste kritikken i kommisjonsrapporten er den ukulturen som blir dokumentert i politiet. Det er svikt på leiarnivå, men det er også svikt på bakkenivå. Ei leiing oppteken av å laga planar, men ikkje oppteken av gjennomføringa, og eit fotfolk som er mest opptekne av eigne rettar (les: lønnsvekst) og lite av korleis dei kan gjera ein betre jobb. Det siste må Politiets Fellesforbund med Arne Johannessen i spissen, ta ansvaret for. Dei har vore til dels utidige i krav og markeringar og skapt ein kultur der det først skal forhandlast om pengar før det blir gjort innsats. Toppen vart nådd då Johannessen kravde overtidsbetaling for politifolk som vart kalla inn etter 22. juli-hendinga.

Nye katastrofar - nye avsløringar av dysfunksjonalitet
Det er skremmande at kvar ny katastrofe ser ut til å bli følgt opp av ei evaluering som viser at det er store manglar i etaten som har ansvaret for å hindra desse. Vi har mange eksempel etter kvart:
  • NOKAS-ranet (2004)
  • Togulykka ved Åsta (2000)
  • Brannen om bord på Scandinavian Star (1990)
  • Rasulykka i Vassdalen (1986)
  • Plattforma Alexander Kielland (1980)
Felles for alle desse er at det vart avdekka store manglar hjå dei ansvarlege. 

15-85
NHO-president og konserndirektør Kristin Skogen Lund har 15-85 som ei rettesnor for prosjekt: 15 % strategi og planlegging og 85 % gjennomføring. Sjølv om 22. juli-kommisjonen ikkje brukar desse tala, er det lett å kjenna att same haldninga. Det er gjennomføringa det skortar på, ikkje planar.

Kva no?
Oppryddinga har alt starta, men det er ingen enkel jobb som ventar. Det er eit stort spørsmål om Politidirektoratet overlever. I dei 10 åra direktoratet har eksistert, er det ikkje noko som tyder på at den organisatoriske endringa har vore til det betre. Med detaljstyring frå Justisdepartementet er det like greitt å gå tilbake til ei politiavdeling slik situasjonen var før.

Tidlegare politidirektør Ingelin Killengren har site musestille i veka som har gått. Og det har ho gjort av god grunn. Ikkje berre var ho ansvarleg for oppbygginga av Politidirektoratet, men har også vore departementsråd i FAD sidan februar 2011. Eit departement som har vorte hardt kritisert for den delen av katastrofen som ramma Regjeringskvartalet. Killengren må nok svara for seg etter at bølgjene frå Mæland har lagt seg.

Den absolutt vanskelegaste delen av oppryddinga er ukulturen i etaten. Den kan ikkje endrast over natta. Det er eit arbeid som må ha ein lang horisont. Når det no blir ny leiing av politiet ville det kanskje ikkje vore så dumt med ei ny leiing i Politiets Fellesforbund også, slik at leiinga og dei tilsette saman kan starta arbeidet med å innføra ein ny kultur. Den kulturen kan godt ha mottoet/visjonen "idealet attom yrket" (det var mottoet til oldefaren min..).


mandag 13. august 2012

Endeleg sommar!

Kajakktur på Barsnesfjorden med Barsnes i bakgrunnen.
Det er aldri for seint for ein god sommar, og endeleg kom den. I tillegg til kajakk-tur vart det også årets første bad i Sognefjorden!

mandag 30. juli 2012

Hesjing

Hesjinga kan starta
Som bileta viser har det i år vorte hesja på gamlemåten. Hesjing, som var den tradisjonelle måten å ta vare på graset på tidlegare, har etter kvart nesten forsvunne heilt. Det er ikkje så rart, for det er ganske arbeidskrevjande.

Etter slåing må det staurast hol og staurar må berast på plass og setjast fast. Så må det festast streng (= ståltråd) til staurane, ei rast i gongen. Det er til vanleg 5 raster med streng i ei hesje, men av og til blir ei 6. rast lagt til for å få plass til meir.

Her er eit kort vokabular til hesjing:

Hesje: heile "konstruksjonen" (ei "hes" på min dialekt)
Golv: rommet mellom to staurar (alle 5 eller 6 strengene)
Kvelme: rommet mellom to staurar, men berre ein streng (1 golv er altså lik 5 (6) kvelmer)
Kvelmerast: ei rast (rad) med streng (ei hesje har 5 eller 6 kvelmeraster)
Ferdig hesje!

Sjølv om det er mykje arbeid er det også kjekt å ta opp att gamle skikkar, om ikkje anna enn å halda dei ved like og visa korleis ting vart gjort før. Og med så vekslande ver som i sommar, er hesjing den einaste sikre måten å få turrhøy på, utan bruk av ekstra energi som låvetørke.

Høyet klart til innkøyring
Veret avgjer sjølvsagt kor lenge graset må hengja før det er tørt. I opphaldsver tek det rundt ei veke før graset er tørt; i periodar med regn tek det sjølvsagt lenger.

torsdag 12. juli 2012

Årets jordbærsesong

Årets jordbærsesong er i gang, og som biletet syner er det flotte bær. Dei smakar like godt som dei ser ut, trass i at det godt kunne vore meir sol. Og det beste er at dei er 100 % økologisk dyrka!

Viss du kjem på besøk, skal du få smaka..

tirsdag 10. juli 2012

Copenhagen Jazz Festival 2012

Frå utekonsert i Kongens Have, med fleire tusen glade deltakar
Frå Mjømna bar det rett til København og årets jazz-festival. Ein ganske så stor overgang, men begge stader har sin sjarm.

Danskebåten betre enn sitt rykte
Årets jazz-festival var den tredje i rekkja for eigen del, og som tidlegare var det "slow boat to Køben" med danskebåten (DFDS). Danskebåten er ikkje det den var, det er ei roleg og fin båtreise med god mat og drikke om bord.

Brad Mehldau som høgdepunkt
Det musikalske høgdepunktet på årets festival var pianisten Brad Mehldau og trioen hans. Dei spelte i ærverdige Kongelige Teater, i hovudsalen. Brad Mehldau er truleg den fremste pianisten i jazzen for tida, og ser ut til å kunna ta opp noko av arven frå Keith Jarrett og hans legendariske trio.

Brad Mehldau i typisk positur -
treng ikkje sjå på tangentane!
Konserten med Mehldau var fantastisk og det musikalske spennet var stor: frå Beatles "And I Love Her" til Charlie Parkers "Crazyology". Uansett kva stilart Mehldau spelar i, er det uanstrengt og kreativt. Han klarer å tilføra gamle melodiar noko nytt heile tida - det er for så vidt heile poenget med jazz og standard-melodiar - men Mehldau legg lista høgre enn som så.  

Stadig nye innfallsvinklar

Som trommeslagaren i trioen, Jeff Ballard, seier til danske Politiken i eit intervju tidlegare i år:


En musiker som Brad Mehldau insisterer simpelthen på, at der bliver taget risici hele tiden, fortæller han. 
»Og jeg elsker det. Hvis han fornemmer bare den mindste smule trivialitet og vane – og du kan være helt sikker på, at han opdager det – så tænder han af. Jeg kan simpelthen høre på den måde, han spiller, at han sender en besked: »Har du tænkt dig at blive ved med at køre rundt på den samme måde? Så venter jeg bare, til du er færdig. Så vi kan komme videre««, siger han.
Sjølv i dei rolege og vare melodiane, var Mehldau og medspelarane heile tida på hogget og introduserte brot i harmoniane slik at musikken aldri stivna.

Ballard omtalar elles Mehldau som "en venlig diktator", så får ein leggja kva ein vil i det. Musikarane var i alle fall audmjuke og såg ut til å setja pris på den veldige responsen. 

Ei sild og ei til..
Elles er det deilig å vera norsk i Danmark. Danskane er på eit anna nivå enn oss når det gjeld mat og drikke. Det er rart at dei til dømes er så mykje betre enn oss med sild, med tanke på den plassen silda har hatt i norsk kosthald. Men der me her til lands overlevde på silda, har danskane hatt tid og ressursar til å raffinera råstoffet. Over alt får du nydelege silde-tallerkenar; sjekk neste gang du er på ein norsk restaurant om dei har sild på menyen..

Øl-kultur i Danmark, her i form av weiβ-bier
Øl er kultur!
"Danskerne" har også ein heilt annan alkohol-kultur enn oss, både på godt og gale. Men eg vel å fokusera på det positive: her er øl meir enn Tuborg og Carlsberge - dei fleste restaurantane tilbyr meir enn vanleg pils på fat. Og har dei det ikkje på fat, får du i alle fall kjøpt det på flaske. Og alltid med "en lille" til..

torsdag 5. juli 2012

Prosjektmøte på Mjømna

Her den gamle skyss-stasjonen i Skjerjehamn, no oppatt-pussa 
Den kjende kongestatuen av Knut Sten står like ved skyss-stasjonen
Det fine med å bu og arbeida i Sogn og Fjordane er at også lokale prosjektmøte blir flotte opplevingar. Denne veka starta med møte i Bergen og så prosjektmøte på øya Mjømna i Gulen kommune. Eit ganske anna landskap enn lenger inn i Sognefjorden. Ikkje rart at det populære turopplegget "Norway in a Nutshell" er lagt til Sogn og Fjordane! Og då er heller ikkje kysten og det spesielle landskapet der, med.

lørdag 23. juni 2012

Breaking Bad

Breaking Bad, her sesong 2
Etter å ha kjøpt tv-seriane Sopranos og særleg The Wire fekk eg problem med å investera i nye seriar. Det kjendest som ingen ting kunne toppa The Wire og å gå nedover i kvalitet verka ikkje så freistande. Etter lang tids vurdering (og mykje tid spart!) enda eg opp med å kjøpa første sesong av Breaking Bad. Og serien innfridde forventningane.

Streiting blir kriminell
Plottet er ganske interessant: Kjemilærar Walter White får konstatert lungkreft og legane gir han berre kort tid att å leva (maks 1-2 år, men helst nokre månader). Walter White er ein ganske alminneleg amerikansk borgar, med kone og to barn (nr. to er på veg og kjem i løpet av første sesong). Han er altså ganske Joe Average, bortsett frå at han har ei god universitetsutdanning og slik sett ikkje har drive det så langt som han burde. Kjemilærar på High School-nivå er ikkje spesielt imponerande.

Kjemi-kunnskapar i botnen
Sidan han ikkje har gjort særleg karriere, er heller ikkje økonomien lysande. Han strevar for å ha nok til huslån m.m., og den føreståande behandlinga han etter kvart går inn for, har han i alle fall ikkje pengar til. Men mest uroa er han for familien sidan han har så kort tid att. Han bestemmer seg då for å prøva å skaffa "raske" pengar ved å slå inn på narkotika-produksjon. Som god fagmann (kjemi-lærar) veit han alt om prosessane for å produsera meth-amfetamin, og saman med ein tidlegare elev (Jesse, som var veldig dårleg i kjem!) set han i gang. Og det fører sjølvsagt med seg ei rekkje situasjonar og problem.

Tett og god start, sidan eser det ut
Første sesong er knallgod, med tett driv og god regi. Filmatiseringa er veldig bra. Det er vel slik med tv-seriar av denne typen at første sesong blir brukt til å overbevisa tv-kanalen om at dette er noko å satsa på. Seier kanalen så ja til fleire sesongar, startar prosessen med å spe ut vara. Det skjer også her, så i andre sesong blir det ein god del meir langhalm. Der første sesong har 7 episodar, har andre sesong est ut til 13, utan at det eigentleg skjer så mykje meir. Og slik held det også fram. Tredje sesong er nett kommen (gjekk på tv i 2010) og den har også 13 episodar. Eg ser på Wikipedia at sesong 4 også har 13 episodar og at den femte og siste sesongen også er planlagt, med 16 episodar. Puhh!

Strålande skodespel
Bryan Cranston, som har hovudrolla som Walter White, har motteke ikkje mindre enn tre strake Emmy-prisar for innsatsen sin. Også sidemann Jesse Pinkman (spelt av Aaron Paul) har motteke Emmy-pris for sin innsats.

Serien er altså vel verdt å sjå. Den får 9,3 i skår på IMDB, det same som SopranosThe Wire har til samanlikning 9,5

Kor vanskeleg kan det vera (2)

Eg kunne sikkert hatt dette som det einaste temaet på bloggen og funne rikeleg med eksempel. Men det ville blitt litt kjedeleg i lengda. Det overraskar meg likevel at så mykje brukte system har så iaugefallande svakheiter; feil og svakheiter som "alle" ser bortsett frå utviklarar og dei som har bestilt systema.

Denne gangen er eksempelet nettbanken til Sparebanken Vest. I utgangspunktet er det ikkje så mange ulike nettbanksystem her til lands, det er stort sett felles grunnsystem med diversen justeringar og tilpassingar. Nettbanken til Sparebanken Vest aksepterer av uforståelege grunnar dei fleste variantane av dato bortsett frå den mest opplagde: DD.MM

tirsdag 19. juni 2012

Kor vanskeleg kan det vera?

Først ros, og så litt ris: Ros til Avinor for å opna trådlaus tilgang på flyplassane. Den eine timen som no er gratis, kan godt aukast til to.

Så til løysinga med registrering av mobil for tilsendt passord. Utviklar (og bestillar) prøver tydelegvis ikkje eigen kode, elles ville dei fort sett feila sjølve.

Her er skjermbiletet som møter deg når du ber om passord for det trådlause nettet: Tast inn mobilnr, det kan vel ikkje vera så vanskeleg? Eh, det er nok ikkje like enkelt som det ser ut til.



Landskoden skal også vera med, men ikkje på denne måten:



Her er det rette formatet:


Kvifor ikkje gi eksempelet i skjermbiletet frå starten av??

tirsdag 12. juni 2012

ECIS 2012, Barcelona, dag 2

Henry Chesbrough, Univ. of California (Berkeley) og ESADE Business School
Services Science - an update

Chesbroughs Service Science - A Manifesto er eit av hovudverka på området og ein mykje sitert artikkel.
Tenester overtek meir og meir av omsetning og inntekter for selskap, eks.vis IBM der teneste-området no er mykje større enn både programvare og system til saman.

Skal me få tak på 'tenester' må me gi slepp på vårt eige, litt snevre, domene og prøva å sjå heilskapen.
"Service science is the transdisciplinary study of service systems & value-cocreation".

Service Science
Ideen om ein ny vitskapleg retning kalla teneste-vitskap (service science) starta med ein telefonsamtale i 2004 mellom Jim Spohrer, IBM Research Service Research department, og prof. Henry Chesbrough, Univ. of California, Berkeley. Den resulterte etter kvart i den ovannemnde kjende artikkelen.

T-shape
T-shaped professionals: Både breidde og djupn; me må sjå vidare enn den eine pillaren (i 'T'-en) me er ekspertar på for å få eit godt resultat. Ein PhD er typisk nok stolpen i 'T'-en. Den er nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg.

Mobil-utviklinga
Motorola laga Razr som vart ein kjempesuksess pga. ny, slank design. Men dei andre mobil-selskapa kom fort etter, og oppfølgjaren frå Motorola, Krazr (?!), vart ingen suksess. Motorola vart forbikøyrt av m.a. Nokia, vart global leiar. Men Nokia fekk også problem..

Kortversjonen er at tenester er ein viktig del av svaret og løysinga. Selskapa må tenkja tenester, sjølv om det er maskinvare dei lagar. Dei må skapa tenester rundt produkta.

Kva er eit teneste?
"A service is a change in the condition of a person, or a good belonging to some economic entity, brought about as the result of the activity of some other economic entity, with the approval of the first person or economic entity." (Hill, 1977)

Porter's Value Chain
Porter's verdikjede: Tenester er heilt i enden, og litt vekkgøymt, i kjeda. Viss ein tenkjer på tenester på denne (gammaldagse) måten, får ein problem.

Tenester er ikkje konkrete (intangible) og difor blir det vanskeleg for kundane å uttrykkja kva dei ønskjer, utan at dei er deltakarar i prosessen med utforming av tenesta.

Kva slags forsking trengst?
Fire I-ar:
- Infrastruktur
- Individ (skills)
- Institusjonar (rules, jobs)
- Informasjon

Horizon 2020: Multidisciplinary Grand Challenges
- Aging
- Climate Change
- Food Security
- Energy
- Information

I alt er det føreslått eit budsjett for det nye FoU-programmet på € 80 mrd. over 7 år, men det endelege resultatet veit me ikkje. Det interessante er i alle fall at multidisiplinær forsking blir prioritert (fleirfagleg i motsetnad til tverrfagleg?).


Spørsmål til Chesbrough:
Sidan me ikkje nådde fram med artikkelen, men berre fekk aksept for poster, måtte eg sørgja for å marknadsføra oss gjennom spørsmål. Spørsmålet mitt til Chesbrough var e-Service og problemet med definisjon, særleg innan e-forvaltning. Eg hevda at alt blir kalla e-service og at det tømmer konseptet for innhald og at vi kjem til å få store problem med interoperabilitet pga det.

Chesbrough starta svaret med å samanlikna eGovernment med eCommerce og han meinte e-Services/e-Government eigentleg stamma frå e-Commerce. Han meinte vidare at det sentrale ved e-services (og services for så vidt) er meirverdien det skaper for mottakaren (innbyggjaren). Interoperabilitets-delen av spørsmålet mitt fekk han til å gå over på format-problem og slik sett kom han litt utanfor det eigentlege spørsmålet. Men presiseringa av meirverdi er nyttig i arbeidet vårt med å få eit meir presist vokabular for e-tenester. Ein effekt av den tenkinga er jo at aktivitetar som skatterapportering o.l. (via Altinn) vil falla utanfor teneste-begrepet fordi det knapt kan seiast å skapa meirverdi for brukaren/innbyggjaren. Om tenestebegrepet i det heile skal brukast her, noko det nok ikkje skal, må det vera INNBYGGJAREn som yter ei teneste til FORVALTNINGA - altså det stikk motsette av det som i dag er retorikken.

Arild og eg diskuterte dette vidare med prof. Gøran Goldkuhl, Univ. i Linkøping, som er heilt på linje med oss  i vurderingane av e-tenester og det problematiske språket. Me har jo også brukt hans arbeid som ein viktig del av fundamentet for artikkelen. Han peikte også på anna arbeid han har gjort som kan vera nyttig for det vidare vårt med denne artikkelen.

Peter Corbett, iStrategyLabs: Hacking Open Data

Peter Corbett er kjend for arbeidet med Apps for Democracy saman med tidlegare CIO i Obama-regjeringa, Vivek Kundra i den tida han var ansvarleg for IT i Washington DC, og Apps for the Army-programmet for US Army. Han har starta firmaet iStrategyLabs der han er dagleg leiar.

Tre år etter at arbeidet med Apps for Democracy starta, har meir enn 40 land og byar teke etter modellen og lansert eigne program. Corbett utarbeidde også konseptet "Apps for Army" for US Army. Det vart ein stor suksess, men endå viktigare er det at programmet blir vidareført av det militæret på eiga hand og dei har no gjennomført "Apps for Army 4".  Langsiktigheit (sustainability) er viktig for å lykkast slik at det ikkje berre blir eit eingongs-stunt.

Code for America er ein slags digital kode-dugnad for å løysa ein del problem det offentlege ikkje kan gjera sjølve, fordi det ikkje er prioritert av ulike grunnar. Eit Code for Europe-program er under etablering. CodeforAmerica er støtta av fleire av dei store namna i web-verda, som Tim O'Reilly, Mark Zuckerberg, Biz Stone (Twitter) og Catherina Fake (Flickr).

Civic Commons er endå eit initiativ i same retning ("a marketplace for open innovation in government"). Eit liknande initiativ er også under utvikling i Europa/EU.

Spørsmål: Korleis oppnå langsiktig effekt (sustainability)?Svar: Code for America er eit initiativ for å få ein meir langsiktig verknad. Eit anna moment er at off. myndigheiter, t.d. kommunar, opnar saksbehandlar-systema sine og tillet direkte meldingar frå brukarane (bilete av hol i vegen, gatelys som ikkje verkar osv.).

Spørsmål: Korleis oppnå utveksling på tvers?
Svar: Lite kontroll på dette, det beste svaret er at ein bør basera seg på dei formata og den strukturen dei offisielle datakatalogane er bygde på.

Spørsmål: Kva med det politiske elementet i dette?
Svar: Apps for Democracy var eit iStrategyLabs-initiativ, ikkje eit Washington DC-initiativ; viktig distinksjon. Elles har haldning vore meir "let's just do it", applikasjonane som er utvikla viser ikkje noko særleg anna enn det du kan lesa i avisene kvar dag, berre på ein litt annan måte (t.d kriminalitet knytt til kart).

Peter Corbett understreker til fulle den amerikanske haldninga til open data med "just do it". Det spelar ingen rolle kva format eller korleis du gjer det, berre få data ut. Det er stor vekt på privat entreprenørskap, som rimeleg er på dette kontinentet. Eg må innrømma at det har ein viss sjarm, og så må ein bera over med at alt ikkje er like gjennomtenkt og at motførestillingar er lite velkomne. Det er ikkje akkurat klima for kritisk haldning her..

mandag 11. juni 2012

ECIS 2012, Barcelona, dag 1

European Conference on Information Systems, ECIS, er ein stor europeisk konferanse innan det ganske omfattande temaet Information Systems. I år har ECIS 20-årsjubileum, og det er ein ganske stor konferanse, med trangt nålauge (berre 29 % av innsende artiklar vart godkjende). Eg refererer berre keynotes, det blir alt for mykje å referera frå parallellsesjonane, som er presentasjon av sjølve artiklane. Alle aksepterte bidrag er tilgjengelege på AIS' eLibrary.

Keynote 1:
Bob Jones,
 CERN Head of openlab: Big Data at CERN

Alt blir publisert ope ved CERN, ikkje berre til medlemslanda (men data er tilgjengelege berre for medlemslanda). Large Hadron Collider: 27 km ring ("race track"). 14 millionar kollisjonar i sekundet seier litt om datamengdene som blir genererte i forsøka ved CERN.
ATLAS: 40 mill. "bilete" pr. sekund, ca ein petabyte pr. sek. Ein av dei viktigaste barrierane no er tilgang til straum. Dei har difor lyst ut konkurranse om eit eksternt datasenter (der fleire norske tilbydarar deltok). Ungarn vann konkurransen og det nye datasenteret blir sett opp der.

Akselleratoren skal etter planen vera i drift i 20 år, og vil generera enorme mengder data
- 15 mill. GB pr. år
- CERN kan berre handtera ca. 20 % sentralt, resten blir handtert ved ulike senter rundt om (11 Tier-1 senter).
Dei 11 Tier-1 sentera lagrar også data slik at det alltid vil vera minst to eks. av data.

Nettverk vart rekna som den svakaste delen av arkitekturen, men har viste seg å vera den delen som har endra seg mest gunstig med tanke på pris/kapasitet. Lagring har til samanlikning hatt ei dårlegare utvikling. Det får mykje å seia for arkitekturen.

Tier-2 består av ca. 150 senter der det blir gjort analysar av ulike slag. Det har vist seg at den viktigaste delen av analysane blir gjort

Dei ulike sentera får ikkje betalt av CERN, det heile er finansiert med eigeninnsats

Open CloudScience: CERN arbeider med utvikling av skytenester og har planar om ei utlysing om eit par år (viss marknaden er moden nok). Mange faktorar som må vurderast:
- sikkerheit
- "reliability"
- personvern
- skalering/elastisitet
- nettverkskapasitet
- integrering
- inne-låsing
- juridiske forhold
- transparens


Teknologien vil ha stor innverknad på forskings-infrastrukturen; det blir ikkje lenger muleg å få finansiering til spesifikk infrastruktur som kan "kjøpast" i skya.

ECIS 2012 og tema

Informasjonssystem, eller Information Systems som temaet offisielt heiter, er ganske omfattande. Det er nesten utan grenser, noko også dei mange spora (tracks) på konferansen viser. Det er helst ei ulempe, for begrepet blir veldig utydeleg etter kvart som meir og meir blir putta inn. Frå konferanse-organisatorar si side handlar det både om kvalitet og økonomi, men eg mistenkjer dei for å leggja mest vekt på det siste. Det ligg då ein motivasjon om å utvida det faglete området for å sikra konferanseøkonomien.

Her er ei liste over spora ved årets ECIS:
  • Accounting Information Systems and ERP
  • Adoption and Diffusion
  • Alternative Genres
  • Business Intelligence and Knowledge Management
  • Co-creating Innovations
  • Enterprise Architecture and Governance
  • eHealth
  • Enterprise Transformation
  • General
  • Global Sourcing Management
  • IS in Education IS Curriculum
  • IT-IS Management and Development Methodologies
  • IT Global Services and Cloud Computing
  • IT for Global Welfare and Sustainability
  • Information Technology Project Management
  • IT-enabled Supply Chain Management
  • Mobile and Pervasive Computing
  • Public Sector ICT
  • Research Methods
  • Social Computing and Collaboration
  • Serious Games and Simulations
  • Technology Substitution
  • Emerging Perspectives in Project Management
Puhh, noko for ein kvar altså. Men når du har titlar som "General" har du i grunnen opna for alt mellom himmel og jord, sjølv om "General" her sannsynlegvis refererer til generelt om informasjonssystem. Men likevel..

Eg leverte eit bidrag saman med Arild Jansen, UiO, med tittelen "What is This Thing Called e-Service? A Critical Look at the Use of the Concept e-Service". Artikkelen vår vart dessverre ikkje akseptert som fullt paper, men som poster. Avslaget kom trass i veldig bra tilbakemeldingar (gj.snitt 8 av 10 på 'Overall contribution to the field"). Veldig rart, for personleg har eg aldri fått så gode tilbakemeldingar på ein artikkel. Men her var det nok "track chairs" som greip inn og overstyrte.

Men som vanleg med artikkel-publisering tek me ikkje eit nei for eit nei, og arbeider vidare med artikkelen for publisering ein annan stad. Eg meiner temaet er høgaktuelt, jfr. alt snakket om digitale tenester på den nyleg haldne Digitaliseringskonferansen. Alt er no tenester, og dermed er begrepet tømt for innhald og nærmast ubrukeleg i eit IT-perspektiv.

mandag 4. juni 2012

Ferjefri E39?

Eit heilt billettkontor etter turen!
Eg har ikkje skjønt noko av saka ferjefri E39. Det endra seg etter 15 timar, 9 ferjer og ein samla billettkostnad på kr 901,-. Det var etter ein tur frå Sogndal til Midsund og tilbake (for å henta ein brukt forhaustar!).

Det positive med ferjer er eit avbrekk og ei god svele. Men 9 sveler blir for mykje, og 9 avbrekk trengst heller ikkje. Om ikkje ferjefri E39 (Kristiansand - Trondheim) så ville berre ei halvering av talet vore kjærkomme.

Ein annan ting: Bør ikkje ferjene reknast som ein nødvendig del av vegnettet og slik vera gratis, der det ikkje er bompengefinansiering? Slik det no er, blir me straffa for å ha desse flotte fjordane våre.

onsdag 30. mai 2012

Digitaliseringskonferansen 2012

Digitaliseringskonferansen er ein årleg konferanse arrangert av Difi med temaet IKT i offentleg sektor. Årets konferanse har regjeringa sitt nyleg framlagde digitaliseringsprogram som hovudtema.

Eg prøver her å gi att det viktigaste frå presentasjonane, og har i tillegg sett inn eigne kommentarar (markerte med raud skrift) for å prøva å skilja referat og kommentar.

Karl Eirik Schøtt-Pedersen, statsråd ved statsministerens kontor
Regjeringa sitt digitaliseringsprogram "På nett med innbyggjarane" (blogginnlegg på Fornyings- og IKT-bloggen her) ei stor og viktig reform, samtidig som den er ganske sjølvsagt.
Vi skal vera i front på digitale offentlege tenester, vi har alle føresetnader til det med digitalisert oppegåande innbyggjarar, godt kvalifiserte off. tilsette, god infrastruktur m.m.

NB! Digitaliseringsprogrammet er ein del av "Digital agenda Norge" (den siste omfattar m.a. også IKT-næringa).

Off. sektor brukar over 1 mrd. kr i året på porto!
2 av 3 statlege tenester er framleis ikkje digitaliserte (sjå kommentar under).

"Det skal vera enkelt å finna fram til off. digitale tenester"
God styring og samordning er viktig; sterkare sentral styring av IKT-utviklinga i off. sektor.
- felleskomponentar
- koordinering

Rigmor Aasrud, Fornyings-, administrasjons og kyrkjeminister
- innbyggjarane kan reservera seg
- obligatorisk for næringslivet

Treng eit felles adresseregister (mobil, e-post) der alle etatar skal henta kontaktinfo.
Kanskje er det eit modernisert Folkeregister?

For alle med litt fartstid innan IT i offentleg sektor er det godt kjent at eit felles statleg adresseregister har stått på dagsorden i fleire tiår. Når ein ikkje har fått orden på dette på 30-40 år, blir det interessant å sjå korleis det er tenkt gripe no. Men samtidig er dette også heilt nødvendig for å realisera planane i digitaliseringsprogrammet.

Styring og koordinering:
- koord. på dep. og verksemdsnivå
- styring dep. - direktorat
- samordning mellom kommune og stat
- fellesløysingar skal styrast, org. og finansierast effektiv

Regelverket må leggja til rette for digitalisering

Eit betre møte med det offentlege
- el. faktura frå forvaltninga (samordna frå off. sektor)
- oblatordninga blir fjerna
- digitale løysingar skal ha eit klart og forståeleg språk (klarspråk)

Regjeringa er i gang
- konkurranse for sikker eID utlyst
- vurdering av dig. postkasse (Altinn, annan off., kommersiell løysing?)

Kommentar til Schøtt-Pedersen og Aasrud sine innlegg:
Begge snakkar mykje om tenester som skal digitaliserast. Schøtt-Pedersen viser til at 2 av 3 statlege tenester framleis ikkje er digitaliserte. Bruken av 'teneste', og framfor alt 'elektronisk teneste' er svært problematisk. Ingen veit heilt kva ei elektronisk teneste er. Har vi fått ei elektronisk teneste når eit skjema er digitalisert? Er skjemaet tenesta, eller er skjemaet heller ein dialog med tenesteansvarleg for å få tilgang til tenesta? Dette er eit område med mykje uklar tale og det er eit stort behov for å skilja snørr og bartar og bli meir presise. Elekstonisk samhandling (interoperabilitet) krev presisjon, og vi her milevis frå det når vi rotar så kraftig med eit av dei grunnleggjande begrepa.


Svein Kristiansen, skattedirektør
Innleier om "helvetes-veka" då Altinn vart stengt.
For folk flest er Altinn = Sjølvmeldinga (skil naturleg nok ikkje mellom Brønnøysundreg. og Skatteetaten, og at Altinn omfattar meir enn skatt).

Vi må ha meir rock'n roll!
Hmm, her var det eit stort misforhold mellom bodbringar og bod! Ein kan seia mykje om skattedirektør Svein Kristiansen, men 'rocka' er ikkje eit ord som fell naturleg.

Jon Olav Brodersen, konserndirektør IKT i NOKAS, medl. av Dataforeningens IT-polit. råd
Regjeringa sitt initiativ er viktig for å løfta Norge opp att i  internasjonale samanheng (FN si undersøking), der vi har tapt terreng i det siste.

Godt tiltak som verkar godt forankra heilt opp til statsministeren.

Utfordringar i det framlagde programmet:

  • Roller og ansvar
    Sakner ein klar "governance"-modell. Treng ein CIO [Chief Information Officer) og eit CIO-kontor (med ein CTO [Chief Technology Officer])
  • Kundesenter-utfordringa
    Store ambisjonar knytta til tilgj.h. via sms, chat m.m. blir ikkje følgt opp med tilhøyrande org. kundesenter. Bør etablerast eit nasjonalt call-senter med utvida opningstider tilpassa brukarane.
  • Prosess (inkl. finansiering)
    Føreseielege rammer.
    Må tillata langsiktig planlegging.
    Formålsstyring, kommunal koordinering, prioritering (ikkje klart adressert)
  • Sikkerheit og infrastruktur
    - BankID bør bli med som løysing i eID
    - Infrastrukturen må oppgraderast og tenesteutsetjast, som ein tenesteplattform
    - dynamisk skalering og redundans (off. må bli meir profesjonell på drift, auka kommersialisering). Sjølvmeldinga bør vera ein opplagt kandidat å bruka nettsky-tenester til (rask skalering)
  • Mobil, sosiale medium og nettsky
    - mobil blir størst (2013)
    - sosiale medium står for ein stor del av nett-trafikken, men korleis skal det takast i bruk i off. sektor?
    - kostnadsfordeler kan utebli
  • Miljø
    - manglar klare krav og mål
Vil regjeringa lykkast med digitaliseringsprogrammet?
Ja, men med visse atterhald som kommentert over.
Tverrpolitisk ambisjon og satsing viktig. Viser her til den forvandlinga Drammen by har vore gjennom.

Brodesen har mange interessante kommentarar til digitaliseringsprogrammet. Synspunkta hans må sjølvsagt forståast ut frå IT-næringa sitt syn på dette, men fleire av punkta hans er verdt å ta med i den vidare utforminga av programmet.


Brukarstøtte til innbyggjarane ("kundesenter-utfordringa") er viktig. Brodesen meiner det må opprettast eit nasjonalt call-senter. Det finst alt og heiter Norge.no. I tillegg finst det mange andre call-senter (Skatteopplysninga, NAV sitt service-senter ++). Det trengst ei betre samordning mellom desse tenestene (ja, her brukar eg ordet 'teneste'!). Kanskje bør desse tenestene samlast i eit slags nytt Statens opplysnings-teneste? I det minste bør det bli ei viss koordinering av dei ulike brukarstøtte-sentera fordi det blir behov for å sjå på tvers av etatskiljer for å lykkast med den digitale strategien. 

Lise Løwe, Statens Pensjonskasse
"Pensjonsreforma - frå vedtak til verkelegheit"
1 mill. nordmenn med 384 mrd. i pensjonsrettar
1600 kundar bet. 11,4 mrd. i pensjonsinnskot kvart år.
Er også Norges 6. største formidlar av bustadlån.

PERFORM - prosjekt for å tilpass seg til den nye pensjonsreforma.
Utfordrande å gjennomføra eit så stort prosjekt på toppen av det vanlege arbeidet.
Etablerte eit SCRUM-prosjekt ("smidig prosjektgjennomføring"). Utfordrande med fleire (min. 3) prosessar samtidig.
Godt forankra i toppleiinga; prosjektdirektøren del av leiinga.

Utfordring med etablering av "to leirar"/"to kulturar" med eit så stort prosjekt inne i org. ("gaukunge").
"Implementeringsteam" vart løysinga for tettare kopling mellom driftsorg. og prosjektorg.

Per Waage, dir. i Statens innkrevingssentral
"Best for pengene med digital samhandling og gjenbruk"
Krev inn 4 mrd. i 2012
1,3 mill. nye pengekrav årleg
370 årsverk - 12,3 mill. innkrevd pr. årsverk
Kvar innkrevd krone kostar 6,5 øre.

130 % auke i innkrevd  beløp pr. årsverk sidan 2000
Over 90 % aut.grad i behandling av krava.

Nye www.sismo.no
"Det finst alltid ei løysing"
  • primærkanal for kommunikasjon
  • auka sjølvbetjening
  • frigjera ressursar
  • samarbeid med kommunane
"Er du blakk så er det ein god ide å bruka kredittkort - så får i alle fall Staten sitt!"
Dette var kanskje dagens mest originale og politisk ukorrekte utsagn..


Rolv-Erik Spilling, Telenor
(erstatta Kristin Skogen Lund)
Spilling er NK i divisjonen (?) digitale tenester i Telenor. Han viste til Telenor sitt arbeid med innføring av felles plattform for alle dei ulike selskapa over heile verda, og meinte at det kanskje kan vera noko å læra for det offentlege frå deira arbeid.

Han starta med talrekkja 5-15-80, som er eit slags mantra i Telenor og som Kristin Skogen Lund ofte trekkjer fram. Det er 5 % strategi, 15 % organisering (?) og 80 % gjennomføring. Jostein Grindhaug, Tippeligaens mest sympatiske trenar og kanskje den beste (?), har sin eigen vri på denne modellen: "Strategi er oppskrytt, det er berre å peisa på!".


Spilling meinte at mange (dei fleste?) leiarane brukar 100 % av tida si på strategi (5 %), og at det dermed ikkje blir nok kraft særleg på gjennomføringa. Dette er særleg viktige signal til dei som har ansvaret for innføringa av den nye digitaliseringsstratien.

Ejvind Jørgensen, Rambøll Management Consulting
(og formann for Dansk ITs utval for IT i offentleg sektor, formann for Danmark 3.0 og medlem av DNDs it-politiske råd)

Den raude tråden i Jørgensens innlegg var overgangen frå i-land til d-land (digitalisert land). Han meiner vi ikkje fullt ut forstår kva enorme omveltingar IKT-teknologien vil føra til i samfunnet. Vi forstår ikkje (samfunns-)utviklinga fullt ut om vi ikkje forstår den digitale utviklinga si betydning, sa han med referanse til Erik Brynjolfsson, MIT.

Den største skilnaden mellom Danmark og Norge er kanskje at i Danmark har debatten om Danmark som d-land nådd politikarane, i motsetnat til i Norge.

Han viste til interessante undersøkingar frå Danmark der det viser seg at innbyggjarane er mindre nøgde med digitaliseringa i offentleg sektor no enn for få år sidan.

Han var også pessimistisk når det gjaldt brukarorientering og brukarservice. Dette har det vore snakka om i mange år, men likevel har det ikkje skjedd noko særleg. Han trekte fram undersøkingar som viste at leiarar i offentleg sektor er mest opptekne av kostnadssparing og at dette ofte blir i direkte motstrid til betre brukarservice.

Jørgensen er inne på noko veldig viktig her. Vi har lenge høyrt snakk om brukarorientering, brukarretting (= stramma opp brukarane?) og "brukaren i sentrum". Problemet er at til lenger opp i forvaltninga ein kjem, til mindre forstår ein av brukarane og brukarbehov. Så sentralt som innbyggjarane står i den nye digitaliserings-prosessen, kan dette bli eit av dei største problema. Kanskje ser vi det tydelegast i helsesektoren, der tanken om pasienten som medspelar og bidragsytar i den digitale utviklinga er heilt fråverande.
Hans Chr. Holte, dir. i Difi (leiar av paneldebatt)
Panel:
Paul Chaffey, dir. i Abelia
Erik Fossum, dir. for Brønnøysundreg.
Anne Kari Lande Hasle, dep.råd i Helse- og omsorgsdep.
Magne Jørgensen, prof. ved Simula Research

Vanskeleg å referera frå desse sofa-samtalane. Samtalen dreia seg mykje om helse og omsorg med utgangspunkt i dep.råd Anne Kari Lande Hasle. Holte inntok Skavlan-rollen og såg ut til å stortrivast i den. Frittgåande reporter med intervju av fem på gata høyrde også med.

Men når ein ser presentasjonar som denne frå lege Linn Brandt på Healthworld 2011 blir diskusjonane her litt fjerne. Igjen var pasienten heilt borte frå diskusjonane, det var berre snakk om system og kva helsesektoren skal levera, og veldig mykje om den interne kommunikasjonen.

Erik Fossum frå Br.reg. kom naturleg nok inn på problema med Altinn. Han meinte at fordømminga var omvendt proporsjonal med kunnskapen om løysinga. Her meiner eg han/etaten går i ei felle. Driftsproblema er alvorlege for Altinn, og viss ikkje dei ansvarlege skjønnar det, har dei eit stort problem. Fossum kommenterte også problematikken om "alle egga i Altinn-korga" og var meir oppteken av at dei rette egga vart lagt i Altinn, ikkje nødvendigvis alle. Han sa at akkurat no er det eit stort strutse-egg der (og mange små trast-egg).

Han framheva Einingsregisteret som han meinte er spesielt også i internasjonal samanheng. Vidare var han oppteken av metadata og kor viktig det er for å få til samhandling.

Paul Chaffey var inne på noko viktig når han sa om "draumetenesta" at det beste var å sleppa mest muleg av tenestene. Poenget er at offentlege tenester ikkje kan samanliknast med nettbank eller vilkårlege nett-tenester. Samhandling med det offentlege er noko vi gjer fordi vi må, ikkje fordi vi har veldig lyst til det.

Magne Jørgensen frå Simula Research meinte at norsk e-forvaltning totalt sett er bra, med utgangspunkt i ulike internasjonale samanlikningar. På generell basis advarte han likevel mot for store ambisjonar, at ein prøver å gapa over for mykje. Han minna også på robuste system og at ein måtte vera forsiktige med å bruka same (program-)komponent i mange system. Ein feil i ei slik komponent kan då potensielt lamma svært mange system; ein relevant advarsel med tanke på planane om å gjera Altinn til den sentrale plattforma for det meste av digital satsing i offentleg sektor.

Dag 2 av Digitaliseringskonferansen 2012


Lars-Henrik Myrmel-Johansen, FAD: Mjuk eller sterk IT-styring?
Grunnprinsippa i digitaliseringsprogrammet peiker i stor grad mot fellesløysingar og samordning.

"Ståltråd" heller enn "glass-stang"
- viktig med ei balansert tilnærming og fleksibilitet

Sentralisering
- store brukarfordeler
- effektivisering
- fleksibilitet på lenger sikt
- samstemte politiske signal

Mindre sentralisering
- fordeler med sektorstyre
- kostnader ved koordinering
- risiko for feilval og tregheit
- kostnader med å bytta ut

Det har skjedd mykje sidan 2007:
- Difi (2007)
- arkitekturprinsippa (2008)
- SKATE (2009)
- ID-porten (2009)
- styrka rolle for FAD i budsjettprosessen (2010)
- digitaliseringsprogrammet (2012)

Utviklinga framover:
- formelle samordningsorgan (SKATE får eit endå klarare mandat, "SKATE er Sikkerheitsrådet for IKT i staten")
- samordning kommune/stat
- regelverksarbeid for digitalisering
- nye felleskomponentar (postkasse, kontaktinformasjon, dokumentutveksling)

Samordning kommune/stat:
- Staten vil isolert sett ha stor nytte av ei betre samordning i kommunesektoren
- Kommunane vil utvilsomt ha stor nytte av det
- Innbyggjarane har krav på å møta ein samordna offentleg sektor

Etablering av KommIT: Nytt samordningsorgan på kommunal side.
- må ha eit tilstrekkeleg sterkt mandat, dvs. kan inngå forpliktande avtalar med staten
- samordning må likevel ikkje bli ein brems for godt utviklingsarbeid i leiande kommunar

Spørsmål frå salen:
Arild J.: Må ikkje forveksla styring med sentralisering. Internett blir også styrt,sjølv om det er basert på desentraliserte prinsipp

Svein Ø.: Det er behov for meir forsking! Mangel på forsking innan e-forvaltning vil møta oss som ein rekyl i åra framover, særleg på området el. samhandling. Heilt sentrale begrep som elektroniske tenester er uavklarte og skaper stor forvirring.

<ukjent>: Korleis måla betre styring?

Jens Nørve, prosjektleiar i Difi: Prosjektvegvisaren 2.0
I versjon 2.0 er spissing og forenkling det viktigaste. Går frå eksempeldriven modell til ein meir normativ modell ("slik skal IT-prosjekt drivast").

Arne Krokan, prof. ved NTNU: Mens vi venter på Harald Hårfagre
Arne opna med full støtte til forslaget mitt om meir forsking innan e-forvaltning. Her har vi milliard-prosjekt og ikkje ein gong følgjeforsking!

Står ingen ting om skule og utdanning i Digitaliseringsprogrammet! Skandale!

Me overfører gamle læremåtar til den digitale verda, det fungerer ikkje!
Disruptive learning!
- "elevane skjønnar ikkje at dei lærer matematikk før det er for seint"

Må ta inn over oss at industrisamfunnet snart er over og at vi er over i kunnskapssamfunnet.

Bruk oljepengar til å byggja NORsky - verdas beste skysystem for offentleg sektor.

Aleksander Øines, Alta kommune og KS-IKT forum
"Barrierer for digitalisering av kommunane"

Organisasjonar
- "80 % organisasjon og 20 % teknologi - og så fortset vi å snakka om teknologien!"

Trude Andresen, KS: Arbeidet med forslag til betre organisering av IT i kommunesektoren
175 år sidan formannskapslovene i år!
Markerte starten på det lokale sjølvstyre i Norge.
Veldig viktig prinsipp som me må halda fast på.
Korleis skal vi balansera dette med behov for meir koordinering og samhandling?

Leiar ei avdeling som vil heita "Forsking, innovasjon og digitalisering".

Dagens situasjon:
- IKT stadig viktigare for kvalitet på tenester
- 180 - 200 system i kvar kommune
- systema snakkar dårelg saman
- leverandørane sel sine system, kostbart å få systema tilpassa til kvarandre
- store skilnader mellom kommunane

Samordningsutfordringar:
- samordning innan kommunesektoren
- samordning innan statleg sektor
- samordning på tvers av heile offentleg sektor

Ønskje frå staten om ein IT-org. med avgjerdsmynde er problematisk, det går på tvers av det grunnleggjande prinsippet om sjølvstyre (hugs 1837!).

Dialogen mellom staten og kommunesektoren på IKT-sida har vore for dårleg. I mai møttest Aasrud, Navarsete og den nye leiaren av KS sitt hovudstyre for første gang! Positivt, og det vil bli følgt opp.

Høyringsprosessen for forslaget om ny IKT-organisering i kommunesektoren har vore viktig. Det har aldri før vore diskutert så mykje IT-politikk på dette nivået (ordførarar, rådmenn).
Tilbakemeldingar frå høyringsrunden:

- kommunesektoren vil ha styringa sjølve
- KS bør ha ein sentral rolle i arbeidet
- mest meiningar om org.modellar, litt mindre om finansiering og minst om mandat
- forventar betydeleg bidrag frå staten (i tillegg til kommunesektoren sjølv)
- fleire enn antatt ønskjer ei organisering i KS
- dei største kommunane ønskjer å vera ein motor (K10-kommunane blir sentrale)

Vedtak i KS' hovudstyre 23. mai 2012:
- etablering av eit eige program for IKT-samordning i kommunesektoren (KommIT) frå hausten 2012
- skal gå ut 2015 og etter evaluering finna ei permanent organisering og finansiering frå 2016
- eigd av KS og styrt av programstyre av kommunar, fylkeskommunar og KS. FAD og KRD bør vera observatørar
- styre og mandat skal etablerast på hovudstyremøte 22. juni

Kjetil Århus, Bergen kommune og representant for K-10

Kva har kommunesektoren gjort?
- IKT-politikk og organisering
- felles arkitekturprinsipp (FAKS)
- interkommunalt samarbeid
- FAD - digital fornying

Var usikre på org. av IKT-arbeidet, men landa på at det vil vera best å vera innafor etablerte organ.

Viktig avklaring for mandat:
- styringsform og roller (kva er KS sin rolle, kva er KommIT sin rolle?)
++

K10 vil vera ein sterk pådrivar i etableringa av KommIT og ønskjer å påverka innhald og retning.

Spørsmål frå salen:
Svein Erik Wilthil: Forvaltningsnett-samarbeid viste at det var lett å få kommunane til å samarbeida med staten om innkjøp og standardisering

<?>: Høyrer ikkje eit ord om brukarane og deira behov. Kva har dei tenkt rundt dette, særleg med tanke på nye behov framover (jfr. Arne Krokan sitt innlegg)?

KÅ: Godt spørsmål som han hadde tenkt å ta med i presentasjonen. Brukarane sine behov skal liggja i botnen, KommIT kjem inn på eit seinare tidspunkt, i iverksetjing.

TA: Målet med IKT-org. er å levera betre kvalitet på tenestene

torsdag 17. mai 2012

Porsche Design



Porsche 911. Foto: Public domain


911 - eit design-ikon i bilhistorien
Eg har alltid trudd at Porsche Design har vore eit innom-hus designbyrå for Porsche, men det er først i dei seinare åra. Ferdinand Alexander Porsche starta Porsche Design Studio i 1972, etter å ha gått ut av leiinga i bilprodusenten Porsche. FA Porsche (1935 - 2012) er likevel mest kjend for design av 911, eit absolutt ikon designmessig. Han var soneson til Ferdinand Porsche, grunnleggjaren av bilfabrikken.

Han stod også bak design på Porsche 904, og det var bilen han var mest nøgd med utforminga på. Og det er ein vakker bil, ingen tvil om det!


Porsche 904 GTS Foto: Terabass, CC  BY SA 3.0
"Form følgjer funksjon"
Etter å ha starta sitt eige design-studio, arbeidde FA Porsche aldri meir med bilar. Han køyrde faktisk ikkje Porsche heller, men Range Rover og Jaguar (!). Han var likevel knytt til bilfabrikanten i diverse styreposisjonar.

Filosofien hans var at design måtte vera funksjonell og han uttrykte det slik: "Wenn man die Funktion einer Sache überdenkt, dann ergibt sich die Form manchmal von allein". Eit hjulhus må vera rundt fordi hjulet er rundt!

Endå ei pipe..
Gjennom Porsche Design Studio utvikla FA Porsche klassiske produkt som den svarte klokka, Carrera-solbrillene og pipa med "luftkjølings-ribber". Då pipa skulle formgjevast, sa Porsche til medarbeidarane: "Es gibt bereits Millionen von Pfeifen, wir machen die Pfeife". Og det gjorde dei; Porsche-pipa vart ein klassikar ulik alle andre piper.
909 Pipe. Foto: Porsche Design