tirsdag 9. november 2010

Produktiv jogging eller turgåing


Eg har ikkje særleg sans for jogging må eg innrømma. Trur det slit meir på kroppen enn det gjer godt. Men  kollega Guttorm Flatabø viser på bloggen sin korleis ein joggetur med ein medbrakt GPS-loggar kan gjera om ein slik tur til ei nyttig øving. Med dette utstyret er det bokstaveleg talt moro å gå opp nye løyper. Og du treng sjølvsagt ikkje springa, GPS-loggaren fungerer i alle aktuelle hastigheiter. GPS-data lastar du opp til OpenStreetMap.

OpenStreetMap er eit dugnadsprosjekt for å kartleggja Jorda. Det er eit klart alternativ til Google Maps, som i motsetning til OSM er eit proprietært system. Det er lett å tru at Google er den fremste eksponenten for fri programvare, men sjølv om dei gjer mykje bra, held dei også mykje lukka. OSM er lisensiert med Creative Commons Share Alike (CC-BY-SA 2.0).

Open StreetMap er organisert som ein stiftelse gjennom OSM Foundation. Det vart grunnlagt av Steve Coast i 2004 etter modell av Wikipedia.

Med GPS stadig oftare som del av mobiltelefonar er det berre å gå i gang. Kanskje må du først lasta ned eit GPS-sporingsprogram (tracking/logging).

onsdag 3. november 2010

Chick Corea og Trondheim Jazzorkester


Måndag 1. nov. hadde eg ei stor konsertoppleving i Oslo konserthus med Chick Corea og Trondheim Jazzorkester under leiing av Erlend Skomsvoll. Dei har hatt ein mini-turne som starta i Trondheim der CC også vart utnemnt til æresdoktor ved NTNU ("jazzlinja"). Turneen omfatta Molde og Stockholm før avslutninga i Oslo.

Samspelet mellom 69 år gamle (!) Armando Anthony "Chick" Corea og TJO starta i 2000 då CC var Artist in residence ved jazzfestivalen i Molde. Det spesielle med samarbeidet er nok likevel arrangementa Erlend Skomsvoll har laga av kjende Corea-låtar. Det blir meir enn vanlege arrangement, "Erlend's impressions" kalla Chick Corea det.

Konserten i Oslo var innhaldsrik og det var tydeleg at musikarane hadde det kjekt. Det var overskot heile vegen. Sjølv sette eg størst pris på dei to låtane med Mathias Eick som trompet-solist. Den siste var ekstranummeret "Spain", sjølve signaturlåta til Chick Corea. Elles markerte heile bandet seg med sterke solistar og eit forrykande komp der særleg trommeslagar Håkon Mjåset Johansen imponerte.

Terje Mosnes i Dagbladet var sjølvsagt storfornøyd med konserten og trilla 6-ar på terningen. Men det er også interessant å sjå kva svenske aviser seier om den tilsvarande konserten i Stockholm konserthus, sidan dei ikkje har noko forhold til dei norske musikarane og heller ikkje kjenner samarbeidet særleg. Svenska Dagbladet gir konserten fin omtale, og medan Dagens Nyheter er litt meir avmålte i omtalen og seier at "Men trots att materialet är något av det finaste Corea har skrivit blir resultatet märkligt upphackat och ofokuserat."

Eg kan vera litt einig i delar av SDs kritikk; det er mykje Kurt Weill-aktig over mange av arrangementa. Ofte fungerer det, men ikkje alltid. Men alt i alt er arrangementa til Erlend Skomsvoll imponerande.

mandag 1. november 2010

Verdikt-konferansen 2010


Den årlege Verdikt-konferansen er i gang i Oslo i dag (1. nov) og i morgon. Verdikt er Forskingsrådet sitt program for forsking på ikt.

Konferansen vart opna med eit iPhone-ensemble frå UiO. Fem prosjektmedarbeidarar framførte to musikkstykke med kvar sin iPhone kopla til ein handhalden høgtalar.

Knut Liestøl, professor ved UiO (IFI - Institutt for informatikk) og leiar av divisjonsstyret for Store satsingar
Hovudutfordringar for it-forskinga i Norge:
- lite offentleg støtte (RNC ikkje gode nok til å løfta fram behovet for it-forsking, næringslivet ikkje gode nok lobbyistar, it-forskingsmiljøet ikkje gode nok til å få fram resultat av forskinga)

- rekrutteringsproblem (for få ønskjer å bli it-forskarar, eit generelt problem i den vestlege verda)

Dagfinn Myhre, senior vice president, Telenor
"What's hot in the mobile world?"

Historisk sett er konferansen på ein interessant stad: Der Quality Hotel 33 ligg i dag, var hovudkvarteret for Alcatel for 10 år sidan.
SMS starta i Europa, men no er USA dei største brukarane.

Google (Eric Schmidt): Mobile first
1. Improvement in hardware
2. Increased no. of connections between services
3. New services in the cloud

Mobil + finanstenester er interessant for Telenor. Dei kjøpte for eit par år sidan ein bank i Pakistan og tilbyr no banktenester (bankkonto m.m.) til mobilabonnentane sine.

Internet of things
Viktig forskingsområde for Telenor og også eit sentralt område for Verdikt-programmet (Telenor Connexion).

Robert Engels, ESIS/Vestlandsforsking: Sesam4
Semantiske teknologiar for næringslivet (små og mellomstore bedrifter).
Vestlandsforsking er deltakar i Sesam4-prosjektet, så dette er kjent stoff.
Det er dessverre litt for dårleg med informasjon om/frå prosjektet, det er håp om at det skal bli betre med ei oppdatering og relansering av sesam4.net (som i dag er nokså dårleg).

Prosjektet starta ut med ein ide om å byggja bru mellom standardane Topic Maps og RDF/OWL, og gjera dette gjennom eit ope CMS (Drupal). Som i dei fleste prosjekt, endrar ting seg og arbeidet har endra seg meir i retning av bruk av Linked Open Data som eit minste felles multiplum (kanskje heller: minste felles divisor) for ontologi på ulike applikasjonsområde. For å seia det enklare: Kor langt kan ein komma med samhandling mellom system ved å basera seg på dei enklaste semantiske bindemidla (som LOD)?

Grunnen til at LOD ikkje var sentralt i prosjektplanlegginga, var at det knapt eksisterte på den tida. I løpet av 2-3 år har det vakse fram som kanskje ein "killer application" for semantiske teknologiar.

Michael Snaprud, Tingtun AS/UiA: eGovMon
eGovMon is a project about eGovernment monitoring.
Prosjektet finansiert av EU (FP6) og Verdikt.
Prosjektet følgt opp av eit nettverk, eGovMoNet, finansiert av EUs CIP-program.

Main issues:
- migration of UWEM to WCAG 2.0
- transparency method an implementation
- reporting tool improvements
- user collaboration
eGov efficiency

Terje Grimstad, Karde AS: Semicolon

"Collaboration for a better society" - ganske ambisiøs tittel!
Vart utfordra på ambisjonar før konferansen, og har svart på det.

Statsbudsjettet 2010:
- modernisering av off. sektor
- støtta innovasjon i næringslivet og off. sektor
- forenkling av lovverk og reguleringar

Semicolon fokuserer på semantisk og organisatorisk samhandling (interoperabilitet).

Elektronisk samhandling i off. sektor er mangelfull, noko m.a. Riksrevisjonen har dokumentert. Det er også manglande samhandling internt i store organisasjonar også.

Resultat frå Semicolon:

1. manglande kompetanse
2. mangel på målemetodar
3. "money talks"
4. manglande nasjonale satsingar
5. eit vell av små ukoordinerte prosjekt
6. disharmoni i lovgiving
7. usynleg beste prakiss
8. tilsette og leiarar; enkelte vil ikkje samarbeida
9. ulike nivå av kompetanse generelt og ditial kompetanse spesielt

Nasjonal metadata-strategi
Nasjonalt metadata-repository
Information governance and metada models for public sector

Gjenbruksdirektivet (PSI)
- open data and metadata in eGovernment
- reuse of PSI
- prototype: use of Cambridge Semantics

Semicolon II: 2010 - 2013
- meir eller mindre dei same partnarane og dei same målsetjingane
- lovgiving er eit prioritert område

Margunn Aanestad, UiO: "Healtcare's fragmented ICT systems - how can qualitative research contribute"
Utgangspunktet: Store forventningar (eHelse) - beskjedne resultat.

Kvalitative studiar, ingen demotenester, ingen programvare-utvikling: Context-specific and particular stories rather than validation of models/propositions.

Resultat frå prosjektet er dokumentert i boka ”IKT og Samhandling: Digitale lappetepper eller sømløs integrasjon?”.

Gunnar Ellingsen, UiT: "The role of integration in health-based information infrastructures"
Forskingssamarbeid med DIPS ASA (prosjekteigar)
Tromsø telemedisin-laboratorium (Centre for Research Based Innovation)

Også dette prosjektet er basert på kvalitative studiar, og forskingsgruppa har vore samansett av forskarar med ulik bakgrunn.

Har sett på dei ulike perspektiva: leverandøren med eit produkt-perspektiv og brukaren med eit praktiserings-perspektiv

"integration crossing different practices is hugely underestimated and presupposes much longer time than expected"

Knut Holtan Sørensen, NTNU: "Communicating local governments: Implementing community informatics"
Ser på it-strategiar i kommunesektoren med omsyn til avansert ikt-basert kommunikasjon.

Dei fleste kommunane er ikje særleg aktive på dette området, med nokre få unnatak.

Evaluering av kommunale nettsider:
- alle 430 kommunane har eiga nettside
- stor variasjon i kvalitet

Er det eit nytt geografisk digitalt skilje på veg inn?

Web pages as assemblages:
- information assemblages, offering mainly information
- citizen ass. facilitating mediated democratic participation
- client ass. offering interactivity

tirsdag 19. oktober 2010

2010 - året for web-typografi?


















(ill. henta frå Netlifes blogg iallenkelhet.no)
Mange har spådd at 2010 blir året for web-typografi, men då må det skje mykje på slutten av året for me er ikkje heilt der enno.

Problemet med web og typografi
Typografi og  fritt val av fontar har vore ein akilleshæl for web-en heilt sidan starten. Fram til no har nettlesaren vore avhengig av installerte fontar lokalt, og for å vera på den sikre sida, har utviklarane berre hatt nokre få skrifttypar å velja mellom (typisk Verdana, Lucida, Georgia). Med @font-face, som del av HTML5, vil dette endra seg. Det gjer det muleg å lenka til online skrifttypar, og utvalet blir eit heilt anna.

I gamle dagar var det font-attributten som vart brukt til å angi font. Denne er no fy-fy, eller "deprecated" på HTML-språket (i HTML5 er det forresten endra til ".."). Med introduksjonen av CSS for formattering og presentasjon, vart font-deklarasjonen flytta dit. Og det er slik dei aller fleste HTML-sidene no blir utvikla.

Mange har tydd til grafikk for å ta i bruk andre fontar enn standard. Det har sine negative sider. For det første aukar størrelsen på filene, og for det andre blir ikkje teksten synleg for søkemotorar.

@font-face
@font-face gjer det muleg å visa eit fritt val fontar sidan dei ikkje blir henta frå den lokale klienten, men enten frå eigen server eller tredjeparts-leverandør. Skrifttypar kan altså lenkast til frå HTML-koden. Den einaste ulempla dette kan medføra, er at lenking til tredjeparts-leverandør kan gi litt forseinking, og at fontane ikkje er tilgjengelege ved brot på kommunikasjonen. Men i det siste tilfellet får du uansett lasta eksterne nettsider.

Tredjeparts-løysing
Ved bruk av t.d. fontar frå tredjeparts-leverandøren Typekit (www.typekit.com), trengst det berre ei linje med Javascript-kode for å inkludera ein skrifttype. Framleis er støtta for @font-face komplett, så det kan vera litt risikabelt å bruka den. Den er truleg ei midlertidig løysing til Web Open Font Format (WOFF) blir standard.

Så skal det sjølvsagt kunnskap om typografi til for å få eit godt resultat. Her er det nok mange svarte hol, så resultatet blir vel som med tekstbehandling i tidlege tider; amatørane sitt glade inntog og ein forferdeleg salat av upassande fontar. Men det er ein nødvendig kostnad ved auka fridom og funksjonalitet.

Meir om typografi på web-en
www.typekit.com 
www.fontdeck.com
www.typotheque.com
www.badassidea.com (viser bruken av Typekit-fontar)
www.fontsquirrel.com
stevesouders.com/blog/2009/10/13/font-face-and-performance (kritisk blikk på font-face)

Generelt om typografi:
awayback.com/revised-font-stack
ilovetypography.com
paulirish.com/category/typography
webtypography.net
typophile.com
www.zeldman.com//2009/08/17/web-fonts-and-standards
alistapart.com/articles/cssatten

onsdag 6. oktober 2010

IT-forum 2010 - dag 2


Dugnaden bak konferansen
Før eg går inn på programmet må eg nemna opplegget for opptak og distribusjon av video, lyd m.m. - altså heile det audiovisuelle opplegget for konferansen. Det er i beste IT-forum-and eit dugnadsprosjekt, og medielinja ved Sogndal vidaregåande skule pluss tilsette ved Fylkeskommunen (vgs er jo også fylkeskommunal) og elles it-personar knytt til IT-forum si driftsgruppe.

Heilt sidan starten på IT-forumkonferansen i 1996 (!) har den tekniske delen av arrangementet vore ein viktig del. I starten var det mykje arbeid med sjølve presentasjonane (videokanon, lyd i salen ++), internett-tilkopling og i det heile ting som i dag heldigvis er nokså sjølvsagte. Når det gjeld internett-tilgang, er det likevel ikkje nok med eit trådlaust samband slik dei fleste hotella har, for videoproduksjon og -sending må det på plass fast samband.

Dugnads-anda lever framleis og det er imponderande å sjå all den innsatsen som blir lagt ned. Til slutt kjem det deltakarane til gode gjennom ei relativt låg konferansavgift. Men dugnadsarbeidet er klart positivt også for utveksling av kompetanse og for samhald og samarbeid på teknisk side, ei side som alltid har vore viktig for IT-forum. Ei særleg takk må rettast til elevar ved medielinja saman med lærar Johnny Flaten.

Teknologien bak: Streaming for (og av) dummies
Prisen for årets tittel går til Guttorm Flatabø (Vestlandsforsking), Øystein Åsnes (Fylkeskommunen) og Johnny Flaten (Sogndal vgs). Dei orienterte om teknologien bak streaming-opplegget, eit opplegg som er ganske avansert med 3-kameraproduksjon, bildemiksar, lydmiksar og sending overføring til streamingserver på Leikanger.

Men det kan også gjerast enklare. Guttorm viste fire ulike lågkost-alternativ for streaming på nett:

1. Smart-telefon
Har du smart-telefon, har du streaming. Du treng å registrera deg på tenester som Qik eller Justin.tv og så er det berre å setja på opptak og GO. Qik var forresten eit av dei oppstartsselkapa me besøkte på studieturen til San Francisco i vår.

2. Web-kamera, gjennom nettlesar
Still inn web-kameraet, enten det er innebygt i pc-en eller det er eit frittståande, og køyr opptaket ut på ei av tenestene nemnde i punktet over, og du er på lufta.

3. Kamera og program
For å få betre kvalitet vil du kanskje både ha eit betre kamera og eit eige program der du har visse mikse-mulegheiter. Adobe Flash Media Live Recorder er eit eksempel på eit slikt program.

4. Streaming av skrivebord med ekstern lyd
Overfører skjermbildet frå pc-en og kombinerer med lydkjelder.

Øystein orienterte om opplegget som blir brukt under konferansen. Det er løysinga Sonic Foundry Mediasite. Det er opptaksmaskin, server og editor for å redigera opptaket. Det er også ei enkel publiseringsløysing. Den kan brukast både for direktesendingar og opptak.

Den har tredeling av bilde, lyd og skrivebord. Løysinga krev Silverlight installert på klientsida.

Johnny fortalde litt om opptaksdelen av streaminga. Det blir brukt 3 stk. kamera i semi-proffklassen. Det er kamera i prisklassen rundt 50 000,-

Pellegrino Riccardi: Det var ikkje det eg sa, eller meinte..
Har arbeida med kommunikasjon i 25 år. Han har italienske foreldra, er vaksen opp i England og flytta til Norge for 15 år sidan.

Kommunikasjon kjem frå latin og betyr "å dela". Foredraget er elles vanskeleg å referera og kommentera, det må helst opplevast. Det handlar om kommunikasjon og Riccardi er ein god kommunikator. Han byggjer mykje av foredraget på samspelet og skilnader mellom dei tre nasjonalitetane.

Pauline Pollard: Gjenbruk av offentleg informasjon for å kunna utvikla nye tenester og produkt
Public Sector Information - PSI. PSI-direktivet (2003) skal sikra gjenbruk av offentleg informasjon.
Parallelt med betre  tilgang til offentlege data har det vokse fram nye barrierer (dyrt, opphavsrettslege barrierer..)
US Model: Open access ("A public good paid for by the tax payers"), grunnlag for nye tenester og øk. vekst
EU: Information blir behandla som om det er eit avgrensa gode.

PSI og data.gov-initiativ
European PSI Platform: Oversikt over opne data katalogar

Stadig vanskelegare for offentlege verksemder å halda att, stadig større forventning frå brukarane.

Inger Anne Ravlum: Offentlege data som ei råvare for næringsutvikling
Gjenbruk av offentlege data er viktig for regjeringa, og er langt på veg lovfesta gjennom den nye Offentleglova.
Tilgjengeleggjering av data er viktig både næringspolitisk, men også sett frå eit demokratisk synspunkt.

"Me veit ikkje heilt kva opne offentlege data vil bli brukte til, og det er heile hovudpoenget med tilgjengeleggjeringa".

Har bestilt ei utgreiing av verdiskapingspotensialet for frigjeving av offentlege data, særleg kartdata og eigedomsinformasjon.

data.norge.no er så langt ein blogg med ein diskusjon om korleis ein bør gå fram på dette området. På lenger sikt skal nettstaden vera ein oversikt over tilgjenglege dataressursar.

Spørmål frå salen: Skal dep. framleis ha det operative ansvaret for data.norge.no?
Svar: Nei, det skal over til Difi.

Avslutning ved Atle Hamar:
Veldig godt fornøyd med konferansen, særleg sett i lys av dei store tekniske ambisjonane. At det har vore litt rusk innimellom, må ein rekna med når ein tek på seg såpass komplekse oppgåver. Og det heile har vorte løyst ved hjelp av dugnad, som er heile prinsippet bak IT-forum.

Og heilt til slutt avslutta to elevar ved Firda vgs med musikk av Astor Piazolla (piano og klarinett).

tirsdag 5. oktober 2010

IT-forum 2010 - dag 1


Årets IT-forum har tittelen "Kunnskap kryssar grenser" (kxg.no), etter prosjektet/programmet med same namn. KxG handlar om å ta nettet meir i bruk både for videomøte og ikkje minst for overføring av ulike arrangement på nett (webcast). Ei naturleg følgje er difor at konferansen blir overført på nettet (kxg.no).

Kjell A. Nordstøm: Creating the future by practicing total innovation
Nordstøm er opprinneleg frå Finland (dei fleste trur vel han er svensk), men har store delar av verda som arbeidsfelt. Han er profesjonell foredragshaldar, og eg lurer på om det er ei stund sidan han var aktiv, utøvande professor.

Ironisk nok ville ikkje Nordstrøm la seg filma og foredraget vart difor innafor dei lukka veggane på Skei Hotel. Der skulle nok den godaste Nordstrøm vorte pressa langt hardare av programkomiteen, alle foredrag på IT-forum 2010 blir sendt direkte på nettet, take it or leave it!

Nordstrøm fekk også spørsmål om dette av ein modig ordstyrar Anne Mette Hjelle, og svaret var av typen  mumle-mumle-copyright-mumle..

Synd at det ikkje vart publisert for eit større publikum, for han var underhaldande. Det er tydeleg at han er ein profesjonell foredragshaldar, og for amatørar som meg og andre er det ein del tips å plukka opp. Forenkling er eitt av dei. Her var sjølvsagt ingen teksttunge lysark, berre bilete og til nød eitt eller to ord.

Forenkling er ein kunst, og av og til blir det overforenkling. Eg oppfattar Nordstrøm som overforenklande, og med enkle analysar tykkjer eg konklusjonane hans av og til blir kortslutningar.

Og kva var konklusjonane? Eg er usikker, men eg trur Timbuk 3 oppsummerer det best: "The future's so bright you need to wear shades".

Martha Russel: Innovation Ecosystems
Martha underviser og forskar til dagleg ved Stanford University i Silicon Valley. Me møtte Martha på studieturen vår til San Francisco i mars i år, og inviterte ho hit med ein gong. Fagleg dyktig og god til å formidla.

Presentasjonen hennar konsentrerte seg om innovasjonssystem og den gradvise utviklinga frå isolerte, lukka system til meir og meir opne og samarbeidande system. Ho viste grafiske representasjonar av innovasjonssystem, også norske, baserte på opne data som finst på nettet.

Ho var innom Silicon Valley-kulturen og prøvde å få fram kva som er så unikt med den. Ein veldig viktig faktor er at det er lov å feila! Men når du feilar, bør du ikkje skulda på andre (i alle fall ikkje investorane!), men ta ansvar sjølv. Investorar er ikkje redde for personar som har eitt eller fleire mislykka oppstartsforsøk bak seg. Tvert om, dei tenkjer som så at då har du sikkert lært ein god del og du har bygt verdifulle kontaktnett.

Oppsummeringa hennar var:
  1. Networks matter!
  2. Den ideelle størrelsen på arbeidsgruppene/team: Small enough to fit in a jazz band (or to have a meal on two pizzas)
Nettverk er viktige, og dei aller fleste bedriftene i Silicon Valley er små (sjølv om det helst er dei store me høyrer om).

Spørsmålrunde i etterkant:
Martha Russel har snakka om open innovasjon (open and collaborative) som eit viktig grunnlag for nyskapinga i alle fall i Silicon Valley. Ein av naboane til Stanford, Apple, har vakse fram som kanskje det vikigaste IT- og medieselskapet, men tilsynelatande ved ekstremt lukka innovasjonsprosessar. Er det eit uttrykk for at open innovasjon likevel ikkje er det beste, eller er det unntaket som bekreftar regelen?

Martha svarte som sant var at det ikkje er eit enkelt svar på dette. Kjell Nordstrøm var tydelegare då han meinte at lukka innovasjonsprosessar kan gi gode resultat på kort sikt, men på lang sikt er det heilt øydeleggjande (den sikre undergang).

Totalt sett ei god opning av årets IT-forumkonferanse!

12K - Kommunesamarbeid i Vestfold (Rolf Sundklakk, IKT-leiar i Nøtterøy kommune)
- 12 kommunar
- 226 000 innbyggjarar
- ca. 14 000 kommunalt tilsette
- ca 45 000 skuleelevar og lærarar

Har fokusert på tenestetilbodet, og fagutvikling og fornying.
Har gjennomført ca. 70 prosjekt og har 15 - 20 pågåande prosjekt.

9 fagnettverk:
- Ikt-leiarforum
- sak- og arkiv
- Digital plandialog
- Byggjesak
- Heimesider og portalløysingar
...

Internett-tilkoplinga er opplevd som mest kritisk. Brukarane tolererer mykje, men ikkje at nett-tilkopl. og e-post er nede. Har difor dobbel nett-tilgang og svitsjing mellom linjene tek typisk 10 - 20 sek.

Foreling av kostnader til investering og drift:
- 50 % likt på alle kommunar
- 50 % etter folketalet i kommunane

Viktig med god forankring! og å begynna i det små. Samarbeid og kunnskapsdeling er også heilt sentralt.

mandag 4. oktober 2010

Webdagane som Freemium


Webdagene 2010 er den beste konferansen eg ikkje har vore på. Eg følgde store delar av konferansen på nettet, takka vera generøs haldning frå arrangøren Netlife Research. All æra til dei for at dei både klarer å samla eit stort tal deltakarar på konferansen og i tillegg vel å dela presentasjonane både gjennom streaming, lagring av videoar og tilgjengelege lysark-presentasjonar.

Webdagene har vore arrangert frå 2006 og er i dag kanskje den viktigaste konferansen for folk som jobbar med web, enten som utviklar/design/"løysingsarkitekt" eller som web-redaktør eller liknande.

I prosjektet "Kunnskap kryssar grenser" er stimulering til meir bruk av nettoverføring ("webcast") eit viktig mål. Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane har vore pådrivarar i prosjektet og Vestlandsforsking har delteke saman med fleire andre, både offentlege verksemder og private bedrifter. Forprosjektet har vist at marknaden ikkje fungerer godt; arrangørane tenkjer i liten grad på nettoverføring og det er også dårleg tilbod blant leverandørane på teknologi og tenester knytt til dette.

Då er det spesielt positivt å sjå at eit så profilert arrangement som Webdagene tek teknologien i bruk og delar  kunnskapen sin med resten av verda.

Konferansen IT-forum 2010 startar i morgon 5. oktober og har tittelen "Kunnskap kryssar grenser". Den blir sjølvsagt overført på nettet i tillegg til at over 200 deltakarar er samla på Skei.

(Freemium er Chris Andersons uttrykk for ein forretningside der produktet i utgangspunktet er gratis, men der ein meir påkosta versjon kostar)

tirsdag 21. september 2010

The Web is Dead - Long Live the Net!


Dette er tidsskriftet Wired sin bodskap i siste nummer. Wired er ikkje kven som helst, dei har vore eit leiande (kanskje _det_ leiande) teknologi-tidsskrift og særleg når det er snakk om nettet og nettutviklinga. Redaktør Chris Anderson er også ein markant person i nett-samanheng. Han står bak den kjende foredragsserien TED og han lanserte i si tid begrepet "The long tail". Han har også nyleg gitt ut ei bok om forretningsmodellar for Internett ("Free"). [oppdatering: Chris Anderson og Chris Anderson er ikkje nødvendigvis same personen. TED er eigd og blir drive av engelske Chris Anderson, medan USAnske Chris Anderson er redaktør for Wired]

Tapsbringande web-satsingar
Ironisk nok er det nettopp forretningsmodellar, eller heller mangel på slike, som er ei viktig drivkraft for den utviklinga me ser vekk frå den opne web-en. Mange har brent mykje midlar på nettsatsingar som ikkje har gitt forventa eller ønska resultat. Annonsar er ikkje svaret for dei fleste, berre for eit fåtal som Google o.l. kan dette bli den berande inntektskjelda.

Tidlegare spådommar
Samtidig som Wired kjem med den både provoserande og overraskande påstanden, er dei snare med å peika på at dei har komme med liknande spådommar tidlegare som ikkje har slått til. Dei spådde web-ens død alt i 1997 (!) då push-teknologien såg dagens lys (særleg systemet Pointcast, som eg sjølv var brukar av ein kort periode på den tida). Den gangen bomma dei til dels grovt med spådommen.

Minkande web-trafikk
Denne gangen har dei betre dokumentasjon for påstanden sin, ikkje minst oversikt over kjeldene til trafikken på nettet. Den viser tydeleg at den tradisjonelle web-trafikken er dalande. Den nådde toppen rundt 2000 og har gått ganske mykje ned. Og utviklinga med mobilt internett og den dominerande framveksten av spesial-applikasjonar ("apps") kan ingen ha unngått å notera seg. Andre dominerande kjelder er video (kan jo diskutera om det er web eller ikkje).

Facebook og lukka plattformer
Parallelt med apps-utviklinga på mobilsida føregår det også ei innelåsing av sjølve web-an. Facebook er vel det beste eksempelet her. Dei utviklar si eiga private web-plattform, rett nok bygd på web-standardar, men lukka for omverda. Dei har m.a. sitt eige e-postsystem.

På leit etter forretningsmodell
Chris Anderson og Wired synest utviklinga bort frå den opne web-en er uheldig, men forståeleg. Store aktørar vil i lengda ikkje finna seg i å pøsa ut midlar på nettsatsingar som ikkje gir overskot. For å ta betalt for eit produkt på nettet, må du skapa ein eksklusivitet. Reine informasjonstenester har ikkje denne eksklusiviteten og då er det også vanskeleg å ta betalt.

All informasjon tilgjengeleg?
For selskap som Google byr denne utviklinga på store utfordringar. Dei har bygt imperiet sitt på den opne web-en. Og sjølv om dei framstiller seg som tilhengjarar og pådrivarar av den opne web-en, kvir dei seg heller ikkje for å ty til andre verkemiddel om dei blir pressa. Den nyleg annonserte avtalen deira med Verizon ser også ut til å bryta med prinsippet om nett-nøytralitet for mobil-nettet.

Er web-en berre HTML?
Ei innvending mot Wireds framstilling er at dei ser på web-en berre som HTML. Men HTTP er også ein viktig del av web-en og den protokollen er like viktig enten me snakka om apps eller om maskin-til-maskin-kommunikasjon. Men presentasjonslaget er sjølvsagt viktig for openheit.

Diskusjon om web-ens framtid
I kjølvatnet av Wired-artikkelen har det oppstått ein diskusjon mellom leiande personar, og det var sikkert også noko av bakgrunnen for oppslaget. Chris A'nderson har utfordra andre web-guruar som Tim O'Reilly (O'Reilly Media) og John Battelle (m.a. kjend for boka om Google - "The Search").

Litt overraskande er TORs kommentarar til utviklinga. Han er einig med Anderson i utviklingstrenden, men ser på det som ei positiv utvikling ved at nettet blir meir modent og at det kjem forrentingsmodellar som let produsentar få betalt (her er det nok medie-mannen som talar). John Battelle er derimot meir skeptisk til utviklinga og peiker på dei store fordelane den opne web-en har skapt og at me ikkje bør la dei gå tapt utan å bry oss.

Web-en og demokratiperspektivet
Sjølv er eg litt overraska over at demokrati-perspektivet er fråverande frå diskusjonen. Etter mitt syn er web-en den sanne manifesteringa av ytringsfridom. Først med web (og særleg bloggen) har ytringsfridommen vorte reell, i alle fall for alle som har tilgang til ein pc og nett.

The Economist
Også The Economist tek for seg utviklinga med ein stadig meir lukka web. Dei er heller ikkje særleg glade for utviklinga og minner om at dei alltid har stått for frihandel, opne marknader og sterk konkurranse - så også på nettet.

Romantikken som forsvann
I den tidlege Internett-fasen var det ein god del romantiske førestillingar om "cyberspace" som den nye og frie staden der vanlege (les: kommersielle og regulerande) reglar ikkje gjaldt. John-Perry Barlow er vel den som har formulert det tydelegaste gjennom si kjende sjølvstende-fråsegn for nettet (A Declaration of the Independence of Cyberspace):
Governments of the Industrial World, you weary giants of flesh and steel, I come from Cyberspace, the new home of Mind. On behalf of the future, I ask you of the past to leave us alone. You are not welcome among us. You have no sovereignty where we gather.
Dette kan verka rart i dag, men samtidig er det også litt vemodig at dei idealistiske og romantiske førestillingane om nettet no er borte. Uskulden er borte, nettet har vakse og modnast og med det kjem også vaksenlivet sine mange traurige og kjedelege sider.

torsdag 9. september 2010

One night in Paris..


.. is like year in any other place. Det var vel 10CC som sang dette for nokre tiår sidan. Det vart "three nights in Paris" etter eGov-konferansen i Lausanne. Sidan første besøket i Paris i 2001 har det vore favoritt-byen min, trass i at eg ikkje snakkar fransk. Dette var femte gangen min i Paris, og det er like kjekt kvar gang. Og familie-hotellet Hotel Nadaud ved Place Gambetta er staden for overnatting, om ikkje hjå venner.

Paris har det meste; storslått arkitektur, flotte museum, pulserande byliv og god mat og drikke. Byen er også så stor at du berre rekk å bli kjend med ein liten del kvar gang. Denne gangen brukte me tid i området Belleville - eit mylder av folk frå mange land og ein imponerande marknad. Her har eg berre fanga ein bitte liten del av den 100-200 lange marknadsplassen.




Musea i Paris er mange og interessante. Det mest kjende er sjølvsagt Louvre, verdas største museum, men Paris har mange andre museum verdt å besøka. Denne gangen var eg i Musee d'Orsay, eit museum opna i 1986 av Francois Mitterand og som er ein ombygd jernbanestasjon. Museumsbygningen er fantastisk i seg sjølv, som biletet kanskje gir eit lite inntrykk av (det var ikkje lov å ta bilete inne i museet...). For meg var det største utbytet interiøret og bygningen, samlinga kom i andre rekkje.



Eit bra høve til Paris-tur vil vera Le Web-konferansen 8. og 9. desember. Denne konferansen har på kort tid vorte den største web-konferansen i Europa, og det utan at det er brukt ei krone på marknadsføring. Alt har gått via sosiale kanalar og "word of mouth" og konferansen samlar no nærmare 2 500 deltakarar!

Grunnleggjaren av konferansen er Loic Le Meur (@loic på Twitter), fransk it-entrepreneur i San Francisco. Han er kanskje mest kjendt for mannen bak Twitter-klienten Seesmic, men har også mange andre jarn i elden.

søndag 5. september 2010

eGov 2010 i Lausanne















[desse deltok ikkje på konferansen, men heldt plenen utanfor konferanselokalet ryddig..]
eGov er den viktigaste konferansen innan e-forvaltning i Europa. Det er samlingsplassen for forskarar innan feltet.Tidlegare høyrde konferansen inn under DEXA-paraplyen, men "reiv" seg laus i fjor og høyrer no til IFIP. Dette handlar mykje om politikk, og eg er ikkje inngåande kjennskap til det, men akademiske konferansar er på mange måtar "big business" og då skjer slike ting.

Lausanne
Årets konferanse var i Lausanne, i Sveits, ved Universitetet i Lausanne. Lausanne er ein liten by (ca. 120 000) innbyggjarar) ca. 40 min. togreise unna Geneve. Det er ein fin by, ved Geneve-innsjøen, og med majestetiske fjell i synsranda i sør. Sjølve byen verka også triveleg, og den verka også større enn innbyggjartalet skulle tilseia. Lausanne er nok mest kjend som staden der den olympiske komiteen held til. Tidlegare IOC-leiar Samaranch har ei stor stjerne her sidan det var han som slo endeleg fast at IOC skulle ha hovudkontor i Lausanne.















[det sprettande nye  konferanselokalet til  IDHEAP - Swiss Graduate School of Public Administration]
Akademiske konferansar
Som akademiske konferansar flest er deltakarane det både som tilhøyrarar og for å presentera, i alle fall majoriteten av deltakarane. Det er ei ok ordning, og deltakarane må også ta sin turn med sesjonsleiing osv. På denne måten blir konferansane nesten sjølvgåande. Til prosessen høyrer også med at når du først har fått godkjendt ein artikkel, må du stilla opp og presentera for at den skal bli teljande. Det sikrar det økonomiske grunnlaget for konferansen.

Business
Talet på konferansar har nærmast eksplodert, sidan det både er økonomiske interesser og ikkje minst karriere-messige interesser knytte til desse. Dette er parallelt med tidsskrift-verda, som blir styrt etter mykje dei same prinsippa. Den største skilnaden er at det tek lenger tid frå innsending til ferdig trykt artikkel i eit tidsskrift enn på ein konferanse med tilhøyrande skriftsamling (proceedings).

Interoperabilitet
Sjølv presenterte eg artikkelen "Interoperability in Public Sector - How Use of a Lightweight Approach Can Reduce the Gap Between Plans and Reality". Presentasjonen gjekk bra (trur eg) og det var mange gode spørsmål og god diskusjon i etterkant. Standardopplegget er 20 min. presentasjon og 10 min spørsmål. Eg brukte Los som case i artikkelen

Univ. i Agder i 2012
Det er tredje året på rad eg deltek på denne konferansen; dei to føregåande vart arrangerte i Linz (2009) og Torino (2008). Neste års eGov-konferanse skal arrangerast i Delft, Nederland, og i 2012 skal etter planen Universitetet i Agder ha ansvaret. Det vil i såfall vera eit bra løft og eit bra høve til å presentera norsk e-forvaltning til resten av verda og omvendt. Lykke til med planane Leif, Øystein og andre ved UiA!

fredag 27. august 2010

HTML5 og revolusjonen i W3C


HTML5 er det store "summe"-ordet for tida. Bakgrunnen for arbeidet med den nye standardversjonen av HTML er interessant og viser ein del av problemet med standardiseringsarbeidet i W3C. W3C køyrde nemleg i grøfta i dette prosjektet.

xhtml
xhtml var W3C sin definerte retning for HTML-standarden. Det begynte med xhtml 1.0, som var HTML 4.01 i xml-syntaks. Med xhtml 1.1 tok utviklinga for alvor ny retning. Her var det rein og skjer xml og det betydde m.a. at den ikkje kunne serverast som Mime-type text/html. Noko som igjen betydde at viss forfattarar publiserte eit dokument med xml mime-type, kunne ikkje den mest brukte nettlesaren - Internet Explorer - tolka det! Hallo, W3C, på tide å sjå ut glaset?

Men W3C såg ikkje ut av glaset og heldt fram med xhtml-utviklinga, no med versjon 2.0. Den skulle visa vegen til ei lysande xml-framtid, og ville bryta totalt med HTML og ikkje vera bakover-kompatibel. Den skulle bli rein og ubesudla av HTML-feil - den vart ein katastrofe.

Nok er nok!
Utviklarar begynte å få nok av W3Cs elfenbeins-tårn (and, dare I say: teoretiske og akademiske tilnærming) og tok saka i eigne hender. Representantar for nettlesarane  gjorde opprør og starta ei eiga arbeidsgruppe - WHATWG - leia av Ian Hickson frå Opera. Dei arbeida med spesifikasjonar for Web Apps 1.0 og Web Forms 2.0.

Til Tim Berners-Lee ære innsåg han sjølv at xml-vegen var eit feilspor, og let det vidare arbeidet med ny HTML-standard bli overført til WHATWG.

Dynamisk web
HTML5 introduserer mange nye ting, og særleg støtte for dynamisk vising. canvas er eitt av dei nye elementa som definerer eit rektangel og let utviklaren fylla det med dynamisk innhald via Javascript. video er eit anna nytt element som let utviklaren inkludera video på sida. Desse elementa utgjer ein reell trussel for Flash, sidan det til no nesten har vore einerådande for å visa dynamisk innhald og særleg video.

I samband med prosjektet "Kunnskap kryssar grenser" fekk me prøvd ut video-elementet ein god del og innleigd hjelpemann Odin Hørthe Omdal fekk i gang ein diskusjon i WHATWG som resulterte i endringar i video-delen av HTML5-spesifikasjonen - ikkje dårleg!

Den nye nettlesar-krigen
Det er full krig mellom nettlesarane, igjen. Det nye, og positive, denne gangen er at dei konkurrerer om å vera raskast ute med støtte for HTML5-standarden. Til og med Microsoft har kasta seg på standard-racet og IE9 skal bli den beste på å følgja standardar!

Som Jeffrey Zeldman, gjesteredaktør i siste nr. av magasinet .net og ein av dei viktigaste forkjemparane for bruk av web-standardar, avsluttar med:

"I see CSS3 and HTML5... I see the web I used to dream about. And I see you and me having a lot of fun over the next decade."

Les meir om HTML5 i "HTML5 for Web Designers", utgjeven på Zeldmans nye A Book Apart forlag. Han har frå før hatt stor suksess med nettstaden A List Apart (obligatorisk lesing!) og konferanseserien An Event  Apart. Boka, eller rettare sagt heftet, er på 85 sider og med det eit motstykke til dei fleste publikasjonar i denne sjangeren. Men dei 85 sidene gir ei god innføring i arbeidet med HTML5 og dei viktigaste endringane, utan å gå inn på detaljar. Boka er skriven av Jeremy Keith.

fredag 20. august 2010

Stryk for Statens landbruksforvaltning

Eg har akkurat sendt inn søknad om produksjonstilskot i jordbruket via Altinn og har ei klar melding til SLF: Gå til innkjøp av Designing with Web Standards (3. utg.) av Jeffrey Zeldman. Les den nøye og legg den til grunn for kravspesifikasjonen for neste års elektroniske søknadsskjema.




I dei tomme cellene skal det stå namn på hovuddelane i skjemaet. På same vis var 'Neste' og 'Forrige' usynlege.

Det er fallitterklæring å presentera eit skjema der mesteparten av navigasjonen ikkje viser fordi standardar ikkje er følgde. Det fungerer kanskje i Internet Explorer, men også her vart det tilrådd å slå på kompatibilitetsmodus, så då er det vel noko IE6-rusk som øydelegg. Eg brukar ikkje IE, men Chrome, Firefox og Opera. Eg brukte Firefox til utfylling av skjemaet og sjølv om eg ikkje fekk testa det, reknar eg med at feilen også ville ha dukka opp i Chrome og Opera.

Med tanke på dei midlane som går med til utvikling av dette skjemaet er det grunn til å bli forbanna. I 2010 skal ikkje slikt skje!

torsdag 19. august 2010

iPad for ein dag


(foto: Yutaka Tsutano - CC By)







Eg hadde nok iPad-en meir enn ein dag, men det passte så godt med omtalen av iPhone tidlegare i år. Vestlandsforsking har kjøpt inn iPad for uttesting først og fremst som lesebrett, og skal også skaffa ein Kindle. Inntrykket mitt etter ein del surfing med iPad er delt: Den har utvilsamt "wow"-faktoren, men eg tvilar likevel på om den er så revolusjonær at den endrar medielandskapet.

Tung og gedigen
Førsteinntrykket er som hjå mange andre: den er mykje tyngre enn den ser ut som. På avstand ser den ut til å berre skulle vega 2-300 gram, og det er difor overraskande å kjenna at den veg over det dobbelte. Det har sjølvsagt mykje med materialkvalitet å gjera, den kjennest solid ut.

Det er både pluss og minus med tyngda. Det positive er kvalitetsfølelsen og soliditeten den formidlar, det negative er at det fort blir litt  tungt å halda den i fanget. Her er den heilt ulik ein berbar pc, som vil kvila i fanget eller på bordet i ein eller annan stilling og der du kan vinkla skjermen.

Elles er den rask og gir god respons, programma startar opp med ein gang. Særleg positivt er det at den vaknar til live momentant, og ikkje slik me er vande med elles der pc-ane er like søvnige og vanskelege å vekkja som ein middels tenåring.

Einvegskommunikasjon
Det er ei surfe-fjøl, verken meir eller mindre. Sjølv om det går heilt greitt å skriva inn adresser o.l. med skjermtastaturet, kan det ikkje erstatta eit fysisk tastatur. Det ville t.d. vore svært slitsamt å skriva eit innlegg som dette på ei slik maskin. Det gjer den i stor grad til ein einvegs-kanal, og det er jo ein viktig del av mediebransjen sine store forventningar. Der snakkar dei om medie-konsumering (for eit forferdeleg ord!), og er ikkje spesielt interesserte i tilbakekanalen.

Den svekka returkanalen gjer at eg meiner iPad-en representerer ei dreiing tilbake mot web 1.0 og tilbake til read-only web. Igjen er ikkje dette absolutt, du kan fint skriva Twitter-meldingar og oppdatera Facebook-profilen din, men særleg lenger skriveri blir trøyttande. Det vil forsterka det alt overflatiske preget web-en har.

Ikkje for estetikarar
Apple sine produkt appelerer i stor grad til estetikarar pga. unik design, så også iPad. Men eg trur mange av estetikarane vil få store problem med den tilsmussa skjermen. Det blir noko heilt anna enn trykkskjermen på ein mobil. iPad-skjermen er så stor at fingermerkja blir dominerande på ein heilt annan måte. Skjermen ser direkte ulekker ut etter berre nokre sekundars bruk. Om du er som meg, som ikkje likar fingermerkje på pc-skjermen, får du eit problem med denne dingsen.

Manglande multitasking
Den manglande evna til å køyra fleire program samtidig blir delvis kompensert av den raske oppstarten av program. Men berre delvis, for det blir litt rart å måtta "gå tilbake til start" kvar gang. Eg merkar at eg saknar ein generell 'tilbake'-tast slik eg har på Galaxy S-tlf. min.

For tett knytt til iTunes
Det som er den største styrken til iPad er paradoksalt nok også den største svakheita. Skal iPad slå skikkeleg gjennom, må den nå ut til ein større krins enn eksisterande Mac-brukarar. Det kan jo sjå ut som den gjer det, ut frå salstala, men eg trur dei mange pc-brukarane får litt å tenkja på etter ei tids bruk.

iPad er uløyseleg knytt til iTunes, utan dette programmet på pc-en (eller mac-en) kjem du ingen veg - du får ikkje ein gang starta den opp. Alt som skal inn på iPad må også komma frå iTunes. For eigen del må eg seia det var veldig tungvint å få foto inn på iPad-en. Først må dei frå kamera til pc-en, det er greitt. Men du kan ikkje berre overføra dei vidare til iPad, dei må synkroniserast med iTunes først. Muleg det finst enklare måtar å gjera akkurat dette på, men eg fann dei ikkje.


iPad som lesebrett
Det er det iPad-en er kjøpt inn for og skal testast ut på. Eg lasta ned "Origin of species" og las nokre sider. Det er for kort bruk til å seia noko generelt om denne delen av produktet, men det var småting ved leseopplevelsen eg ikkje likte (mellom anna måten å bla på). 

Tilfeldigvis var det ein Kindle DX i huset på same tid som iPad-en og det var interessant å sjå dei ved sida av kvarandre. Det var enorm skilnad, med iPad som svært lyssterk og kontrastrik skjerm mot Kindle som verka veldig svak i samanlikning. Men for mykje lesing er eg ikkje i tvil om at Kindle er langt betre for augene, iPad blir rett og slett for lyssterk innandørs, medan skjermen blir for dårleg i sollys. Eg tvilar sterkt på at iPad blir ein konkurrent til Kindle i noverande form.


iPad for den eldre generasjonen?
Ein viktig grunn for uttestinga var å sjå om iPad er godt egna for foreldra mine. Eg har vurdert å kjøpa ein slik til dei, men hadde lyst å la dei prøva den først.

Det var eit interessant forsøk. Mor mi har aldri brukt ein pc, og dermed heller aldri vore på nettet og surfa. Ho har ikkje hatt interesse for det, men iPad-en fanga interessa og ho hadde sin første surfe-opplevelse. Interessant nok trykte ho litt for lenge på 'Photo'-ikonet første gang ho brukte den, og alle ikona begynte å sjelva (hald fingeren på eit ikon på oppstartssida, og du kan flytta og endra på oppsettet). Korleis komma vidare no? Inga råd utanom å slå den av og på igjen - #applefail.

Med kort forklaring på navigering både i bilde og med nettlesar oppe, gjekk det greitt å bruka den. Men på eiga hand stod dei fort fast. Eg fekk spørsmålet om kor Internett var på iPad-en? Godt spørsmål, for korleis skal folk på over 80 år vita at 'Safari' betyr nettlesar/internett - #applefail.

Rart at ikkje Apple som er ekspertar på brukaropplevelse, ser slike opplagde brukarfeller. Eg har ein mistanke om at den einaste brukartestinga dei har gjort, er med Steve Jobs.

Konklusjon
Omtalen verkar kanskje meir negativ enn totalinntrykket eigentleg er. Det er ingen tvil om at Apple har laga eit innovativt produkt - eller kanskje heller treft marknaden rett og gjort dei rette endringane på tavle-pc'en. Mange kjem til å kjøpa iPad pga. "wow"-faktoren, og eg trur også at mange kjem til å spørja seg etterpå om den ga dei det dei var ute etter.

Den er veldig hendig å ha på stovebordet og i sofaen for rask surfing. Men den vil ikkje kunna overta jobben for ein pc, den vil komma i tillegg. Den er i stor grad til forbrukar-marknaden og vil i liten grad påverka forretningslivet.

Eg trur mediebransjen tek feil når dei trur iPad blir den store redninga. Men det kan jo også henda eg tek feil...


fredag 13. august 2010

Message to Samsung

Her er meldinga eg sende til Samsung si brukarstøtte om drivarproblema med Galaxy S. Trass i norske sider, er kontaktskjemaet på engelsk. Det seier vel også sitt om satsing på brukarstøtte og oppfølging av produkt.

...

I recently bought the Galaxy S phone which I find very good. However, connecting the phone to my pc (Lenovo T400s, Win 7 64 bit Prof.) fails. I have contacted Samsung support with no result.
It is a great shame that such a great telephone is delivered with such a malfunctioning software. The Kies software is not updated to support the phone and the MTP App drivers are obviously foul. There are a lot of postings on the net about this and it all leads to bad PR for Samsung. I am also blogging about my experience and it really is too bad that this great phone is not followed up with proper drivers and software. 
You need to come out with a clear statement about what is wrong and how and when you plan to solve it.
Regards,
Svein Ølnes, Sogndal
Norway
...

torsdag 12. august 2010

Morgonstemning












Desse to fjorårskalvane stod og koste seg i plommehagen min i dag tidleg (plommetrea bak/til høgre). Eg veit ikkje heilt om eg set pris på det. Sjølv om hjorten er eit flott dyr, gjer den også stor skade i frukthagar. Om vinteren set eg opp gjerde for å stengja hjorten ute frå hagen, men i vekstsesongen er det umuleg. Snart startar hjortejakta, men då er vel desse to over alle haugar?
Posted by Picasa

onsdag 11. august 2010

Samsung Galaxy S - ein månad i bruk


Eg sparte ikkje på ros då eg omtalte den nye mobilen min, Samsung Galaxy S. Etter ein månads bruk er det på tide å gjera opp litt status. Er den framleis like bra? Både ja og nei. Her er kortversjonen:

+ fantastisk skjerm (ja, skjermen er grunn god nok til å kjøpa den)
+ trass i stor skjerm er mobilen ganske hendig fordi den er så tynn
+ god Google-integrasjon (epost, nettprat, bilete)

- elendig programvare (Kies er ikkje oppdatert til å støtta telefonen!)
- dårleg wifi-rekkevidde
- litt lugging (litt lange tenkepausar av og til før den utfører det den blir bedt om)

Eg vel å utdjupa problema, plussane er omtalte tidlegare.

Dårleg drivar- og programvarestøtte
Synkroniseringsprogrammet Kies ser fint ut på overflata, men problema melder seg fort. Telefonen kopla seg greitt opp via USB første gangen, men seinare har eg hatt problem. Og eg er ikkje den einaste som opplever desse problema, ulike forum er fulle av Galaxy-trøbbel. Dette er for dårleg Samsung! Her heng ikkje programvara med telefonutviklinga.

Eg får heller ikkje kopla telefonen mot pc-en via Bluetooth. Igjen er det dårlege/mangelfulle drivarar utan at eg har klart å lokalisera feilen presist.

I praksis er det to måtar du kan synkronisera eller overføra informasjon frå telefon til pc:
1. Via Kies (usb eller Bluetooth)
2. Via "skya", dvs. via diverse Google-program og andre sky-program som Dropbox etc.

Enkelte vil kanskje hevda at den "gammaldagse" telefon-til-pc ikkje lenger er bruk for, når ein kan gjera mykje via skya. Men så enkelt er det ikkje. Framleis er det mykje som krev direkte tilkopling til ein pc. Og oppdatering av sjølve telefon-programvara krev dessutan Kies. På dette området er det berre å venta på ei opprydding og oppgradering av Kies og også ei oppgradering til Android 2.2 ('Froyo').

Dårleg wifi-rekkevidde
Dette er eit problem ein neppe kan oppgradera seg frå. Det er truleg antenne-delen av wifi som er for dårleg. På kontoret mitt har eg 80 % styrke på det trådlause nettet på pc-en. På mobilen får eg såvidt inn det trådlause nettet og det dett fort ut og blir erstatta med 3G.

Lugging
Dei to førstnemnde problema har eg ikkje sett omtalt i testar av Galaxy-en, men 'lugginga' er påpeikt av fleire. Dette er mest eit irritasjonsmoment og ikkje eit akutt problem som dei to andre. Mobilen treng ofte litt tenkepause før den utfører operasjonar, og det er litt plagsomt.

Konklusjon
Så ville eg ha kjøpt telefonen om eg hadde fått valt på nytt? Ja, det er eg ikkje i tvil om. Eg reknar med at programvare-feila blir retta, og det bør skje kjapt.

For eigen del er det viktig å støtta Android - eg likar ikkje den lukka epleverda. Og då må ein finna seg i at det kostar litt i form av litt meir trøbbel og vanskelegare tilgjengeleg funksjonalitet. Det er vel ein gang slik at det skal kosta å seia nei takk til iPhone...

[biletet er henta frå VGs test av telefonen]

onsdag 21. juli 2010

Smart innovasjon


Få ord er så misbrukte som innovasjon i våre dagar, men om Nicolas Hayek, som nyleg døydde, kan ordet trygt brukast. Han redda så å seia eigenhendig sveitsisk klokkeindustri med Swatch-klokka. Sveitsarane laga klokker som dei hadde gjort i over hundre år og vart tekne på senga av japanarane som masseproduserte kvarts-drivne ur. Hayeks svar var billege ur som i tillegg kunne personaliserast slik at dei passa dei fleste. Design og marknadsføring var dei viktigaste elementa i tillegg til forenkling og billeg produksjon.

Hayek tok Swatch-idéen over til bilindustrien, men møtte sjølvsagt motbør. Ideen om ein tosetars bil ca. 2,5 m lang og med hybrid-drift og kanskje også full-elektrisk etter kvart, var for radikal for bilindustrien midt på 1990-talet. Han gjekk mange rundar med fleire produsentar før han fekk til eit samarbeid med Mercedes og saman etablerte dei Micro Compact Car AG som resulterte i bilen Smart. Men Hayek vart pressa ut av mektige Mercedes og selde til slutt sin del av selskapet til Daimler-Chrysler i 1998.


Mercedes-ingeniørane var mildt sagt lite entusiastiske over å bli fortalt av ein klokkemakar korleis dei skulle laga bilar! Men Hayeks idé har vist seg å vera rett, han var berre litt for tidleg ute. Og sjølv om Mercedes så langt har tapt mykje pengar på Smart, må den likevel seiast å vera ein suksess. Og den er ein viktig plattform for vidare satsing på små bybilar, særleg med tanke på elektrifisering.

Denne innovasjonshistoria har alle dei kjende trekka: ein radikal idé introdusert av ein person utanfor den tradisjonelle sektoren, innovatøren blir til slutt pressa ut og etter nærmare 20 år ser ein teikna til suksess for den opprinnelege idéen.

[bileta er henta frå Wikipedia, Smart-bilen er fotografert av Elijah van der Giessen]

fredag 16. juli 2010

Ny mobil: Samsung Galaxy S


Kort oppsummert
+ Fantastisk skjerm!
+ Android (2.1)
+ Super Google-støtte (Gmail, Google Maps, Gtalk osv.)
+ Trass stor fysisk størrelse er den tynn og lett
+ Trass imponerande spesifikasjonar og ytelse, relativt god batterikapasitet
+ God på multimedia (suveren film-opplevelse)
+ Standard mikro-USB lading og 3,5 mm lydutgang

- Som dei fleste smarttlf. er den klønete på ein del basisting pga. manglande fysiske tastar
- kamera har ikkje fysisk utløysar, ikkje blits
- Talekvalitet berre såvidt ok
- Enkelte ting ikkje tilgjengeleg på norsk ("Swype", vegvisar til kartdelen)
- Saknar piltastar for å flytta markøren, tungvint og unøyaktig med fingrane

Samsung??
Endeleg har eg klart å bestemma meg for ny mobil, og det vart ein Samsung Galaxy S (GT-I9000 for å vera heilt presis). Det var gode omtalar på GSM Arena og Amobil som gjorde utslaget. Eg har aldri tenkt på Samsung som eit alternativ for mobiltlf., har i grunnen ikkje hatt den store trua på dei på dette området. Og kollega Guttorm sine erfaringar med sin Samsung bekrefta mistanken for min del. Men no sit eg altså med ein Samsung i hendene.

Vanskeleg val
Eg har hatt både iPhone 3GS ("iPhone for ein dag") og Sony Ericsson Xperia 10 Mini på prøve, men returnerte begge. Samsung-telefonen er eigentleg ein iPhone-klon, så nokre av grunnane til returen av den held ikkje sidan Samsung-en har akkurat dei same svakheitene (ikkje fysisk  tastatur, vanskeleg å bruka med ei hand..). I forhold til iPhone står eg att med Apple vs. Android og det er for meg eit viktig val. Eg vel heller ein litt dårlegare Android-tlf. enn Apples iPhone fordi eg ikkje ønskjer å støtta den lukka epleverda. Men eg er ikkje sikker på om den er særleg dårlegare enn iPhone, det er ei anna sak.

Suveren skjerm
Som iPhone er det skjermen som bokstaveleg talt lyser opp. Det er ein såkalla Super AMOLED skjerm som både er lyssterk og gjerrig på straum. Oppløysinga på 800 x 400 på 4 tommars skjerm gjer skrift og bilde sylskarpt. Det er rett og slett ein fornøyelse å sjå på denne skjermen, sjølv i fullt dagslys med sol.

Google-telefon
Med Googles Android i botnen er sjølvsagt Galaxy S tett integrert med Google-program. E-post via Gmail går som ein draum utan konfigurering av noko slag. Som grensesnitt over Android har Samsung laga TouchWiz, noko som etter mitt syn er eit vellykka arbeid. Også integrasjonen med pc gjennom programmet Kies fungerer veldig bra [men her må det leggjast til at det er veldig delte meiningar rundt om på ulike forum. Ser ut som mange har problem med å få det til å fungera, og sjølv opplever eg også at programmet/mobilen ikkje alltid klarer å kopla seg saman. Har også problem med tilgang til Samsung Apps der Kies påstår at "this mobile phone is not supported by Samsung Apps"].

Kven passar den for?
Dersom du kunne tenkt deg ein iPhone, men slit med Apples innlåsings- og sensurpolitikk, er dette telefonen for deg. Den gjer alt ein iPhone gjer, og den er attpåtil open.

onsdag 14. juli 2010

VM over for denne gang

Så var VM over for denne gang og det er fire års venting til neste. Det hjelper godt at det er EM om to år. Årets VM har jo vist at dei europeiske laga hevdar seg godt sidan dei tok dei tre første plassane. Det som såg ut til å bli Sør-Amerikas VM, vart til slutt Europas triumf.

Verdig vinnar
VM-finalen såg eg på danskebåten (!) på veg frå København. Teknisk og overføringsmessig var det ein nedtur; grovkorna bilde via videokanon, og med dansk TV2 som ikkje utmerka seg i positiv retning. Her har danskane ein del å læra av vårt eige TV2 som eg synest har hatt veldig bra sendingar under VM.

Heldigvis fekk Spania den forløysande skåringa og vart verdsmeistar på eit spelemål. Nederland skuffa stort og fekk ikkje mange nye tilhengjarar etter denne finalen. Eller kanskje dei ikkje skuffa, eg tykte ikkje Nederland imponerte i dette VM og var heldige som kom heilt til finalen. Under normale omstende hadde Brasil slått dei ut, men sidan dei kollapsa i andre omgang, gjekk det ikkje slik. Nederland vart avslørte på manglande fart og ferdigheiter, som Tyskland. Men i motsetnad til Tyskland svarte Nederland med grove taklingar og stygt spel. Både van Bommel og de Jong skulle vore utviste.

Tida overmoden for endringar
Under VM i 2006 skreiv eg at elektronisk dømming måtte innførast fordi det vart gjort for mange feil offside-avgjerder. Det har gått fire år og ikkje noko har skjedd. Også under dette VM vart det ein god del feil offside-dømming, og det fekk avgjerdande utfall for fleire kampar. Men grovast var sjølvsagt Frank Lampard sitt mål som aldri vart godkjent. Her vil det nok komma endringar, men eg håpar det ikkje blir fleire dommarar, men at fjerdedommar får i oppdrag å avgjera tvilstilfelle på bakgrunn av video. Når eit heilt stadion pluss hundrevis av millionar tv-sjåarar ser at ballen er inne, er det sjølvsagt spinnvilt at dei fire dommarane skal dømma motsett. Det går ikkje i lengda.

Badeball
Jabulani må seiast å vera ein stor skuffelse og må få skulda for langt færre spektakulære skåringar på langskot og frispark enn i tidlegare VM. Nei, finn fram att ballen frå 2006, den er sikkert meir enn god nok. Lag heller nye fargar slik at den kan seljast på nytt.

Pluss for Sør-Afrika
I tillegg til Spania står også Sør-Afrika att som vinnarar. Dei mange problem dei slit med, har dei framleis, men dei har fått vist heile verda ei anna og meir positiv side. Smil, glede, fest (og vuvuzela-bråk..) er det som sit att på netthinna etter denne månaden. Det vil truleg ha stor verdi for landet både som turistland, men også generelt ved at folk flest knyter meir positive ting til landet. Dei vil no bli hugsa som noko meir enn landet med apartheid og mykje aids.

lørdag 3. juli 2010

Don't Cry For You Argentina


Nei, eg feller ingen tårer over Argentinas exit (eller Brasils, for den saks skuld), trass i at eg har hatt dei som favorittar. Det overraska meg ikkje at Tyskland slo Argentina. Med den kontrings-styrken det laget har synt hittil, låg det i korta. Og Argentinas forsvar er heller ikkje egna til å skremma vatnet av motstandarane.

Det gjekk altså som eg tenkte, og halvt frykta. Ei tidleg skåring var sjølvsagt heilt perfekt for Tyskland. Og sjølv om kampen levde heilt til 2-0, var Tyskland likevel aldri direkte trua. Argentina hadde få store sjansar.

Dei gjorde som dei har for vane når dei møter gode lag, og ligg under; fører ballen altfor mykje og har for dårleg breidde i spelet. Det var få innlegg frå kantane, i alle fall med god vinkel, og det vart difor enkelt for Tyskland å forsvara seg. Det gjekk for seint i alle argentinske ledd. Kontrasten var stor til Tyskland, som var raske i angrep.

Om det hadde enda 1-0 eller 4-0 er sjølvsagt eitt feitt for Argentina, difor er det for dumt å høyra kommentatorane etterpå snakka om den overraskande store seieren. Størrelsen på seieren har ingen betydning, og fortel berre at Argentina til slutt ofra alt framover og blotta seg heilt bak. Og mot eit dyktig kontringslag som Tyskland betyr det sjølvsagt mange mål i mot.

I inngangen til sluttspelet har det vorte sagt mykje om Sør-Amerikansk suksess og dominans, men det er mykje som tyder på at det blir 3 europeiske og eitt Sør-Amerikansk lag i seminfinalane (Spania spelar mot Paraguay akkurat no).

Det er altså store sjansar for ein reprise av 1974: Tyskland mot Nederland. Ikkje dårleg det.