lørdag 5. februar 2022

When Money Dies

"When Money Dies" er historia om etterkrigstidas Weimar-republikk i Tyskland og den økonomiske kollapsen som følgje av hyperinflasjon. Det er den britiske, konservative politikaren Adam Fergusson som har skrive boka, så tidleg som i 1975. Finanskrisa aktualiserte boka og den vart gitt ut på ny i 2010 og er nærmast å rekna som ein klassikar.

Historia Fergusson fortel er langt meir enn ei historie om økonomisk og valutamessig undergang; det er ei bok om korleis den økonomiske undergangen øydelegg heile samfunnet, og det viktigaste av alt: Tillit! Den øydelegg både tilliten til styresmaktene, som er det første som forsvinn, men det verkeleg alvorlege er når tillit mellom medmenneske forsvinn. Resultatet blir eit brutalt samfunn med grobotn for brutale regime.

Krigstapet og den enorme krigserstatninga Tyskland vart dømde til å betala, blir ofte trekt fram som den einaste forklaringa på den økonomiske kapitulasjonen i åra 1919-1924. Men inflasjonen starta før, og var ganske høg under heile krigen, om enn ikkje så dramatisk som i åra 1921-1923.

Kjelde: Wikipedia

Ikkje berre ei årsak
Årsakene til den katastrofale utviklinga er mange, og sjølvsagt utgjer krigen og krigserstatninga ein viktig del. Men det vart gjort mange feil i tillegg, og mellom dei mest synlege var den totalt forfeila valutapolitikken til Reichsbank (sentralbanken). Både sjefen for Reichsbank, dr. Rudolf Havenstein, og heile det politiske etablissementet var fast overtydde om at det ikkje var den tyske marken som fall i verdi, men nasjonane rundt Tyskland som styrka sine valutaer! Det høyrest vanvittig ut, men det var den offisielle forklaringa, og dei fleste trudde på den langt inn i hyperinflasjonen.

President Havenstein
Havenstein hadde ei oppgåve: forsyna bankane med nok valuta, uansett om det utvikla seg til karikerte situasjonar der verdien av ein pengeseddel vart redusert i det øyeblikket du fekk den i handa. Det betydde at pengane brann i hendene på folk, og dei måtte kvitta seg med dei fortast råd. Det vart ein enorm omløpshastigheit på sedlane, og karusellen gjekk berre fortare og fortare.

Også Austerrike og Ungarn
Det er hyperinflasjonen i Tyskland som har fått mest merksemd, og det er mindre kjent at både Austerrike og Ungarn gjekk gjennom mykje av den same utviklinga, og låg jamvel framfor Tyskland tidsmessig. Austerrike var i praksis konkurs då dei klarte å få særleg Storbritannia og Frankrike med på eit naudlån som stabiliserte den austerrikske krona. Lånet vart gitt med tøffe krav, ikkje ulikt det Hellas opplevde etter finanskrisa, men den beiske medisinen verka. Krona stabiliserte seg ganske raskt, og interessant nok før pengetrykkinga stoppa opp. Det viser at (hyper-)inflasjon også har ei betydeleg psykologisk side; viss du trur pengane får redusert verdi, handlar du deretter og er med på å driva inflasjonen opp. Men det motsette er også tilfelle.

Dr. Rudolf Havenstein
Dr. Rudolf Havenstein 
(Wikipedia)

Mellom kommunisme og fascisme
Ein viktig grunn til at Austerrike vart redda, var frykta for at enten Italias fascistregime skulle få større innflytelse, eller at russisk kommunisme skulle gjera det. Plassert mellom kommunisme og facisme, fann Storbritannia og Frankrike (+ USA) det best å prøva å redda landet frå begge dei ekstreme regima. Men stabiliseringa hadde sin pris: det vart massearbeidsløyse og kanskje endå tøffare tider.

Det same skjedde i Tyskland, men med eit par års etterslep. Då hadde Frankrike teke kontroll over Ruhrområdet fordi Tyskland ikkje betalte krigserstatninga. Industrien i Ruhrområdet var det som heldt Tyskland i live, og utan verdiskaping der, stoppa det heilt opp. I tillegg gjennomførte Tyskland ein passiv motstandskamp, Ruhrkampf, som i tillegg kosta dyrt.

Havenstein var uråd å avsetja, det minner om den uavhengige sentralbanken som er diskutert mykje her til lands i desse dagar. Den einaste måten å erstatta han på, var å venta til han døydde på post, og det var det som også skjedde 20. november 1923. Men rett før det, hadde Rentenbank vorte oppretta som eit forsøk på å etablera ein stabil valuta særleg retta mot bøndene. Det var store problem med forsyning av landbruksvarer fordi bøndene ikkje ville ta i mot betaling med den vanlege valutaen. I staden sat dei på store lager medan folk i byane sleit meir og meir med å få tak i mat. Import var utelukka sidan Tyskland knapt hadde valutareservar å ta av.

Dr. Hjalmar Schacht
Dr. Hjalmar Schacht
(Wikipedia)

Hjalmar Schacht og Rentenbank
Bøndene kunne ikkje klandrast; det var ikkje rart dei motsette seg å ta i mot verdilause pengar. Situasjonen var uhaldbar, og mange stader vart det plyndring og øydelegging av gardar der både husdyr og avling rauk med. Rentenbank hadde sikkerheit frå mellom anna industrien og etablerte valutaen Rentenmark som i motsetnad til annan tysk mark skulle halda verdien og ikkje bli utvatna. Det var ikkje ei permanent løysing, men ei naudløysing for særleg å få landbruksvarer ut til folket.

Dr. Hjalmar Schacht vart etter kvart sentral i omstruktureringa som tvinga seg fram då hyperinflasjonen tok livet av den tyske marken. Han var sentral i etableringa av Rentenbank og Han overtok som sentralbanksjef etter Havenstein og fekk den tøffe jobben med å føra Tyskland gjernnom skjerselden til eit nytt og stabilt valutasystem. For det var heilt klart: overgangen var på ingen måte enkel. Det vart verre, mykje verre, før det vart betre. Det første og mest synlege resultatet av innstramming av den økonomiske politikken, var akutt arbeidsløyse. Arbeidsløysa var nesten null då pengetrykkinga gjekk på høggir, men det var jo i realiteten berre ein kamuflasje. Med brutal innstramming av finanspolitikken kom også realitetane til syne i form av enorm arbeidsløyse. Det skapte igjen grobotn for radikale krefter og var på mange måtar opptakten til nazistane si overtaking. 

Boka dessverre aktuell også i dag
Boka fekk ein renessanse etter finanskrisa og er dessverre endå meir aktuell i desse dagar med stadig stigande inflasjon. Bakgrunnen er sjølvsagt den enorme pengetrykkinga i kjølvatnet av pandemien, kombinert med ekspansiv finanspolitikk. Som makroøkonom Lyn Alden forklarer så godt, er det først når pengetrykking blir kombinert med stigande budsjettunderskot inflasjonen aukar. I denne artikkelen i Kryptografen forklarer eg det, med temaet Bitcoin som vern ("hedge") mot inflasjon som hovudsak.

Sjølv om det neppe er fare for hyperinflasjon i vår del av verda, viser boka at når det først begynner å gå galt, aksellererer det fort og det blir svært vanskeleg å stoppa. Sentralbankane har i dag ei vanskeleg oppgåve; dei må prøva å bremsa inflasjonen ved å setja opp renta. Men viss dei gjer alvor av å setja opp renta så mykje som dei burde, risikerer dei at gjeldsbobla sprekk, med katastrofalt resultat. Det blir "damned if you do, damned if you don't". Difor er det mange som trur at sentralbankane først og fremst er tøffe i kjeften og at dei faktisk ikkje torer å gjera alvor av rentehevingane dei har annonsert.



tirsdag 1. februar 2022

Stærke påstandar på svakt grunnlag

Spaltist Bjørn Stærk tok for seg Bitcoin i eit innlegg i Morgenbladet 25. januar. Under overskrifta "Sjansen for å bli rik på bitcoin er like stor som å overleve daglige runder med russisk rulett" raljerte han med Bitcoin og demonstrerte etter mitt syn eit kunnskapsløyse av dimensjonar. Det var difor naturleg å svara på dei mange feilaktige påstandane. Lesarinnlegget mitt er dessverre bak Morgenbladet sin betalingsmur, så eg gjengir det her.

Faksimile av Bjørn Stærks spalte:















Stærke påstandar på svakt grunnlag

Svein Ølnes, seniorforskar ved Vestlandsforsking

Ofte er det dei som har sett seg minst inn i ei sak som kjem med dei sterkast uttalane. Slik ser det også ut til å vera med Bjørn Stærk. Raljeringa med Bitcoin i Morgenbladet 25. januar i artikkelen «Sjansen for å bli rik på bitcoin er like stor som å overleve daglige runder med russisk rulett» er vanskeleg å ta på alvor.

Bitcoin er den største digitale innovasjonen sidan Internett, og mykje tyder på at den til liks med Internett og andre store innovasjonar, vil gå gjennom dei velkjende fasane Mahatma Gandhi skisserte:

“First they ignore you, then they laugh at you, then they fight you, then you win.”

Bitcoin vart først ignorert, så latterleggjort (haha, Bitcoin er håplaust tregt samanlikna med Visa), så er det fasen med intens motarbeiding som me er inne i no, og til slutt truleg opplagt for dei fleste at dette var ein både nødvendig og svært nyttig innovasjon.

Internett var ein frigjerande teknologi som gav stort håp for menneskeheita. Etter 30 år med kommersielt Internett er det tydeleg for dei fleste at me har vorte digitale leiglendingar. Bitcoin har gitt oss tilbake trua på at me kan ta kontroll over vårt eige digitale liv, i første rekkje det økonomiske og finansielle. Andre blokkjedesystem rettar seg mot andre digitale utfordringar, men felles for den revolusjonen Bitcoin starta, er å gå tilbake til dei desentrale røtene Internett opphaveleg var bygt på. Men med eit viktig tillegg: Pengar er også integrerte i dette prosjektet.

Silicon Valley-gründer Naval Ravikant er truleg den som har definert Bitcoin best:

«Bitcoin is a tool for freeing humanity from oligarchs and tyrants, dressed up as a
get-rich-quick scheme.»

Å bli rik i ein fart, trekkjer nok mange til Bitcoin, men mange av desse oppdagar at det er kvalitetar og potensial i Bitcoin som langt overstig den økonomiske sida.

Av dei mange feilaktige påstandane i Stærks artikkel er det kanskje tittelen som skurrar mest. Den er sikkert meint å vera morsom, men blir ganske platt når ein ser på verdistiginga til bitcoin i heile den 13-årige perioden. Det er sjølvsagt ingen garanti for at det vil halda fram slik, men den historiske økonomiske utviklinga er udiskutabel.

Nokre andre utsegn som er verdt å kommentera:

«En spennende, men mindre viktig, del av forklaringen er at databasen er en åpen, distribuert blokkjede,...»

Mindre viktig?? Desentralitet og distribusjon er Bitcoins raison d’être. Bitcoin innførte eit sjølvkontrollerande nettverk der verdioverføringar kan skje utan mellomledd. Du har full kontroll med eigne verdiar og ingen kan ta dei frå deg. Du kan kryssa landegrenser med nøkkelen til verdiane bokstavleg tala i hovudet. Ikkje rart at Hongkong, Venezuela, Kviterussland, Nigeria, for å nemna nokre få, er stader der bruken av bitcoin har auka særleg mykje.

«energiforbruket er så stort at det truer både klimaet og energipolitikken..»

Ja, energiforbruket er stort, men det truar verken klimaet eller energipolitikken. La oss gjera nokre samanlikningar: Utvinning av gull krev dobbelt så mykje energi som Bitcoin og står for om lag tre ganger så store utslepp av klimagassar. Miljøbelastninga er i tillegg enorm (gruveavfall, kvikksølv i grunnvatnet ++). Merkeleg nok er det ikkje kampanjar for å få slutt på gullgraving, for me har jo eigentleg ikkje bruk for gull, har me? Energibruken til luftkjøling (air conditioning) krev i følgje US Departement of Energy 6 % av total energiproduksjon i USA. Omrekna blir det 240 kWt i året, om lag det doble av Bitcoins forbruk. Også  tørketromlar står for ein årleg energibruk som overgår Bitcoin-forbruket. Ingen har skrive harmdirrande om at folk kan hengja opp kleda og på den måten spara klimaet.

«Bitcoinkursen er så ustabil at du må være gal for å bruke det til å lagre eller måle verdier.»

Lagring og måling av verdiar er to vidt forskjellige funksjonar pengar kan ha. Du kan ikkje slå dei saman slik Bjørn Stærk gjer her, og viser dermed ein mangel på elementær pengeøkonomisk forståing. Når det gjeld bitcoin som verdilagring, viser verdistiginga dei siste 10 åra at dei som har investert,  heller har vore smarte.

«El Salvadors eksperiment er mislykket.»

El Salvador innførte bitcoin som lovleg betalingsmiddel i september i fjor og alt no kan Bjørn Stærk utan vidare slå fast at det har vore mislykka. Utsegna illustrerer godt mangelen på seriøsitet i heile artikkelen.

Heldigvis er det mange som er langt meir nysgjerrige på Bitcoin og kryptovaluta enn Bjørn Stærk. Eg underviser i emnet på Høgskulen på Vestlandet og i dette vårsemesteret tilbyr me eit kurs i samarbeid med Finansforbundet. Finansforbundet annonserte kurset i nyheitsbrevet sitt 26. januar, og etter ein halv time hadde 125 meldt interesse for å delta. Eg kan sikkert ordna ein plass til Bjørn Stærk også, sjølv om kurset eigentleg ser ut til å bli overfylt.


tirsdag 11. januar 2022

Sant og usant på blokkjeda

Nytt lesarinnlegg i Dagens Næringsliv, denne gangen som eit svar til Jon Ramvi som skreiv entusiastisk om potensialet for bruk av blokkjedeteknologi i offentleg sektor. Jon er kjent blokkjede-entusiast og -gründer og har vore i miljøet i mange år. Med så god kjennskap til teknologien er det difor rart at han skriv som han gjer.

Eg gjekk i rette med påstanden hans om at blokkjedeteknologien gjer at me alle kan bli våre eigne loggførarar, med omsyn til at blokkjeder eigentleg er ein stor logg. Det er ganske opplagt at det ikkje vil fungera å la alle loggføra, dvs. registrera, sin eigen informasjon, enten det er ei blokkjede eller ikkje. Nokon må kvalitetssikra informasjonen som blir lagra på ei blokkjede fordi det er like lett å lagra usann som sann informasjon. Nick Szabo, mannen bak begrepet "smartar kontraktar" og ein av forløparane til Bitcoin, Bit gold, har sagt det på denne måten, i bloggposten "Money, blockchains, and social scalability":

«Blockchains don’t guarantee truth; they just preserve truth and lies from later alteration, allowing one to later securely analyze them, and thus be more confident in uncovering the lies.»

Både sanne og usanne utsagn kan lagrast på blokkjeda. Det einaste teknologien tilbyr ekstern informasjon, er at den blir vanskeleg å endra i ettertid og slik at usanne påstandar kan bli gjenstand for diskusjon og lettare å avsløra.

Eg kjenner att Jon Ramvi sin påstand frå den famøse rapporten frå Deloitte til KMD: "Distribuert sannhet. Potensial og barrierer for blokkjeder i norsk offentlig sektor" frå 2018. Eg skriv "famøs" fordi eg fann at rapporten hadde mange feil. Her er omtalen min av rapporten. I rapporten er det mellom anna gjort eit stort nummer av "la hagen luke seg selv", altså la innbyggjarane ta ansvar for eigne opplysningar. For det første må slik informasjon i utgangspunktet kvalitetssikrast, sidan det er like lett å lagra sanne som usanne opplysningar. For det andre kan "lukinga", dvs. korrigering av offentleg informasjon, like godt skje med annan teknologi. Det vart tydeleg demonstrert då den første Miside-løysinga vart lansert i 2006 av Fornyings- og adm.ministar Heidi Grande Røys. Det kom ei "røys" av tilbakemeldingar frå innbyggjarane om feil i den informasjonen som vart gjort tilgjengeleg for kvar og ein. 

Jon Ramvi sitt innlegg fekk også kritikk frå Jon Grov, IT-rådgivar og førsteamanuensis II ved UiO. Han tok tak i eksempelet Jon hadde i innlegget sitt og skreiv at ein ikkje treng blokkjede for å løysa det, men at det tvert om kan løysast enklare og billegare med godt utprøvd teknologi (= databaseteknologi). 

Det siste er eg heilt einig i, og dermed var det ikkje mykje att av det opprinnelege innlegget og det er litt synd, for eg trur blokkjedeteknologien har ein plass også i offentleg sektor, men då må ein grava djupare. To aktuelle bruksområde er sertifikat av ulike slag (merkeleg at det ikkje vart nemnt når me står midt oppi diskusjon om vaksinepass m.m.), og sjølvstyrt identitet. Kanskje eg skal ta utfordringa og skriva om det sjølv?

fredag 29. oktober 2021

KÅKÅnomics 2021, Stavanger

KÅKÅnomics er "Nordens morsomste økonomifestival" seier dei om seg sjølve, og det stemmer. Festivalen/konferansen har utvikla seg til å bli den dominerande samlingsstaden for økonomi-interesserte. Mange seier KÅKÅnomics er det Arendals-uka eigentleg skulle vore, men aldri vart. Programmet (bildet) er i alle fall rikhaldig!

Meir om korleis festivalen vart til her.


Lunch med Eva Grinde og Børge Lund

KÅKÅfestivalen opna for min del med Børge Lund i samtale med Eva Grinde, Dagens Næringsliv. Det var ein fin start. Børge teikna dei kjende Lunch-personane medan han snakka (Kjell, Bodil, Thorsen, Bache) og gav bort teikningane etterpå.

Han fortalde korleis det heile starta. Han hadde sjølvsagt lenge vore interessert i teikning og dreiv ein del med det, men hadde ein vanleg kontorjobb. Ein dag i lunsjen var det ein kollega som hissa seg veldig opp over kommunen som ville ta litt av hekken i hagens hans. Han var opprørt over slikt overgrep. Så gjekk lunsjen og på slutten kom samtalen inn på OL i Kina/Beijing i 2008 og dei mange titusen folka som måtte flyttast. Då sa mannen med hekken at det måtte ein berre godta. Eit så stort arrangement fekk nødvendigvis slike følgjer. Det enorme spranget frå det egosentriske lokale til det dramatiske globale, sette i gang ein idé om at noko slikt kunne brukast som utgangspunkt for ein teikneserie. Og resten er historie..



Bryr Stortinget seg om pengestellet?

Panel med Morten Søberg som leiar, og den som spelte inn temaet til KÅKÅnomics, Torbjørn Bull Jenssen og professor (jus) Eirik Holmøyvik.

Utgangspunktet for diskusjonen var paragraf 75c i grunnlova. Den lyder:

Det høyrer Stortinget til

a.å gje og oppheve lover; å fastsetje skattar, avgifter, toll og andre offentlege bører, som likevel ikkje gjeld etter 31. desember året etter, om dei ikkje blir uttrykkeleg fornya av eit nytt storting;
b.å opne lån på rikets kreditt;
c.å føre oppsyn med pengestellet i riket;
d.å løyve dei pengesummane som trengst til statsutgiftene;
e.å fastsetje kor mykje kongen skal få utbetalt til hoffstaten sin kvart år, og fastsetje den kongelege familiens apanasje, som ikkje kan vere i fast eigedom;
f.å få seg førelagt protokollane frå statsrådet og alle offentlege meldingar og papir;
g.å få melding om dei folkerettslege avtalene som kongen har gjort med framande makter for staten;
h.å kunne gje kven som helst påbod om å møte for seg i statssaker, så nær som kongen og den kongelege familien; likevel kan dei kongelege prinsessene og prinsane kallast inn dersom dei har embete;
i.å revidere lister over mellombels løner og pensjonar og gjere dei endringane som Stortinget meiner trengst;
k.å utnemne fem revisorar som skal sjå gjennom statsrekneskapane kvart år og kunngjere utdrag av dei på prent; revisorane skal få rekneskapane tilsende innan seks månader etter utgangen av det året som Stortinget har gjeve løyvingar for; og å gje føresegner om ordninga av desisjonsmakta overfor rekneskapstenestemennene til staten;
l.å utnemne ein som ikkje er medlem av Stortinget, som etter nærare føresegner fastsette i lov skal føre kontroll med den offentlege forvaltninga og alle som er i offentleg teneste, for å hindre at det blir gjort urett mot den einskilde borgaren;
m.å gje innføddsrett.

Er det ein sovande paragraf?

Morten prøvde å få i stand eit seminar om temaet ved å senda ein førespurnad frå representantskapen i Norges Bank til Stortingets presidentskap. Ønsket var også å halda eit slikt seminar i Lagtinget. Han fekk aldri svar.

Utg. pkt. for 75c (kontroll med pengestellet)

  • veldig viktig i 1814
  • Paragraf 75c var original, i motsetnad til mykje anna i grunnlova som var henta frå både den franske og den amerikanske grunnlova, og også delstatslover i USA
  • må sjå det på bakgrunn av hyperinflasjon som hadde herja like før
  • paragrafen har ikkje vorte endra

Me har full privatisering av pengedanning og privat ID-handtering. Har me glidd for langt bort frå meininga med denne grunnlova?

Det kan trygt seiast at pengesystemet, og styringa, ikkje har følgt med i timen og er no sørgjeleg på etterskot.

Dagens pengesystem har klare trekk med planøkonomi der informasjon er sentralisert og avgjerder sentraliserte. Her er også 75h viktig ved at Stortinet har rett til å kalla inn kven som helst. Den som blir kalla inn bør helst møta. Morten fortalde om ein situasjon der ein minister var kalla inn til Stortinget, men svara at det dessverre ikkje passa. Han fekk ei påminning om 75h og plutseleg passa det likevel.


Keynes og konsekvensene i politikken

Maria Berg Reinertsen i samtale med Kalle Moene.

John Maynard Keynes: Den mest kjende (og viktigaste?) økonomen i forrige århundre. Boka handlar om Keynes' relevans i dag.

To Keynes: Før og etter siste verdskrig

Keynes var økonomisk rådgivar for styresmaktene i Versailles-forhandling Han reiser frå forhandlingane i protest og skriv ei bok der han utdjupar frustrasjonen. Boka blir ein bestseljar og eit gjennombrot for Keynes både økonomisk og kjendisstatus. Pengane han tener på boka taper han på spekulasjon om at britisk pund skal kollapsa.

Pari-politikken etter første verdskrigen: Forsøk på å gjenoppretta pengane sin verdi, mellom anna ved å senka lønnsnivået. Både Storbritannia og Norge førte ein slik politikk, men den var ikkje særleg vellykka. Keynes taper likevel på veddemålet om verdien på britisk pund fordi det held seg lenger i verdi enn han satsa på.

Keynes går ofte inn i aktuelle diskusjoner og opplever å ikkje nå fram. Han går då tilbake og prøver å forbetra teoriane, eller skapa nye.

Keynes og Ny-Keynesianismen

Forståelsen utvida med fleire nyansar blant aktørene. Neoklassiske framgang har også påverka Ny-keynesianismen ved at fleire element er plukka opp og integrert.

Tilrådd lesing: Keynes' essay om Isaac Newton: Newton, The Man.

Kvifor vart Keynes så stor etter 1936?

Keynes var ikkje den einaste som føreslo at staten skulle stimulera til mer etterspørsel, det var mange økonomar som såg og meinte det. Men Keynes beskreiv det på ein måte at økonomer på den tida kunne forholde seg til, i motsetning til andre økonomar.

Friedrich Hayek var kanskje den fremste opponenten til Keynes på 1930-talet. Han meinte at ein skulle la krisa gå sin gang. Kalle Moene meinte det var umuleg av følgjande grunnar

  • politisk umuleg å samla støtte for det
  • ikkje tid til å sjå om det ville virka

Det viktigaste i Keynes teori var statens rolle i krisetider.

Men det var nesten ingen land førte keynesiansk politikk i mellomkrigs­tida. På den andre sida starta dei førebuinga gjennom bygging av institusjonar for dette. Keynes teori hadde først og fremst institusjonelle verknader i mellomkrigstida, ikkje praktiske. Dette er ofte oversett.

Keynes var veldig sjøvoppteken (som mange økonomar!). Han kalla alle tidlegare verk for 'klassikarar', inkl. sine eigne tidlegare bøker, og bereda med det grunnen for sitt eige storverk. Han var overbevist om at "General Theory..." ville bli ståande som eit radikalt skifte ( "a game changer").
Viktig kritikk frå Keynes - Me treng ikkje den klassiske kapitalisten - institusjonar kan overta rollen - Keynes argumenterte for å avskaffa aksjemarkedet. han kalla det ein "skjønnhetskonkurranse "der ein berre gjettar på andre sine gjetningar om kven som vil gjera det best. Boka til Maria Berg Reinertsen kan kjøpast her. Krypto og fintech - ein trussel for bankane og sentralbanken? Panel: Ida Wolden Bache, visesentralbanksjef i Norges Bank Trine Karin Stangeland, adm. dir. i Sandnes Sparebank Tom Staavi, informasjonsdirektør i Finans Norge Torbjørn Bull Jenssen, adm. dir. i Arcane Crypto Panelleiar: Harald Espedal Først innleiing ved Ida Wolden Bache: Bakteppet er den enorme teknologiske utviklinga på området På veg mot eit heilt anna pengesystem? Bankar og dagens pengesystem utkonkurrert av andre? Rydda opp i misforståelsen innskot → lån Det er faktisk omvendt Norges Bank har følgjande hovudoppgåver (i tillegg til adm. av Oljefondet): - sørgja for ein stabil pengeverdi (stabil og låg inflasjon, målet er 2 % årleg inflasjon) - sørgja for stabilitet i det finansielle systemet - sørgja for eit sikkert og effektivt betalingssystem Stadig sterkare konkurranse om betalings løysingar Også på kredittsida møter bankane større konkurranse Kopling av ulike instrument og løysingar. Big Tech har førebels ikkje mulegheit til å finansiere seg sjølve slik bankane har, og har dermed høgre kostnader finansieringsmessig. Fører til stor interesse for å få banklisens (noko som er svært vanskeleg). Krypto valuta har så langt ikkje teke store andeler frå tradisjonelle betalingsløysingar. Paneldiskusjon
Interessant å sjå at sjølv om tittelen på seminaret var "Krypto og fintech" vart fintech omtrent ikkje nemnt, alt dreia seg om kryptovaluta! Også digitale sentralbankpengar kom opp i diskusjonen og det er ganske klart at Norges Bank her står overfor eit stort dilemma: korleis unngå å komma i konkurranse med bankane. På den eine sida ønskjer Norges Bank å skapa eit alternativ til 100 % kontopengar, men viss dei gjer alternativet for freistande for folk, kan det skapa store bølgjer i bankvesenet. Eg stilte spørsmål om når me har nok regulering, og om den omfattande reguleringa av bank og finans har gitt resultat. Endeleg om me er villige til å gi opp det økonomiske personvernet i "kampen" mot kvitvasking m.m. Tom Staavi svarte at frå finanssektoren ser dei helst at det blir mindre, ikkje meir regulering, men at det viktigaste er at alle blir likt behandla, dvs. at kryptovaluta og kryptouniverset må få same regulering som ordinær finans. Ida Wolden Bache svarte at økonomisk personvern er viktig og at det blir diskutert i samband med utgreiing av digitale sentralbankpengar (DSP). DSP vil neppe få full anonymitet slik kontantar i dag har, men at det vil vera muleg å gi dei meir vern enn dagens kontopengar. Og den som dominerte og briljerte i panelet var Torbjørn - surprise! (not :)
Ti fakta om ulikheit og klima i den moderne verda Catharina Bu (Agenda) Kalle Moene (UiO) Maria Berg Reinertsen (ordstyrer) Bård Vegard Solhjell (Norad) Lucas Chanel, Pikettys World Inequality Lab. Tittelen er henta frå ein artikkel publisert for to år sidan. Data for ulikeheit er framleis mangelvare i dagens digitale verd. Noko av det viktigaste for PWIL er å samla meir og betre data Håpet er å sleppe å gjera det ved at landa publiserer slike data. Målet er at det skal bli unødvendig å samla data og heller bruka tida til å analysera dei. Ulikheit i inntekt er stigande. Endringene kan ikkje berre forklarast med globalisering og teknologisk utvikling Andre riktige forklaringer er skattesystem og -nivå. Ulikskapen er også tydelegare innad i land enn mellom land. Dei rikaste står for størstedelen av klimautsleppa. Viktig når klimapolitikken blir utforma med tanke på å endra dette. Agenda: Rapport om ulikeheit etter pandemien. Pandemien har auka gapet mellom fattige og rike. Kalle Moene var litt kritisk til delar av arbeidet ved PWIL. Så må det leggjast til at han innleia med å seia at han trefte Lucas kvelden før, og sidan han då rekna han som ein venn, kunne han komma med litt kritiske kommentarar også. Han brukte dette eksempelet: Dersom me ser på fordelinga mellom dei 1 % rikaste og resten i Norge og USA, er det omtrent likt. Men ser me vidare på fordelinga mellom dei 99 % av innbyggjarane, er det enorme forskjellar. Då er det mykje jamnare fordeling i Norge samanlikna med USA. Poenget til Kalle var at PWIL fokuserer for mykje på 1/99 og mister dermed nokre viktige nyansar. Utviklingshjelpa har tradisjonelt konsentrert seg om ulikheit mellom land. Det er eit stort behov for å endra dette synet til å konsentrera seg meir om ulikeheit innad i land. Det er i ferd med å skje no, sa Bård Vegard Solhjell. Han nemnde også at kontantstøtte (cash transfer) som den mest effektive forma for hjelp og at denne delen vil bli auka i kommande år for NORADs del.

søndag 26. september 2021

Er Robert Næss Satoshi Nakamoto?

 (Innlegg sendt til Dagens Næringsliv, som svar på Robert Næss' innlegg om Bitcoin 23.09)


Er Robert Næss Satoshi Nakamoto?

Eg les Robert Næss’ innlegg om Bitcoins straumforbruk og lurer på om han faktisk er Satoshi Nakamoto? Så les eg vidare og ser at han til og med er smartare enn Satoshi; han avslører store svakheiter i Bitcoin, svakheiter som han lett kan fiksa.

Nei, Robert Næss er ein av mange som kjem inn og ser litt på Bitcoin og tenkjer: dette kan eg gjera betre. Desse har ein ting til felles: dei forstår ikkje desentralitet – hovudidéen bak Bitcoin. Javisst er det lett å laga eit system som både er raskare og meir energieffektivt enn Bitcoin, det finst over 12.000 av dei lista opp på CoinMarketCap. Felles for dei alle er at dei har ofra desentralitet og også sikkerheit. Satoshi Nakamoto ofra bevisst kapasitet (og energieffektivitet) då Bitcoin vart konstruert.

Dagens pengesystem har alt mykje av det Robert Næss etterlyser, og med digitale sentralbank-pengar blir systemet endå meir effektivt – og endå meir sentralisert og 100 % overvaka! Bitcoin er konstruert for å vera eit alternativt motstykke til slik valuta, og energibruken er ein viktig del av både desentralitet og sikkerheit.

Det finst konsensusmetodar som er langt meir energieffektive enn metoden Bitcoin brukar (Proof of Work – bevis på bruk av energi). Problemet er at dei fører til meir sentralisering og får den same slagsida som dagens pengesystem har med at dei rike blir rikare. Robert Næss argumenterer for ein slik metode (Proof of Stake – konsensus ved depositum). Eit av fleire problem er at til meir av kryptovalutaen du eig, til større innflytelse har du over systemet. Det minner veldig om dagens penge­system, og me treng ikkje eit nytt slikt system forkledd som desentral kryptovaluta.


torsdag 12. august 2021

Den vesle boka om Bitcoin

Betaling for "Den vesle boka om Bitcoin", kr 149,- pr. eksemplar.

Betal med bitcoin "on-chain":











bc1qyvq5jq55yc0snukxeglzd4dxntkqv4lnawj6c8

Betal med Lightning Network:

NB! LN-lommeboka må støtta LNURL
Eksempel på lommebøker: 
Blue Wallet (hugs å endra til sats før du betaler! :-)






LNURL1DP68GURN8GHJ7MRWVF5HGUEWVDHK6TMVDE6HYMRS9ASHQ6F0WCCJ7MRWW4EXCTEKXUMQLP45DF




torsdag 22. juli 2021

Pengar og gjeld

Nytt lesarinnlegg, denne gangen i Dag og Tid. Viss du ikkje alt abonnerer på avisa, vil eg sterkt tilrå det. Det er ei vekeavis med høg kvalitet, og så er den jo på nynorsk (men det viktigaste er likevel det innhaldsmessige).

Innlegget er eit svar til Andreas Skartveit som har ei fast spalte der han skriv om mangt og mykje frå historia. 25. juni skreiv han om pengar, eit uuttømmeleg tema som me veit, i alle fall alle som er interesserte i Bitcon og kryptovaluta. I den samanhengen er det verdt å nemna at Bitcoin- og kryptointeresserte truleg veit meir om økonomi, i alle fall den monetær delen, enn svært mange andre. Det oppdaga også Cathie D. Wood, grunnleggjar og sjef (CEO) for det store investeringsfirmaet ARC Invest. I eit videoseminar 21.07.21 saman med Jack Dorsey (Twitter, Square) og Elon Musk, sa ho dette:

"In terms of talking to them about economics, economic theory, failed monetary regimes historically they know economic history better than anyone I've ever met".

Her er lesarinnlegget som stod på trykk 16. juli:

Pengar og gjeld

Andreas Skartveit skriv forvitneleg om mangt i spalta «Frå historia». Fredag 25. juni skreiv han om pengar; dette merkelege fenomenet som på overflata ser så enkelt ut, men som blir meir og meir komplisert ved nærmare undersøking. Skartveit startar historia om pengar med forklaringa om bytehandel, til liks med dei fleste. Den moderne økonomiens far, Adam Smith, må ta ein del av skulda for at denne forklaringa har festa seg og funne vegen inn i nær sagt alle lærebøker. Historia hans om bakaren, slaktaren og bryggjaren som alle har varer å selja, men ikkje nødvendigvis treng det den andre tilbyr, har vorte standardforteljinga i dei fleste innføringsbøkene om økonomi.

Men det spørst om me ikkje heller skulle lytta meir til antropologane enn økonomane i denne saka. Antropologen David Graeber, som dessverre døydde altfor tidleg, skriv overtydande om at pengar til alle tider har vore uløyseleg knytte til gjeld. I boka «Gjeld: Dei første 5000 åra» tek han eit oppgjer med myten om pengar som avløysar for bytehandel. Ingen antropologar har kunna stadfesta teorien om at det var slik pengar oppstod. I staden har gjeld i form av «eg skuldar deg» (på engelsk «I Owe You» - IOU) vore den dominerande handelsmåten. Heilt frå sumerarane si tid, og sikkert før den tida også,  har det vore vanleg å halda rekning med kven som skuldar kva. Det fungerte fint i lokalsamfunna som lenge var dominerande. Når alle kjenner alle, er det ikkje behov for pengar.

Først då menneska begynte å reisa lenger bort, særleg i samband med krigar, måtte andre metodar for oppgjer innførast. Soldatar måtte lønnast med pengar for å kunna kjøpa varer i framande strok, der sal på kreditt ikkje var aktuelt.

Sidan har pengar utvikla seg frå det konkrete til det abstrakte, med Bitcoin og kryptovaluta som det fremste eksempelet på det siste. 

fredag 16. juli 2021

lørdag 29. mai 2021

Bitcoin og pengemakta

Lesarinnlegg i Dag og Tid, publisert 28.05.2021. Innlegget ligg dessverre bak ein betalingsmur, så eg gjengir det her. Eg refererer til artikkelen "Totalitær pengemakt» av professor Jan Inge Sørbø. Den er også bak bet.mur, men kortversjonen er at dagens pengesystem truar demokratiet. Det var eit fint oppspel til lesarinnlegget mitt som eigentleg er eit svar på ein annan artikkel i same nummer av Dag og Tid: "Subsidiar til spekulasjon", av journalist Per Anders Todal. Det er dei velkjende argumenta om at den enorme energisløsinga for å produsera nye bitcoin er meiningslaust og bør i alle fall ikkje subsidierast med lågare el-avgift. Hovudkjelde i artikkelen er Alex de Vries, ein kjend Bitcoin-motstandar.

Bitcoin og pengemakt

Dag og Tid har på nytt ein kritisk og einsidig artikkel om Bitcoin og brukar Alex de Vries som hovudkjelde. Avisa skuldar å gjera lesarane merksame på at de Vries på ingen måte er ei nøytral kjelde i dette spørsmålet. Han er tilsett i den nederlandske sentralbanken og er også støtta av konsulent-firmaet PwC, eigd av IBM, og har ytra seg aktivt mot Bitcoin sidan han starta bloggen Digiconomist i 2014. For ei meir truverdig kjelde bør Dag og Tid heller bruka Cambridge Centre for Alternative Finance ved Cambridge University. Der er det forskarar som reknar på Bitcoin sin energibruk og som har eit nøytralt utgangspunkt i motsetnad til de Vries.

Den vakne lesaren, som Dag og Tid har mange av, såg kanskje at det var ei kopling, om enn truleg utilsikta, mellom Jan Inge Sørbø sin artikkel «Totalitær pengemakt» og artikkelen om Bitcoin. For dei som ikkje såg det, oppmodar eg om å lesa Sørbø sine gode artikkel på nytt, men denne gangen med Bitcoin i minnet. Den totalitære pengemakta Sørbø skriv om, blir halden oppe av dagens finans­system. Det er eit system som er grunnleggjande urettferdig der dei største aktørane får dei største fordelane, og der dei svakaste ikkje får tilgang i det heile. Det har vorte svært synleg etter finanskrisa i 2008 og no under pandemien.. Gründeren Naval Ravikant i Silicon Valley har forklart Bitcoin på denne måten:

“Bitcoin is a tool for freeing humanity from oligarchs and tyrants, dressed up as a get-rich-quick scheme.”

Bitcoin er eit alternativ til dagens urettferdige finanssystem og utfordrar pengemakta Sørbø omtalar. Når det er sagt, vil eg leggja til at eg ikkje trur Bitcoin som valuta vil erstatta dagens pengar, men vera eit viktig alternativ og korrektiv. Samstundes kan Bitcoin bli eit viktig alternativ for alle dei som ikkje har tilgang til banktenester i dag. Afrika er alt det kontinentet der Bitcoin har kraftigast vekst, og det er neppe berre på grunn av spekulasjon.

Ja, Bitcoin brukar mykje elektrisk kraft og det er det som gjer systemet til det sikraste, opne datasystemet i verda. Energibruken er for å sikra blokkjeda mot forfalsking og svindel, og ikkje for å «grava» fram nye myntar. Her er artikkelen i Dag og Tid villeiande. Nye bitcoin blir tildelte den gravaren som først finn svaret på ei matematisk oppgåve, som godtgjersle for utført arbeid. Dette er den moderne varianten av Aasmund Olavsson Vinje sitt velkjende svar på spørsmålet om kva pengar er: «Pengar er storkna mannesveitte». I vår tid er denne sveitten bytt ut med datamaskiner, men prinsippet er det same: pengane er uløyseleg knytte til arbeidet som blir sett inn. På dataspråket heiter det «proof of work»; bevis på utført arbeid.

Eg håpar Dag og Tid vil skriva meir om dette, men då utan skylappane som stengjer for vidsynet.


lørdag 15. mai 2021

Ja, vi må snakka om Bitcoin

Innlegg til NRK Ytring, som svar på Pierre Lisons "Vi må snakke om bitcoin" 14.05.21. Det vart publisert 20. mai.


Ja, vi må snakka om Bitcoin

Svein Ølnes, seniorforskar ved Vestlandsforsking, 15.05.2021

 

Vi må snakka om Bitcoin og energibruk, skriv seniorforskar Pierre Lison på NRK Ytring. Ja, vi må snakka om Bitcoin, men det må vera ein kunnskapsbasert diskusjon. Det bør vera elementært for ein forskar å skilja mellom det objektive og det normative, mellom er og bør. Før vi kan ta diskusjonen om korleis vi best brukar energien, må vi få fakta på bordet.

Bitcoin brukar mykje energi, det er det ikkje tvil om. Det er ikkje for å utvinna nye bitcoin, men for å sikra blokkjeda. Det gjer Bitcoin til verdas sikraste, opne IT-system. Store mengder energi betyr ikkje automatisk stort fotavtrykk klimamessig. Det er avhengig av energitypen som blir brukt. I Bitcoin-sikringa (mining) er det ekstremt stor konkurranse og aktørane er avhengige av å finna den billegaste energien. Bitcoin-sikring kan på den måten seiast å vera «buyer of last resort», altså kjøparen av den siste, ubrukte energien. Bitcoin gjer mellom anna bruk av stranda energi både i Kina (Sichuan- og Yunnan-provinsane) og i USA (gass frå oljefelt). På den måten kan det argumenterast for at Bitcoin er ein pådrivar for meir fornybar energi

Pierre Lison er IT-forskar, men har ikkje forska på Bitcoin og blokkjedeteknologi. Då ville han visst at energibruk pr. transaksjon er ein veldig dårleg målestokk. Bitcoin er eit oppgjerssystem og det blir feil å samanlikna transaksjonane med ordinære bank-, eller Visa-transaksjonar. vi må heller samanlikna dei med Norges Banks oppgjerssystem, der bankane overfører seg i mellom og ein transaksjon kan romma  tusenvis av transaksjonar.

Pierre Lison er inne på at Bitcoin kan vera eit hjelpemiddel mot autoritære regime. Men med tjukke, vestlege brilleglas avfeier han dette og peikar på at Bitcoin ikkje er i samsvar med demokratisk styring. Det same kan jo seiast om Internett – vil Pierre Lison avfeia det også som udemokratisk?

Meir enn halvparten av verdas folk lever i autoritære regime, eit tal som veks og ikkje minkar. Dagens finanssystem er rigga slik at det fungerer som eit perfekt middel for overvaking. Spør studentane i Hongkong, eller folk elles i Kina, kva det vil seia å leva under eit slikt system.

Til slutt nokre refleksjonar om det normative, korleis vi best kan styra bruken av energi. Pierre Lison, og mange med han, startar i feil ende ved å plukka ut ei digital teneste som syndebukk. Motspørsmålet blir då: bør Facebook få subsidiert energi i Norge? Kva med Google (f.eks. Youtube-videor) eller Netflix? Kva med ei lovleg porno-teneste? Det bør vera opplagt at ein slik framgangs­måte ikkje vil fungera. I staden må fossil energi ileggjast større avgifter globalt slik at overgangen til fornybar energi går endå raskare enn i dag.

Bitcoin er det siste håpet vårt for eit framtidig økonomisk system som ikkje er 100 % overvaka. Den dagen fysiske kontantar forsvinn, er vi fritt vilt for overvaking, enten frå staten eller frå store konsern, eller begge.


tirsdag 11. mai 2021

Bitcoin, Ferrari og Lamborghini





Kanskje ikkje opplagt at desse tre har noko med kvarandre å gjera (bortsett frå Bitcoin og Lambo då..). Det er overskrifta på eit svar til Henrik Sommerfelts (CMC Markets) kommentar i Finansavisen om at det kanskje er på tide å droppa investering i Bitcoin til fordel for mange av dei veksande altcoins. Etter mitt syn er det berre eit bevis på at du ikkje har forstått Bitcoin og den overlegne infrastrukturen det har samanlikna med alle andre kryptovalutaer. Berre Ethereum har noko som liknar.


Bitcoin, Ferrari og Lamborghini

Henrik Sommerfelt i CMC Markets meiner investorar i kryptovaluta i større grad bør sjå bort frå Bitcoin og heller satsa på ein av dei mange alternative valutaene, såkalla altcoins. Det minner meg om ei historie som blir fortalt om Enzo Ferrari, grunnleggjaren av Ferrari, og Ferrucio Lamborghini, grunnleggjaren av Lamborghini. Ferrucio kom ein dag inn på kontoret til Enzo og klaga på ein feil på Ferrari-en han hadde kjøpt. Då fekk han klar beskjed frå Enzo Ferrari: «Hald deg til traktor, bil har du ikkje greie på!». Lamborghini produserte den gangen berre traktorar.

Kanskje Henrik Sommerfelt skal halda seg til valutahandel med vanleg valuta og ikkje kryptovaluta. Å sjå seg blind på CoinMarketCaps’ liste over kryptovalutaer og prosentvis verdistigning, vil neppe føra til noko godt. Det er svært mykje luft i altcoin-marknaden for tida, og situasjonen minner mykje om forrige topp i 2017/2018. Det Sommerfelt overser, er Bitcoins unike og overlegne infrastruktur. Den gir Bitcoin ein heilt spesiell posisjon blant alle kryptovalutaer. Dersom investering i Bitcoin er risiko, og det er det, er investering i dei fleste altcoins ekstrem risiko. Nokre få kjem ut med store gevinstar; dei aller fleste kjem ut med tap.


fredag 30. april 2021

Espen Barth Eide - minutt for minutt

 Dagsnytt 18 hadde kryptovaluta som tema 29.04, og i studio var klimapolitisk talsperson for Arbeiderpartiet, Espen Barth Eide (EBE) og dagleg leiar i Kryptovault, Kjetil Hove Pettersen. Etter sendinga gjekk det heitt for seg på Twitter, der også EBE delvis deltok (kredit for det!). 

Dessverre fekk EBE boltra seg fritt og komma med tvilsame påstandar som vart ståande uimotsagde. Eg har difor transkribert innslaget og gjengir EBE ord for ord, og med mine kommentarar innimellom. Kjetil Hove Pettersen får ha meg unnskyldt for at eg ikkje har via han like stor merksemd..

Dagsnytt 18, 29.04.21, innslag om kryptovaluta
EBE: "Det er to bekymringer vi er opptatt av og den første er at den er et enormt energisluk at såkalt graving etter kryptovaluta som altså er veldig komplekse datamaskiner som står og regner på veldig avanserte matematiske modeller for å få fram hver enkelt såkalt blokkjede eller få fram disse kryptovaluta-enhetene, bruker kolossalt mye energi og stadig mer energi." 

Bitcoin-graving brukar mykje energi (elektrisk kraft), det kan me vera einige om.
"komplekse datamaskiner": Nei, dei er ganske enkle
"veldig avanserte matematiske modeller": Nei, det er veldig enkle matematiske funksjonar (hash-funksjonen SHA 256)
".. stadig mer energi": Nei, det er ikkje gitt at det blir slik. Det er i første rekkje avhengig av kursen på bitcoin, men også utviklinga av tilleggstenester som f.eks. Lightning Network og Liquid.

EBE: "Først for å grave dem ut og så på transaksjonene, og vi snakker altså om et energibehov globalt til kryptograving som overskrider det hele Norge bruker i et år på energi, og dette kan altså bare bli mer og mer og i prinsippet ubegrenset."

Her rotar EBE . Det er ein operasjon i Bitcoin som krev mykje energi: verifisering av nye transaksjonar gjennom lagring av nye blokker. Transaksjonane blir verifiserte og lagra i ei nye blokk, og det er ein operasjon, ikkje fleire.
Den samla energibruken i Bitcoin kan bli på størrelse med årleg forbruk i Norge, det er rett.
Det er ikkje sjølvsagt at energibruken skal auka (sjå forrige kommentaravsnitt)

EBE: "Og så skal det hver gang du bruker dette til å betale noe så bruker det også fryktelig mye energi, og når det gjelder da den aller mest ineffektive, den første bitcoin som er kjent, så kan det bruke altså like mye som et hjem bruker på 24 døgn på en transaksjon. Så man altså sluker fryktelig mye energi for å lage en slik, denne valutaen."

EBE hadde gjort klokt i å stoppa etter første setning ("..enormt energisluk.."), for han demonstrerer at han ikkje har sett seg inn i dette. For å gjenta endå ein gang: Det er ein operasjon som krev mykje energi: verifisering og lagring av nye transaksjonar (bunta saman i blokker). Det er ein, ikkje fleire operasjonar.

(KHP framhevar at mykje av Bitcoin-gravinga skjer med fornybar energi)

EBE: "Det er alltid bedre at man, samme hva man bruker strøm til, så er det bedre at den er fornybar enn at den går på kull. Men vi har mange andre ting vi kan bruke denne strømmen på. Vi skal bygge batterifabrikker, vi skal drive karbonfangst og -lagring, vi skal lage hydrogen vi skal elektrifisere all transport."

Her er me ved kjernen i energispørsmået: Kven skal seia kva som er god og kva som er dårleg bruk av (fornybar) energi, og skal det skje ved å sjå på kvar enkelt teneste? Det er politikarane som fastset rammene for energibruk, men det blir veldig merkeleg om dei skal gå inn og detaljregulera bruken ned på kvar tenester. Det vil i så fall bli første gang i historia. Det vil sjølvsagt melda seg store problem kvar gang: skal Instagram-bilde og -videoar få fornybar energi? Skal Netflix-videoar (Kardashian-serien??) få fornybar energi. 
Det vil vera ei ærleg sak å seia at datasenter ikkje får redusert el-avgift, men det er uråd å plukka ut ei spesifikk digital teneste. Regjeringa har prøvt og måtte gi opp. ESA ville aldri ha godteke det fordi det er eit brot på EØS-avtalen.

EBE: "Vi har et voldsomt behov for å bruke energien vår til noe som skaper jobber og som skaper verdier på en ordentlig måte. Så det som bekymrer meg spesielt mye, er at fordi vi har billig strøm i Norge, som er en stor fordel for oss og som er ren, så tiltrekker den seg veldig mye av denne kryptogravingen i verden, for den søker etter den innsatsfaktoren som betyr mest økonomisk, det er tilgangen til ren kraft, og mye kraft. Så den kan altså sluke all den kraften vi nå kommer til å trenge til mange andre ting, og det mener jeg er helt feil bruk av ren norsk kraft som jeg gjerne vil bruke til å skape verdier og arbeidsplasser." 

Batteriproduksjon er svært kraftkrevjande og skaper i tillegg enorme miljøproblem både ved bruk av sjeldne metall, men ikkje minst pga. alle brukte batteria som neppe blir resirkulerte. Kvifor er dette god bruk av fornybar energi? Kan gjerne ta med elektrifisering av sokkelen også, sjølv om EBE ikkje nemnde det (AP er for). Det er i manges auge eit vanvittig prosjekt og mest symbolpolitikk.

Om verdiar og arbeidsplassar: Bitcoin og kryptovaluta har alt skapt langt fleire arbeidsplassar enn batteriproduksjon, og vil truleg gjera det i overskueleg framtid.

(Kjetil Hove Pettersen "Korfor ikkje heller angripa konsesjonsleddet"?

EBE: "Gjerne det, vi kan godt angripe det fra flere vinkler. Poenget er at vi må være bevisst at vi snakker her om en type alternativ, privat valuta som jeg, etter min mening verden ikke trenger, og som da blir et kolossalt energisluk. Og så skal vi huske at alt annet vi bruker energi til, bruker vi stadig mindre energi på. En bil bruker mindre energi på å kjøre en mil, et skip kommer lenger på samme energimengde, du bruker mindre energi på å varme opp huset ditt. Men denne kryptovalutaen bruker stadig mer energi, for blokkjedene som er den underliggende teknologien, blir stadig mer komplekse og det gjør at de altså trenger mer kraft. Så min første bekymring er altså denne energisløsingen."

EBE meiner verda ikkje treng Bitcoin og kryptovaluta. Det er veldig lett å seia frå vår høge hest i Norge. Me har ikkje bruk for Bitcoin eller annan kryptovaluta, i alle fall ikkje i nemneverdig grad. Men kva med dei meir enn 2 milliardar menneska som ikkje har tilgang til finansielle tenester (bankkontor ++)? Kva med dei meir enn 50 % av jordas befolkning som lever under autoritære system med knallhard overvaking? Det EBE i realiteten seier er at me bryr oss ikkje. Det er i same gate som Nixon som etter opphevinga av gullstandarden i 1971 sa: "I don't give a shit about the lira".

(den andre bekymringen: hva dette kan gjøre med systemene våre)

EBE: "Og det er en enda mer grunnleggende problemstilling. Det er at tradisjonelt så er det jo slik at penger og betalingsmidler har blitt utstedt av stater gjennom sentralbanker som da har garantert for pengenes verdi, så tilliten på en måte lå i tilliten til statene, og da har vi fått valutaer gjennom all moderne tid. Det er et system som også har sine utfordringer og valutasvingninger og sånn, men det er i  hvertfall noe som statene kan kontrollere, som f.eks. hvis man får en finanskrise eller en bankkrise, så er det en suveren myndighet bak som kan gjøre noe med det. Når du etter hvert erstatter dette statsbaserte pengesystemet med helt private, selverklærte valutaer som nærmest lever sitt eget liv, så vet vi ikke helt hvor det stopper. Og mitt poeng er ikke å si at vi kan ikke forby dette isolert sett i Norge, men jeg tror det ville være lurt å begynne å ha en internasjonal dialog om hva vi egentlig mener om dette."

Einig med EBE i at det er dette som er viktigast. Skal me tillata andre pengar enn dei styresmaktene har vedteke ved lov? Til no har det vore tillate, elles kunne ikkje gull vorte brukt.  
Referansen til finanskrisa er interessant: Var det ikkje det statleg kontrollerte finanssystemet som let den skje?

Eg tykkjer parallellen til Internett må nemnast her, sidan EBE er livredd alt som ikkje er statskontrollert. Politikarane i Norge ville ikkje ha Internett, og gjorde vedtak om det i Stortinget (dei vedtok at den konkurrerande OSI-modellen skulle gjelda for offentleg kommunikasjon). OSI var kontrollert av teleselskapa som igjen var kontrollerte av nasjonalstatane. Me veit kva som skjedde, trass i dei politiskek vedtaka. NOSIP (Norsk OSI Profil) var daud omtrent i det den vart vedteken etter at Internett-teknologien hadde teke innersvingen på den.

Spørsmålet mitt til EBE er: Kan me godta Internett som faktisk ikkje har nokon statleg styresmakt som kontrollerande autoritet, men som blir styrt av eit slags frivillig dugnadslag, utanfor statleg kontroll?

EBE: "Nå vet vi jo f.eks. at kryptovaluta også er ganske attraktivt for folk som vil stikke unna overskudd, som vil snike seg unna skatt, kanskje kriminell aktivitet. Det på ingen måte sånn at alle som driver med det er kriminelle, langt ifra, det mener jeg ikke. Men det er også attraktivt for dem. Men jeg tror hovedpoenget er at stater og myndigheter mister kontrollen over betalingsmidlene, og da skjer det noe med pengesystemet. Så jeg tror at dette må inn i en eller annen form for orden og jeg tror at nå både i EU og i USA begynner man å tenke på det. Finansministeren til Biden, Janet Yellen, har begynt å si at hun er bekymret for den utviklingen." 

Det aller meste av økonomisk kriminalitet, enten det er skatteunndragelse eller kvitvasking, skjer med dei gode gamle statskontrollerte pengane våre. Kriminell bruk av Bitcoin er forsvinnande liten fordi kriminelle etter kvart har oppdaga at det kanskje ikkje er lurt å bruka eit system som lagrar alle transkasjonar ope til evig tid. EBE modererer seg også dette utsagnet. 

Janet Yellen er sjølvsagt skeptisk til Bitcoin og kryptovaluta, som også den tidlegare arbeidsgivaren hennar, Goldman Sachs, lenge var. No er Goldman på gli, kanskje det påverkar Yellen også? Som i Norge er det svingdør-politikk ("revolving doors") når det gjeld storfinans og politiske jobbar innan finans og økonomi.

(om kriminell aktivitet og Bitcoins sporing av transaksjonar)

EBE: "Nå er det vel i og for seg andre kryptovalutaer enn Bitoin som er mest attraktive, for de har litt ulike egenskaper og de har også litt ulike energiprofiler og sånn. Men poenget mitt er at jeg tror at man bør begynne å snakke om dette i tide før dette på en måte tar helt over fra det pengesystemet som verden har kjent så langt. Og jeg mener at det er noe som nettopp må gjøres internasjonalt. Jeg tror ikke hvert enkelt land kan gjøre så mye med det. Det vi kan gjøre i Norge, er jo å se på hvor mye av energien vår som skal gå til dette, og da tenker jeg (at) jeg er veldig tilhenger av datasentre på grønn energi, men man kan begynn å gjøre et skill mellom hva de driver med, i hvert fall be dem erklære hvor mye av virksomheten deres som går til kryptovaluta-graving. Det har ikke begynt ennå, og det tror jeg kanskje burde starte."

At Bitcoin skal "ta helt over" det ordinære pengesystemet har eg lite tru på, sjølv om det er enkelte Bitcoin-tilhengjarar som drøymer om det ("Hyper-bitcoinization"). Eg trur Bitcoin og kryptovaluta vil sameksistera godt med fiat-valuta og utfylla dei områda der dagens pengesystem er veldig dårlege. Det gjeld særleg betaling og verdioverføring over landegrenser.

Og ikkje minst er Bitcoin eit ekstremt viktig alternativ til dei utan tilgang til bank(-tenester) og til forfølgde og undertrykte rundt om i verda. Det er kanskje vanskeleg å sjå med våre tjukke velstandsbriller.

EBE ser ikkje ut til å ha fått med seg denne regjeringa sin falitt når det gjeld forsøk på å halda kryptograving unna redusert el-avgift, og ser ut til å vera på veg til å gjera same tabben. 

(om Bitcoins nytteverdi, der KHP seier at verdi blir bestemt av om nokon er villige til å betala for det)

EBE: "Men det finst jo også folk som vil betale for private hærer. Jeg synes ikke det er et godt argument. Så det finst ting som folk vil kjøpe som jeg ikke syns de kan kjøpe. Det er derfor vi har lover og regler."

Håplaust argument. Verdien i Bitcoin er utvilsam, men den blir overskygga av energidiskusjonen og ikkje minst den spekulasjonsdrivne aktiviteten. Det siste EBE seier, er jo rett: det er gjennom lover og reglar dette må styrast, men ikkje på ein diskriminerande måte, som han tilsynelatande legg opp til.

Lat meg til slutt nok ein gang sitera Raval Navikants definisjon av Bitcoin:

Bitcoin is a tool for freeing humanity from oligarchs and tyrants, dressed up as a get-rich-quick scheme.”

mandag 5. april 2021

Bitcoin og forbruk

Gjesteblogg av Didrik G.

Et av følgende scenarioer vil skje med bitcoin (tolk herunder som det vide bitcoinbegrepet om man ønsker). 1. Bitcoin dør ut. 2. Bitcoin eksisterer sammen med eksisterende finansielle instrumenter. 3. Bitcoin tar over deler av funksjonene til eksisterende finansielle instrumenter. Den kontante tilbakevisningen kjente karakterer i finansmiljøet har vist og den uproporsjonale spalteplassen de har fått tildelt tilsier at den offentlige samtalen fokuserer på scenario 1. Forsvaret av scenario 1 og øvrig kritikk mot bitcoin vitner ofte om en banal tilbøyelighet til å hevde fundamentale mangler uten dekning. Den uproporsjonale spaltetildelingen er i beste fall en innrømmelse av at man har lagt sin egen gunst i andres hender. Poenget med denne artikkelen er å ta et oppgjør med en enfoldig offentlig samtale. Hadde vi vært rasjonelle aktører ville vi sett på denne nyvinningen med frie sinn. bitcoin avdekker forhold med relevans langt utover kryptologi. En tendens mot arroganse, bleiebyråkrati, frykt for å gjøre feil, eller hva det nå er som er grunnen, gjør at vi feiler i å representere de ulike sidene av saken med integritet. Slik sikrer vi oss mot å ikke oppnå eventuelle fordeler, og vi bereder marken for å møte oss selv i døra når vi støter på problemene som de eventuelle fordelene vi valgte bort kunne være med på å løse. 

Mye negativitet mot bitcoin dreier seg rundt klimabelastning. Et perspektiv som mangler i den offentlige samtalen er opprøret mot gjeldende pengepolitikk. Det er ulønnsomt å spare og den fremtidige verdien av pengene våre er usikker. I et klimaperspektiv er dagens pengepolitikk et åpent sår som blir oversett. Koblingen mellom inflasjon, forbruk og utslipp er åpenbar. En variant av scenario 3 der bitcoin tar over deler av funksjoner i eksisterende finans, kan være at økonomien vår ikke har  inflasjon i pengemengden, siden bitcoins pengemengde er satt. Hvor store utslippsreduksjoner ville vi fått ved å droppe beslutningsavgjørelser som gjøres med margin lik eller lavere inflasjonen? Vi savner bidrag til den offentlige samtalen fra tradisjonelle økonomer som går sitt eget pengepolitiske paradigme i sømmene med et klimaperspektiv. Gode råd er dyre når følgene av klimaendringer er hva de er. 

Et annet populært scenario er at bitcoin får en funksjon som spareobjekt på grunn av knappheten i pengemengden og sikkerheten i systemet. Det er i stor grad denne funksjonen bitcoin har i dag - passiv kapital. Hvis man ønsker å lage et komplett energiregnskap for bitcoin, må sparings effekt på forbruk undersøkes. Den som sparer får naturligvis mindre evne til forbruk, mens den som selger får større evne til forbruk. En generell antakelse i økonomisk teori om forbruk er at forbruket går mer ned ved innsnevnring av tilgjengelige penger enn hva forbruket går opp dersom man får mer penger.* 

Vi ser at bitcoins insentivstruktur taler til rasjonalitet og personlig ansvar. Grunnideen taler til den naturlige oppfatningen av hva penger er. Hvis bitcoin-skeptikerne skulle ta feil, og bitcoin tok en plass i den globale økonomien, så skal vi selvfølgelig ha hatt en åpen offentlig samtale på forhånd. De som gang på gang stanger hodet sitt i de samme åpne dørene får mindre offentlig rom. Å holde sin posisjon hellig er en egenskap som forvitrer i takt med fremveksten av en desentralisert virkelighet. Hvis man mener at en åpen samtale er med på legitimere noe man ikke liker, har man misset poenget og lar frykt være ens styrende driver(som tidligere - beredt grunnen for å møte seg selv i døra gang på gang senere). Hvis vi posisjonerer oss, vil vi tjene økonomisk. Hvis vi ikke undersøker tematikken grundig overser vi eventuelle fallgruver. I ytterste konsekvens; Hvordan vil verden bli påvirket hvis bitcoin blir en dominerende valuta? Vil den personlig ansvarsstrukturen besjeles oppover i systemene for overordnet organisering av mennesker, eller vil vi se forkrøplinger av en ny insentivstruktur når den blir applisert på stat og institusjonsnivå? Hva slags konflikter kan man få? Virkeligheten kan være at utviklingen er uunngåelig, og de problemene man får er mindre enn de problemene man løser. Uansett løser man utfordringer best dersom man er forberedt. Som bitcoinengasjert synes jeg dette er viktige spørsmål. Dette er steder som den offentlige samtalen ikke når med gjeldende ubevisste dagsorden, og det er steder man ikke kan forvente å fullstendig avdekke med kort tidshorisont.

 --- 
 *konsumfunksjon og marginal tilbøyelighet for forbruk. (marginal propensity to consume(MPC), consumption function)