søndag 25. januar 2015

Bitcoin: Årsmelding for 2014

Bitcoin i 2014 kan karakteriserast ved to motsetningsfylte overskrifter:

1. Annus horribilis
2. Bitcoin going mainstream

Annus horribilis
På denne tida i fjor var Bitcoin-hysteriet på veg mot den høgste toppen, sjølv om kursen hadde gått noko ned frå toppnoteringa i november/desember 2013. Der Bitcoin var årets investering i 2013, har den vore blant dei dårlegaste i 2014. Men så var det spørsmålet om Bitcoin først og fremst skal vera ei investering?

Det har gått unnabakke med kursutviklinga i 2014
(Ill: Bitcoincharts.org, CC-BY-SA 3.0)

Bitcoin-kurs frå starten av i 2009 (Bitcoincharts.org)
Ser ein Bitcoin-kursen i eit langt perspektiv, frå starten i januar 2009, er det året 2014 som "øydelegg". Utan den enorme stigninga på slutten av 2013, og ditto fall i 2014, ville kursen hatt ei nokolunde jamn utvikling fram til i dag. På ei anna side minner jo grafen unekteleg om ei mega-boble, så kanskje økonomen Robert Schiller har rett likevel ("It is a bubble, there is no question about it. ... It's just an amazing example of a bubble.").

Negative nyheiter stod nærmast i kø etter toppnoteringa i valutakurs. Det starta med Mt. Gox som gjekk over ende i februar. Etter mykje tåkelegging vart det til slutt klart at pengane var tapte for dei fleste med innskot i Bitcoin-banken. Det styrka ikkje akkurat trua på at Bitcoin er framtida..

I mars vart Newsweek relansert på papir og brukte det første nummer på ei storstilt "avsløring" av Nakamoto Satoshi, pseudonymet Bitcoin-grunnleggjaren har gøymt seg bak. Og avsløringa var, hald deg fast!, Dorian Nakamoto Satoshi. Det viste seg å vera oppspinn, etter all sannsynlegheit. Grunnleggjaren av Bitcoin er framleis ukjend.

I slutten av oktober var det den norske Bitcoin-vekslaren Justcoin sin tur til å avvikla. Heldigvis kom Andreas og Klaus betre ut av det enn andre vekslingstenester og alle som hadde Bitcoin plassert hjå dei, fekk tilbake alt dei hadde krav på. Det var banken deira, DnB, som sa opp kundeforholdet og tvinga dei til å ta med teknologien utanlands. Dei har no starta opp att som ein del av den Hong Kong-baserte bitcoin-banken ANX. Slik tek me vare på skikkelege innovasjonar i Norge!

Og innan året var omme, var vekslingskursen for Bitcoin i høve US dollar nede på under $ 300/BTC. Vidare i 2015 har kursen gått endå meir ned og var ei lita stund under US $ 200/BTC. I skrivande stund er kursen $ 250/BTC.

Bitcoin going mainstream
Den andre delen av årsrapporten er langt meir positiv. Den bryr seg ikkje om kursutviklinga, som i grunnen er ein distraksjon frå kjernen i saka. Ikkje det at ustabil kurs ikkje betyr noko, det er ikkje bra for Bitcoin-utviklinga. Men kursen er samtidig ein distraksjon i eit langt perspektiv. Bitcoin er enno ung som teknologi. Til samanlikning er me i året 1995 for web-en, og kven kunne med handa på hjarte seia at dette var det nye revolusjonerande mediet?

Den viktigare delen av Bitcoin-utviklinga skjedde slik i 2014:


  • Samla Bitcoin-investeringar (frå VC) passerte US $ 400 mill., eit tal som er større enn t.d. ivesteringane i WWW etter like mange år (auke på nesten 350 % i investeringar i høve 2013)
  • Totalt sett positivt med tanke på reguleringar, særleg i USA, der den viktige NYC-lisensen fekk ein del kritiske og posivite endringar på slutten av året
  • Ei dobling i talet på Bitcoin-lommebøker og meir enn ei dobling av talet på handelsstadar (merchants)
  • Ei femdobling i talet på Github-repositories
  • Store aktørar som Expedia, PayPal og Microsoft tok i bruk Bitcoin i løpet av året
  • Bitcoin begynner å bli teken i bruk i stort omfang for doneringar; Wikipedia opna for Bitcoin i løpet av året
It's the techology, stupid!
Fokus på valuta og kursutvikling skyggar for det verkeleg geniale med Bitcoin: Blokk-kjeda! Men samtidig kan ikkje blokk-kjeda fungera utan insentiva Bitcoin som valuta medførar; her er det eit skjebnefellesskap.

Blokk-kjedeteknologien er kommen for å bli. Det store spørsmålet er korleis sikring av transaksjonar, enten det er valuta-transaksjonar eller smarte kontraktar (eller noko heilt anna) skal finansierast. Det er her Bitcoin som valuta er viktig.

2014 såg også framveksten av det som blir kalla Crypto 2.0 og som mellom anna består av alternative blokk-kjeder.

søndag 18. januar 2015

Hagebruksundersøking

Frå SSB sitt rapporteringsskjema
SSB er ein av dei få som med lova i hand kan be om rapportar av ulike slag. Ein av dei mest meiningslause rapportane er den såkalla Hagebruksundersøkinga som blir gjennomført kvart år. Rapporteringa gjeld alle som har meir enn:

  • 300 m2 grønsaker/bær i veksthus
  • 2,0 daa grønsaker på friland
  • 1,0 daa frukttre (!)
  • 1,0 daa bær på friland
Det er nesten som ein må gni seg i augene. Faren er at det er mange idiotiske rapporteringar som dette.

Som om det ikkje var gale nok, finst opplysningane frå før. Det er berre å kontakta Landbruksdirektoratet og få overført statistikk frå søknad om produksjonstillegg.

Her har du eit bra eksempel på ein tidstjuv som lett kan eliminerast Jan Tore Sanner!

onsdag 14. januar 2015

Lenge leve Charlie Hebdo!

"Alt er tilgitt" - Muhammed feller ei tåre og erklærer
"Eg er Charlie"
Så enkelt - så overraskande - så genialt!

Spenninga var stor framfor det nye nummeret av Charlie Hebdo. Den gjenverande redaksjonen har svart på utfordringa på ein framifrå måte, og heidra kollegaene på den beste måten. Dei har teikna profeten Muhammed, men på ein måte som totalt avvæpnar - vel, i alle fall dei fleste.

Det er interessant å sjå reaksjonane etter Paris-overfallet, særleg i media. Mange aviser har gått i seg sjølve om sett at den vikande haldninga dei hadde for 10 år sidan, var feil. Trusselen frå ekstremistane må faktisk møtast, uansett. Det mest gledelege er at muslimar står tydeleg fram og seier det, det har større verknade. Men framleis manglar den store mobiliseringa, særleg blant muslimar. Dei må rett og slett stå opp og seia at dei finn seg ikkje i ekstremistane sin misbruk av religionen og profeten. Thomas Friedman skriv om dette i si spalte i New York Times, under tittelen "We Need Another Giant Protest".

Det er mykje å seia om oppfordringa av muslimar om å ta avstand frå terroren. Vart kristne avkrevd noko liknande etter Utøya-tragedien? Men når det gjeld militante islamistar, meiner eg situasjonen er annleis, og at muslimane sjølve sit med den viktigaste nøkkelen. Les t.d. Kamil Azhars innsiktsfulle kommentar på Minervanett.

lørdag 10. januar 2015

Je suis Charlie

Framsida på neste nr. av Charlie Hebdo
Nei, trass i tittelen er eg ikkje Charlie, men eg gjer det vesle eg kan for å heidra dei som vart drepne og for å vera med i den store ringen som må lagast rundt dei som blir utpeikte som neste offer av terroristane.

Me må ikkje gjera same feilen som i 2006, då ullen relativisering med Jonas Gahr Støre i spissen, gjorde det uklart kven som eigentleg var å klandra. Jyllandsposten og teiknaren Kurt Westergaard vart ståande sørgjeleg åleine då truslane frå ekstreme islamistar kom.

Ultimatumet frå ekstremistane er klart: "Den som teiknar profeten Muhammed blir drepen!". Kva gjer me då? Då teiknar me profeten Muhammed alle; både store og små, aviser, sosiale media - kort sagt alle. På den måten lagar me ein stor ring rundt dei som hittil har stått altfor åleine; Charlie Hebdo, Kurt Westergaard og andre.
Nokre av dei klokaste uttalelsane etter Paris-tragedien har komme nettopp frå muslimar; som generalsekretær i LIM, Sylo Taraku (kronikk i VG 09.01) og Aftenpostens Mohammad Usman Rana (intervju på TV2 Nyhetskanalen 10.01). Det er gledeleg at dei tek eit så klart standpunkt, og sjølv om satire av profeten Muhammed også er sårande for dei, ser dei at dette reelt sett handlar om dei mest funamentale verdiane i samfunnet vårt.

Ein annan viktig grunn til å redistribuera karikaturteikningar er å hindra at ekstreme høgrekrefter får rå denne grunnen åleine. 

lørdag 3. januar 2015

Alan Turing - The Enigma

Alan Turing i 1951
(Foto: Public Domain)
Andrew Hodges' definitive Turing-biografi "Alan Turing - The Enigma" kom ut i 1983 og vart revidert i 1992. Filmen "The Imitation Game" byggjer på biografien. Andrew Hodges er sjølv matematikar og har undervist ved Wadham College, Oxford University, sidan 1986. Biografien er omfattande og imponerande, og det trass i at det har vore vanskeleg å få tak i informasjon om Alan Turing.

Upper Middle Class
Alan Mathison Turing vart fødd i 1912 av foreldre som tilhøyrde "upper middle class". Særleg mora var oppteken av plasseringa, og passa heile tida på at Alan skulle kle seg og oppføra slik at han ikkje vart teken for "lower middle class" - utan særleg hell! Faren arbeida i India, i det som heitte Indian Civil Service (ICS), og Alan vart unnfanga i India, men fødd i England. Alan hadde ein eldre bror, John.

Kostskulen Sherborne
Han gjekk på skule først på offentlege St. Michael's og seinare den private kostskulen Sherborne School. Her hadde han ei tøff tid, sær og utanfor som han var. Engelske kostskular var ikkje spesielt opptekne av kunnskapsdelen av utdanninga, men å gjera "boys to men" - å læra dei det sosiale hierarkiet og passa på at dei innordna seg det. Den konservative innstillinga gjaldt i heile samfunnet, både innan utdanning og seinare skulle han få oppleva det i militæret. Alan var mykje for seg sjølv, men fekk ein god venn i Christopher Morcom. Dessverre døydde Christopher av tuberkulose berre 18 år gammal. Det gjekk sterkt inn på Alan.

Bok og kjemisett avgjerande
Av ting som prega Alan sterkt i oppveksten, var eit kjemisett han fekk, og boka Natural Wonders Every Child Should Know (av amerikanske E. T. Brewster). Med kjemisettet gjorde han mange forsøk, ofte med det resultatet at han ikkje såg ut etterpå. Boka Natural Wonders var, ulikt engelske bøker, ei bok som gjekk rett på sak og stilte spørsmål om kven menneska eigentleg var, og kvar me kom frå. Boka fekk han som 10-åring. Alan Turing sa seinare at det var boka som opna augene hans for vitskapen, og lærte han å stilla spørsmål ved nær sagt alt.

King's College, Cambridge
(Foto: Christian Richardt)
King's College
Frå 1931 til 1934 studerte Alan ved King's College i Cambridge. Trinity College var det mest prestisjefylte innan matematikk, men miljøet ved King's var truleg betre for ein type som AT. Han leverte ei oppgåve om "the central limit theorem" og vart teken opp som Fellow at King's College, berre 22 år. Typisk nok hadde Alan bevist teoremet utan å vera klar over at det var gjort tidlegare. Det var noko som gjentok seg ofte; han sette seg ned for å løysa eit problem og såg verken til høgre eller venstre, men gjekk rett på.

"Pretty normal bisexual man"
Mykje har vore skrive og sagt om Alan Turings homoseksualitet. Men ved King's College var ikkje det noko som skapte hysteri, som elles i samfunnet. Som det heitte om ein person: "He was a pretty normal bisexual man". Det viser også den uhyre viktige verdien av den frie forsking og det frie forskings- og utdanningsmiljøet - noko å tenkja på i desse stadig meir styrte FoU-tider..

Alan Turing var open om seksualiteten sin, så open som det går an i 1930-åra i England. Han skamma seg aldri over det, slik dei fleste nok gjorde. For han var det heilt naturleg, og han forstod ikkje motviljen mot homoseksuelle og homoseksualitet. I den grad han var plaga av det, var det meir dei praktiske sidene og at han ikkje kunne leva ut homoseksualiteten fullt ut. Det vart for alvor klart i 1952..

"On Computable Numbers" og universell maskin
I 1936 leverte han arbeidet "On Computable Numbers, with an Application to the Entscheidungsproblem", der han omformulerte Kurt Gödel's artimetikk-baserte språk til ei enkel og hypotetisk maskin han kalla Universal Machine, som seinare har vorte kalla Turing Machine. I arbeidet med å motbevisa David Hilbert's påstand (Entsheidungsproblem) hadde AT "konstruert" den moderne datamaskina. Ei Turing-maskin er i stand til å utføra alt som let seg formulera som ein algoritme. Etter å ha vist kva datamaskiner (og matematikken) ikkje kan, arbeidde Turing ironisk nok resten av livet med å visa kva datamaskiner er i stand til!

Alan Turing hadde ei sjeldan gåve ved at han i tillegg til formidable abstrakte matematiske evner også var i stand til å setja dei ut i livet, som ein praktiserande ingeniør. I England hadde ikkje ingeniørar særleg statur (har dei det i dag?), i motsetnad til Tyskland og Frankrike. Det var difor ikkje vanleg å kunna kombinera teoretiske og praktiske evner. Det var noko AT fekk stor bruk for under krigen.

Laga sin eigen binære kalkulator
Men først praktiserte han det gjennom å konstruera sin eigen elektro-mekaniske binære kalkulator. Det ga han uvurderleg innsikt i samanhengen mellom det teoretiske og det praktisk fungerande. I tida 1936-38 var han mykje ved Princeton University, som då hadde vorte eit kraftsenter innan matematikk, på kostnad av Göttingen. Det var nazi-regimet å takka for det, for mange av dei mest lovande matematikarane i Tyskland og Østerrike flykta til USA og vart plukka opp av Princeton. Der var John von Neumann ein leiande figur. Men AT studerte med Alonzo Church, som like før ATs "On Computable Numbers" publiserte si eiga løysing på det same problemet (men mindre intuitivt og elegant enn AT).

Enigma-maskin (Foto: Karsten Sperling)
Enigma
Etter at England og Frankrike erklærte krig mot Tyskland i september 1939, etter den tyske invasjonen av Polen, vart Alan Turing og andre matematikarar ("men of professor type", som leiaren av GC&CS, Denniston kalla dei) kalla inn til teneste ved Government Code and Cypher School (GC and CS). GC&CS låg under marinen og var ansvarleg for kryptoanalyse. Dette var eit forsømt felt og England låg sørgjeleg langt etter. I realiteten hadde det ikkje skjedd stort sidan første verdskrigen. Men engelskmennene var heldige og fekk god starthjelp frå polakkane, som hadde klart å identifisera vesentlege detaljar om tyskarane sine Enigma-maskiner.

Tyskland baserte nesten all kommunikasjon på krypterte meldingar frå Enigma-maskiner. Dette var militært forbetra utgåver av den kommersielt tilgjengelege Enigma. Den militære utgåva hadde eit pluggbord kopla til, noko som auka talet på mulege kombinasjonar vesentleg. Talet på mulege kombinasjonar var så høgt (1,3 x 10**12 for kvar av dei 6 x 17 656 rotor-posisjonane) at det vart sett på som heilt umuleg å knekkja. Og med eit reint "brute force"-angrep utan noko førehandskunnskap, ville oppgåva vera umuleg.

Polen langt framme på kryptoanalyse
Men polakkane hadde fått tak i koplingsoppsettet til rotorane (the wiring of the rotors) via fransk etterretning. Også engelskmennene hadde fått denne informasjonen, men utan å føreta seg noko. Polakkane sette imidlertid tre topp-matematikarar på saka og klarte å avsløra koplingane. Det essensielle med Enigma-maskinene var oppsettet (rotorinnstillinga) for kvar gang. Denne vart skifta kvart døgn, kl. 24.00 presist. Det var dette oppsettet som var heilt vesentleg å finna ut av, for å kunna dekryptera meldingane det følgjande døgnet. Og tida var heilt avgjerande; det hjelpte lite å finna rotorposisjonane dagen etter. Polakkane bygde ei elektromekanisk maskin (= "a Bombe") for å køyra eit "brute force"-angrep på alle mulege rotorposisjonar gitt at dei visste ein bokstavsekvens. Men hausten 1938 endra tyskarane Engima-maskinene sine og sette inn fleire rotorar, og dermed måtte polakkane gi opp.

Fungerande kopi av ei Turing-bombe
(Foto: Tom Yates)
Meir avanserte "bomber"
Slik var situasjon då Alan Turing & co. overtok. Dei fann til slutt fram til ei langt meir avansert "bombe" (namnet fekk maskinene fordi dei ga ein tikkande lyd etter kvart som dei leitte seg fram gjennom rotorposisjoanr). AT var sentral i dette arbeidet, men også kollegaen hans Gordon Welchman kom med avgjerande løysingsforslag slik at det til saman vart ei genial maskin. Den første prototypen var klar i mai 1940 og etter kvart vart fleire laga. Dei var ikkje plasserte ved Bletchley, men på ulike stasjonar utanfor, der dei vart passa på av damer ved Women's Royal Navy Service (WRENS) som fortløpande las av posisjonar gitt av maskinene. Desse posisjonane vart så sende tilbake til Bletchley. Dei som arbeida med maskinene visste ikkje kva dei dei var med på, dei gjorde berre som dei fekk fortalt. Det var eit spesielt miljø ved desse stasjonane:
They were impressive and rather beautiful machines, making a noise like that of a thousand knittting needles as the relay switches clicked their way through the proliferating implications.
Kryptoanalyse meir enn "brute force"
Sjølv om desse maskinene på sett og vis utførte brute force"-angrep, handlar kryptoanalyse om langt meir enn å prøva ut alle mulege kombinasjonar. Dei ville ikkje hatt ein sjanse til å løysa krypteringane om dei ikkje visste noko på førehand. Tyskarane på si side hadde så stor tiltru til Enigma at dei ikkje fann grunn til å undersøkja nærmare om krypteringane kunne vore brotne, sjølv når dei hadde gode grunnar til å mistenkja det. Kanskje var det den tyske ingeniør-mentaliteten som gjorde seg gjeldande, der dei la all skjebnen i maskinene sine. Men det som var kryptert med maskiner kunne også dekrypterast ved hjelp av maskiner. Faktisk var ikkje Enigma og kryptomaskiner nødvendigvis sikrare enn gammaldags handkryptering:
Machine ciphers were not inherently secure, as the Enigma proved. The Foreign Office continued to use a hand system based on books; it remained unbroken. Blethcley deciphered the Italian's naval mchine system; but was increasingly powerless against their book ciphers. What was enciphered on a machine might all the easier be deciphered on a machine.
Churchill forstod
Churchill sjølv besøkte Bletchley Park hausten 1941 og var imponert av det han såg. Han skjønte, i motsetnad til store delar av marinen, kor viktig dette arbeidet var, og ba om å få dagleg oppdatering av arbeidet og viktige tyske meldingar. Han kalla Bletchley-miljøet for "the geese that laid the golden eggs and never cackled".

Nokre veker seinare skreiv Alan Turing og tre av kollegaene hans eit brev direkte til Churchill der dei forklarte problema med underbemanning og at dei difor ikkje klarte å halda tritt med nødvendig dekryptering. Churchill ga umiddelbart ordre vidare: "Make sure they have all they want on extreme priority and report to me that this has been done!". Nødvendige ressursar, både i form av arbeidskraft til å lesa av "bombene" og ressursar elles, kom på plass og dei var i stand til å halda tritt med den store mengda tyske meldingar.

Det var altså slett ikkje slik det vart framstilt i "The Imitation Game" at Turing åleine skreiv brev til Churchill og at det var for å finansiera den første "bomba".

Systematisert sannsynlegheitsrekning
Ein annan stor feil i filmen er sekvensen om Alan Turing som utviklar eit system for sannsynlegheitsrekning til bruk for å avgjera kva dekrypterte meldingar som skal sendast vidare eller forkastast. Det er ei heilt feil framstilling av historia. Alan Turing utvikla ein matematisk teori basert på Bayesisk sannsynlegheitsrekning for å få ei betre og meir systematisk gjetting av cipher-tekst slik at det kunne gjerast maskinelt. Dette arbeidet var sentralt i å vidareutvikla dekrypteringa og halda tritt med meldingane til den tyske marinen.

Kryptert tale
Mot slutten av 1943 hadde krigen teke ei vending og dei allierte fått eit bra overtak. Det var ikkje like stort behov for ATs tenester og han begynte å interessera seg for nye problem: kryptering og dekryptering av tale. Han gjorde banebrytande arbeid her ved Hanslope Park, som han etter kvart flytta til. Men ikkje noko av dette arbeidet vart brukt i krigen.

For innsatsen under krigen mottok Alan Turing utnemninga Order of the British Empire (OBE).

ACE - den første universelle maskina
Etter krigen vart Alan Turing knytt til utviklinga av ACE (Automatic Computing Engine) ved National Physical Laboratory (NPL). Alan argumenterte sterkt for bygging av ei universell datamaskin som han hadde vist prinsippet for i 1936-paperet. Men det var ikkje mange som forstod idéane hans, og han var ikkje akkurat ein meistar i kommunikasjon heller. For AT var det viktig å skilja instruksjonar frå maskinvare, og gjera den siste så generell (universell) og enkel som muleg. Men i siste halvdel av 1940-talet tenkte dei fleste på datamaskiner som avanserte kalkulatorar, og ville byggja inn så mykje funksjonalitet som muleg direkte i maskinvara.

Mark I ved Manchester University
Det vart mykje konfliktar og Alan Turing hoppa etter kvart av og gjekk tilbake til King's. Etter ei stund fekk han tilbod om å bli med på det konkurrerande prosjektet Mark I vec Manchester University. Planane for denne maskina gjekk ikkje så langt som ACE, og den var meir spesialisert. Alan skreiv Programmers' Handbook som dokumentasjon på bruken, men du skulle ha eit ganske godt innblikk i maskina om du skulle forstå det som stod der. Turing brydde seg heller ikkje om å oversetja base-32 til meir forståelege teikn; han "snakka" flytande base-32 og såg ikkje kva som var problemet.

Bruken av datamaskina var ikkje lett:
[Using the machine].. required considerable physical stamina. Starting in the machine room you alerted the engineer and then used the hand swithces to bring down and enter the input program. A bright band on the monitor tube indicated that the waiting loop had been entered. When this had been achieved, you ran upstairs and put the tape in the tape reader and then returned to the machine room. If the machine was still obeying the input loop you called to the engineer to switch on the writing current, and cleared the accumulator (allowing the control to emerge from the loop). With luck, the tape was read. As soon as the pattern on the monitor showed that input was ended the engineer switched off the write currendt to the drum. Programs which wrote to the drum during the execution phase were considered very daring. As every vehicle that drove past was a potential source of spurious digits, it usually took many attempts to get a tape in - each attempt needing another trip up to the tape room.
"Missed opportunity"
Turing hadde omtalt alt som utgjer eit program, men det som mangla var å skriva det ut i samanheng. Han hadde mentalt klart for seg kva eit programmeringsspråk var. Han hadde alt som skulle til for å formulera det og definera feltet; både abstrakt matematisk kunnskap og teknisk innsikt i korleis datamaskiner fungerte. Han kunne ha skapt det første programmeringsspråket, men det var ei mulegheit han enten droppa eller ikkje heilt såg nødvendig.

Fellow of the Royal Society
I 1951 vart han utnemnt til Fellow of the Royal Society (FRS), ei stor ære. Sir Geoffry Jefferson, sjølv FRS frå 1947, og ein av dei som hadde gått sterkast mot Alans syn på den elektronisk hjernen og datamaskiner som i framtida ville kunna imitera menneske, sende denne gratulasjonen, med eit vennleg lite spark:
I am so glad; and I sincerely trust that all your valves are glowing with satisfaction, and signalling messages that seem to you to mean pleasure and pride! (but don't be decieved!)

Alan Turing sa sjølv om FRS-utnemninga: I hope I am not described as "distinguished for work on unsolvable problems".

Kunstig intelligens
Alan Turing var heile livet oppteken av forholdet mellom hjerne (mind) og maskin. Han hadde stor tru på at maskinene ein dag ville kopiera menneska, og at sidan han meinte at hjernen opererte som ei "discrete state"-maskin, ville det vera muleg å emulera den.

Rettsak og kjemo-terapi
I 1952 skjedde det fatale då det først var eit innbrot i Alan Turing si leilegheit. Men då politiet vart trekt inn, interesserte dei seg meir for Alan Turing sin legning enn for innbrotet, og det enda med tiltale og straffesak fordi han hadde hatt seksuell omgang med menn, noko han ikkje la skjul på. Han vart dømd og fekk valet mellom fengsel i to år eller kjemo-terapi i eitt år (medisinering med østrogen). Han valde det siste, og gjekk på østrogenbehandling i eitt år. Verre var det at han ikkje kunne praktisera seksuelt i England, og han reiste difor utanlands, mellom anna til Norge. I Bergen fekk han ein venn som heitte Kjell (eller vart kalla Kjell).

Då behandlinga var over fekk Alan etter kvart eit tilbod om bortimot fast stilling ved Manchester University. Det var i første omgang for fem år, men som kunne forlengjast til 10 år. Stillinga heitte Readership in the Theory of Computing og han var i praksis fri til å gjera det han ville, når han ville og kor han ville.

Plakett utanfor Turing sitt hus i Wilmslow,
Cheshire (Foto: Joseph Birr-Pixton)
Overraskande sjølvmord
Sjølvmordet den 7. juni 1954 kom difor svært overraskande på alle. Det var meir enn to år sidan rettsaka og meir enn eitt år sidan han avslutta østrogenbehandlinga. Han hadde fått fast jobb med universitetet i Manchester og var fri til å gjera det han ville. Det var slik sett veldig rart at han skulle velja å avslutta livet på det stadiet, sjølv om han sikkert hadde problem nok. Den vanlege myten er at han tok livet i samband med østrogenbehandlinga, men det er vanskeleg å slå fast nokon klar samanheng.

Det er også vanleg å hevda at han døydde av cyanidforgifting etter å ha ete av eit forgifta eple, akkurat som Snøkvit. Det vart fastslege at dødsårsaka var cyanidforgifting, men eplet vart aldri undersøkt! Det er difor ikkje fastslege 100 % at dette var dødsårsaka, sjølv om mykje peikar i den retninga.

Mora godtok aldri at Alan Turing tok sitt eige liv og meinte at det heller hadde skjedd som følgje av ei ulykke. Andre har seinare kopla dødsfallet til Alan Turings ustabilitet og den sikkerheitsrisikoen han truleg vart oppfatta å vera. Men saka vart aldri etterforska, sjølv om fleire har teke til orde for at saka burde takast opp att, i det minste for å utelukka at hendinga hadde noko med hemmelege tenester å gjera.

Offentleg orsaking
Så seint som 24.12.2013 signerte dronning Elisabeth II ein offentleg "pardon", og den vart først offentleg annonsert i august 2014. Då hadde mange arbeida lenge for å få reinvaska Alan Turing og få ei offentleg orsaking. Ein offentleg "pardon" er
".. the forgiveness of a crime and the cancellation of the relevant penalty; it is usually granted by a head of state (such as a monarch or president) or by acts of a parliament or a religious authority." 
Denne typen orsaking og frikjenning er sjeldan, men så er Alan Turing si sak også spesiell.





onsdag 31. desember 2014

Maserati i 100!

Maserati markerer 100-årsjubileet
Året 2014 er snart over og eg har ikkje markert viktige bilhistoriske hendingar - ikkje bra! Før året ebbar ut, skundar eg meg å helsa Maserati med 100 år.

På slutten av 1914, godt inn i første verdskrigen, starta brødrene  Alfieri, Bindo, Carlo, Ettore, and Ernesto verkstaden Alfieri Maserati. Første bilen kom rett nok ikkje før i 1926.

Maserati-børdrene var opptekne av racing og bygde bilar først og fremst for å delta i løp. Dei selde bedrifta i 1937 til Orsi-familien.

Storheitstida for Maserati var på 1950-talet, og då særleg med konkurransebilen 250F. Legendariske racerførarar som argentinske Juan Manuel Fango og italienske Tazio Nuvolari

I 1968 overtok Citroën eigarskapen over Maserati. Noko av problemet for Maserati har vore skiftande eigarskap og dermed skiftande strategi. For eit luksusmerke som Maserati var det ikkje spesielt kjekt for kundane å sjå at mange delar var delte mellom billege Citroën-modellar og dyre Maserati..

Maserati 250F - eit ikon frå seint 1950-talet

Etter eit mellomspel med De Tomaso tok Fiat over Maserati i 1993 og eig det framleis. Etter mange år med problem og tvilsam kvalitet, ser no Maserati så smått ut til å ha komme til hektene att og har fleire interessante modellar. Produksjonen er likevel ikkje veldig stor; knappe 16 000 bilar i 2013 (men til samanlikning laga Ferrari berre halvparten så mange).

søndag 28. desember 2014

Alan Turing - The Imitation Game

"The Imitation Game" - vel verdt å sjå,
men les også boka!
Filmen om Alan Turing er ein av årets store hendingar på filmfronten, og med norske Morten Tyldum som regissør, får den ekstra stor merksemd her i landet. Dessverre er ikkje filmen så god som Alan Turing hadde fortent. Den er basert på boka "Alan Turing - The Enigma" av Andrew Hodges, men tek seg svært stor fridom i forhold til den.

Tittelen er god, den har minst dobbel betydning, kanskje trippel. Den spelar både på Turings problem med å spela "normal", gitt at han var homoseksuell og på det hemmelege livet ved Bletchley han måtte prøva å dekka over. I tillegg kan også hans eigen Turing test lesast inn i den, ein test for å prøva å finna ut kva som er maskin og kva som er menneske, når maskinene etterliknar menneska. Som det heiter i boka til Andrew Hodges:
"But as chief consultant to GC and CS, he was living at the heart of yet another imitation game, doing work that did not officially exist. Now there was almost nothing n his life that he could talk about but chess-playing and fir cones."
Gode skodespelarar, dårleg manus
Gode skodespelarar gjer at dette ikkje blir ein dårleg film, og for dei som ikkje kjenner boka, eller historia om Alan Turing i meir detalj, er filmen sikkert god, trass i at den er meir Hollywood enn Hollywood sjølv. Eg er midt i boka til Andrew Hodges og skal omtala den når eg er ferdig.

Filmen har fått blanda mottaking, men mest god omtale i norske media. Mykje skuldast sikkert at den har norsk regissør. Av meir kritiske omtalar er The New York Times og vårt eige Dagens Næringsliv. NY Times avsluttar omtalen med "It’s kind of perfect, and also kind of stale." medan DN kallar den  "en vellaget film, men ganske banal",

Feil framstilling av Bletchley
Mykje av det som blir framstilt i krigsperioden, i Government Code and Cypher School (GC and CS) Bletchley Park, er feil og misvisande om me skal leggja Hodges' bok til grunn, og det skal me vel. Ikkje noko tyda på at det var konflikt mellom leiing og Turing, og mellom Turing og kollegaene. Og i følgje Hodges var det aldri snakk om at Alan Turing vart trua med oppseiing. Han var ein spesiell person, og som einstøing litt vanskeleg å samarbeida med fordi han likte best å gjera ting sjølv. Men han var aldri vanskeleg på den måten filmen framstiller det.

Bletchley som fristad for Turing & co.
Den største feilen i filmen er å framstilla GC and CS som ein klassisk militært kommandodriven organisasjon. Det var tvert om fridommen organisasjonen ga Turing og kollegaene som var sjølve nøkkelen til suksess. Dei prøvde aldri å tvinga sivilistane inn i "order, discipline and chain of command", som nok elles var den militære formelen. Alan Turing kunne aldri fungert i ein slik organisasjon, og det såg heldigvis leiinga. Her var også Churchill sjølv sentral, men ikkje på den måten det blir framstilt i filmen.

Turing og tre kollegaene skreiv eit brev direkte til Churchill fordi det mangla arbeidskraft til å formidla resultata frå "bombene" etter kvart som talet på meldingar skaut i veret. I brevet blir det understreka at dei ikkje går bak leiinga ved GC and CS sin rygg, tvert om har leiinga gjort alt dei kan, men at leiinga dessverre ikkje når fram gjennom ordinær linje. Churchill ga resolutt beskjed same dagen: "Make sure they have all they want on extreme priority and report to me that this has been done."

Også rekrutteringsprosessen gjennom kryssordkonkurransen er eit "filmtriks". Joan Clarke var matematikar som Turing og vart også rekruttert frå King's College i Cambridge. Sidan kvinner ikkje kunne ha stillingar som kryptoanalytikarar på same måte som menn, måtte ho rekrutterast til ei meir mjuk "lingvistikk"-stilling.

The Bombe(s)
Framstillinga av The Bombe(s) er heller ikkje korrekt. Det var rett nok Alan Turing som hadde ide og gjorde mykje av arbeidet, men dei starta ikkje på nullpunktet slik det vart framstilt i filmen. Polakkane hadde gjort viktig og avgjerande arbeid med Enigma som gjorde at engelskmennene fekk ein god start. Innan kryptoanalyse låg England mange år bak Polen og andre land; dei hadde i realiteten ikkje utvikla fagfeltet sidan første verdskrig. I marinen var det framleis ideal frå forrige århundre som gjaldt då krigen tok til i 1939. Dei var konservative som berre engelskmenn kan.

Mange andre detaljar frå filmen verkar også å vera fri fantasi, og ser ikkje ut til å vera nødvendig for å laga ei spennande historie. Turing var forlova med Joan Clarke, det er rett, men brotet var på ingen måte slik det vart framstilt i filmen. Alan sende Joan følgjande utdrag frå Oscar Wildes dikt The Ballad of Reading Gaol:

Yet each man kills the ting he loves,
By each let this be heard,
Some do it with a bitter look,
Some with a flattering word,
The coward does it with a kiss,
The brave man with a sword!

Det var noko ganske anna enn den ynkelege måten det vart framstilt på i filmen.

Hadde fortent ein betre film
Eg veit ikkje om det er manusforfattar eller regissør som har ansvaret for at filmen vart som den vart; til slutt er det vel uansett regissøren som må ta det endelege ansvaret. Eg meiner uansett at Alan Turing hadde fortent ein betre film. Men om filmen kan bidra til å heidra Turings ettermæle og retta opp noko av den grove uretten han vart utsett for, har den i alle fall gjort noko bra.

onsdag 24. desember 2014

Drikk jól med godt juleøl

Årets heimelaga juleøl - ein jule-ale
Det var i dei dagar det gjekk ut bod om at alle skulle bryggja juleøl. Ja, ikkje berre bod, men påbod. I den gamle Gulatinglova var det var straff for dei som ikkje bryggja øl til jul.

Tidene har endra seg sidan den gangen, for 7-800 år sidan, til det motsette der det fram til få år sidan var ulovleg å bryggja øl dersom du ikkje brukte ditt eige korn! Den lova er heldigvis borte, og tradisjonen med juleøl har teke seg kraftig opp. Der det før var konkurranse mellom Ringnes, Frydenlund, Hansa, Mack og nokre få andre bryggeri om å ha det beste juleølet, får testpanela i dag opp mot 100 ulike variantar juleøl.

Juleølet skal vera mørkt og kraftig!
Juleølet skal helst vera litt mørkare og kraftigare enn anna øl. Det typiske juleølet frå dei store bryggeria, har styrke 6-7 volumprosent og med mykje bruk av karamellmalt som gir eit søtleg øl. Det er også vorte meir vanleg å tilsetja ulike krydder, men det må gjerast med ei varleg hand, elles kan det ta heilt overhand.

For eigen del held eg Ringnes julebokk som eit av dei beste juleøla, og har gjort det lenge. I fjor var det dessverre ikkje muleg å få tak i pga. ein produksjonsfeil. Men i år er den tilbake, like god som før. Også Balder sin Julebukk må nemnast. Den liknar på Ringnes sin julebokk, men er litt meir alkoholsvak (7 %) og har ikkje fullt så karakteristisk brent ettersmak.

Krydder eller ikkje?
Sjølv bryggja eg ein jule-ale for 4 veker sidan, på Speidel Braumeister. Vørteren vart tilsett krydder, flaska og sett til ettergjæring og modning. Av frykt for å få ein heil produksjon øydelagt av for mykje krydder, eller feil krydder, let eg halvparten vera utan slik at eg i verste fall berga noko av ølet.

Tomasmesse og ølsmaking
Men ølet viste seg å vera godt, både med og utan krydder. Som skikken tilseier, vart juleølet smakt på Tomasmesse-dagen (21. des.), som også er dagen for solsnu. Det med Tomasmesse og smaking på juleølet stod å lesa på Kinn sitt Tomasmesse-øl, eit kraftig og godt øl med heile 10 % alkohol.

Drikk jol!
Då står det berre att å drikka jól og seia god jul med Olav H. Hauge sitt enkle vers, funne på eit julekort han sende i 1981:

Me fær halda jol 
i kvart vårt bol 
og vera sæle te 
at me har fred 
- og mykje ved

fredag 19. desember 2014

Julenissen kom tidleg - med Samsung Galaxy Tab S 8.4

Galaxy Tab S 8.4 ligg godt i handa
Eg fann ut at eg har vore så snill i år at eg fortener ein fin julepresang. Og sidan eg ønskte meg eit nytt nettbrett, vart det ein Samsung Galaxy Tab S 8.4. Det stod mellom denne og Sony Xperia 3. Men sidan Sony er veldig dårlege til å marknadsføra og selja produkta sine, i alle fall her til lands, fall valet på Samsung.

Nexus 7 ut
Eg har alt eit nettbrett, ein Nexus 7 som eg har vore veldig godt fornøyd med. Men alderen begynner å setja sitt preg, og særleg batteriet har begynt å tapa seg. Farten er heller ikkje som då den var ny; det verkar som kvar oppgradering av Android syg litt meir krefter ut av brettet, med unnatak av 4.3-oppgraderinga.

Eihands-grepet
Det beste med Nexus-en er eitthands-grepet: Den er svært god å halda med ei hand (i portrett-modus). Ein viktig test før eg kjøpte Galaxy-brettet var difor eihands-testen. Og Galaxy-en er god å halda i ei hand. Den er berre eit par millimeter breiare enn Nexus-en, trass i at skjermen er 20 % større.

16:10-forhold
Ein viktig grunn til, og føresetnad for, eit godt eihands-grep er at nettbrettet har 16:10-forhold mellom lengde og breidde (evt. 16:9). iPad og enkelte andre nettbrett som nye Nexus 9, har 4:3-forhold. Dermed blir sjølv den minste iPad-en for brei til at den er særleg god å halda i ei hand.

Super skjerm
Skjermen er den delen av nettbrettet som har fått mest skryt. Samsung "pumpar" rett nok opp fargane på AMOLED-skjermane sine, men det funkar. Fargane står rett og slett ut frå brettet. Med ei oppløysing på 2560 x 1600 må du ha lupe for å sjå piklsar, men sjølv då slit du. I Amobil.no/Tek.no sin test var det berre prisen dei hadde noko å utsetja på. Men når den no kostar 2.880,- (på Elkjøp), kan det punktet strykast.

Så langt kan eg berre seia: Ei slik julegåve kan ikkje bli feil, skund deg å handla før det blir utselt!

mandag 8. desember 2014

Norges låver

"Norges låver" frå Skald forlag
Det er årets boktittel, ikkje tvil om det. Boka "Norges låver" av Oddleif Apneset (foto) og Eva Røyrane (tekst) og utgitt på Skald forlag, har fått mykje og fortent merksemd og ros. I tillegg til ein knakande god tittel er også idéen god: å fotografera og dokumentera dei mange låvane/fjøsa rundt om i landet vårt. Dersom noko skal seiast å vera typisk for landet, er det den spreidde busetnaden og dei mange gardsbruka, med uthus i mange stilartar.

Det er viktig å dokumentera denne sida av Norge, både kulturelt og arkitektonisk. Riksantikvar Jørn Holme skriv i forordet at endringa frå klyngetun til frittståande hus og større låvar, er ei av dei største og mest dominerande endringane me har sett. Denne bygningsforma er igjen i endring og det er viktig å få dokumentert før altfor mykje forsvinn. Forfallet har starta mange stader, og heldigvis har ikkje Oddleif Apneseth lete vera å ta bilete også av halvt nedfalne låvar. Det er kanskje litt trist å sjå, men det er samtidig ein viktig dokumentasjon av endringane som skjer.

Typisk Apneseth: Eit bilete med ganske så oppstilte motiv, til og med traktorane er regisserte

Etter innleiingskapitlea "Den store låvereisa" og  "Landbrukets katedralar" er boka delt inn i kapittel for kvart fylke. Innan kvart fylke ser bilete og tekst litt tilfeldig ut og følgjer ikkje noko fast mal.

Dette er ei praktbok som etter mi meining har to store feil:

  1. Feil format!
    Bokformatet er tilnærma kvadratisk (24 x 23 cm), noko som gjer at biletformatet ikkje passar godt.
  2. Manglande bilettekstar!
    Dessverre er bilettekstane mangelfulle. Det blir berre oppgitt kommunenamn, og det er for dårleg for eit slikt dokumenterande verk. Biletteksten er heller ikkje kopla til bileta anna enn med eit nummer, og det gjer lokaliseringa endå vanskelegare
Eksempel på uheldig format og bilete som strekkjer seg over den eine sida

Trass i desse manglane er boka absolutt å tilrå og bør vera å finna på mange stovebord (det er ei  typisk "kaffibord"-bok [coffee table book]).

Dessverre ingen bilettekstar og heller ingen gardsnamn/presis lokalisering

lørdag 6. desember 2014

Slaget om lommeboka

Førsteamanuensis Eirik Sjåholm Knudsen, NHH, tok i ein kronikk i Dagens Næringsliv fredag 27.11 opp temaet kampen om mobilen som lommebok, med tittelen "Slaget om lommeboken". Eg reagerte på at kryptovaluta/Bitcoin ikkje var nemnt som ein muleg utfordrar, og skreiv eit lesarinnlegg til DN. Det stod på trykk i dag, 06.12. Litt seint med andre ord..

Slaget om lommeboka
Eirik Sjåholm Knudsen ved NHH/forskargruppa STOP tek i fredagens kronikk opp kampen om teknologiske betalingsløysingar. Det oppsiktsvekkjande er at forskaren ikkje ser ut til å ha fått med seg den mest radikale innovasjonen på området dei siste åra: kryptovaluta, først og fremst representert ved Bitcoin.

Teknologiane Knudsen omtalar, spelar alle på lag med dagens gammaldagse infrastruktur i finansverda. Dei representerer berre eit nytt brukargrensesnitt på ein gammal struktur. Det er viktig nok på kort sikt, men i den store samanhengen likevel mindre viktig.

Bitcoin representerer på den andre sida ei fundamentalt ny teknologiplattform for finansielle tenester. Den er ein radikal innovasjon som truar ein etablert struktur. Ein struktur som stort sett har vore uendra dei siste 30-40 åra.

Mange radikale innovasjonar går gjennom tre fasar: 1) Latterleggjering, 2) Intens motarbeiding og 3) Allmenn aksept der teknologien blir teken for sjølvsagt. Utviklinga av Internett er eit godt eksempel. Bitcoin er i dag på nivå 2 med intens motarbeiding frå myndigheiter og finansnæring globalt. Det er difor altfor tidleg å seia om og korleis Bitcoin som teknologisk plattform, vil utvikla seg. Men den har sprengstoff nok til å kunna bli for finansnæringa det mp3 og strøyming vart for musikkindustrien.

fredag 5. desember 2014

Ny ultrabook - ThinkPad X1 Carbon




Lenovo ThinkPad X1 Carbon -
ser i grunnen ut ut som ein kva som helst ThinkPad
Eg er ganske stolt over å ha hatt den gamle ThinkPad T400s i 5 1/2 år. Eg kunne nok hatt den endå lenger, viss det ikkje var for eit sakn av lenger batteritid. Det er ikkje veldig hard og krevjande bruk, det største presset på prosessoren er fire aktive nettlesarar (og IE er ikkje ein av dei!) med 10-15 faner, til ei kvar tid.

Fornya pc-interesse?
PC-ar har mista interesse etter framveksten av smarttelefonar og nettbrett, men ting tyder på at trenden har snudd litt. Sjølv om det ikkje har skjedd nokon revolusjon innan berbare, har slankinga som har ført til den nye klassen ultra-bok skapt fornya interesse. Eg trur også det har samanheng med at folk har funne ut at nettbrettet ikkje er særleg produktiv i arbeidslivet. Eg ser stadig folk som dreg med seg ein iPad i tillegg til Macbook..

Kravspek
Å velja ny pc er ikkje eit enkelt val. Eg brukte lang tid på å vurdera alternativa. Dei viktigaste krava mine var:

  • lang batteritid (helst meir enn 6 timar med vanleg bruk)
  • låg vekt (helst under 1,3 kg)
  • god skjerm (oppløysing min. HD - 1920x1080)
  • godt tastatur
T400s og X1 Carbon har om lag same størrelse overflatemessig,
begge har 14" skjerm
Aktuelle modellar
Macbook ville klart vore eit alternativ om eg hadde vilja skifta operativsystem, men det var ikkje aktuelt. Eg har hatt ThinkPad-pc i alle år og har vore veldig godt fornøyd med dei. Eg ville difor gjerne halda fram med ThinkPad, men såg også at Lenovo har visse problem med å matcha andre produsentar på dette området.

Av pc-ar eg vurderte, var det særleg Microsoft Surface Pro 3. Den har mange gode eigenskapar, men vekta kjem fullt utstyrt opp på same nivå som X1 Carbon. Den er eit nettbrett som har same kraft som ein berbar, men er ikkje like god berbar som dei som er bygde slik. 

Eg vurderte også Lenovo Yoga, ein hybrid som løyser kombinasjonen nettbrett/berbar på ein annan måte enn MS Surface. Yoga 3 har komme med ein ny hengsletype, men problemet er at innmaten i den er svakare enn Yoga 2, så enn så lenge er Yoga 2 den kraftigaste modellen.

X1 Carbon er mykje tynnare..
X1 Carbon
Etter veldig mykje fram og tilbake, vart det ein X1 Carbon 2 (oppdatert modell etter den første X1 Carbon som kom i 2012). Trass i mange imponerande funksjonar, har det også vore klare svakheiter med modellen. Ein av dei store svakheitene har vore for dårleg batteritid. Den første versjonen hadde knapt 4 timar. 

Batteritid? Tja..
Batteritida var også det store spørsmålet denne gangen. Produsentane sine tal er lite å stola på. Lenovo oppgir 8-9 timar batteritid, men då trur eg ikkje du kan røra tastane. Erfaringane mine så langt er at batteriet varer 5-6 timar. Det er i underkant av kva ein bør forventa av ein berbar pc i dag, og klart den svakaste sida ved pc-en. Ved samanhengjande videoavspeling (Youtube) held faktisk ikkje batteriet 3 timar ein gang. Det er for dårleg av ein så dyr pc!
Tastaturet på nye X1 Carbon - legg merke til Fn-rada øvst.
Eit dårleg påfunn!

Endra tastaturutlegg
Ein annan ting produsentar, og særleg Lenovo, må vera forsiktige med å endra tastaturet. ThinkPad T400s som no blir skifta ut, har eg brukt kvar dag i fem og eit halvt år, utan ekstra tastatur eller skjerm. Tastaturutlegget er difor brent inn i hjernen. Å avlæra enkelte tastar er veldig vanskeleg. Dessverre må eg avlæra enkelte tastar og det betyr mykje feiltasting i starten.

Dynamiske Fn-tastar
Ein ny ting Lenovo har introdusert med denne X1 Carbon, er funksjonstastar implementert som "soft-keys". Funksjonstast-rada skifter dynamisk mellom fire typar utlegg avhengig av programmet som er aktivt, men kan også stillast inn slik at den blir styrt av brukaren. Det kan kanskje høyrast ut som eit lurt påfunn, men eg ser i grunnen berre ulemper med det. Tilgangen til funksjonar som tidlegare hadde eigne tastar, t.d. styring av lyd, ligg no skjult bak den dynamiske Fn-lista. Ikkje bra!

Bør du kjøpa ein ThinkPad X1 Carbon?
Så vil eg tilrå andre å kjøpa ein ThinkPad X1 Carbon?
Svaret må bli eit ja, men med eit atterhald. Prismessig er den for dyr, og du må nesten vera ThinkPad-frelst for å forsvara kjøpet. Men tastaturet, som ThinkPad alltid har vore betre enn konkurrentane på, er framleis veldig bra. Bortsett frå flytting av ein del tastar, og tullet med dynamiske Fn-tastar, er tastaturet minst like bra som tidlegare modellar, faktisk endå betre.

lørdag 29. november 2014

Konsert med John McLaughlin

73 år inga hindring!
Kvalitet på dagen i prisutdelinga for årets offentlege digitale teneste, og kvalitet på kvelden i konserten med John McLaughlin & The 4th Dimension på Victoria jazzscene.

John McLaughlin, eller Mahavishnu John McLaughlin som han ofte kallar seg, er ei av jazzens levande legender, og slik sett var det kjekt å få med seg konserten. Musikalsk kan levande legender bety så mangt, men enkelte av jazzens utøvarar klarer seg fint sjølv om dei har passert 70 år. McLaughlin er ein av dei som ikkje ser ut til å vera særleg tynga av alderen, trass sine snart 73 år. Han verka ekstremt vital og i storform!

Viktig stilskapar
John McLaughlin har vore ein stilskapar innan fusion, dvs. samansmelting av jazz og rock/funk. Samspelet med Miles Davis på i alt fem album, mellom dei klassikarar som In a Silent Way og Bitches Brew, var med på å løfta han fram i fremste rekkje på slutten av 60-talet og starten av 70-åra. Som bandleiar vart han mest kjent for musikken han laga i Mahavishnu Orchestra.

Ordet Mahavishnu stammar frå hinduismen og betyr overjordisk (eller som det blir oversett til engelsk:  "the Supersoul of all living beings"). Indisk filosofi var populært blant mange musikarar på 70-talet, men for McLaughlin var det meir enn eit overfladisk stunt. Han vart djupt inspirert av filosofien/religionen (ofte vanskeleg å skilja desse to) og samarbeida tett med indiske musikarar. Men i Mahavishnu Orchestra var det berre vestlege musikarar.

Gary Husband (k), Etienne Mbappé (b), Ranjit Barot (t) og
John McLaughlin (g) [Bilete henta frå www.nasjonaljazzscene]
Tett og godt band
Sjølv om storheitstida for McLaughlin var på 70-talet, var det tydeleg at han ikkje er gløymt. To fullsette konsertar fredag kveld vitnar om at han framleis har eit stort namn. Og publikum vart ikkje skuffa.

Hovudpersonen sjølv var i storform og hadde med seg musikarar som utfylte han godt. Bandet framstod som samspelt og tett, og den som imponerte aller mest var den ufatteleg funky bassisten Etienne Mbappé.

Av mange bra låtar sette eg størst pris på Pharoah Sanders' Light at the edge of the world.

Aggressiv og "kantete"
Sjølv om det var ei stor oppleving, er eg ikkje heilt seld på stilen til John McLaughlin. Han spelar veldig aggressivt, og det kan høyrast litt "kantete" ut  (på musikkspråket: stakkato). Det går fort, men eg saknar flyten som du kan høyra hjå andre gitaristar som t.d. Pat Metheny eller Mike Stern.

Eg tykkjer Frank Zappa oppsummerer stilen på ein god måte:
"A person would be a moron not to appreciate McLaughlin's technique. The guy has certainly found out how to operate a guitar as if it were a machine gun. But I'm not always enthusiastic about the lines I hear or the ways in which they're used. I don't think you can fault him, though, for the amount of time and effort it must have taken to play an instrument that fast. I think anybody who can play that fast is just wonderful. And I'm sure 90% of teenage America would agree, since the whole trend in the business has been "faster is better."

fredag 28. november 2014

Kvalitet på offentlege, digitale tenester

Anders, Hege og Ragnar opnar seminaret om kvalitet på tenester
Difi har teke kvalitetsarbeidet eit stykke vidare og har i år utvikla eit kriteriesett for offentlege, digitale tenester. Vel 50 tenester er så vurderte etter kriteriesettet, og på seminar i Gamle Logen i dag vart resultatet presentert og årets digitale teneste kåra. Resultata er presenterte på kvalitet.difi.no/resultat

Kva er ei digital teneste? Dette er sjølve 1000 kr-spørsmålet og eg vil ta det opp i eit eige innlegg. Det er eit såpass viktig spørsmål at det fortener meir omtale enn berre eit avsnitt her.

Morville-modellen
Utgangspunktet for kriteriesettet var Peter Morvilles Honeycomb-modell (bikake-modell?), som har seks  eigenskapsområde som til saman uttrykkjer ein nettstad sin verdi (valuable). Fordelen med modellen er at den er pedagogisk god og med sterk brukarorientering. Ulempa med modellen er at den ikkje har vore testa og utsett for vitskapleg kritikk - den er berre ein god (?) ide frå Peter Morville. Modellen er også ganske statisk og sidan det var eit ønskje om å få betre fram framdrifts-elementet (progresjon), gjekk ein litt bort frå Morville-modellen i den gjeldande versjonen. Men grunnelementa er likevel muleg å kjenna att, og brukarperspektivet oppsummert i verdifull, er framleis med.

Peter Morvilles bikake-modell, oversett til norsk
Her er kategoriane Difi enda opp med:

  • Lett å finna (Morville: Lettfunen)
  • Truverdig (Morville: Truverdig)
  • Trygg (Morville: Tilgjengeleg (?))
  • Fungerer godt (Morville: Nyttig)
  • Enkel å bruka for alle (Morville: Brukarvennleg)
  • Lett å få hjelp (Morville: Tilgjengeleg/Brukarvennleg)
Sjølv om det ikkje er eit ein-til-ein-forhold mellom Difi sine kategoriar og Peter Morvilles bikake-modell, er det lett å sjå at kategoriane er inspirerte av denne. På den andre sida er bikake-modellen ganske generisk, så det er ikkje så overraskande..


Ekspertvurdering
Evalueringa har starta med ei ekspertvurdering basert på kriteriesettet. Vidare skal det føretakast ei spørjeundersøking til brukarar av dei digitale tenestene og det skal også føretakast ei brukartesting av enkelte tenester. Til slutt er det ein fagjury som til slutt kårar årets digitale teneste.

Årets ekspertvurdering har vore litt annleis enn tidlegare. Der ekspertvurderingar av heile nettstader tidlegare vart gjort av ein ekspert åleine, på litt i overkant av ein time, har årets vurderingar vorte gjorde av to ekspertar på kvar si side og så har dei sett seg saman i etterkant og komme fram til eit felles resultat. Det har gjort at vurderingane har vorte meir omfattande og det har medført at færre tenester har blitt evaluert.

Statlege tenester betre enn kommunale
Resultatet av årets kvalitetsvurdering viser at dei statlege tenestene (22 i alt) generelt sett kjem betre ut enn dei kommunale (30 i alt).

Brukarundersøkingar i etterkant av utfylling, såkalla exit-undersøking, ga over 3000 svar. Men dessverre var det ei ganske skeiv fordeling på tenestene: Halvparten kom på politiet si meldeteneste, ein fjerdedel på NVE si energimerkingsteneste og mesteparten av den siste fjerdedelen på Trondheim kommune si teneste for søknad på stilling. Det vart berre ca. 200 svar på resten av tenestene.

Brukarundersøkinga viste at brukarane er langt mindre kritiske enn ekspertane. Men her må ein hugsa på at det berre var dei brukarane som fullførte tenesta som vart spurde om å svara. Dei som av ulike grunnar ga opp på vegen, er ikkje blant respondentane. Resultata må også sjåast i lys av at brukarane si tilfredsheit blir i stor grad styrt av forventningar (politiet sine tenester kjem godt ut, forventningane og krava til den som fyller ut, er små).

Juryen si vurdering
Juryen for val av årets digitale teneste er sett saman av representantar både frå offentleg og privat sektor.

Juryen sin gjennomgang av ulike problem dei har funne:
- språk: Eksempel på god språkbruk som følgjer intensjonane med klarspråk: sjå situasjonen frå brukarane sin ståstad, venda seg direkte til dei (bruka "du"), klart og enkelt språk der ein unngår spesielle faguttrykk
- interaksjonsdesign: tenestene ofte fråkopla tenesteinformasjonen, noko som gjer det litt vanskelegare for brukarane. Dette er noko som går att hjå veldig mange. Det er eit stort problem at tenester blir behandla som noko spesielt og ikkje er integrert med resten av informasjonen.

Paul Chaffey, KMD:
Prisen for årets beste digitale teneste
Kan vera lett å gløyma kvalitetsaspektet i jakta på forenkling, forbetring og fornying. Me må ta inn over oss at me bur i eit høgkostland, og det er eigentleg ein bra ting. Dei som bur i lågkostland vil gjerne bu i eit høgkostland. Men det betyr også at me må gjera ting betre og smartare, og kvalitet blir også viktigare i eit høgkostland. Me kan ikkje kompensera låg kvalitet med høgare volum.

Den viktigaste dommaren er brukaren sjølv, det er han eller ho det skal fungera for.

Kvifor digitalisering?
Til meir digitalisering, til betre? Nei, absolutt ikkje. Målet er best muleg resultat ut frå gitte ressursar, og då er ikkje nødvendigvis digitalisering svaret i alle tilfelle.

Klart språk er også viktig, og samarbeidet med kommunesektoren forsterkar satsinga. Chaffey framhevar også arbeidet med klart lovspråk. Dette er radikalt, i alle fall sett frå ein del juristar. Men mange juristar er også klare på at eit forståeleg lovspråk er veldig viktig for eit fungerande demokrati.

Universell utforming er eit anna viktig område.
Chaffey rosar også Difi for samansetjinga av juryen, der også personar frå næringslivet er trekte inn. På dette området kan offentleg sektor læra av privat sektor, og omvendt. Sjølv om offentlege etatar kan oppfattast som monopolorganisasjonar, vil dei på området nettløysingar likevel, med rette, bli samanlikna med alle andre løysingar på nettet.

Husbanken framhevar eit godt samarbeid med IT-seksjon og eksterne IT-leverandørar, men mest av alt at dei har prøvt å ha brukarane sitt perspektiv i sentrum for utviklinga av digitale løysingar.

Spør innbyggjarane! Digitalisering av Oslo kommune
Tron Kallum og André Myrbråten, Oslo kommune
Oslo kommune satsar stort på digitalisering og å gjera det lettare for innbyggjarane å finna fram og få løyst oppgåvene sine. Dei skal gå frå å vera ei IT-sinke til å bli eit IT-fyrtårn, og har eit budsjett på rundt 550 mill. kr over fire år til arbeidet med digitalisering av tenester. Både byråd og bystyre er samstemde i denne satsinga.

Brukarreiser (tenestedesign - service design) er ein sentral metodikk. Bruk av nasjonale fellesløysingar er ikkje nokon diskusjon; Oslo kommune brukar det som finst og utviklar berre det som ikkje alt er tilgjengeleg frå før.

Brukarundersøking 2013: Berre 60 % oppga å få løyst det dei kom for å gjera på nettstaden. Med dei store brukartala Oslo kommune har, blir det mange innbyggjarar som ikkje får løyst oppgåvene sine - kvar dag!

Dette er dei mest etterspurde tema frå brukarane:
  1. Ledige stillingar
  2. Skule og relaterte spørsmål
  3.  Barnehage
  4. Symjehallar
  5. Opningstider elles
  6. Friluftsliv
Desse seks tema utgjer 25 % av behovet. Vidare er det 11 oppgåver/tenester for dei neste 25 %. Viss Oslo kommune priorterer 17 oppgåver/tenester og klarer å løysa desse godt, har dei løyst 50 % av behovet!

pilot.oslo.kommune.no
Er no i ferd med å gjennomføra den største brukartesten av ein offentleg nettstad med pilot.oslo.kommune.no

Kommunen tilbyr "Min side" der all kommunikasjon med kommunen er tilgjengeleg, men der også relevant informasjon frå andre etatar er tilgjengeleg (Skatt via Altinn, adresseinformasjon frå Matrikkelen osv.).

Ikkje skjema, men "veiledet dialog":
  • stegvis og med rettleiing i prosessen
  • preutfylling
  • aut. av arb.prosessar
  • gjenbruk av informasjon
  • universell utforming og tilgjenge
Har teke i bruk SvarUt og vil levera post via sikker digital til Digipost og eBoks, i tillegg til Altinn for næringslivkorresp. og det som har med skatt å gjera, og på papir for dei som har reservert seg mot digital post.

Klart språk?
Prof. Johan Tønneson, UiO, Oda Stræte, mastergr.stud. UiO og deltakar i kvalitetsevalueringa

Språkdelen av evalueringa har vorte gjennomført med støtte frå Språkrådet.
Eksempel på vanskelege ord som bør unngåast:
  • Beskjeftigelse
  • Ileggelse
  • Bopel
Her gjeld, som ofte elles, at det enkle er det beste. Bruk enkle ord som er lette å forstå, og vis heller samanhengen mellom faguttrykk og lekmannsuttrykk.

Johan Tønneson: Klart språk er ikkje enkelt
1. Teknologi
Språk er ei særleg avansert ytring og i kombinasjon med informasjonsteknologi er det lurt å søkja hjelp hjå språkfolk. Ei masteroppgåve om klarspråk i NAV viste at klarspråkarbeidet skjedde altfor isolert frå teknologi-utviklinga, og at effekten av arbeidet difor vart dårlegare enn den kunne vorte.

2. Pengar
Tid er pengar og dårleg språk medfører ofte meir bruk av tid. Det er difor mykje å spara på å bruka eit enkelt og klart språk.

3. Ytring og demokrati
Språk er også ein føresetnad for eit fungerande demokrati. 
Paragraf 100 i Grunnlova: "Det påligger statens myndigheter å legge forholdene til rette for en åpen og opplyst offentlig samtale."
På nynorsk heiter det "Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte." Nynorsk-versjonen er her eit eksempel på klarspråk i praksis ;)

Automatiseringa kan på same tid som den forenklar, også framandgjera for brurkarane. Det er eit problem i demokratisk forstand.

Kva rolle spelar tilgang til data for kvalitet i digitale tenester?
Steinar Skagemo, Difi
Difi-rapport 2013:10: Informasjonsforvaltning i offentlig sektor (lenke til pdf-versjon)

Even Westvang, Bengler: eksempel på bruk av opne, offentlege data
- alle offentlege tenester bør ha eit klart definert API for deling av ressursar 
Altinn tilbyr eit API som gjer at andre etatar kan bruka grunnleggjande funksjonalitet, men pakka det inn i eige design. Dei tilbyr også at andre tenesteutviklarar kan tilby eit ope API til den nye digitale tenesta (berre med ei enkel avkryssing).

Estland har lovfesta forbod mot å byggja opp register med data som alt finst i andre off. etatar. Parallelt er det også eit pålegg om å dela data for dei som har dei autoritative registra.

Forslag til nytt kriterium: Datadeling

tirsdag 25. november 2014

Web-typografi

Boka On Web Typography av Jason Santa Maria er ei grei innføring i typografi for web-en. Boka er publisert av A Book Apart, eit forlag starta av mellom andre Jeffrey Zeldman, kjend for arbeidet med web-standardar gjennom The Web Standard Project . Zeldman saman med Brian Platz opp A List Apart (- For people making websites) saman med som ei e-postliste i 1997. Året etter vart nettsida lansert og sidan har dette vore ei av viktigaste kjeldene nettopp for folk som lagar nettsider. A List Apart har vore eit fyrtårn for "rett" web-utvikling i over 15 år. ALA er eit web-magasin ("webzine") meir enn ein vanleg nettstad, og har eige ISSN-nummer.

Nettstad, forlag og foredrag
Det var ei naturleg utvikling å ta informasjonen over i bokform. Undertittelen til forlaget er "Brief books for people who make websites". Undertittelen understrekar at bøkene skal vera korte; eitt av varemerkja for ABA. Slik omtalar dei seg sjølve:

A Book Apart publishes highly detailed and meticulously edited examinations of single topics. We produce brief books of about 100 pages — the perfect size in terms of subject depth and coverage for topics like HTML5, CSS3, content strategy, responsive web design, and more. The goal of every title in our catalog is to shed clear light on a tricky subject, and do it fast, so you can get back to work. 
I tillegg til A List Apart og A Book Apart har gjengen bak også etablert An Event Apart ("The design conference for people who make websites"). Dei er uslåelege på kommersialisering desse amerikanarane..


Typografi
Forfattaren av On Web Typography, Jason Santa Maria, er godt kjend i web-miljøet. Han var med og starta ABA saman med Zeldman og Mandy Brown. Han er grafisk designar og driv eige firma Mighty i tillegg til å vera engasjert i ABA. Eksempel på prosjekt han har gjennomført, finst på hans eiga heimeside. Han har også starta Typedia, eit web-basert leksikon for typografi.
Boka følgjer elles  malen til ABA og er konsentrert til ca. 130 sider pluss vedlegg.

Typografi er kunsten å bruka skrifttypar til å gjera skrift best muleg leseleg og gjenkjenneleg. Det er  eit kunsthandverk som har mykje til felles med design og arkitektur; det er viktig med både estetikk og funksjonalitet. Typografi er tett knytt til trykkjekunsten, og har vorte utvikla i dei århundre som har gått sidan Johan Gutenberg trykte dei første bokstavane i den vestlege delen av verda (det må minnast om at kinesarane var først også her!). I starten var typografi etterlikning av handskrifta, og sirlege ornament vart graverte inn i treformer som seinare vart fylte med bly. Men den typografiske historia starta lenge før trykkjekunsten, den starta med at menneske teikna figurar og teikn på ulike underlag, noko som seinare vart piktogram.

PC-en ei ulykke for typografi!
Med pc-revolusjonen kom Desktop Publishing og alle kunne leika typografar - dessverre! Det var som om alle plutseleg kunne teikna sine eigne hus, utan den miste forståing for arkitektur- og designfaget. PC-en har gjort mykje for å øydeleggja faget, med god hjelp av utøvarane sjølve - typografane. Typografane hadde gjennom sterk organisering stor makt og brukte den til å halda igjen utviklinga og kjempa mot teknologien. Denne ludittiske haldninga var øydeleggjande for dei sjølve, men ikkje minst for mulegheitene til å læra handverket til nye grupper som sårt kunne trengt eit "typografi for dummies"-kurs.

Typografi + Web ≠ Sant
Typografi på web-en har også vore eit sorgens kapittel. Lite støtte for skrifttypar gjorde at formspråket vart fattig dersom ein skulle vera på den sikre sida. For dei som likte å eksperimentera med skrift, kunne resultatet bli ganske usikkert. Ofte måtte ein ty til grafiske representasjonar av skrifttypar for å vera sikker. Det er ein dominerande metode også i dag, med alle dei ulempene det medfører (problem for svaksynte/synshemma, ikkje synleg for søkemotorar, ikkje muleg med klipp & lim..).

Dei seinare åra har det heldigvis vore ei god utvikling i støtte for skrifttypar i nettlesarane. Netscape introduserte <font>-taggen i 1995, men skrifttypen som vart definert, måtte finnast på pc-en, så bruken var ofte eit sjansespel med uvisst resultat. Det tryggaste var å halda seg til "Core fonts for the web", definert av Microsoft. Det var framfor alt skrifttypane Arial, Verdana og Georgia. Introduksjon av stilark (CSS) betra situasjonen, men det tok lang tid og ikkje før med CSS3 vart nedlasting av skrifttypar etter kvart støtta av dei vanlege nettlesarane og vart teke i bruk i web-utviklinga. Det er også opphavsrettslege problem kring nedlasting av skrifttypar, noko som har gjort utviklinga vanskeleg.

Typografi og "beste praksis"
On Web Typography er konsentrert om val av typografi og eksempel på kva som fungerer godt og dårleg. Innan typografi er det ikkje slik at noko er rett og noko feil, gjennom lang tids prøving og feiling har ein funne fram til kombinasjonar som fungerer bra. Det er eit typisk "beste praksis"-fag, sjølv om det ligg ein del grunnleggjande kunnskap i botnen for all (god) typografi. Ikkje minst er det viktig å kjenna den historiske utviklinga av typografi, sidan typografi alltid har vore sterkt knytt til den historiske utviklinga generelt (eit stikkord her er Bauhaus).

Boka er inndelt i følgjande hovudkapittel:

  1. How We Read
  2. How Typography Works
  3. Evaluating Typefaces
  4. Choosing and Pairing Typefaces
  5. Creating at Typographic System
  6. Composition
Merkeleg nok må ein bla heilt til slutten av boka for å finna ut kva skrifttypar som er brukte i sjølve boka! Det er til orientering FF Yoga og den motsvarande FF Yoga Sans. Overskrifter og tittelsider er sette med Titling Gothic.

Bør du kjøpa boka? Tja, det er greitt å ha denne informasjonen konsentrert i bokform, men du finn alt dette på ulike nettstader, sjølv om du då må vera din eigen kurator/redaktør. Nettstaden Smashing Magazine med Typography Guidelines and References er til dømes ein bra plass å starta.