onsdag 16. mai 2012

Roy har groove

Foto: Bob Travis, CC SA 2.0
På veg til Jæren for å henta eldste-dottera, stoppa me i Stavanger og høyrde på Roy Hargrove Quintet. Dei spelte på Stavangeren som del av Mai-jazz. Det var ein fin konsert der musikarane brukte litt tid på å komma skikkeleg i gang. Den slappe starten kan kanskje forklarast med at dei var døgnville, nettopp komne frå USA.

Oppdaga av Wynton Marsalis
Roy Hargrove er ein av dei fremste trompetarane på jazz-scena i dag. Han vart oppdaga av Wynton Marsalis og har hatt ei meir enn 20 år lang karriere med mange plateinnspelingar og eit utal konsertar. I tillegg til trompet er han også kjend for å spela mykje flygelhorn.

"The Young Lions"
Med sine vel 40 år tilhøyrer han den generasjonen jazzmusikarar som har vorte kalla "the young lions". Den omfattar i tillegg til Hargrove artistar som Joshua Redman, Terence Blanchard, Nicholas Payton m.fl. Dei fleste av desse musikarane er innan sjangeren "neo-bop", dvs. tryg forankra i bebop, med spede forsøk på meir moderne saker (som regel ganske mislykka).

Neo-bop
Roy Hargrove held seg til det trygge formatet og er trygt planta i bop-tradisjonen. Det kan innvendast at det ikkje er den mest nyskapande musikkforma, men sjølv føretrekk eg inndelinga "god"/"dårleg" musikk, uansett sjanger. Etter eit par opningsnummer med raske bop-låtar, roa kvintetten tempoet og då begynte også musikken og swingen å komma fram. Generelt vil eg seia at til seinare tempo, til betre fungerte det og til meir kom trompetspelet fram.

Blues-groove
Hargrove er best på dei meir blues-inspirerte låtane. Han er ingen "hylar" på trompeten, slik sett kan han nesten minna litt om Chet Baker med sitt ganske avgrensa høgderegister. Men det han manglar i høgden, tek han att melodisk og rytmisk. Han spelar på ein utprega melodisk måte og minner om store trompetarar som Clifford Brown, Kenny Dorham og Freddy Hubbard.

Til slutt eit dårleg bilete frå konserten der me ser Roy Hargrove i kårni hatt (litt typisk jazz-stil..), lys dress og kvite & brune italienske "mafia"-sko (ikkje på biletet). Etter ein ganske stiv start, mjukna Roy opp og begynte etter kvart med små dansetrinn når det svinga skikkeleg. Det siste sørgde ikkje minst eit særs oppegåande komp for, der trommisen særleg utmerka seg både med drivande spel og ikkje minst smittande speleglede.


søndag 29. april 2012

Eventyret Sogndal

Henta frå Bergens Tidendes nettutgåve 28.04.12
Sogndal er framleis i toppen av årets Tippeliga etter at seks serierundar er unnagjorde. Det er smått utruleg, også for tilhengjarane. Dei fleste hadde Sogndal som sikker nedrykkskandidat før årets serie, og det er eigentleg ikkje noko å seia på det. Når heile forsvarsrekkja frå i fjor, minus Per Egil Flo, forsvinn, ville det normalt bety store forsvarsproblem. Særleg når laget i tillegg legg om frå 5-mannsforsvar til ein normal 4-ar bak.

"Vestlandets storlag"
Desto kjekkare er resultata. Bergens Tidende omtalar Sogndal som "Vestlandets storlag" etter seieren over Molde i går. Og dei har ringa inn plasseringa til Sogndal og Brann for verkeleg å gni det inn i Brann og deira tilhengjarar. Og 16. mai er det duka for klassikaren Brann - Sogndal på Stadion..

Når langt utover fotballen
Sogndals suksess betyr langt meir enn anerkjenning blant fotball-interesserte. Som legendariske Liverpool-manager Bill Shankly sa: "Some people think football is a matter of life and death. I assure you, it's much more serious than that." Fotballsuksessen er bygda Sogndals beste marknadsføring. Det er omdømme-bygging i ein heilt annan skala enn "omdømme-kurs" og "omdømme-prosjekt". Omdømme kan ikkje byggjast anna enn ved hardt arbeid og gode resultat, og eg trur det beste omdømmet kjem om du ikkje er for oppteken av akkurat det ordet.

Suksess smittar over på andre
Sogndals suksess smittar over på andre, og det er lett å identifisera seg med "veslebror" som tuktar langt større og sterkare brør. Eg arbeider til dagleg ved Vestlandsforsking, ein liten forskingsinstitusjon i Sogndal som blir levna like små (mindre?) sjansar i forskings-Norge som fotball-Sogndal. Når fotball-laget viser veg, er det kjempeinspirasjon for andre som ser at det faktisk er muleg å ta opp kampen mot dei store.

Suksessen starta i 1976
Suksessen for Sogndal starta ikkje i år, men i 1976. Det året var det store gjennombrotet, først og fremst på grunn av cup-finalen mot Brann der laget spelte seg inn i alle sine hjarte ("Brann vant kampen, Sogndal hjertene" som media skreiv etter finalen). Men endå viktigare var opprykket til 2. divisjon (tilsvarande dagens 1. div.) same året. Frå 1976 har Sogndal vore mellom dei 15 - 20 beste klubbane i landet. Klubben har alltid vore driven på ein tvers gjennom nøktern måte der opprykk til eliteserien og nedrykk til 1. div. alltid har vore realistiske utfall. Det har aldri vore katastrofe å rykkja ned, for økonomien er bygd på ein slik måte at den toler det.

Eg spelte på Ullevaal i 1976
Når eg snakkar om cupfinalen i 1976 pleier eg å seia, med full rett, at eg spelte på Ullevaal under cupfinalen. Eg plar også leggja til litt seinare at eg spelte kornett med Sogndal Musikklag..

Mindre økonomisk doping gir mulegheiter
Er det eit svakheitsteikn at Sogndal (og liknande klubbar) hevdar seg i toppserien? Dette blir det jo masa om stadig vekk, ikkje minst av toppfotballsjefen. Om ikkje anna er det viktig for fotballen at klubbar som driv på ein økonomisk sunn måte, og dei er det ikkje for mange av, kan få suksess og tena som førebilete for andre. Finanskrisa generelt, og den økonomiske krisa i fotballen spesielt, gjorde det muleg for Sogndal å ta steget opp att i eliteserien. Sogndal hevdar seg best når det kan kjempast på litt meir like vilkår (for all del ikkje like!), og den økonomiske dopinga blir redusert. Det er å håpa at slike forhold dominerer fotballen enno ei god stund framover.

mandag 23. april 2012

Verdig rettsak eller mangel på avstand?

Biletet viser Dmitri Konovalov i rettsaka mot han og
Vladislav Kovalyov for bombeattentat i Ukraina (Foto: Reuters)
Ville du ha teke massemordaren i handa og helst høfleg på han?
Er det OK å behandla han på same måten som om han var ein butikktjuv?

Stor vekt på "verdig"
Det er lagt stor vekt på at rettsaka skal vera verdig, men eg er redd resultatet blir ein mangel på avstandtaking frå det grusomme som skjedde 22. juli. Utanlandske media reagerer på den vennlege tonen og ramma i rettsalen. Aktor og bistandsadvokatar handhelser høfleg på ABB. Eg meiner dette blir feil.

Snu det andre kinnet til?
Det er i sanning å følgja Bibelen og snu det andre kinnet til, men er det rett i ei sak som denne? ABB er i sitt rette element her. Den høflege vestkantguten snakkar det same språket som retten, og han har ikkje problem med å finna seg til rette under rammene for rettsaka.

"F*ck verdighet"
Kjetil S. Østli i Aftenposten gir uttrykk for tru og tvil i ein omfattande og god artikkel 21. april. Under overskrifta "Verdighet" skriv han:
Av med håndjern. Han smiler og hever armen. Så kommer aktor til ham, håndhilser og smiler, bistandsadvokater håndhilser, alle går til ham. Slik tvinges også vi til ham. Hvorfor må en bistandsadvokat, som har tatt ofre i hånden nå ta ham i hånden?
Det er sannheten om en verdig rettsstat. Aktørene hilser på hverandre, massemorderen sitter uten fotlenker eller håndjern få meter fra de etterlatte, voktet av to politimenn slik at ingen får gjøre ham noe.
Verdighet. Verdig rettssak. En rettsstat verdig. "Verdig" sies like ofte som Breivik sier "dekonstruksjon" eller "militant nasjonalist". Tillat meg et skritt i møkka. Fuck verdighet. Kontrollert følelser er verdig. Raseri er uverdig.
Det norske rettssystemet er bygt på humane prinsipp, og den som er tiltalt er uskuldig inntil det motsette blir bevist. I denne saka er det ikkje tvil om tiltalte har gjort det grusomme han er tiltalt for. Det einaste spørsmålet retten må ta stilling til er om han er tilrekneleg eller ikkje.

Ugjerninga 22. juli saknar heldigvis sidestykke i norsk, og forsåvidt global, historie. Er det då rett at me tviheld på rammene og insisterer at det skal vera likt enten tiltalte er ein butikktjuv eller tiltalt for mord på 77 uskuldige?

ABB burde sitja i eit bur i rettsalen
Nei, eg meiner det blir feil. Eg meiner lovverket må følgjast og at me ikkje må gjera overila endringar her. Men rammene for rettssaka burde vore endra. ABB burde vore plassert i eit bur i rettssalen, for å understreka det ekstreme og at me så tydeleg som muleg tek avstand frå det gjerningsmann og gjerningar. Me skal ikkje helsa på slike folk, me skal ikkje lata som dette er ei normal rettssak. Me skal visa at dette er barbarisk, ikkje ved å bli inhumane sjølve, men ved å ta tydeleg avstand frå ABB.

Så vil enkelte spørja kvar grensa skal gå. Når skal vi halda tiltalte i bur under ei rettssak? Eg meiner spørsmålet er uinteressant no. I dette tilfellet er handlinga så ekstrem, så grusom at den sprengjer skalaen fullstendig. Lovverket og rutinane våre er på ingen måte førebudde på slike handlingar.

Vend han ryggen
På same måten som Arne Myrvold vart snudd ryggen, må me snu ryggen til ABB, og det burde skjedd i sjølve rettssaka.

søndag 15. april 2012

Rettsvesen og rettspsykiatri 1.0

Ordet psyche er gresk og tyder sjel eller sommarfugl. Biletet
teke av Kenneth Dwain Harrelson, Wikipedia
Trass all sin gru har 22. juli-katastrofen fått fram i lyset mange uheldige sider ved rettssamfunnet vårt. Det gjeld alt frå politiarbeid til påtalemakt og ikkje minst ekspertsystemet innan jussen, representert ved rettspsykiatrien. Som Morten Strøksnes så treffande skriv i tittelen på kommentaren i Bergens Tidende 14.04.12: "Krise.Psykiatri".

Ekspertar i Johnny English-stil
Rettspsykiatrien er ille stilt etter at ABB først vart funnen utilrekneleg av dei første utnemnde ekspertane, og så funnen tilrekneleg av dei nye. For ein av rapportane må ta feil. Om den første rapporten har det vorte sagt at den både er omfattande og grundig. Det får meg til å tenkja på Johnny English:

  • den er omfattande
  • den er grundig
  • ....
  • den er heilt på jordet!
"Makkverk"
Det blir nok også gjort ei kortslutning ved at lang (omfattande) = grundig. Mykje tyder på at den ikkje er grundig, særleg er det påvist store metodiske svakheiter. Av dei mange som har kritisert rapporten er Per Egil Hegge. Til Dag og Tid 15/2012 seier han at det er eit "Psykiatrisk makkverk". Hegge er vand til å svinga pisken over autoritetar. I hans tilfelle kan ein seia at "med arroganse skal arroganse fordrivast". Hegge har nettopp gitt ut boka "De suverene" som er eit angrep på arrogante og skråsikre ekspertar, særleg innan medisin.

Det mest interessante i heile saka er at utan at den første rapporten hadde vorte kjend for media, ville det ikkje blitt noka ny oppnemning, derav tittelen på blogginnlegget. Rapporten tolte ikkje dagens lys, men den rettsmedisinske kommisjonen godkjende den. Kva skal me med ein slik kommisjon?

Rapport som bestilt?
Rapporten kom som bestilt, og ein kunne nesten høyra lettelsen hjå fleire av aktørane. Påtalemakta fann ingen grunn til å dra konklusjonane i tvil, jamvel om det vart påstått at ABB hadde eit funksjonsnivå som ein toåring (!). Igjen kunne folk flest sjå med eigne auge at her var det noko som umuleg kunne stemma. At psykiatrane heller ikkje gjekk diverse nettsamfunn etter i saumane, men konkluderte meg at synspunkta til ABB skuldast verkelegheitsforstyrringar, rimte dårleg. Det er dessverre ikkje vanskeleg å finna ABBs meiningsfeller på nettet, så det er heller snakk om ekstreme politiske synspunkt.

Media og folkemeininga 
Dei ansvarlege i Oslo tingrett var heldigvis vaksne nok til å be om ei ny utgreiing. Men det hadde aldri skjedd utan store protestar både frå media og "folk flest". Eg er klar over at ein skal vera forsiktig med å gjera folke-opinionen til sanning, men av og til (ofte?) er ting det dei gir seg ut for å vera. Så kan det også hevdast at den andre utgreiinga kom som bestilt, men her kan det innvendast at også den motsette konklusjonen ville vorte akseptert. 

Psykiatri ingen eksakt vitskap
Det er ikkje noko nytt at psykiatri ikkje kan reknast som ein naturvitskap på linje med biologi og kjemi, men som ein fortolkande vitskap med alle dei skilnader det inneber. Men psykiatrane likar nok å sjå på seg sjølve som nærmare naturvitskapen enn humaniora, med legeutdanninga som basis. Det er vel også ein grunn til at psykologane ikkje slepper til på dette feltet; dei har jo ikkje den nødvendige biologiske bakgrunnen. 

Vurderingane av ABB viser med all tydelegheit at psykiatri i stor grad er basert på eit subjektivt skjønn. Det er ikkje nødvendigvis noko galt i det, så lenge det blir innrømma og dokumentert grundig. Problemet oppstår når det blir skjønn blir ikledd vitskaplege frasar og framstilt som objektive sanningar, og det ser ut til å vera tilfelle her.

Psykiater + psykolog?
Det vil ganske sikkert skje endringar i bruken av ekspertar, og særleg vil det bli endringar i rettspsykiatrien. Frå eit fagleg synsvinkel må ein kunna spørja kvifor ikkje psykologar kan brukast i dette arbeidet? Eg trur ei tverrfagleg samansetjing med både psykiatrar og psykologar ville ha styrka dette arbeidet. I tillegg vil slike ekspertuttalar bli vurderte på ein meir kritisk måte etter denne saka, og det er bra.

Først straffeutmåling og deretter soningstype?
Eit anna spørsmål er om Norge skal tilpassa reglane for straff til andre land, der retten først gjer ei vurdering om skuld og straffeutmåling, og deretter vurderer om personen er i stand til å sona under vanlege tilhøve. Logisk sett verkar dette meir fornuftig enn det systemet me har i dag. Det er gjerninga som først bør bedømmast, og deretter bør ein vurdera om den dømde er frisk nok til å sona vanleg fengselsstraff.

onsdag 11. april 2012

Alt inn i Altinn?

(Lesarinnlegg i Dagens Næringsliv 10.04.12)

Direktør Hans Chr. Holte i Difi skriv i DN 31.03.12 at trass i Altinn-skandalen er det for seint å snu utviklinga, vi kan ikkje gå tilbake til papirbasert kommunikasjon med forvaltninga. Det er ingen som meiner det er eit reelt alternativ. Den viktige diskusjonen etter gjentekne Altinn-havari er om alle egga skal liggja i same korga. Og då må FAD/Difi også spørja seg sjølve kvifor dei legg sine egg i Altinn-korga.

Altinn for næringslivet, Miside for folk flest
Altinn vart planlagt som næringslivet sin rapporteringskanal for offentlege føremål. Miside vart oppretta som kanal for privat¬personar. Men Altinn var gaukungen med ein ustoppeleg appetitt, og snart var dei små søskena skubba ut av reiret. Til alt overmål verkar det som foreldra (FAD/Difi) hjelper til å skubba Miside ut av reiret ved å kunngjera nedlegging og overføring av dei viktigaste funksjonane til Altinn.

Delt løysing heller enn Alt inn i Altinn?
Det er denne situasjonen Holte, Difi og FAD må ta som utgangspunkt for diskusjonen og heller spørja seg om ikkje den opprinnelege planen likevel var betre: ei løysing for næringslivet og ei for folk flest. Så er det klart at det ofte er vanskeleg å skilja roller, men det bør likevel ikkje gjera det umuleg å få til ei delt løysing for avlasting av Altinn-trafikken. Ei slik løysing strir heller ikkje mot tanken om felles¬komponentar. Ei felles innlogging har vore på plass ei god stund, og det er også mange andre komponentar som kan delast.

Internett som modell
I tillegg til avlasting som omtalt over, er sentral kontra distribuert modell også eit kjernespørsmål. Ein distribuert modell har også sine utfordringar, men vi bør læra og ta modell av Internett, alle distribuerte systems mor.

søndag 8. april 2012

Innovasjon Norge med arisk slagside

Innovasjon Norge, ved VisitNorway, har sendt ut ein lekker katalog for 2012; Norge - må oppleves. Den er full av lekre bilete som forventa. Litt rart er det likevel at Innovasjon Norge ser ut til å leva i trua på at landet vårt framleis består av 100 % bleikansikt. Det multikulturelle Norge eksisterer ikkje i det biletet IN formidlar. Eg finn ikkje eit einaste bilete av personar med annan hudfarge enn (driv-)kvit.

Problemet er at IN, og reiselivsnæringa generelt, formidlar klisjéar. Dette er ikkje Norge anno 2012, det er Norge slik forrykte personar som ABB og andre helst hadde sett det var. Det blir i tillegg ganske parodisk sidan reiselivsnæringa truleg er den som har størst innslag av tilsette med utanlandsk bakgrunn.

Det bør vera muleg å formidla kvalitetane ved landet vårt og på same tid gi eit tidsriktig bilete av samfunnet. Eg meiner det er ein av kvalitetane våre at me har stadig fleire innbyggjarar med ulik bakgrunn.

mandag 26. mars 2012

Stao no pao, superlag frao Saongdal



Ja, eg veit det er 29 kampar att og at mykje kan endra seg :). Men akkurat no er det lov å suga på karamellen som Sogndal så overraskande serverte oss i går. Og ekstra godt smakte den sidan absolutt alle "ekspertane" har tippa Sogndal nord og ned i år. Som det heiter i supportersangen tittelen er henta frå: "Dere er for små, hvordan skal nå dette gå?".

Norges beste supportersang har me i alle fall, og akkurat no har me også Norges beste fotball-lag.

søndag 25. mars 2012

Difi: Farleg flørting med lukka nettsamfunn

Difi har gjort ei undersøking av bruken av sosiale medium i forvaltninga og introduserer der eit begrepsapparat for temaet. Dei deler sosiale medium inn i opne og lukka møteplassar og vidare definerer dei

  • Dialogbaserte møteplassar (Facebook, Google+, Origo)
  • Avsendarstyrte møteplassar (bloggar)
  • Prosjekt- og saksbehandlarstøtte (
  • Lytte- og deleverktøy (rss)
  • Digitale dugnadsarenaer 
Facebook open møteplass??
Difi er derimot uklare på kven av desse som er opne og lukka. Dei kallar Facebook ein open, dialogbasert møteplass, og det er her eg meiner dei feilar totalt. Begrepsavklaringa deira tilslører meir enn den avdekkjer, og er difor ikkje berre dårleg, men direkte uheldig.

Inndelinga i opne og lukka møteplassar tilslører eit viktig overordna spørsmål: korleis skal forvaltninga bidra til eit ope og ikkje lukka Internett?

Å kalla Facebook for ein open møteplass tilslører det faktum at tenesta er ei innhegning av den opne web-en (”walled garden”). Dette er ei alvorleg utvikling som Difi burde problematisert, men som i staden blir underslått med begrepet open, dialogbasert møteplass. Facebook er det sosiale mediet der dette blir tydelegast, og der det er størst grunn til å åtvara mot ei uheldig utvikling. Facebook, og andre tilsvarande system, er for alle praktiske føremål lukka samfunn på nettet.

Internett ikkje naturgitt ope
Internettet er ikkje eit naturfenomen som vi tilfeldigvis har fått i hendene og som vil vera uforanderleg i all vår tid. Internett vann fram i konkurranse mot andre, lukka plattformer (Teleselskapa sine OSI-baserte nettplanar, IBMs SNA-nett, AOL & Compuserve m.fl.) og det er ikkje gitt at den opne arkitekturen skal halda fram. Tvert om er utviklinga på nettet i dag egna til å uroa dei av oss som meiner at eit fritt og ope nett er viktig. Utviklinga går i retning meir lukka tenester, og sosiale medium som Facebook er ein viktig del av dette. 

Forvaltninga har eit ansvar for internett-utviklinga også
Eg meiner Difi har ei viktig oppgåve i å formidla heile biletet av Internett-utvikling til forvaltninga, og då må bruk av sosiale medium setjast inn i ein overordna samanheng som handlar om kva utvikling vi ønskjer på nettet. Forvaltninga bør vera varsame med plattformer som i sin natur stengjer informasjon for visse brukargrupper. Facebook og tilsvarande medium er glimrande til sine føremål, særleg som plattform for dei personlege og private relasjonane, men tvilsame som kanalar for offentleg informasjon.

onsdag 21. mars 2012

Altinn - frå vondt til verre


Altinn har gått frå vondt til verre. Ytelsesproblema har vore tydelege i fleire år, og det kan verka som Altinn har følgt opp Drillo-filosofien om å vera best utan ball: Best utan brukarar. Denne gangen er det mykje verre sidan personvernet er korrumpert. Det er noko som ikkje kan tolast.

Alle egga i ei korg
Problema med Altinn reiser mange spørsmål. Eit av dei er om sentralisering er svaret på IT-utfordringane. Uansett korleis Altinn blir framstilt, er det ei sentralisert teneste som har samla mange oppgåver som tidlegare var spreidde. Det har mange fordelar, og så har det nokre store ulemper. For å sitera filosofen Martin Heidegger: ”Den som tenkjer stort, feilar stort”. Når svært mykje blir samla ein stad, vil eit alvorleg problem bli veldig omfattande pga. Bør Altinn heller tenkjast distribuert for å unngå ”single point of failure” og også fordela presset på systemet?


Skal alt inn i Altinn?
Eit anna problem er freistinga ved å gjera Altinn til den altomfattande e-forvaltningsløysinga. Det verkar som ein har tenkt "tek du den så tek du den". Men ved å inkludera stadig meir i Altinn, introduserer ein også stadig større kompleksitet og det blir vanskelegare å finna feil. Det er grunn til å minna om National Health Service i Storbritannia som nyleg stoppa all vidare utvikling av National Programme for IT. Det er kanskje eit av dei største, sentralistiske IT-prosjekta som finst, og det feila stort.


Avhengig av ein leverandør
Heilt sidan starten på Altinn, i 2000-2001, har Accenture vore leverandør av utviklingstenester. Alt har skjedd etter offentlege innkjøpsreglar, men dei reglane kan ikkje hindra ei leverandørbinding som i det lange løpet kan bli svært uheldig. Eg meiner Brønnøysundregistera har vorte altfor avhengige av Accenture, og kompleksiteten til Altinn tilseier at det ikkje skal bli lett for andre aktørar å komma inn. I slike store IT-prosjekt er det veldig viktig å tenkja langt fram og prøva å unngå leverandør-innelåsing. Sannsynlegvis burde det vore fleire leverandørar inne, sjølv om det også har sine utfordringar.

Altinn i nettskya?
Problemet med ytelse har vore tydeleg lenge. Kvar gang presset aukar i form av mange samtidige brukarar, feilar Altinn. Og det skjer trass i at systemet er dimensjonert for å tola den store pågangen som skjer nokre få ganger i året. Men det offentlege betalar for denne kapasiteten heile året, sjølv om den berre blir brukt nokre få dagar.

Det er her nettskya (cloud computing) har sin styrke. Betalingsmodellen er slik at du berre betalar for det du brukar, uansett om det er 100 brukarar eller 1 million. Stordriftsfordelane inneber i tillegg at systemet maskin- og kommunikasjonsmessig er i stand til å ta store toppar. Men sjølvsagt kan ikkje kapasiteten hindra programmeringsfeil. Den store utfordringa med nettskya er sikkerheit og personvern. Så lenge ein ikkje er heilt trygg på plasseringa av data, blir det vanskeleg for offentleg sektor å ta i bruk teknologien. Spørsmålet er om ei norsk nettsky kan vera i alle fall eit mellomsteg? Teknologirådet sitt prosjekt ”Norge i nettskya” prøver å finna svar på dette og andre spørsmål.

søndag 18. mars 2012

Norge.no og Miside - forslag til utvikling

I tidlegare bloggpostar, både på denne bloggen og på Vestforsk-bloggen, har eg skrive om den sørgjelege tilstanden til Norge.no og Miside. Då er det berre rett og rimeleg at eg også kjem med tankar om kva som kan gjerast. Eg trur ikkje det er for seint å redda tenestene, men det hastar fordi dei har vore så vanskjøtta.

Brukarundersøkinga 2011
Det viktigaste argumentet for å framleis satsa på Norge.no og Miside er Difi sine eigne brukarundersøkingar som viser at folk ikkje finn lettare fram i offentleg informasjon og tenester på nettet. Undersøkinga frå 2011 viser tydeleg at det framleis er behov for vegvisarar på nettet. Andre land som Danmark og Storbritannia, som også er leiande på e-forvaltning, satsar på sentrale vegvisarar til mylderet av informasjon og tenester.

Ny teknologi med meir bruk av smart-telefonar og nettbrett betyr at skjermane blir mindre, og det blir i utgangspunktet endå vanskelegare å få oversikt og navigera. Til saman blir dette gode argument for ei satsing på forbetra vegvisarar i form av ei kombinert Norge.no + Miside. Eg kan ikkje sjå at argumenta frå Difi er baserte på kunnskap me har om innbyggjarane og deira behov, snarare framstår dei som synsing og politisk prega utspel.

Difi-strategi frå 2009
Difi si eiga oppsummering av strategi-innspela i 2008 var "ein innbyggjarportal med ein tydelegare profil". Dei framheva at ein innbyggjarportal vil dekkja behov som andre tilbod ikkje dekkjer, verken kvar for seg eller som heilskap:
  • gjer det lett å finna fram - naturleg utgangspunkt
  • viser samanhengar på tvers av forvaltninga og deler den same informasjonen med etatane slik at dei kan nytta den i sine portalar
  • gjer innsyn enkelt - innsyn i eigne data på tvers av forvaltninga
  • foredlar tenestetilbodet ved samanstilling av tenester
  • fyrtårn for brukarretting: tilgjengelegheit og klart språk
  • legg til rette for deltaking i demokratiet
Alle punkta over må lesast med ei samanslåing av Norge.no og Miside i minnet. Det var utgangspunktet for strategiarbeidet.

Eg kan ikkje sjå at nokon av punkta er adresserte av andre tiltak i forvaltninga, og tilrådingane er slik sett like gyldige i dag som for 3 år sidan. Men løysinga må sjølvsagt reflektera dei endringane som trass alt har skjedd på det teknologiske området.

Vestlandsforsking og Bouvet sitt innspel
I Vestlandsforsking og Bouvet sitt innspel frå mars 2008 lanserte vi to alternativ for den langsiktige utviklinga (3-5 år); ein "sentral" modell og ein "distribuert" modell. Felles for begge alternativa var følgjande tiltak:
  • Utvida innsyn, også for kommunal informasjon
  • Samfunnsboka 2.0 - brukarmedverknad (kopling av svarteneste, ofte stilte spørsmål m.m. med tenesteinformasjon)
  • Tenesteoversikt som ein naturleg del av ein informasjonsportal
  • Satsing på fellestenester som meldingsboks og kalender
Av dei to langsiktige modellane tilrådde vi den distribuerte:
  • distribuerte tenester heller enn sentraliserte
  • hovudfokus på fellestenester og felleskomponentar som byggjesteinar for forvaltninga
  • meirverdi gjennom samanstilling og samordning av tenester og informasjon
  • harmonisering av brukargrensesnitt på eit anna nivå (tilrådingar som t.d. Elmer)
Vegvisar-rolla sentral
Den distribuerte modellen kan minna om den utviklinga Hans Chr. Holte i Difi nemner i intervju med Computerworld, der han seier at tida for sentrale portalar er over og at felleskomponentar er det ein må satsa på. Det er ein viktig skilnad her, for i vårt forslag til distribuert løysing ligg det også inne ei vegvisar-teneste. Vi hoppar altså ikkje over den viktige vegvisar-rolla, slik Difi ser ut til å gjera.


Integrering av opne data
Difi har eit viktig arbeid på området opne data. Her har dei ei like klar vegvisar-rolle som for annan informasjon, og opne data bør handterast på same måte som annan informasjon. Det viktigaste er ei rådgjevings- og oversiktsteneste.

Los som felleskomponent
For å laga ein oversikt over offentlege tenester, uansett i kva form (informasjon, lenker, skjema), det baserast på ein struktur. Om det så er ei alfabetisk opplisting, er det også ein form for struktur. Los vart utvikla som ei forbetring av prosjektet Livs-IT; vegvisar til offentlege informasjon basert på livssituasjonar. Målet vart snevra inn til offentlege tenester, både tenestene i seg sjølv og informasjon om dei. Det teknologiske fundamentet vart også forbetra. I staden for eit system basert på eit stivt hierarki og opning for å kategorisera på alle nivå i hierarkiet, vart Los modellert som ein tesaurus. Her er emneorda det sentrale, og strukturen (hierarkiet) berre ein av fleire navigeringsmåtar. Ei omfattande tilleggsordliste (= hjelpeord) er også ein sentral del av navigeringa.

Kva er alternativet til Los?
Dersom Difi bestemmer seg for ikkje å bruka Los, må kontrollspørsmålet vera: Korleis har dei tenkt å strukturera informasjons- og tenesteoversikten? Har dei tenkt å finna opp eit nytt hjul? Det kan godt henda det er lurt, men då må det argumenterast for kvifor det er betre enn å basera seg på eit system som finst, og som rundt 1/3 av kommunane alt brukar.

Tre års ørkenvandring og offentleg sløsing
Det fortvilande er at Difi har brukt tre år og ikkje komme av flekken når det gjeld desse tenestene. Endå verre: eit utviklingsarbeid vart sett i gang i 2010, men stoppa i 2011. Altså er det sikkert brukt eit par millionar kroner på ingen ting (lønn til prosjektleiar, innleige av konsulentar). Dette er alvorleg av minst to grunnar:
  1. Det er offentlege midlar som ikkje bør sløsast bort
  2. Norge.no og Miside hadde sårt trengt ei oppdatering langs linjene som er omtalt over

søndag 11. mars 2012

Analyse av internsøk - Search Site Analysis

Eksempel etter idé av Are Halland, Netlife Research
Internt søk stinkar! Det er opplese og vedteke, og det stemmer. Det er veldig rart at eit generelt søk på web-en (Google osv.) skal fungera betre enn eit internt søk på ein avgrensa nettstad. På ein avgrensa nettstad burde vi ha mykje betre kontroll på resultatet av søk, men det har vi ikkje.

Informasjonsarkitekt Lou Rosenfeld
Lou Rosenfeld, kjent frå "Information Architecture for the World Wide Web" som han skreiv saman med Peter Morville (Isbjørn-boka,  referanseverket for IA), har omsider fått ferdig boka "Search Analytics for Your Site Conversatins with Your Customers". Den har vore i emning i fleire år. Lou Rosenfeld arbeider både som IA-konsulent og som forlagseigar/-redaktør gjennom forlaget Rosenfeld Media. Forlaget har fleire interessante bøker.

Dialog med brukarane
Som undertittelen seier, er internsøket er det nærmaste vi kjem ein dialog med brukarane av nettstaden vår. Vi kan finna ut ein god del ved hjelp av tradisjonell web-analyse, men det er først i søkefeltet brukarane seier rett ut kva dei lurer på. Dessverre er nettstads-ansvarlege flest veldig dårlege til å ta opp denne dialogen, og gullgruva blir liggjande uopna.

Analyse og forbetring
Boka tek føre seg den naturlege syklusen i å forbetra nettstaden på dette området:

  1. Analyse av data
    - Mønster (Pattern Analysis)
    - Feil (Failure Analysis)
    - Sesjonar (Session Analysis)
    - Analyse av brukarane (Audience Analysis)
    - Målbasert analyse (Goal-based Analysis)
  2. Forbetring av nettsøk
    - Forbetring av søkefunksjonen
    - Forbetring gjennom navigasjon og metadata
    - Forbetring gjennom betring av innhaldet
Først og fremst praktisk
Innhaldet er på ingen måte "rocket science". Dette er veldig praktisk, og det viktigaste er at folk blir klar over ressursane dei har i form av loggfiler. Analyse av søkelogg bør inngå som ein standard del av nettstad-analyse i det heile (analyse av web-statistikk).

Lou Rosenfeld tilbyr også nokre verktøy for å massera loggfiler og trekkja ut viktig informasjon. Det er m.a. eit Perl-skript for å trekkja ut informasjon, og eit Excel-ark for å analysera det i etterkant.

Bør du kjøpa boka? Nei, ikkje med mindre du har ein nettstad med ganske stor aktivitet og der det er veldig mykje å henta på ein grundig analyse av søkeloggen.

mandag 5. mars 2012

Skattekort blues

Det er når eg ein sjeldan gang har behov for å bruka offentlege tenester at eg ser at det dessverre står att mykje ugjort. Og det skortar på enkle ting, såkalla lågthengjande frukter.

Eg skulle sjekka skattekortet for 2012 for å finna trekkprosent til bi-arbeidsgjevar. Eg gjekk inn på skatteetaten.no og etter ein del styr klarte eg til slutt å logga inn via Minside (skal spara det til eit anna blogginnlegg). Eg trudde då at eg ville få tilgang til opplysningane som vart sende som brev tidleg på året, men det einaste eg fekk opp var bestilling av nytt skattekort.

Her er det som skulle vore på plass for lenge sidan:
  1. Opplysningane i skattekortet tilgjengelege når du loggar inn
  2. Mulegheit til å skriva ut ditt eige skattekort
Dette er det eg vil kalla "no-brainer" og eg kan ikkje forstå at det ikkje alt er ordna. Med ein bitteliten del av alle Altinn-millionane (milliardar?) burde det kunna ordnast relativt raskt.

torsdag 1. mars 2012

Takk til Tesla

Foto: Tesla Motors Inc./Wikipedia
Tesla Roadster har gitt el-bilen eit sårt tiltrengt image-løft, nesten som Apples design-løft i IT-bransjen. Den har vist oss det vi visste frå før: bil handlar meir om følelsar enn fornuft. Dessverre har ikkje forkjemparar for el-bilen skjønt dette, og produserer den eine Bestemor Duck-bilen etter den andre (Think, Buddy, Reva - alle ser rævva ut!).

Slutt med 2 500 selde eks.
No er det slutt for Tesla Roadster, og sjølv om salet ikkje har vore meir enn 2 500, har den gjort eit formidabelt inntrykk og løfta el-bilens status enormt. Som auto motor und sport skriv har Tesla Roadster forbetra verdas miljø like lite som Ferrari 458 Italia har forverra den. Men image og utstråling har til og med vore høgre enn for ein Ferrari. 2 500 eksemplar er forresten ganske bra i dette bilsegmentet. Det er få Ferrari-modellar som sel like mykje.

Elon Musk og Martin Eberhard
Serie-gründer Elon Musk saman med Martin Eberhard gjorde noko smart då dei sette saman Tesla Roadster av ganske vanlege komponentar. Først tok dei ein Lotus Elise, vippa ut motoren og sette inn ein pakke standard Li-Ion-batteri, av same typen som dei som sit i den berbare pc-en din. Utstrålinga burde såleis delast med Lotus, men dei har vore flinke til å skjula akkurat det. Og sjølvsagt måtte det litt meir modifikasjonar til enn det eg antydar over. Resultatet vart oppsiktsvekkjande: ein sportsbil som aksellererer 0-100 km/t på under 4 sek., toppfart ca 210 km/t og med opp mot 400 km rekkevidde. Alt dette er tal for standardversjonen.

Rimeleg supersportsbil
Prisen stod også i stil med ytelse; over 100 000 dollar/euro, og i Norge 720 000,- (ingen avgifter ved import og den årlege avgifta er berre kr 390,- som er persondelen av ansvarsforsikringa). Det finst ein del brukte Tesla, både på rubrikk.no og på finn.no i prisklassen 570 - 670 000,-. Du får ikkje billegare supersportsbil i Norge, viss du er villeg til å ta litt risiko.

Tesla Model S overtek
Lisensavtalen med Lotus hadde ei grense på 2 500 bilar, og når denne grensa no er nådd, er det Tesla Model S som overtek. Det er ein standard 4-dørs el-bil med eit design som ein kva som helst annan bil i øvre middelklasse, verken til begeistring eller irritasjon. Men no skal Tesla Motor tena pengar..

fredag 24. februar 2012

Miside - Berget som fødde ei mus


Miside er historia om berget som fødde ei mus. Men musa har mulegheiter..
Lesarinnlegg i Computerworld som svar på direktør Hans Chr. Holte i Difi sin kronikk i same avis, "Minside - Hvalen som fødte en delfin".

Lesarinnlegget står i papirutgåva av Computerworld, men er også publisert på Vestlandsforsking sin blogg.

I lesarinnlegget refererer eg til ei brukarundersøking Difi sjølve fekk gjennomført i fjor, om "Innbyggernes kommunikasjon med det offentlige - holdninger, kjennskap og bruk". Det er fordi Holte påstår at innbyggjarane sine nettvanar har endra seg så mykje at Miside er irrelevant. Men undersøkinga frå i fjor, gjennomført av Synnovate, støttar ikkje denne påstanden, heller tvert om.

Det mest relevante spørsmålet i undersøkinga er "Kor lett eller vanskeleg tykkjer du det er å finna fram til informasjon og/eller elektroniske tenester frå det offentlege?":



Som Synnovate sjølve kommenterer: "Endringene siden 2007 er små og går i feil retning". Altså den motsette utviklinga av det direktøren i Difi hevdar. Viss Miside (og Norge.no?) skal leggjast ned, må Difi vera ærlege i argumentasjonen, ikkje dekka til operasjonen slik dei gjer her. Det er ikkje haldepunkt for konklusjonen til Holte, han må komma med ei ny forklaring.

tirsdag 21. februar 2012

Solar

Solar av Ian McEwan er ei bok særleg forskarar bør lesa. Boka handlar om professor Michael Beard, nobelprisvinnar i fysikk, og engasjert i fornybar energi (derav tittelen). McEwan reduserer professoren til ein ganske vanleg, småleg mann. Det er ikkje mykje stort over han, trass i tittel og merittert bakgrunn.

Michael Beard hadde ein god del flaks då han oppdaga og utvikla eit tillegg til Einstein's teori om fotovoltaikk (lys omdanna til energi). Den nye oppdaginga fekk namnet Beard-Einstein-fusjonen og Michael Beard sikra namnet skrive inn i vitskapshistorien. Han har difor ikkje gjort noko viktig etterpå, sett vekk frå å ha gått gjennom fem ekteskap. Han reiser verda rundt og held foredrag, det same foredraget som han har halde i årevis.

Boka startar på slutten av det femte ekteskapet. Grunnen til ekteskaps-havaria er Beards er notoriske utruskap. Litt formildande er det likevel at det ikkje er barn involvert i nokon av ekteskapa.

Ian McEwan er ein av dei mest kjende forfattarane i England, ja han har eit stort namn internasjonalt. Solar kom i 2010 og er ein av dei siste romanane. Tidlegare har eg lese On Chesil Beach, eit fortetta drama. Solar er litt meir utflytande, den kunne kanskje vore stramma inn litt. Men ei god bok synest eg det er, og vil spesielt tilrå den for folk i akademia.

torsdag 16. februar 2012

Norge.no - det forsømde barnet


Norge.no er eit forsømt barn, og hadde det eksistert eit digitale barnevern ville det ha gripe inn og sytt for omplassering. Den 12-årige historia til Norge.no er ei historie med forsømming; først av Norge.no og seinare av Difi. Norge.no framstår i dag som ein museumsgjenstand.

Etter lanseringa av portalen Norge.no 24. januar 2000 har tenesta i realiteten ikkje hatt ei skikkeleg oppdatering. Ved kvar krossveg har planane om ei grundig oppdatering og fornying vorte sett på vent av ulike grunnar. Det siste frå Difi er at dei vil leggja ned Miside, og kva som skjer med Norge.no er uvisst.

Norge.no - tidslinje
Her er historia for Norge.no i korte trekk:

1997: Samarbeidsrådet KOSTIT (KOmmune-STat-IT) la fram rapporten ”Inngang Norge” der portalen Inngang Norge vart føreslått oppretta. Portalen fekk seinare namnet Norge.no
1999: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane tok overraskande innersvingen på Oslo-miljøet og fekk lokalisert Norge.no til Leikanger
2000: Tenesta opna 24. januar
2004: Den første større oppdateringa vart planlagt og halvveges gjennomført
2006: Miside vart lansert i desember av statsråd Heidi  Grande Røys
2007: Eit strategiarbeid for fornying av Norge.no og Miside vart sett i gang
2010: Eit prosjekt for samanslåing av Norge.no og Miside vart sett i gang, på bakgrunn av strategiarbeidet
2011: Prosjektet havarerer/blir stoppa.
2012: Miside skal avviklast, Norge.no sin skjebne uviss

Miside og Norge.no: separert ved fødselen
Norge.no vart ein del av Direktoratet for forvaltning og IKT, Difi, frå 1. januar 2008. Fram til saman-slåinga vart planane om oppdatering forstyrra av stadig nye oppgåver. Særleg vart arbeidet med Miside negativt for Norge.no-utviklinga. For det første vart Miside planlagt og utvikla uavhengig av Norge.no, av Fornyings- og adm.dep. den gongen. Ein ting er at departementet involverte seg så sterkt i ei så utviklingsprega oppgåve, ein annan ting er at dei ikkje evna å sjå den klare samanhengen med Norge.no. Ein samanheng som var tydeleg demonstrert i den demo-versjonen Norge.no laga som grunnlag for arbeidet i 2004.

Ny strategi for Miside og Norge.no
I 2007 sette Norge.no i gang eit strategiarbeid for Norge.no og Miside. Det hadde lenge vore klart at separasjonen av Miside og Norge.no ved fødsel ikkje var noko lurt trekk. I strategiarbeidet fekk Norge.no, og frå 1. januar 2008 Difi, innspel frå Høgskolen i Agder/Høgskulen i Sogn og Fjordane, Bekk og Vestlandsforsking/Bouvet. Det kom fram mange gode forslag i desse innspela. og ein del av desse vart sydde saman til ein strategirapport av Difi i løpet av 2008 og 2009.

I 2010 starta arbeidet med å spleisa Norge.no og Miside og i tillegg gjennomføra ein del av forslaga i strategiarbeidet. Dette arbeidet vart stoppa på vårparten i 2011, utan resultat.

Miside utgått på dato?
Til Computerworld uttaler direktør Hans Chr. Holte at Miside blir fasa ut. Kva som skjer med Norge.no og den tilknytta svartenesta er uvisst, men Holte seier at den skal ”tilpassae disse tjenestene til dagens virkelighet”. Han seier vidare at dagens Miside-konsept, som var rett for 5-6 år sidan, ikkje fungerer lenger.
Det er ein litt merkeleg konklusjon Holte her dreg, og særleg når vi ser andre land som satsar nettopp på ein sentral vegvisar for offentlege tenester. Det ser også ut til at Difi har late seg rusa på ny teknologi: ” hvordan folk orienterer seg via søkeverktøy og bruker sosiale medier, hvordan de bruker nye kanaler som nettbrett og smarttelefoner..”. Som om  bruk av nettbrett og smarttelefonar gjer ei oversiktsteneste som Norge.no uaktuell. Eg vil vel heller påstå at det motsette er tilfelle; med smart-telefon er det endå vanskelegare å orientera seg på nettet enn med ein pc.

Kva er Miside eigentleg?
Holte uttalar vidare at ” i dag er de aller fleste tjenestene i Minside kun lenker til tjenester som finnes andre steder, og den selvstendige funksjonen har i stor grad falt bort”. Enten må Holte ha vore fråverande i utviklinga av Miside, eller så snakkar han mot betre vitande. Miside har aldri vore noko anna enn ein samling med lenker til tenester (les: skjema) på andre nettstader. Eit av dei store problema er at Miside har vore selt som noko anna; ei samling av offentlege tenester. Miside har berre vore ein vegvisar for skjema. Men i tillegg har Miside hatt ein veldig viktig funksjon som innsyns¬verktøy for informasjon det offentlege har samla om innbyggjarane. Eg har heile tida meint at dette har vore den viktigaste delen av Miside, og kva skal skje med den?

Danskane har gjennom borger.dk gjort den innlysande integrasjonen av tenesteinformasjon (Norge.no) og oversikt over tenester (Miside). Også i Storbritannia er utviklinga i motsett retning av den Difi legg opp til ved at oversikt over offentlege elektroniske tenester blir samla i gov.uk. Slik omtalar BBC News gov.uk: ” A website which aims to bring government services together under a single web address..”. Men Danmark og Storbritannia har tydelegvis ikkje skjønt det.

Kva treng brukarane?
Både Norge.no og Miside hadde som føremål å gjera det lettare for brukarane å finna fram til offentleg informasjon og tenester. Det er lite som tyder på at dette behovet er dekka i dag. Problemet er at jobben ikkje vart gjort godt nok. Norge.no fekk aldri den sårt tiltrengde oppdateringa og utviklinga den skulle hatt, og Miside kom skeivt ut frå hoppet ved ikkje å bli integrert med Norge.no. Miside har bomma både på enkel tilgang (altfor tungvindt innlogging), feil fokus (kommunale tenester finn brukarane på kommunale nettstader) og feil framstilling (Miside er ein portal for offentlege tenester, ei lenkesamling, ikkje ei samling offentlege tenester). Innsynsdelen er dessutan kraftig undervurdert.

Eg tillet meg å tvila på om Difi har gode innbyggjaranalysar bak konklusjonane sine. Har dei i det heile spurt dei? Og om dei har gjort det, er spørsmålsstillinga viktig. Og kanskje er det beste å observera korleis dei finn fram på nettet (som Jakob Nilsen seier: ”Don’t listen to users. Watch how they work”).

Norge.no og opne data?
Dette er ikkje eit forsvar av at alt var betre før, og at Norge.no bør halda fram slik den har vore og er. Tvert om har Norge.no hatt stort behov for oppdatering og nyutvikling, ei utvikling som vil gjera den betre tilpassa dagens behov. Det er til dømes veldig rart at ikkje Difi ser koplinga mellom opne data og data frå Norge.no – den er så klar at det burde ikkje vera muleg å oversjå den. I mine auge er Norge.no den sentrale inngangen til offentlege data, enten den er tilpassa menneske (dagens Norge.no-innhald) eller maskiner (opne data). Opne data er viktige, men det må ikkje bli slik at den viktige bearbeida informasjonen som alt finst blir gløymt.

Det er enno ikkje for seint
Eg meiner Difi alt har kasta bort mykje tid som kunne vore brukt til å gjera Norge.no, inkl. Miside, til eit betre verktøy for innbyggjarane. Det er enno ikkje for seint å ”redda” Norge.no, men tida er i ferd med å renna ut. Det vil vera synd om potensialet ikkje blir utnytta.

”Disclaimer”
For ordens skuld må eg nemna at eg var sentral i utviklinga av tenesta Norge.no i 1999, og har også hatt fleire oppdrag for Norge.no/Difi i tida etterpå knytt til både Norge.no og Miside.

fredag 10. februar 2012

Bloggåret 2011

På ein måte litt seint med ein årsrapport no, men på den andre sida er det no dei fleste bedriftene gjer unna slikt arbeid.

Fjoråret resulterte i 62 blogginnlegg med til saman 33 kommentarar. Tilsvarande tal for 2010 var 72 innlegg og 63 kommentarar. Kommentarane har altså minka ein god del.

Det ser ut som trafikken også har minka og det kan jo forklara lågare aktivitet. Men samtidig ser det ut til at omlegginga til nye Blogger har skapt rot for Google Analytics, for etter etter at eg gjekk over til ny Blogger-versjon er det omtrent ikkje registrert besøkande, og det nektar eg å tru. Det er jo elles ganske typisk Google; manglande samanheng mellom dei mange systema deira er typisk og det er etter mitt syn i ferd med å bli eit veldig stort problem for Google. Dette er omtalt i ein tidlegare bloggpost om den manglande teneste-orienteringa deira.

Elles har eg framleis stor tru på bloggen. Den fungerer godt for meg og gir meg god skrivetrening og eit behov for å setja meg betre inn i ulike saker. Ei passande avslutning kan vera Olav H. Hauge sitt dikt om nymånen, som han har stor tru på:

I dag så eg 
tvo månar,
ein ny
og ein gamal.
Eg har stor tru på nymånen.
Men det er vel den gamle.

torsdag 19. januar 2012

Opphavsrett

Etter alt oppstyret rundt SOPA passar det med ein omtale av boka "Opphavsrett" av Ole-Andreas Rognstad, professor i rettsvitskap ved inst. for privatrett, Universitetet i Oslo. Han har skrive boka i samarbeid med prof. emer. Birger Stuevold Lassen, nestoren på området og Rognstad sin forgjengar ved instituttet. Birger Stuevold Lassen døydde for kort tid sidan (15. des. 2011).

Boka kom ut i 2009 og eg har hatt den liggjande lenge, og lese litt no og då. Med SOPA var det naturleg å ta den fram att. Den var først tenkt som lærebok i emnet, men ambisjonane vart etter kvart løfta og målgruppa er like mykje juristar og elles folk som er interesserte i dette temaet. Og som Gisle Hannemyr ved UiO seier: "Opphavsrett er for viktig til å overlata til juristane åleine".

Kva er opphavsrett?
Opphavsrett er reglar for vern av litterære og kunstneriske verk. Lov om opphavsrett til åndsverk - Åndsverklova (åvl) - formulerer dei norske reglane for opphavsrett og listar opp nokre eksempel på kva som fell inn under begrepa litterære og kunstneriske verk. Lova er frå 1961, men har fått viktige tillegg seinare, og nye er som nemnt under utarbeiding (jf. tiltak mot ulovleg fildeling).

Copyright
Den angloamerikanske varianten av opphavsrett heiter "copyright". Den skil seg frå vår eigen opphavsrett på mange måtar. Merk namnet, det kjem av at boktrykkjarane kjøpte "copy" av forfattarar og fekk rett ("right") til å framstilla eksemplar. Opphavsretten var først og fremst ein rett for boktrykkjarar til å framstilla eksemplar, opphavsmannen var av sekundær interesser sjølv om han/ho formelt sett hadde opphavsretten.

Kvifor opphavsrett?
Opphavsretten blir dels grunngjeven med rettferds- og rimelegheitssyn (naturrettslege) og del økonomiske , både som belønning for opphavsmannen og frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Den europeiske opphavsretten har bakgrunn i den naturrettslege delen saman med belønningssynet, medan den anglo-amerikanske særleg legg vekt på det samfunnsøkonomiske i tillegg sjølvsagt til belønning.

Ein studie av USAs høgsterettsdommar Stephen Beyer på 1970-talet av alternativ til opphavsrett i bokbransjen, konkluderte med at opphavsretten sin einerett ikkje er nødvendig for å skapa nødvendig motivasjon (incentiv) til produksjon av bøker.

Framveksten av Internett har skapt nye diskusjonar der mange (m.a. Lawrence Lessig) argumenterer for at dagens opphavsrett hindrar heller enn fremjar kulturell produksjon og ikkje minst innovasjon.


Opphavsrett og straffelov
Relevant for SOPA-diskusjonen og dei norske forslaga om tiltak for å hindra ulovleg nedlasting, er spørsmålet om forbod og sanksjonar skal takast inn i åvl, slik det har vore gjort og slik det blir stadig meir av. Rognstad samanliknar det med å ta med reglar for innbrot i hus under lov om privat eigedomsrett. Frå eit rettssystematisk syn er det uheldig å blanda element frå straffelova med andre lover.

Historisk utvikling
Opphavsretten er relativt ny, sjølv om litteratur og kunst har ein lang historie. Oppfinninga av boktrykkjarkunsten (vel, den vart eigentleg oppfunnen i Kina) var viktig, men ikkje einaste forklaringa. Problemet med ulovleg kopiering har vore kjent lenge før opphavsretten kom i stand.

Først i 1709 kom den første forfattarlova - Statute of Anne (dronning Annes lov) - i England. Det var boktrykkjarane som var i sentrum for lova, sjølv om opphavsretten strengt teke låg hjå forfattaren. Men denne fekk som regel berre ein eingongssum for verket ("copy") og boktrykkjaren fekk rett til å framstilla eksemplar. Lova ga vern i 14 år, og i nye 14 år dersom forfattaren ikkje var død i mellomtida.

Den franske revolusjonen 
Gjennombrotet for opphavsretten kom med den franske revolusjonen. Dei gamle privilegia vart sletta med eit pennestrøk, og  opphavsretten heva til den mest heilage og ukrenkelege av alle eigedomsrettar. Det er i lys av dette me må forstå at opphavsretten faktisk er ein del av menneskerettane.

Utviklinga i Norge har stort sett følgt den europeiske og byggjer som sagt på den franske modellen, der opphavsmannen står veldig sterkt.

Bern-konvensjonen
Kvar stat fastset innhaldet og handhevinga av sine reglar for opphavsrett. Likevel vil det ofte vera handel og flyt over landegrensene, ikkje minst i dagens nett-dominerte verd. Det gjer rettssamarbeid mellom land nødvendig.

Bern-konvensjonen stammar frå 1886, men er endra fleire gonger seinare. Det er den viktigaste internasjonale avtalen om opphavsrett, og pr. 1. april 2009 hadde 164 land slutta seg til den. Berre San Marino står utanfor av dei europeiske landa. I konvensjonen heiter det at "De land som nærværende konvensjon gjelder for, danner en union [Bern-unionen] til vern av opphavsmenns rettigheter til sine litterære og kunstneriske verk".

EU og norsk opphavsrett
Av andre overnasjonale avtalar er EU sin påverknad gjennom EØS-avtalen den viktigaste. Påverknaden er dels gjennom EØS-avtalen sin hovuddel og dels EU-direktiv på området. Reglane i EØS-avtalens hovuddel kjem frå EF/EUs konvensjon og teksten er uendra gjort til norsk lov og har forrang framfor vår eiga åndsverklov! Dette er interessant i dagens diskusjon om Norge sitt forhold til EU gjennom EØS-avtalen.

Av direktiv om opphavsrett er EDB-direktivet og database-direktivet interessante sett frå ein IT-ståstad.

Databasevernet ("sui generis")
Det starta med innføringa av ein katalogregel i 1960, etter mange års arbeid med formulering av reglar for vern av formular, program, katalogar og liknande arbeid. Med program meinte ein teaterprogram o.l. og ikkje dataprogram. I Norge var særleg Skiforeningens frykt for kopiering av Holmenkollprogrammet ein viktig drivar for innføringa!

Katalogregelen var så å seia undra fram til 1999 då database-direktivet frå EU vart gjort gjeldande i norsk opphavsrett. Direktivet gir eit tosidig vern av databasar:
- opphavsrettsleg vern for databasar som verk
- "sui generis"-vern som "rett av sitt eige slag"

Sui generis-vernet var klart inspirert av dei nordiske katalogreglane. Slik sett kan ein seia at dei neppe skjønte konsekvensane av arbeidet dei gjorde for innføring av katalogvernet på 1950-talet.

Det er tvilsamt om database-direktivet har ført noko godt med seg, det innrømmer også EU i ei eiga undersøking frå 2005. Det blir spennande å sjå kva utviklinga i dataformat som t.d. semantisk web iombinert med opne data vil føra til på opphavsrettsområdet. Er rdf-triplettar omfatta av databasedirektivet?

Eit anna problem med databasedirektivet, enn at det er for mykje knytt til ein bestemt teknologi, er at sjølv om det berre er bearbeidinga og formatteringa som er verna, vil i praksis også data bli utilgjengelege som følgje av databasevernet.

Oppsummering
Eg er ikkje i stand til å seia noko om kvaliteten på denne boka. Eg har lese delar av den med stor interesse, og eg vil bli overraska om dette verket ikkje blir sett på som eit referanseverk på området.

Eg tek med ei kapittel-liste til slutt (boka er på i alt 459 sider):

Del I Innledning
1. Hva er opphavsrett
2. Historikk. Hensyn bak opphavsrettsbeskyttelsen
3. Rettighetsstruktur og rettighetshåndtering
4. Opphavsrettens internasjonale dimensjon
5. Forholdet mellom opphavsretten og andre rettsområder

Del II Åndsverksbeskyttelsen
6. Hva er et åndsverk?
7. Opphavsrettens subjekter
8. Rekkevidden av åndsverksbeskyttelsen
9. Opphavsmannens rådighetsrett
10. Opphavsmannens ideelle rettigheter
11. Rettighetenes grenser - utgangspunkter
12. Nærmere om de enkelte "låneregler"

Del III De nærstående rettigheter
13. Nærstående rettigheter - oversikt
14. Retten til fotografisk bilde
15. Databasevernet ("sui generis")
16. Utøvende kunstneres rettigheter
17. Film- og tonogramprodusenters rettigheter
18. Andre rettigheter og bestemmelser

Del IV Vernetiden
19. Vernetiden for åndsverk
20. Vernetiden for nærstående rettigheter

Del V Rettighetsovergang
21. Generelt om rettighetsovergang - terminologi
22. Rettighetsoverdragelser og lisenser - særlige bestemmelser og prinispper
23. Annen rettighetsovergang

Del VI Vern av private håndhevingssystemer
24. Oversikt og rettslig plassering
25. Vern av tekniske beskyttelsessystemer
26. Vern av elektronisk rettighetsinformasjon

Del VII Sanksjoner mot opphavsrettskrenkelser
27. Straff og inndragning mv.
28. Sivilrettslige sanksjoner
29. Særlig om medvirkere og mellomledd

Del VIII Åndsverklovens virkeområde
30. Generelt - territorialitetsprinsippet
31. Hvilke verk og prestasjoner har vern etter åndsverkloven
32. Internasjonal privatrett

Sitert litteratur
Forkortelsesliste
Rettspraksis
Stikkordregister

onsdag 18. januar 2012

Stopp SOPA!

18. januar har vore ein spesiell dag med frivillig stenging av mange nettsider i protest mot det føreslåtte SOPA-lovforslaget (Stop Online Piracy Act) i kongressen i USA. Også lovforslaget PIPA (Protect IP Act) frå Senatet er i same retning som SOPA.

Alvorleg for YouTube o.l.
Blir lova vedteken vil mange nettstader får eit mykje større ansvar for eventuelt materiale som bryt opphavsretten. Det kan få store verknader også for tredjepart som lenker til slikt materiale (t.d. søkemotorar og internett-tilbydarar). Tenester som YouTube, Flickr, Vimeo osv. vil bli spesielt utsette fordi det er ekstremt krevjande å kontrollera alt innhaldet som blir lasta opp og alle lenker til eksterne nettstader. Ordlyden i lovforslaget kan få vidtrekkjande konsekvensar viss det blir vedteke. Denne videoen på Khan Academy gir ein god illustrasjon av lovforslaget og rekkevidda av det.

Utan lov og dom også i Norge?
Det store problemet med SOPA er rekkevidda av forslaget, den er potensielt veldig omfattande. Det er også eit problem at stenging av nettstader utan lov og dom. Ein klage frå ein rettigheits-forvaltar kan vera nok til at domstolen krev stenging, før ei evt. dom har falle. Vi har sett den same utviklinga her til lands også, seinast i det nye forslaget til endringar i Åndsverklova frå Kulturdepartementet (høyring fram til slutten av september i fjor). Her går departementet langt i tiltak for å stoppa ulovleg nedlasting. Her frå oppsummeringa av alternative tiltak slik det er formulert i høyringsnotatet:
Departementet foreslår at rettighetshaveres adgang til å kreve at internettilbydere pålegges å hindre tilgang til nettsted som krenker opphavsretten i grove tilfeller, klargjøres gjennom egne regler i åndsverkloven. Departementet foreslår to alternativer for hvem som skal kunne gi slike pålegg. I alternativ 1 legges kompetansen til Medietilsynet (med klageadgang til en egen klagenemnd og full domstolsprøvelse), i alternativ 2 legges den i stedet til domstolene (ved at domstolenes adgang til å fastsette slike pålegg utvides og klargjøres i en ny lovbestemmelse).
Etter departementets syn oppfyller begge alternativene kravene i opphavsrettsdirektivet artikkel 8.3, og begge alternativene klargjør gjennomføringen. Siden det her ligger en direktivforpliktelse til grunn for forslagene, er ikke spørsmålet om en myndighet skal ha kompetanse til å gi pålegg, men hvilken myndighet som skal ha kompetansen og hvordan den skal utformes.

Vekk med WikiLeaks
Det er liten tvil om at nettstader som WikiLeaks har framskunda dette lovforslaget. Og nettopp slike nettstader vil bli lettare å råka med den nye lova. Det er ein fare for ytringsfridommen og varslings-aktivitet. Varsling er ofte i grenseland juridisk sett fordi varslaren ofte må ty til drastiske metodar for å nå fram. Det vil vera alvoreleg viss slik aktivitet blir gjort vanskelegare.

Omfanget av ulovleg nedlasting
Det er lite tvil om at opphavsretten blir kraftig utfordra på nettet. Men samstundes har utviklinga vist at dersom det blir lagt til rette for enkle betalingsordningar, med ein rimeleg pris, er brukarane villige til å betala. Apple's suksess med iTunes og framveksande musikktenester som Spotify, Wimp, Beat m.fl. viser det. I 2011 var online-sal av musikk for første gang større i omfang enn sal av cd-ar og andre fysiske produkt. Det burde vera bevis godt nok på at ulovleg nedlasting ikkje er så stort problem som bransjen hevdar, og at problemet er avtakande.

Opphavsrett tilpassa det 21. århundre
Eg trur også det må gjerast eit arbeid for å tilpassa opphavsretten til ei ny tid slik at lovgivinga blir meir i takt med samfunnsutviklinga. Det betyr ikkje at ein skal lempa på krava berre fordi teknologien har gjort det så mykje enklare å kopiera og distribuera digitalt innhald, men fordi dei nye generasjonane brukar særleg musikk på andre måtar og at det å byggja på anna materiale (remix-kulturen) har vorte veldig vanleg og framstår som ein ny kultur.

fredag 13. januar 2012

Bitcoin - digitale pengar

Pengane våre er så godt som digitale i den forstand at det aller meste av transaksjonar skjer elektronisk utan at fysiske pengar er inne i biletet. Men Bitcoin er likevel noko heilt anna. Det er pengar som er tvers gjennom digitale: fødde digitalt og aldri knytte til fysiske gjenstandar. Det mest spesielle med systemet er at det er heilt distribuert og ikkje avhengig av sentral kontroll. Det er eit ekte peer-to-peer-system, og det er sjølvsagt fri programvare. Systemet vart fødd i tida rundt finanskrisa og må forståast i lys av den: Tilliten til finansnæringa og bankvesenet var på eit lågmål, og det var veldig viktig å konstruera eit system som kunne fungera heilt utan sentral kontroll.

Omtale i Wired og DN
Wired har ein omtale av pengesystemet i desember-nummeret, og Dagens Næringsliv ser ut til å henta mykje frå denne artikkelen i sin omtale av pengesystemet i laurdags-DN 07.01.12, rett nok utan å visa til kjelder (hmm..). Tittelen på Wireds omtale seier også ein god del: "The rise and fall of Bitcoin. The story of the virtual currency you can actually spend - if it doesn't get stolen first."

Mystisk opphav
Bitcoin er som sagt eit heildigitalt pengesystem designa på ekte hacker-vis utan kontroll av myndigheiter. Her er ingen sentralbank eller sentralbanksjef, det måtte i så fall vera personen som fann opp systemet: Satoshi Nakamoto. Om det verkeleg er ein person, er framleis eit mysterium. Ingen kjenner identiteten til Nakamoto, og han gjekk under jorda ein gong i 2010. I alle fall slutta han/dei å posta meldingar under psevdonymet. Boka Artikkelen "Bitcoin: A Peer-to-Peer Electronic Cash System" av Nakamoto dokumenterer systemet. Her er starten av samandraget:


Ope, distribuert og ikkje sporbart
Bitcoin er løysinga på ei utfordring som har oppteke mange kryptografar i lange tider: Korleis konstruera eit digitalt pengesystem som er brukarvennleg (?), sikkert, ikkje sporbart og likevel heilt ope? Alle Bitcoin-transaksjonar blir logga og er slik sett heilt ope, men transaksjonane kan ikkje sporast til betalar og mottakar, ulikt dagens kortsystem.

Bitcoin er e-kontantar og det har vore mange forsøk på å laga slike system før, enten fordi dei har vore for dårleg teknologisk fundert eller fordi dei har måtta støtta seg på eksisterande infrastrukturar. Bitcoin er heilt frikopla frå dagens pengesystem og er i tillegg teknologisk meistarleg konstruert. Det vart offisielt lansert i januar 2009.

Digitale signaturar og proof-of-work
Teknologisk baserer systemet seg på digitale signaturar og proof-of-work som hindrar at pengar kan brukast fleire gonger av same personen. Sidan transaksjonar ikkje involverer sentralisert behandling, men føregår mellom brukarar/maskiner (peer-to-peer), er systemet effektivt og kan brukast også til ørsmå betalingar (mikro-betaling). Av den grunnen er Bitcoin designa med 8 desimalar Ein bitcoin blir delt i 100 mill. satoshi, den minste eininga i systemet.

Digital halveringstid
Bitcoin er konstruert slik at nye kontant-blokker blir delt ut med visse mellomrom, etter eit halveringssystem som kan minna om radioaktiv halveringstid. Systemet er slik at i løpet av år 2140 skal det vera produsert 21 milliardar millionar Bitcoins. Dette er eit endeleg tal som er mykje av grunnlaget for verdifastsetjinga. Det er ein effektiv måte å regulera pengemengda på, for å unngå (hyper-)inflasjon.

Digitale lommetjuvar
Som Wired-artikkelen antydar i tittelen, er det også lommetjuvar på ferde i Bitcoin-systemet. Trojanske hestar som Infostealer.Coinbit prøver å stela den digitale lommeboka di, som PC Mag omtalar i denne artikkelen.

Bitcoin for dummies
Omtalen over gjer kanskje ikkje Bitcoin lett å skjønna. Betre då med denne introduksjonsvideoen ("Bitcoin for dummies"), henta frå weusecoins.com. Fleire videoar på www.squidoo.com/bitcoins. Også Wikipedia har ein omtale av Bitcoins. Den er noko meir teknisk enn dei før nemnde. Og Bitcoin.org må sjølvsagt nemnast som den offisielle nettstaden for Bitcoin.

Bitcoin i Norge
Transaksjonar blir "validerte" av peer-to-peer.nettverket gjennom utføring av kompliserte kryptografiske utrekningar. I desse prosessane blir det også tildelt nye digitale kontantar til deltakarane. Dagens Næringsliv har ein interessant omtale av Florø-baserte Sturle Sunde, ein av dei fremste Bitcoin-brukarane her i landet. Sturle "grev etter Bitcoin-gull" (Bitcoin mining) ved å bruka den avanserte maskinparken sin til løysing av kryptografiske Bitcoin-utfordringar.

Kva er ein Bitcoin verdt?
Kva er så ein Bitcoin (BRC) verdt? Den er ikkje knytt til noko fysisk, og verdien blir fastsett eine og åleine av tilbod og etterspørsel. Det gjer valutaen også til eit opplagt spekulasjonsobjekt, og det er nettopp det som har skjedd. Frå å ha ein verdi på ca. 0,3 cent i april 2010, starta verdien å auka med den aukande merksemda utover i året slik at verdien nærma seg ein US dollar ved inngangen til 2011. Då tok det skikkeleg av og verdien på ein Bitcoin nådde toppen på $29,57 i juni i fjor. Deretter har det gått raka vegen nedover, til i dag å liggja på mellom 6 og 7 US dollar (kurve over utviklinga på mtgox.com).

Pengar = tillit
Kan me ha tillit til eit slikt system? Tilliten til finansnæringa har i alle fall vorte kraftig redusert, og det vil ta langt tid å byggja opp att, om det er muleg. Men korleis kan ein ha tillit til Bitcoin, eit system så komplisert at berre eit fåtal "geeks" skjønnar korleis det fungerer? Vel er dagens pengesystem komplisert om ein tenkjer gjennom heile kjedene av tillit, verdi osv., men folk flest har eit forhold til pengar som noko konkret.

Bitcoin er ikkje konkret, og vanskeleg å forhalda seg til for folk flest. Her ligg også hovudproblemet etter mitt syn. Paradoksalt nok er Bitcoins største fordel, mangel på ein sentral tillits-infrastruktur, samtidig det største problemet. Der dagens pengesystem har ein omfattande infrastruktur av tillit (som nok er misbrukt og difor redusert dei siste åra), har Bitcoin-brukarar ikkje anna tillit å støtta seg på enn elegante algoritmar, som rett nok er ope tilgjengelege gjennom fri programvare.

Mest for nerdar?
Dei som har "forelska" seg i systemet, er nerdar som har forelska seg i algoritmane, kombinert med ein utprega mistillit til det offisielle pengesystemet. Begge delar er råd å forstå, men eg tvilar på om Bitcoin kan bli noko meir enn eit system for spesielt interesserte. Det må i så fall vera på området mikrobetalingar, der det ikkje finst gode alternativ.

For eit breiare gjennomslag må det i alle fall eit heilt anna grensesnitt til, og ei heilt anna forklaring på systemet. Det er litt slik som denne kommentaren:

"[Bitcoin] is about geeks releasing something powerful into the world without quite recognizing the consequences".


mandag 9. januar 2012

Yast - når timeføring blir moro!

Kan timeføring, som av dei fleste blir oppfatta som eit nødvendig onde, gjerast til noko som nesten blir moro? Sogndals-bedrifta Yast har med sitt nettbaserte  timeføringssystem prøvt nettopp det. Yast er eit "døds-enkelt" system som du berre startar å bruka utan vidare opplæring. Dagleg leiar Halvor Gregusson fortel til Bergens Tidende at dei får mellom 500 og 1000 nye brukarar kvar veke og at dei i dag har over 50 000 brukarar verda over.

Bratt moro
Gregusson starta bedrifta saman med fire andre NTNU-studentar i 2008, då dei bestemde seg for å flytta til Sogndal og Fosshaugane Campus. Det var ein ting som lokka dei: fantastiske snøforhold og bratt moro. Dei står på ski så ofte dei kan, men brukar tydelegvis tida også på Yast med tanke på utviklinga.

Freemium
Yast er basert på ein såkalla Freemium-modell der inngangsbilletten er gratis, men meir avansert bruk kostar. Modellen har tre nivå: Personleg (gratis), Business (US $6 pr. brukar og månad) og Enterprise som er ein spesialtilpassa modell for dei som har meir enn 100 brukarar. For ei lita bedrift med 5 - 10 tilsette vil systemet altså kosta mellom 2000 og 4000 kr i året. Det er med andre ord ikkje prisen som bør stå i vegen for å ta i bruk systemet.

Sosiale medium
Dei marknadsfører seg på god web 2.0-måte; gjennom omtalar på sosiale medium (Twitter, Facebook og bloggar) og gjennom kjøp av annonsering via Google AdWords.

Integrasjon?
Den største utfordringa er nok at timeføring er noko som vanlegvis er integrert med økonomisystem i bedrifta. Min eigen arbeidsplass Vestlandsforsking er ganske typisk i så måte: Me har eit timeføringssystem som er ein del av eit prosjektstyrings- og økonomisystem. Dette systemet har ikkje noko grensesnitt mot omverda, så ein integrasjon ville bli vanskeleg. Dermed er me så å seia utelukka frå å bruka eit system som Yast. Mange andre er nok i same situasjonen. Med opnare system rundt om ville Yast hatt eit endå større potensiale. No er det dei aller minste utan integrerte timeføringssystem som er målgruppa.

lørdag 31. desember 2011

Julestormen


Denne svære poppelen måtte gi tapt for jule-orkanen

Den kraftige stormen, opp i orkans styrke, i julehelga er det som vil stå att for dei fleste ved avslutninga av 2011. Kvelden første juledag var det så kraftig vind som eg ikkje kan hugsa her, med opp mot orkan i kasta. Det var ganske utriveleg å sitja og berre kunna håpa på det beste; at ikkje takstein eller takplater losna slik at vinden fekk tak.

Verste sidan 91/92
Det er 20 år sidan sist me opplevde vind av denne styrken og med slike øydeleggingar. Nyttårsstormen i 1991/92 ramma særleg Møre og Romsdal, og Sogn og Fjordane vart den gongen meir skåna. Denne gongen fekk fylket vårt skikkeleg juling.

Også denne uteløa måtte gi tapt for vinden juledag

Mellom anna som ei følgje av den dårlege beredskapen etter nyttårsstormen for 20 år sidan, men også med ulykker som Alexander Kielland-plattformen, Scandinavian Star-brannen og Sleipner-forliset, og vart det sett ned eit sårbarheitsutval med Kåre Willoch som leiar. Sårbarheitsutvalet la fram rapport "Et sårbart samfunn", NOU 2000:24.

Eit sårbart samfunn
Som tittelen seier, var fann utvalet at beredskapen var for dårleg og at me hadde eit sårbart samfunn på mange område. Rapporten opnar med eit sitat av Aristoteles: "Det er sannsynlig at noe usannsynlig vil skje", som i grunnen er den beste grunngjevinga for arbeidet med beredskap.

Styrking av samarbeid mellom politi og forsvar
I lys av 22. juli-katastrofen er det interessant å sjå at ei styrking av samarbeidet mellom politiet og forsvaret er eit av dei sentrale forslaga. Sommarens katastrofe viser at det neppe kan ha vore gjort. Klimaendringane var ikkje mykje diskutert for 10-15 år sidan, så risiko for flom og dambrot i samband med kraftforsyning var det sentrale punktet.

Manglar overordna IKT-beredskap
IKT-området vart via stor merksemd og det vart mellom anna føreslått å oppretta eit eige senter for informasjonssikring. NorSIS, som senteret heiter, vart etablert på Gjøvik og er fagleg underlagt FAD. Senteret ser ut til å vera veldig opptekne av det nære, som virusangrep, svindel på nettet osv. Dette er viktig, men det er  endå viktigare sikkerheits- og beredskapsutfordringar på eit overordna IKT-plan. Det er utfordringar knytt til kommunikasjonsutfall som tydeleg vist både i sommarens Telenor-problem og under ekstreme situasjonar (22. juli, stormen nyleg). Det trengst eit organ til å handtera denne typen problem, og eg kan ikkje sjå at det finst.

Ny vurdering av beredskapen er nødvendig
Både dette, og det faktum at klimatrusselen ikkje var framme i diskusjonen under forrige sårbarheitsarbeid, gjer det nødvendig med eit nytt utval for å sjå på beredskap i full breidde. Og då må me også læra av det som vart påpeikt av forrige utval, men ikkje følgt opp.

torsdag 29. desember 2011

Hjortejakt

Det er for seint å ønskja deg denne boka til jul, men om du har ei bok du skal byta inn, bør du vurdera denne om du berre er ørlite interessert i hjort og hjortejakt.

Journalist, fotograf og hjortejeger
Egill Danielsen er journalist og fotograf og i tillegg meir enn gjennomsnittleg interessert i hjortejakt. Slikt blir det gode bøker av. Journalist- og fotobakgrunnen viser godt att i boka, og eit stort pluss for at han skriv både nynorsk og dialekt når han gjengir jegrane. Det gir langt større truverde og skaper god flyt i teksten.

10 jegrar - 10 metodar
Han presenterer 10 erfarne hjortejegrar med 10 ulike jaktmetodar. Her er smygjakt, drivjakt, bøjakt, jakt med hund med meir. Kurt Oddekalv er ein av dei 10, og han har smygjakt som favorittmetode, og med Strileland som jaktområde. Elles er det Sogn og Fjordane som dominerer, og det er jo også det største hjortefylket i landet.

I tillegg til interessant presentasjon av ulike jaktmetodar er det mange nyttige tips og fakta kring hjort og hjortejakt. Av dei mange nyttige tipsa er særleg behandling av kjøtet viktig. Når hjorten er skoten, er det mange mulegheiter til å gjera feil og få eit dårlegare resultat enn ønskjeleg.

Rask nedkjøling av kjøtet? Nei!
Av mange myter som blir avkledde, er den om rask nedkjøling av kjøtet kanskje den viktigaste. For ein god mørningsprosess er det viktig at kjøtet ikkje blir raskt nedkjølt. Helst skal kjøtet hengja med høgast muleg temperatur det første døgnet. Leiar av Hjortesenteret på Svanøy, Johan Trygve Solheim, tilrår til og med å hengja hjorten opp med skinnet på for å halda kjøtet varmt. Det skaper sjølvsagt større problem med flåinga, så her her må ein kanskje kompromissa.

Under der årets resultat, ein spissbukk skoten av jaktkamerat Otto. Den vart skoten siste veka før jul og med eit fint snølag var det ei smal sak å dra den heil ned frå 500 meters bratt terreng.


fredag 23. desember 2011

Sosiale medium og kundedialog

some_communication CC BY-ND 2.0
Bør ein gjera stor innsats for å få i gang ein dialog med kundane sine? Nei, seier Jeff Bezos, sjefen for Amazon, og han bør vita kva han snakkar om. I intervjuet i Wired, som eg nemnde i forrige innlegg, blir han spurd om kvifor Amazon tilsynelatande ikkje er mellom dei fremste i bruken av sosiale medium. Svaret frå Bezos bør interessera mange: det er for å spara pengar!

Små marginar
Bezos understrekar at Amazon er eit selskap med ein forretningsmodell som byggjer på stort volum og små marginar. Dei har aldri kunna unna seg luksusen med store marginar (eit dårleg skjult spark til Apple) og vil heller aldri prøva på det. Dei har tilpassa seg godt eit system med små marginar, og vil halda fram med det.

Ein taus kunde er ein god kunde
I lys av små marginar er det viktig at kundebehandlinga er så effektiv som muleg, og alle typar tilbakemeldingar og spørsmål frå kundane er noko som tek mykje tid og kostar deretter. Det er difor eit stort poeng å unngå å snakka med kundane. Den beste kunden er den tause kunden, sett frå Amazon si side. Sjølvsagt med unntak av dei som fortel andre om gode kundeopplevingar hjå Amazon. Amazon har også frå starten av vore flinke til å la kundane bidra til marknadsføringa gjennom å opna opp for og stimulera til å skriva omtalar av bøkene. I tillegg er analyse av kundeåtferd eit av dei områda Amazon har vore pionerar på ("dei som kjøpte denne boka kjøpte også...").

Lytt til erfarne fjellfolk
Ein skal lytta til erfarne fjellfolk og ein skal lytta til folk som har overlevd 15-20 års beinhard kamp på nettet. Dei hadde ikkje overlevd om ikkje dei gjorde gode vurderingar og prioriteringar på viktige, nye område. Sosiale medium kan vera veldig bra som marknadsføring og kanskje som dialog med kundane, men absolutt ikkje utan vidare.